Ann Kristin van Zijp Nilsen

Alder: 44
  RSS

Om Ann Kristin van Zijp

Kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for Tørst. Sjå areopagos.no/torstmag.no. Twitter: @annkristinvzn

Følgere

Naturen sine tenester

Publisert over 5 år siden

Du skulle sett uttrykket i ansiktet til mannen min då eg føreslo å la vera å klippa plenen.

Under oss ser den ecuadorianske delen av Amazonas ut som eit mørkegrønt brokkoli-hav. Eg er på vei innover i ein IAI Arava, eit militært lastefly bygd i Israel seint på sekstitalet.

– Nå skal du få sjå noko fantastisk, seier førstepiloten. Eg står opninga til cockpiten, der finst ikkje setebelte til passasjerane. I det me sakte går inn for landing over tretoppane, kjem sivilisasjonen sin siger over villmarka til syne: Ein avskoga, solsvidd firkant av ein landingsstripe midt i det grøne havet.

– Sjå, så vakkert, ropar flygaren, mens eg tviheld i dørkarmane under landinga. 

Biologisk sone

Me landar like sør for nasjonalparken Yasuní, eit område som skjuler 850 millionar fat olje, verd 10 milliardar dollar. Presidenten i Ecuador, Rafael Correa, har god bruk for desse pengane. Han drøymer om å skapa ein velferdsstat inspirert av Skandinavia. 

Men nasjonalparken har status som verdsarv med verdas høgaste konsentrasjon av ulike plante- og dyrearter. Mange er heilt unike for Yasuní og vil forsvinna for alltid, viss oljeselskapa dundrar inn i skogen. Difor har Correa dei siste åra prøvd å få verdssamfunnet med på spleiselag: Viss verda betalar omtrent halvparten av sannsynleg forteneste, 3,6 milliardar dollar, «betalar» Ecuador den andre halvparten sjølv. Pengane ville blitt investerte i fornybar energi, atmosfæra ville blitt spart for 410 millionar tonn CO2 og den mest verdifulle biologiske sona på planeten ville overlevd. 

Naturen sine tenester

I fjor gav presidenten opp forsøket. Det hadde berre komme inn 13 millionar dollar til fondet. Tre av dei var samla inn i Ecuador frå vanlege folk, skuleklassar og bedrifter. Ikkje ei krone kom frå Noreg. Nyleg kunne Vårt Land melda at styresmaktene nå har signert leitelisensane for området. Riggar rullar inn i urskogen, dollar rullar inn i statskassen. 

At pengane trumfar, er reine naturlova, tenkjer me. Men den kjende britiske miljøforkjemparen Tony Juniper har dokumentert at naturen sine tenester kan vera verd nesten det dobbelte av det globale bruttonasjonalproduktet.

 Sichuan-provinsen i Kina er berre eitt av eksempla. Der forsvann mesteparten av biene på 1980-talet på grunn av overdriven bruk av kjemiske sprøytemiddel. Nå må pollineringsjobben gjerast for hand av 40 000 arbeidarar. Tragisk og ironisk: Kjemikalia skulle auka avlinga, men verka motsett.

Summande hagar

Eitt av problema er at det er lettare å få folk til å engasjera seg for store og vakre dyr enn for ormar eller insekt. Ikkje mange nordmenn vil tykkja at vern av den utrydningstrua norske kjempesalamanderen er ein god grunn til å stoppa utbyggjing av eit nytt bustadfelt. Ein ser ikkje at alt heng saman. At 50 000 artar forsvinn kvart år i verda på grunn av ei slik innstilling. Me, den dominante arten med eit særskilt forvaltaransvar for naturen, har ikkje lov å seia at «sorry, salamander – du er stemt ut i denne runden».

Du skulle sett uttrykket i ansiktet til mannen min då eg føreslo å la vera å klippa plenen nyleg. Den bievennlege organisasjonen «Summende hager», som eg likar på Facebook, hadde slått eit slag for «rufsete hagar». Sjeldnare klipp gir meir blomar, det er mat for bier og humler. Men plenklipp-pause var utenkjeleg for ein danna bergensar. Som om hagen vår var fin elles. I vår likestilte heim er det sjølvsagt han som klipper plenen, men det treng ikkje bety at han nødvendigvis skal bestemma kva tid plenen skal klippast, meiner eg.

Dei praktiske motargumenta hans fall i overraskande god jord hjå meg: Høgt gras er ikkje like fotballvennleg som det er bievennleg. Og graset blir jo fort for langt for plenklipparen. «Har du tid til å slå med ljå, skal ikkje eg setja meg imot», sa han. Eg som allereie har fått beskjed av legevaktlegen at eg kan vera meir forsiktig med kjøkkenknivane. 

Å vera naturvennleg kjennest fort så skrekkeleg krevjande.  

Tru i smått

- Ka kan eg gjørr, eg e så liiiiden? syng du med lys Sigvart Dagsland-stemme. 

Tida er for lengst inne for vera løysingsorientert: Du kan googla «truede arter» eller «rødliste fisk», og så for eksempel bestemma deg for å droppa tunfisken i salaten eller på sushien, sidan alle verdas tunfiskbestandar er i ferd med å kollapsa. Du kan la vera å fiska kysttorsk, som også er trua av utrydding. Du kan eta mindre kjøt og kjøra mindre bil, fordi klimaendringane set dyr og planter i fare. Du kan planta fleire blomar i hagen og ikkje klippa plenen så ofte (okei, la i alle fall kantene stå, då), sånn at humler og bier får hjelp til å overleva. Sånne ting.

Ikkje berre fordi dette betyr noko når mange gjer det. Men også fordi dei som prøver å gjera noko på heimefronten, er dei ivrigaste i dei større samanhangane. Fordi dei gamle pietistane, haugianarane og Jesus hadde rett: Den som er tru i smått, er òg tru i stort. 

FØRST PUBLISERT I VÅRT LANDS SPALTE «PÅ EN MANDAG» 16. JUNI 2014

Gå til innlegget

Spynorsken sin revansj

Publisert over 5 år siden

Bokmålsbastionane blir sniknynorskifiserte av altfor gode skribentar.

Den første morgonen Are Kalvø si humorspalte stod på trykk i Aftenposten, var det nokre abonnentar som sette kaffien i halsen. Ikkje fordi dei har dårleg humor, men fordi det er provoserande med nynorsk i aviser.

Grautmålet

Sjølvsagt er nynorsk eit vakkert språk. Googlar du «bokmål er vakkert», får du ikkje eit einaste treff. Nynorsk derimot, passar til kjærleiksdikt, Tarjei Vesaas-bøker og Jon Fosse-teater. Ikkje til så mykje anna. Her er folk med høg utdanning gjerne einige med dei som skreiv «spynorsk» på ordlista på ungdomsskulen. Nynorsk er som alle veit sidemål, og sidemål senkar karaktersnittet til arvingen: Meir matematikk er betre for min Preben. Han ser jo føre seg ei firmaframtid på Lysaker.

Språkrådet sin siste tilstandsrapport slår fast at dei fleste nynorskbrukarar normalt ikkje kan nytta nynorsk i arbeidet, viss dei jobbar i næringslivet. Nynorskjournalistar får normalt heller ikkje nytta nynorsk i dei riksdekkjande avisene. Når det skjer, har kommentarfelta gjerne tilbakemeldingar som «jeg hater nynorsk, hun skulle heller skrivd på svensk». Journalistane får sinte e-postar og telefonar frå folk som er frustrerte over grautmålet og ber dei skriva «vanleg norsk». Men blir dei meir audmjuke av den grunn? Neidå, dei pressar seg fram.

Tilbakelent

Are Kalvø er ikkje lenger åleine i Aftenposten. Stadig fleire skribentar banar seg veg frå «det nynorske kjerneområdet» til hovudstaden utan å leggja målet igjen heime. På Dagbladet si bakside skriv eks-vêrmeldar Eli Kari Gjengedal om vêret kvar helg. Forfattaren Agnes Ravatn leverer nokre av Noregs beste kommentarar i same laurdagsutåve. Dei er blitt merkevarer og treng ikkje gå rundt med «Nynorsk er tøft»-t-skjorter frå Mållaget. Dei skriv berre tilbakelent nynorsk.

«Nynorsk er eit svært godt nyheitsspråk fordi det gjev meg enklare ord», uttalte Ingunn Solheim i NRK nyheiter til ein nettavis forrige onsdag. Årets vinnar av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2014 kallar seg ikkje nynorskaktivist eingong. Frekk som ho er, brukar ho berre det språket som fell naturleg.

Sannsynlegvis er det målkamp gjennom mange år som har skulda for at at dagens nynorskgenerasjonar nektar å forstå at språket deira skulle vera eit problem. Motkultur kan ofte vera ei næringsrik jord å veksa i, og Ivar Aasen sin åker avlar fram stadig fleire skribentar som det er vanskeleg å oversjå. Det kan rett og slett skapa problem for konservative riksavisredaksjonar. Kvifor kan dei ikkje berre halda seg mellom dei stive permane til Samlaget?

Plagsamt?

Då Agnes Ravatn fekk Ungdommens kritikerpris 2014 for romana Fugletribunalet tidlegare i vår, blei ikkje n-ordet nemnt ein einaste gong under utdelinga. Bortsett frå av henne sjølv, «som ikkje kunne dy meg, men måtte spørja om ungdomane ikkje syntest det var plagsamt med språket. Men nei, det var det ingen av dei som syntest», fortalde ho meg i etterkant.

Det er ikkje tilfeldig. Pennane som formar dagens nynorsk har det naturlege, ledige og talenære skriftspråket som ideal. Det er ikkje alvorlege puristar med rigide tradisjonsformer som er heltane for ungdommane som les Fugletribunalet. Sikkert heller ikkje for dei to einaste elevane i Oslo som har nynorsk som hovudmål: Ayaan Hersi (13) og Medna Israilova (16) med bakgrunn frå Somalia og Tsjetsjenia.

Meir tilgjengeleg

For under ei veke sidan fekk dei og resten av landet Grunnlova anno 14. mai 2014 i gåve frå Stortinget. Politikken sine uransakelege vegar gjorde at me fekk henne i to jamstilte versjonar: Den eine på riksmål – med formuleringar som «Jord og bosloddkan ikke forbrytes» – og den andre på lettbeint nynorsk. Omsett til forståeleg norsk blir det «Ingen kan bli frådømd sin faste eigedom eller heile eiga si på grunn av eit brotsverk», som det står i nynorskversjonen. Denne utilsikta nynorskrevansjen er det Ravatn som har påpeikt.I Dagbladet viser ho ironien i at den utrøyttelege nynorskmotstandaren professor Finn-Erik Vinje sin riksmålsversjon bidrar til at «vanlege folk i staden les den langt meir tilgjengelege nynorskutgåva av landets viktigaste tekst». 

Nokon ville kanskje sagt at han har skote seg sjølv i foten med riksmålskanona. Så langt ser det i alle fall ikkje ut til at han får rett i at nynorsken snart vil døy ut. Folk les nemleg det dei vil.

Gå til innlegget

Verdirevolusjonen

Publisert over 5 år siden

I framtida sit Trygve Hegnar utanfor og hutrar med klimahatet sitt. Han ler ikkje lenger, han er berre bitter.

Bærum, 1974: Det ligg noko sterkt i lufta. Nærveret av 3000 menneske fyller Nadderudhallen meir enn den svake lukta av gymsal. Der er kordfløyel, hekla ponchoar, fotformskor og langt hår. Det er vår, stemninga er høg og stolane for få.

Erik Dammann tar mikrofonen: «Når historien om vår tid en gang skal skrives, vil det bli beretningen om et vanvidd uten sidestykke i historien». For Dammann handlar vanvitet om den vestlege verda sitt overforbruk av felles globale ressursar. Resultatet er naud, svolt og øydeleggjing av vårt eige livsgrunnlag.

I 1974 er gjennomsnittsinntekta 47 000 kroner. Folk kastar lite mat og reparerer kleda sine sjølv. Nordmenn anar ennå ikkje kva oljerikdom er. Likevel tenkjer folk at dei har mykje. Stadig fleire opplever at det kapitalistiske systemet er ein alvorleg trussel mot verdssamfunnet si overleving.

Eg har fått rapport frå ein kjenning som var i Nadderudhallen. Han fortel at dei «gjekk heim frå møtet og trudde det var muleg å forandra verda».

Bærum 2014: Det ligg noko sterkt i lufta. Nærveret av Trygve Hegnar fyller sjefskontoret på Lysaker meir enn den svake lukta av dyr manneparfyme. Der er nystroken skjorte, handsydde skor og akkurat passe kort hår. Det er vår, nærmare bestemt sist torsdag.

Stemninga er effektiv. Redaktøren sit og skriv neste dags leiarartikkel i Finansavisen. «Bellona, Zero, Venstre, Miljødirektoratet og de andre lurer oss», skriv han. Tidlegare har han raljert over alt frå elbilen Tesla til folk som er mot tiggarforbod. I dag ler han av den planlagde elektrifiseringa av norsk sokkel. Miljøgevinsten er lik null, hevdar han. Ein bør heller kjøpa klimakvotar av EU og halda fram som før.

Ikkje det at han eigentleg bryr seg om kvotar eller utslepp, han er finanskongen av klimaskepsis. Han lener seg tilbake og tar ein kikk på sin eigen nettstad «Hegnar Online». Føremiddagens hovudsak den konspirasjonsteoretiske dokumentarfilmen «Den store klimasvindelen» frå 2007. Stemninga i kommentarfeltet er høg.

Utmatting. Hegnar og dei andre klimaskeptikarane er i ferd med å bli parodiar av seg sjølv. Men har erkekapitalistane vunne likevel? Min kjenning, som var i Nadderudhallen i 1974, trur ikkje like sterkt at han kan forandra verda.

I 2014 er dei fleste av oss som han. Me trur på dei dystre rapportane frå klimaforskarane, me veit at utsleppa må reduserast raskt. Og me veit at fattigdom faktisk kan utryddast. Men me greier ikkje å bry oss skikkeleg.

«Apokalypseutmattelsen», kallar Per Espen Stoknes, psykolog og førstelektor ved BI det. – Vi orker ikke å høre mer om at alt går til helvete. Vi orker ikke å ha dårlig samvittighet. Skyldfølelse er dypt passiverende, sa han til Dagsavisen i fjor.

Men Erik Damman har klart sitt 17. bokmanuskript. 83 år gammal manar han til «verdirevolusjon». Me må vekk frå konkurransesamfunnet, hevdar han. Eg skulle gjerne sett Trygve Hegnar sitt ansiktsuttrykk, om han hadde lese boka.

Dei fleste har kanskje større respekt for Damman enn det Hegnar har. Men for mange blir idealisten for mykje av ein moralist og utopist. Kan verdirevolusjonen hans heller komma som eit resultat av ei anna omvelting, noko som minner om den industrielle revolusjonen?

Revolusjon. Før var investoren Jens Ulltveit Moe ein av dei som las avisoppslaga om klimaendringar selektivt. Han leita etter opplysingar som støtta hans eigen motvilje mot å endra forretningsdrifta.
– Nå har jeg gått til motsatt ytterlighet. Jeg er sterkt troende. Omtrent som Saul på vei til Damaskus, fortel han til Dagsavisen. Ulltveit Moe er blitt klimaforkjempar. Han er sikker på at han vil tena på det. Fornybar energi er god investering, å stikka hovudet i sanden er det ikkje.

Ein dag endrar dei store pengane retning, ikkje minst fordi forbrukarmakta krev det. Det vil gå med miljø-uvennene som med røykelovhatarane. I dag er lova er sjølvsagt. Oppegåande menneske tenner ikkje sigaretten der det går ut over andre.

I framtida sit Hegnar på utsida og hutrar med klimahatet sitt. Han ler ikkje lenger, han er berre bitter. Inne er Ulltveit Moe kongen av fornybar energi-festen. Det kunne ikkje lenger falla nokon inn å øydeleggja livsgrunnlaget for oldebarna sine.

Viss Dammann lever då, ser han ein verdirevolusjon.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 24.3.2014

Gå til innlegget

Mor sin feminisme

Publisert nesten 6 år siden

Feministmora mi brukte ikkje koparspiral. Ho tenkte at befrukting var starten på eit liv.

Eg vaks opp med ei mor som var for abortlova, fordi det «ikkje finst noko betre alternativ». Ho tok universitetseksamen mens ho amma meg, kjørte den irrgrøne hippie-2CV-en vår og trilla meg i 8. mars-tog. Det var alltid sjølvsagt at jenter kunne gjera det same som gutar. Ho snakka om likestillingsutfordringar, skjønnheitsideal og kvinner sine globale levekår. Og så var ho søndagsskulelærar.

Koparspiral. Hiterapporten (den banebrytande amerikanske undersøkjinga av 3000 kvinner sitt seksualliv frå 1976) og liknande bøker stod lett tilgjengelege i bokhylla. Homofil og heterofil kjærleik var likeverdige, og ingen spørsmål om sex eller prevensjon var pinlege. Den gongen eg spurde henne kva koparspiral var, forklarte ho udramatisk korleis han hindrar befrukta egg å festa seg i livmora. Grunnen til at ho sjølv ikkje brukte ein slik, var at ho tenkte at befrukting var starten på eit liv.

Latterleg? Kunne ein tatt mor mi på alvor som feminist i den offentlege samtalen, eller ville den personlege haldninga til prevensjon og abort avskrive henne som religiøs fundamentalist? Viss ho plutseleg skulle få lyst til å diskutera ikkje-spiralen sin på Twitter, ville ho blitt latterleggjort?

Eg kjenner fleire unge og godt vaksne kvinner, som elskar den britiske feminist-skribenten Caitlin Moran, hyller hennar norske motsvar Marta Breen og beundrar Marie Simonsen. Men dei identifiserer seg kanskje ikkje med alle dei obligatoriske haldningane på den feministiske sjekklista. Og dei har eit ikkje-sekulært utgangspunkt for verdigrunnlaget og livsstilen sin.

Diskvalifiserande. Samfunnsdebattanten Warsan Ismail, til dømes. Då eg spurde henne om kva ho tenkte om å vera hijabbrukar og feminist, svarte ho: «Eit religiøst utgangspunkt verkar ofte diskvalifiserande i diskusjonar, særleg om kvinnespørsmål, derfor unngår eg det heilt medvite som avisspaltist.»
Kjensla ho får i abortdiskusjonar er at ho ikkje har føresetnad for å forstå fullt ut eller bidra på same måte. Ho er jo muslim.
Ismail trur at redsla for å tapa tilkjempa rettar og for at prosessar kan bli sette i revers, gjer feminisme til noko statisk.
«Sjølv om eg ikkje er usamd i dei vedtatte sanningane, kan me likevel diskutera kva dei betyr – utan at det straks blir oppfatta som angrep? Kva med å vera intellektuelt nysgjerrige på begge sider av diskusjonen?» spurde ho.

Turbanfeminisme. Prableen Kaur, politikar og jusstudent, er svært opptatt av likestilling og kvinners rettar. Ho ber til dømes sikh-turban ut frå likestillingsprinsipp.
«Når ein har eit anna verdigrunnlag enn det sekulære, er det som om ein ikkje kan fronta kva som helst, du har ikkje same tyngde,» sa ho til meg.
Kaur fortalde òg at ho blir skremd av at fleirtalet kan ha så lite respekt for mindretalet.
«Nå er feminismen si hovudutfordring å få med dei ulike minoritetane. Då må han romma allslags folk som dei er», meiner ho.
Kan ein ta Prableen Kaur og Warsan Ismail på alvor som feministar?

Samfunnskritikk. Kva viss eg skulle spørja om samfunnet vårt burde gi mødrer betre vilkår til å bera fram barn med spesielle behov? For meg heng spørsmålet saman med formødrene våre sin kamp for å ha barn og samstujndes vera yrkesaktive. Den kampen har gitt oss permisjonsordningar og barnehagedekning i verdstoppen. Kan ein ta meg på alvor som feminist, eller vil samfunnskritikk som berører verdien til eit foster – og  dermed nokon sine livmødrer – alltid vera antifeminisme?

Blonder og spiler. Feministheltane mine veit godt kva mekanismar som styrer kvinnelege skjønnheitsideal. Likevel har dei blondeundertøy med spiler og går gjerne med høge hælar. Den klassiske sjekklista er ikkje komplett hjå dei heller.
Kanskje er grunnen nettopp at liva deira rommar meir enn berre feminisme. Noko er verdt noko på andre plan. Men synet av dei ville vera eit slag i ansiktet på formødrene som brente behåar og kasta stilett-torturhælane på dynga.

Kan ein ta dei på alvor som feministar? Sjølvsagt. I alle fall viss dei seier ja til mor mi.

Kommentaren stod først på trykk i spalta «På en mandag», Vårt Land 24. februar 2014 

Gå til innlegget

Ein mørk bransje

Publisert nesten 6 år siden

– Kan du ikkje høyrast litt meir «urban» ut? Litt meir eh... «etnisk»?

Du forstår kva eg meiner, sa lydprodusentane til afroamerikanske Sasheer Zamata, då ho skulle leggja stemme på radioreklamar. Verken oppvekst eller utdanning hadde gitt henne gangsterdialekten som produsentane var ute etter. 

Skodespelaren er mest kjend som standupkomikar. I helga hadde Zamata første dag som fast inventar på talkshowet Saturday Night Live og er spådd snarleg stjernestatus. 
«Kan du ikkje høyrast litt svartare ut? Eg vil du skal høyra meir ut som ein neger, som ei buskkvinne... For det er dei me lagar reklame for,» harselerer ho og spør kvifor reklamane må vera slik. «Black people understand words.» 

TV-reklamar frå matgigantar som vil selja nordmenn «eeekte italieeensk piiizza», krydra sausar eller indiske rettar satsar ofte på stemmer med karikatur-aktig aksent. Ein meksikansk mariachi-songar med gitar og sombrero er ikkje nok for å selja «Fresh Mex» frå Toro. Han fortel også at du finn tacoprodukta «i skjoledisken». Dårleg norsk gir ekstra autensitet. 

Då eg såg Youtube-klippet med Sasheer Zamata sitt standup-nummer om rasistreklame, starta filmen med ein norsk reklamesnutt. Der fortalde indiskfødde Sarita Sehjpal om ferdigmaten sin på feilfritt kristiansandsk. Sehjpal sitt merke «SaritaS» blir stadig større, særleg etter at det blei kjøpt opp av Orkla. Så langt ser det ut til at ho slepp å leggja på tjukk indisk aksent for at karrien skal verka autentisk.  

I norske reklamar er ansikt med minoritetsbakgrunn og mykje pigment forviste til avdelinga for etnisk mat. Resten av bransjen er like vinterbleik som skumma melk. Reklamefolk som Kjetil Try meiner at me ville blitt forvirra om nordmenn med utanlandsk opphav skulle presentert vanleg mat. Me kunne tru at produktet hadde fått ein ny, krydra smak, seier han til Aftenposten. 

Eg veit at me ikkje kan venta så mykje innovasjon frå reklamebransjen. Men kunne dei ikkje i det minste prøvd å likna røynda, slik ho er i 2014? 


Foto: Ari Scott/sasheer.com
Innlegget stod først på trykk i spalta Klartekst i Vårt Land 20. januar 2014. 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Noen bør skamme seg
av
Espen Ottosen
22 dager siden / 5555 visninger
Kreftens krigsmetaforer
av
Aud Irene Svartvasmo
20 dager siden / 3743 visninger
Ingen skal leve med skam
av
Tor Håkon Eiken
22 dager siden / 1342 visninger
Nå må vi stå sammen
av
Berit Hustad Nilsen
17 dager siden / 1232 visninger
Småprathelvetet
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
7 dager siden / 1202 visninger
Skal vi forby det vi ikke liker?
av
Paul Leer-Salvesen
17 dager siden / 1109 visninger
HVILKEN ELEFANT?
av
Rikke Grevstad Kopperstad
6 dager siden / 1098 visninger
Smiths Venner på ville veier.
av
Gerard Oord
7 dager siden / 1032 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere