Ann Kristin van Zijp Nilsen

Alder: 44
  RSS

Om Ann Kristin van Zijp

Kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for Tørst. Sjå areopagos.no/torstmag.no. Twitter: @annkristinvzn

Følgere

Kom heim, Eva Joly

Publisert over 6 år siden

Me skulle hatt ein miljøpolitikar med landsmoder-tyngde denne hausten. Kom heim, Eva Joly!

For all del, kollegene dine i Miljøpartiet Dei Grøne seglar i medvind for tida. Den vesle europajollen deira har meldt seg på seilasen for skikkelege fartøy. Utpå fjorden slit miljø-SV med segla hardt skada av regjeringsslitasje, og Venstre sine planar om å segla med den mørkeblå cabincruiseren skremmer miljøveljarar over bord.

Tre veker før valet varslar ekspertar at dei grøne nykomlingane kan skaffa seg eit mandat og senda andre parti ut i sperregrense-skodda. Andre spør seg om den vesle jolla verkeleg kan halda til målstreken.

Eg inviterer deg ikkje heim av ubeden omtanke for Dei Grøne. Nei, heile den politiske debatten treng miljøpolitikarar som kan hevda seg mellom tungvektarane. Nokon må tvinga fram eit verkeleg klimaval. Jens og Erna må opp på dekk og sjå ekstremvêret uti fjorden.
Når velmeinande, men ukjende politikarar føreslår ei knallhard omleggjing av kursen for å sikra farvatnet sin eksistens, tykkjer mange det luktar av utopi, islendar-gensarar og store krus med urtete. Men hadde Sigbjørn Johnsen roleg sagt at «nå er det alvor – me  må leggja om kursen straks, sjølv om det blir mot vinden», kunne me kanskje trudd at han visste om ei anna hamn. Fleirtalet stoler på dei største partia. Det verkar trygt, sjølv om tungvektarane kanskje styrer den norske skuta på kollisjonskurs med ein oljerigg. Ei landsmoder med Arne Næss sitt øko-hjarte, Gro Harlem Brundtland sitt nasebein og snakketøyet til Kåre Willoch kunne vore noko.

Det er kanskje ikkje deg, Joly. Kanskje er du betre som korrupsjonsjeger enn som politikar – og kanskje for europeisk for norske veljarar. Og det er nok naivt å tru at du åleine kunne skapt politisk storm. Men me skulle gjerne sett nokre skikkelege sluggerar i miljøbåtane.
Om dei ikkje dukkar opp, lar me ikkje miljøet i stikken for det. Me skal visa politiske fartøy i alle fargar at dette er eit klimaval, Joly. Du skal få sjå at me ikkje sviktar barna våre for raske oljepengar.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 19.08. 2013

Gå til innlegget

Gi meg eit blad

Publisert nesten 7 år siden

Den katolske kyrkja har det sjølvsagt. Pinsevennene også: sitt eige blad. Akkurat som eit kvart lite kyrkjesamfunn. Berre ikkje Den norske kyrkja.

«Gi meg eit skikkeleg kyrkjemedlemsblad», seier eg. «Er ikkje Vårt Land nok?» spør du og blar opp sider om prestetørke og buplikt. Eg ristar på hovudet. I aviskorga finn du trumfkortet: Kyrkjelydsbladet.

Du har rett. Det er eit medlemsblad. Dei 400-500 kyrkjelydsblada i Noreg (ingen veit kor mange dei er) er ei hyggjeleg lita nisje, som møter viktige behov for lokal kyrkjetilknyting.

Men det manglar eit medlemsmagasin som knyter meg tettare til den store kyrkjesamanhangen eg tilhøyrer, ikkje berre den vesle. Gjer meg meir nyfiken! Gjer meg stolt! Slike blad får eg frå Luftambulansen, Framtiden i våre hender, Kirkens Nødhjelp… Bladkvaliteten bidrar til at organisasjonane framstår som truverdige.

Eg ønskjer meg eit kvalitets-kyrkjemagasin med spennande intervju og inspirerande artiklar. Eit som er kjekt å ha liggjande på kafébordet eller på badet. «Det er for dyrt å laga», seier du. Vel, eg trur det er for dyrt å la vera. Slike blad er ein viktig del av det andre organisasjonar internt kallar «medlemspleie». Det er velsigna papirband som bind folk til samanhangen – på ein måte ein elles ikkje kan få til.

Det svenske gratisbladet Amos fungerer i stor grad som eit slikt medlemsblad for Svenska kyrkan. Ikkje berre er det eit relevant og spennande magasin med 500 000 abonnentar, men så langt leverer Amos spesialversjonar med eigne lokalsider til 25 kyrkjelydar. Her heime har Misjonssambandet erstatta ressursknappe kretsblad-redaksjonar med eigne regionsider i hovudorganet Utsyn. Det betyr både kvalitetssikring og kostnadseffektivitet i haugiansk ånd. Spør gjerne oss i organisasjonane om tips til å laga blad på knappe- og glansbildebudsjett.

Me er ikkje redde for meir konkurranse. Kanskje kan fleire liknande tilbod faktisk auka den generelle interessa?

Denne teksten er først publisert i Vårt Land si Klartekst-spalte mandag 24. juni 2013 

Gå til innlegget

Grøn vrangvilje

Publisert nesten 7 år siden

Me kunne jo berre halde fram med å be om «godt og tenleg vêr» i gudstenestene.

I staden slo kyrkja miljøknyttneven i møtebordet og oppfordra alle medlemmar «til å la hensynet til forsvarlig klimapolitikk avgjøre deres stemmegivning ved årets stortingsvalg».

– Kyrkjerådsleiar Svein Arne Lindø «burde sagt at man selvsagt kan være en kristen og stemme FrP. Å hevde noe annet er reinspikka vranglære», tordnar Magne Lerø. Han kan vel ikkje seia tydelegare at FrP ikkje har ein forsvarleg klimapolitikk. Eg er ikkje sikker på om partiet er takksam for støtta.

Med hakket mindre vrangvilje kan ein sjølvsagt tenkja at kyrkja oppfordrar veljarane til å stilla favorittpartia sine til ansvar for oldebarna si framtid – før valet. Kampanjen «Klimavalg 2013» er nettopp ei slik utfordring, for å unngå at klimaspørsmålet ved nok eit val blir slukt av draumen om ei økonomisk bombesikker framtid. Til nå har 64 organisasjonar underteikna oppropet om å ta framtida vår på større politisk alvor, mellom dei ei rekkje kyrkjesamfunn og lågkyrkjelege organisasjonar.

Det er openbert at verken kyrkjemøtet eller «Klimavalg 2013» har alle svara på korleis miljøkrisa kan løysast. Men med mindre vrangvilje kan einògsjå at det er lettare å justera kursen når ein er i rørsle, enn når ein sit på gjerdet. Og at ei relevant og levande kyrkje er nøydd til å bidra med meir enn uforpliktande festtale-flosklar når det gjeld livsgrunnlaget vårt.

«For ikke å gjøre vondt verre bør kirken vokte seg vel for å bringe klimapolitikken inn i kirkebønnen» åtvarar Lerø. Vel, då må han kneppa munnen hardt igjen når me som vanleg ber for «ditt skaparverk»
og hjelp til «å forvalta det til beste for kvarandre».

For dei fleste av oss er kanskje akkurat den bønna lettare å be med lygekross bak ryggen enn med falda hender. Eventuelt kan ein drøyma seg vekk til neste sydentur. Det er i det minste ei trøyst når Gud ikkje i sin nåde velsignar oss med «godt og tenleg vêr». 

Først publisert i spalta «Klartekst» i Vårt Land, mandag 29. april 2013.

Gå til innlegget

Har den nye paven ei mørk diktatur-fortid?

Publisert rundt 7 år siden

Den kvite røyken frå Det sixtinske kapellet hadde ikkje forsvunne, før gamle skjelett byrja å røra seg i skapa på andre sida av Atlanteren.

Då Vatikanet kunne visa fram sin første ikkje-europeiske pave i kveld, var det mange som tenkte «endeleg» - ikkje minst av oss som synsar frå utsida. På den andre sida blei kanskje vegen over frå «Den nye verda» ekstra kort for Jorge Mario Bergoglio. Han er trass alt son av italienske innvandrarforeldre, som Argentina er full av.

MILLITÆRDIKTATURET. Mange gler seg over at den nye paven har heilage Frans som ideal og har markert seg som ein forkjempar for dei fattige. Andre er uroa eller desillusjonerte med tanke på at den tidlegare erkebiskopen i Buenos Aires har beina godt planta i klassisk konservativ teologi – som dei fleste andre pavekandidatane og katolske prestane i verda. Men framleis er det få i våre trakter som har byrja å spørja seg om 76-åringen si rolle under millitærdiktaturet i Argentina. 

SKJELETT I SKAPA. Den kvite røyken frå Det sixtinske kapellet hadde ikkje forsvunne før gamle skjelett byrja å røra seg i skapa på andre sida av Atlanteren: Nå blir gamle anklager om Bergoglio si rolle under millitærdiktaturet frå 1976-1983 henta fram, og tida er garantert inne for å undersøkja dei med mikroskop.

Den nye paven har ikkje berre blitt skulda for å la vera å hjelpa prestar som blei torturerte, kidnappa og drepne mens han var lokalt jesuitt-overhovud under «den skitne krigen» i Argentina. I 2005 blei det reist ei sak mot han av ein menneskeretts-advokat, der fem personar vitna om at den nye paven var innblanda i forsvinningane av ein lekmann og to prestar i 1976. Prestane, Orlando Yorio og Franz Jalics, blei funne fem månadar seinare, neddoppa og halvnakne etter å ha blitt bortførte av marinen. Den eine av dei, Yorio, skuldar Bergoglio for i praksis å ha overgitt dei til dødsskvadronane, sidan han nekta å anerkjenna arbeidet deira overfor regimet. Den andre, Jalics, har flytta til eit lukka tysk kloster og vil ikkje snakka om det.

ARGENTINAS AUSCHWITZ. Den argentinske gravejournalisten og forfattaren Horacio Verbitsky skreiv boka El Silencio: de Paulo VI a Bergoglio: las relaciones secretas de la Iglesia con la ESMA om saka i 2005 – Stilla: frå pave Paul VI til Bergoglio: Dei hemmelege forholda mellom kyrkja og ESMA. ESMA har også blitt kalla «Argentinas Auschwitz» og var det mest berykta av marinen sine mange hemmelege senter for tortur og avretting. Berre boktittelen er nok til å gi Vatikanet sin kommunikasjonsavdeling nok å gjera dei kommande vekene.

BARNERØVING. Men der er meir. Tidlegare har «las Abuelas de Plaza de Mayo», bestemødrene frå maiplassen, gått til retten i Argentina og anklaga han for å vera innblanda i bortføring av spebarn under dikaturet. Alicia de la Cuadra, ei av grunnleggjarane av bestemor-organisasjonen, skuldar han for å ha deltatt i kidnappinga av barnebarnet hennar. Sidan 1976 har mødrer og bestemødrer marsjert på Maiplassen i Buenos Aires, etter at småbarn blei stolne (og seinare oppdregne) av dei same som drap foreldra deira. I dag gjer nokre av dei det med rullator, for å nå fram med kravet om å finna barnebarna sine.

Bergoglio har ikkje blitt dømd for nokon av desse forholda. Som pave har han tatt Frans som namn, det same som barnevennen Frans av Assisi og den torturerte og stillteiande presten Franz Jalics. Me kan berre håpa at den tilsynelatande joviale og kommunikative Frans den første raskt vil lufta ut i skapa han har reist frå, så skjeletta får oppreising eller evig kvile.

Kjelder:
http://www.publico.es/internacional/452119/las-oscuras-relaciones-del-nuevo-papa-con-la-dictadura-militar-argentina
http://es.wikipedia.org/wiki/Francisco_I_(papa)

 

Gå til innlegget

Ingen veg tilbake

Publisert rundt 7 år siden

Det vil ikkje snu. Mangfaldet er her.

– Altfor mykje har gått i feil retning i Noreg dei siste åra, skal ein tru arrangørane av Oslo Symposium. Men nå skal det snu. Den vesle gjengen med det store namnet Kristenfolket lova før helga at ved hjelp av eit regjeringsskifte skal 2013 bli eit «jubelår».  

Leiar Bjarte Ystebø held fram abort, aktiv dødshjelp og ekteskapslov som problemområde. Til Aftenposten seier han at «verdiene er utsatt for press i møte med innvandring, spesielt islam».

TRYLLESLAG. Ein treng ikkje toppkarakter i samfunnsfag for å sjå at eit blått fleirtal ikkje ved eit trylleslag vil føra ein meir restriktiv abort- eller samlivspolitikk. I partiet lengst til høgre står heller ikkje kamp mot eutanasi eller respekt for ideologisk mangfald i friviljuge organisasjonar sterkt.

Likevel ventar symposiumsfolket på trylleslaget. Det er dei vane med, for bak engasjementet ligg trua på ei nasjonal vekking. Noreg skal bli frelst på ein dag og få ny grunnlov, blei det sagt på Oase i 2009. Så langt har me fått Are Kalvø si.

Sjølv om miljøet rundt symposiet er marginalt, får dei stor merksemd. Kanskje fordi dei treff noko i mellomgolvet hjå folk flest? «Mange er bekymret for landet vårt», seier symposiumsgjengen og har rett. Dei fleste finn sider ved det postmoderne samfunnet som frustrerer dei.

KNIKSEN. Når krone-isen ikkje lenger kostar ei krone. Når den teknologiske utviklinga er umuleg å følgja med på. Når femtenåringen får handjern med plysjtrekk av dama til jul. Når pølsebilen ved fotballstadion er bytt ut med ei kebabvogn og spelarane på heimelaget heiter Ahmed og Fadi i staden for Kniksen og Stuttjukken.

Då kan ein la seg lura til å tru at det nye handlar om dei kjappføtte muslimske unggutane eller kebabmannen (som om han var aborttilhengar) – og ikkje om ein enorm, kompleks samfunnsprosess med sekularisering, globalisering og urbanisering. Ingen avkrok i verda blir verande som før.

Det kjem til å gå minst like fort når opposisjonen kjem på banen, liberalitet og sekularitet er gamle parhestar. Det er ingen veg tilbake. Mangfaldet er her. Det kjem ikkje til å snu. 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
19 dager siden / 1185 visninger
Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
13 dager siden / 1173 visninger
Muskuløs kristendom
av
Hilde Løvdal Stephens
rundt 1 måned siden / 955 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
5 dager siden / 810 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 1 måned siden / 693 visninger
Eit ansvarslaust Europa
av
Emil André Erstad
28 dager siden / 647 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere