Ann Kristin van Zijp Nilsen

Alder: 44
  RSS

Om Ann Kristin van Zijp

Kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for Tørst. Sjå areopagos.no/torstmag.no. Twitter: @annkristinvzn

Følgere

Bygdekoden

Publisert nesten 3 år siden

Korleis Bjørheimsbygd gav Hadia Tajik landsmoderpotensial.

«Tenk at så mye klokskap som det Hadia oppviser, kan komme fra ei lita bygd på landet!» kommenterte ein mann på Hadia Tajik sin ­Facebook-video i forrige veke, der ho sende­ live frå Bjørheimsbygd. ­«Akkurat nå e me heima,» seier ho og viser stolt fram det kvite trehuset og grenda me ­andre gjerne kjører raskt forbi mellom to ferjer på veg til Stavanger.

Kven skulle tru at det fanst intelligent liv slike plassar? spør dei som ikkje forstår. It takes faktisk ei Bjørheimsbygd to make a Hadia Tajik.

Skepsis mot avkrokar

Den djupe skepsisen til periferien har sentrum hatt i uminnelege tider. Når folk i samtida snakka om Jesus frå Nasaret, drog ikkje stadnamnet opp. «Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde for eksempel ein som var skeptisk til å bli med i følgjet hans. Jesus frå Jerusalem, den heilage ­hovudstaden, det hadde vore noko. I staden var han frå ein galileisk avkrok.

Men småby treng ikkje bety isolert. ­Galilea var eit område med mange ikkje-jødar og mykje handel på tvers av folkegrupper. Eg veit ikkje korleis det står til med handel på tvers av folkegrupper i Bjørheimsbygd, etter at foreldra til Tajik la ned Alis kolonial i første etasje i det kvite trehuset og fjerna butikkskiltet sponsa av Ali Kaffe.

Eg veit heller ikkje kor samansett ­befolkninga er, etter at familien flytta til Sandnes. Men i dag har dei fleste norske lokalsamfunn eit mylder av nasjonalitetar og kulturelle bakgrunnar. Ideen om dei einsretta, homogene bygdene er sterkt overdriven.

Multikompetente ungar

Under den amerikanske valkampen i haust, snakka eg med ein universitetstilsett oslomann om det å kjenna folk som heia på Trump.

– Er det sant, har du venner som er Trump-tilhengarar? Korleis har du greidd å bryta ut av ekkokammeret? spurde han med beundring i stemma. Han hadde ­aldri møtt nokon.

Svaret er enkelt. Eg er frå ei bygd. Då kan du ikkje unngå å få venner med svært ulik bakgrunn. Der er det ikkje mange nok av kvar sort til at like folk kan flokka­ seg saman. Vil du bu i eit verkeleg ­samansett samfunn, så flytt til bygda. Anten du går i bygdekvinnelaget, på yoga eller berre på butikken, er du tett på folk som er heilt annleis enn deg.

Liva til banksjefen, bonden og bilmekanikaren sine ungar er vevde tett s­aman med dei liva som ungane til forskaren, frisøren og fiolinisten har. Sidan dei alle også har tilgang til den same digitale ­populærkulturen som byungar har, snakkar ein her om multikompetente ungar som både veit kva ein fôrhaustar er, kor «oljå» faktisk kjem frå og kven av youtub-­e­rane som har dei beste bottleflipane.

Unik kombinasjon

Det er ein slik unge Hadia Tajik var. I tillegg har ho den transnasjonale identiteten som i stadig større grad pregar oss som mest av alt er norske. Ho har ei pakistansk mor som både lagar karri og komler med salt kjøt og kålrabi. Og mens dei færraste frå Holmenkollen drøymer om oslodrakt, ønskte den innfødde rogalendingen seg aldri noko anna enn ein frafjordbunad. Det handlar om kor eg høyrer til, kor stemma mi er frå, sa ho.

Bygdeoppvekst er ei fellesskapserfaring frå innsida av eit Noreg i miniatyr. Samtidig kan det vera ei erfaring av eit visst utanforskap. Bygda har for få menneske som liknar, til at dei færraste heilt kan unngå å kjenna seg som ein outsider – sjølv om nokon opplever det meir enn andre.

Få er meir klar over styrken i den unike­ kombinasjonen av utanfor- og innanforperspektiv frå eigen oppvekst enn Tajik, som ropte ut i riksavisene som 17-åring, då norsk-pakistanske gutegjengar herja­ ­hovudstaden: «Send A-gjengen ut på bygda­ og la dem melke kuer, så vil 
B-gjengen dø av kjedsomhet i Oslo!»

Hadia Tajik er i eigen person ei bru mellom det gamle og det nye fedrelandet. Eg har aldri stemt på Arbeidarpartiet, men eg er ikkje i tvil. Om nokon kan bli landsmoder i framtidas Noreg, så er det ei frå Bjørheimsbygd.

Først publisert i spalten Tendenser, Vårt Land 4. mai 2017.

Gå til innlegget

Den franske salen

Publisert rundt 3 år siden

Det betyr noko at at me hugsar kven me er: eit lite, ungt land av oppkomlingar.

Ein eldre mann børstar kakesmular av den mørke akrylgenseren, truleg frå Dressmann ein gong på nittitalet. Han er i Den franske sal i Nasjonalgalleriet i Oslo, saman med kaféverten, to unge kvinner som drikk te, og gipsskulpturar gitt av den franske staten.

Salen stod ferdig i 1924 med forgylte utskjeringar og stukkmarmor frå golv til tak. Stukkmarmor er ikkje stein, det er måla og polert gips.

Ein gong var me ein ny nasjon som var stolt av å få ekte gipskopiar av skulpturar frå Louvre, og vegger som liknar marmor. Med norsk og europeisk kultur skulle landet byggjast. Me sette opp det eine museet etter det andre på tjue år. Framtidsretta praktbygg, som ikkje kunne måla seg med Louvre eller British Museum, men dei var våre.

Kort tid før hadde Christian Krogh måla Leiv Eiriksson oppdager Amerika. Det er det første ein ser på veg opp trappa inne i Nasjonalgalleriet – ei påminning om korleis kunst kunne byggja det norske sjølvbildet. Me var ikkje berre husmenn og fiskarar utan ambisjonar likevel.

Aldri meir stygg andunge, tenkjer Oslo

I 2020 opnar det nye Nasjonalmuseet dørene på Vestbanen. Det blir Nordens største kunstmuseum og «skal markere Nasjonalmuseet som en kunst- og kulturformidler av internasjonalt format».

Det er ikkje lenger nok å overbevisa oss sjølve. I dag konkurrerer storbyane mot kvarandre om å tiltrekkja seg det som urbanisme-professoren Richard Florida kallar «den kreative klassen». Det er dei som bidrar til «nye idear, ny teknologi og/eller kreativt innhald» og som får økonomien i post-industrielle byar til å veksa. Me vil at internasjonale selskap etablera seg hjå oss, ikkje i Stockholm.

Aldri meir stygg andunge, tenkjer Oslo, og brusar med nye svanefjører og signalbygg i sjøkanten.

Oljefantasillionærar treng nye praktbygg

Kanskje er dette ein av grunnane til hallelujastemninga langs «sjøfronten» i hovudstaden? Nå vil me faktisk måla oss med gammalrike hovudstadar og stader som Louvre ved å vera nyare, større, freshare.

For dei vil alltid ha Nike frå Samothrake ståande i ei dramatisk trapp, og verken trappa eller det to tusen år gamle meisterverket av ei hovudlaus sigersgudinne med venger vil bli utdatert.

Me har eit bilde av ein viking som peikar mot land. Og eit skrik, ei vinternatt, ei brureferd og litt anna inni det som berre nostalgikarar tykkjer er eit praktbygg. Me har hatt eit nasjonalgalleri for husmenn når me er oljefantasillionærar.

I Paris grov dei kjellar og bygde glaspyramide, for at Louvre skulle møta dagens behov. Me kunne grove kjellar ved Nasjonalgalleriet like kjapt som – ja, Statsbygg og bygd noko spektakulært over jorda der, men den idéen er for lengst forkasta. For nå kan me finna opp det kulturelle Noreg heilt på nytt ved fjorden, etter at industrien og hamnedrifta er vekke. Velkommen, kreative klasse.

Arbeidarklasse og gråstein

Grunnmuren i Nasjonalgalleriet er laga av ein heilt annan klasse. Steinen er såkalla grefsensyenitt, finhogd med hammar og meisel av sveittande steinhoggarar i Oslo. Slitesterk stein, grå som barneansikta i matkøen på det andre bildet av Christian Krogh som heng lenger oppe i museumstrappa, Kampen for tilværelsen.

Slikt imponerer neppe den kreative internasjonale klassen, men det betyr noko for dei som allereie bur her at me hugsar kven me er: eit lite, ungt land av oppkomlingar. Eit land med gråstein og «marmorvegger» av gips. Som ikkje sluttar å byggja nytt, men ikkje tømmer for mange historiske bygg og bydelar for meiningsfullt innhald, fordi me er blitt nyrike og nedvurderer verdien av det me har. Også den kreative klassen kjenner igjen historielause småkeisarar utan klede.

---

I hjarta er oslosvana framleis ein mann med kakesmular på den gamle akrylgenseren. Men den franske salen han sit i, har fått ein futuristisk glaspaviljong i midten, teikna av ein norsk arkitekt i 2002. Salen er elska av Wallpaper, den europeiske trendbibelen, og er framleis landets vakraste kafé.

Først publisert i spalten Tendenser i Vårt Land, 6. april 2017.

Gå til innlegget

Den lyttande kyrkja

Publisert rundt 3 år siden

Er noko i ferd med å skje med øyra til folk?

Å læra seg å lytta, høyrest fort ut som ei banal øving. I alle fall ikkje noko eit vakse menneske med grei høyrsel og brukande øvsteetasje skulle trenga hjelp til av andre. Er det ikkje berre å konsentrera seg litt?

For oss som er velsigna med (eller plaga med, alt ettersom) eit velutvikla snakke­organ, er det ofte nyttig å bli minna på at lytting er vel så bra som snakking. Samstundes kan me vera litt misunnelege på dei meir stillferdige, sjenerte eller innover­vende. Me tenkjer gjerne at dei er naturtalent til å lytta.

For det stemmer jo at ein gir den andre­ meir rom til å snakka, når ein greier å klappa igjen sjølv. Men den som teier, veit det godt: Tausheit treng ikkje å bety at ein høyrer etter eller faktisk bryr seg.

Eksistensielt

Denne helga held danske Bente Lundbak Pihl sin første lytte-workshop i Noreg. Verkstaden hennar er fullteikna lenge før «Salig er tørsten» går av stabelen i Kristiansand, ­arrangert av magasinet Strek og Areopagos.

Kva er det som skjer, sidan så mange er interesserte og ikkje avskriv det som «banalt»?

Pihl er dagleg leiar i «Den lyttende kirke»,­ ei tverrkyrkjeleg rørsle i Danmark, som jobbar med å breia ut lyttekompetanse og med å vera gode lyttarar på vegne av kyrkja. I haust var eg på eitt av minikursa hennar.

Sjølv om kursopplegget i seg sjølv var konkret og jordnært, gav det meg ei djup erkjenning av kor tett lytting er knytt til det eksistensielle – både for den som snakkar og for den som høyrer på. Og kor tett lytting er knytt til gjestfridom, noko som er vesentleg for rørsla til Pihl.

Bonhoeffer si ånd

Den nederlandske katolske presten Henri Nouwen kalla lytting for «åndeleg gjestfridom». Det er noko mykje meir enn å la den andre få snakka mens ein sjølv ventar på å få svara. For han var sjølve skjønnheita ved å lytta at «den som blir lytta til, begynner å føla seg akseptert, begynner å ta sine eigne ord på alvor og begynner å oppdaga sitt eige sjølv.»

Den danske rørsla vil at god lytteevne skal kjenneteikna kyrkja som fellesskap. Men ein ser også på lytting som ei konkret kyrkjeleg teneste i den tyske teologen Dietrich Bonhoeffer si ånd: «Den første tenesta me skuldar andre i ein fellesskap, er å lytta til dei». Tanken er at i dette lyttande rommet av gjestfridom, ro og aksept, som Nouwen snakkar om, kan indre sår få høve til å bli lækte.

Den tanken deler dei med britiske «Christian Listeners» og Acorn-stiftinga som den avdøde biskopen Morris Maddocks står bak. Under ligg trua på ein Gud som lyttar – også gjennom andre menneske.

Kopla ut støyen

Den lyttende kirke har sprunge ut av denne britiske samanhengen og brukar metodikk derifrå. Ein trena lyttar greier å kopla ut støyen i sitt eige indre, skapa eit trygt rom for samtalen og til sist stilla spørsmål som verkar avklarande for den som fortel. I motsetning til coaching og vegleiing, er målet å hjelpa folk å bruka sine eigne erfaringar, følelsar og tankar som ressurs. Og ved å komma til rette med ting som har skjedd, kan sår begynna å gro og forsoning skje – både inni enkeltmenneske og mellom dei.

Engelskmennene kallar det «healing», i den vanlege tydinga om at noko blir lekt eller bra igjen (som at eit sår gror). Det norske ordet heling/heiling ligg tett opptil det å gjera noko heilt. Derfor snakkar Den lyttende kirke heller om «helende lytting» enn «helbredende lytting». Ein trur at ved Guds og medmenneske si hjelp kan noko bli heilt igjen.

Det er den draumen om meir gjest­fridom og fleire heile liv. Liknar han ikkje mykje på det heile kyrkja drøymer om? 

Først publisert i spalten Tendenser i Vårt Land, 9. mars 2017.

Gå til innlegget

Berre kulturimperialisme?

Publisert rundt 3 år siden

Oppgåve 1: Sjå føre deg ein kristen misjonær blant urfolk. Oppgåve 2: Ver klar til å få fordommane dine justerte.

«Kulturimperialisme» er eit ord som alltid kjem opp viss nokon utanfor dei indre misjonskretsane skal seia kva kristen misjon er. Det er ikkje tilfeldig. Kristne kyrkjer og misjonsverksemder har både legitimert og vore ivrig reiskap for overgrep frå kolonimakter og storsamfunn. 

Den samiske historia i Noreg er eit eksempel på det. Men den blir småtteri ved sida av den latin-amerikanske historia om det spanske imperiet. Historikarar meiner at det katolske kongeparet Isabella og Ferdinand sin kristendom var sjølve drivkrafta i den usæle blandinga av kristning, plyndring og erobring som la heile sivilisasjonar i grus på 1500-talet.

Ein raud tråd

I 2015 ba pave Frans «audmjukt om tilgiving» for desse syndene i Guds namn. Samstundes minna han om at det var «tusenvis av prestar som kjempa i mot sverdet sin logikk med korset si makt». (Er det berre eg, eller høyrer andre også klassikaren «Gabriel’s Oboe» frå filmen The Mission for sitt indre øyre?)

Det går ein raud tråd frå læresveinen Peter og apostelen Paulus, til Martin Luther, til Latin-Amerika og vidare til dei nordiske språkekspertane som akkurat nå omset Bibelen til nord- og sørsamisk.  Jesu nærmaste venner forstod plutseleg at bodskapen om Guds kjærleik og frelse ikkje var reservert for jødar. 1.500 år seinare innsåg Luther at vanlege tyskarar hadde rett til å høyra evangeliet (det betyr jo «gode nyheiter», for svingande!) på sitt eige språk.

Det ligg ei djup rettferd i dette, ei eksistensiell stadfesting av likeverd for alle språk og difor også kulturar.

Etter at Guds ord var like bra på bondetysk som på prestelatin, kunne soknepresten Nils Stockfleth omsetja Det nye testamentet til samisk i 1840 og seia at eit kvart folk hadde rett til å «udvikle sit Sprog og sin Nationalitet». Den kyrkjelege rasismen og fornorskingspolitikken blei snart hardare, men Stockfleth er ein del av den raude tråden.

Nedst på stigen

Då eg vaks opp, langt frå Sápmi, greidde misjonsbladet «Santalen» å gjera situasjonen til eit urfolk i Andesfjella viktig for mange nordmenn. Cañariane stod nedst på samfunnsstigen i Ecuador. Midt i Cañardalen var hallingdølen Sigrid Løvdokken jordmor-misjonær i 38 år. Ein føremiddag i 1996 såg eg henne ta i mot eitt av dei omtrent 10.000 barna som har blitt fødde på den vesle fødeklinikken ho dreiv. Ein livlaus gut greidde seg akkurat etter mora sin altfor lange tur på båre i fjellheimen og på eit pickup-lasteplan.

Etterpå konstaterte eg at det eg hadde lese i Santalen-reportasjane stemte: «På fødeklinikken i Nar kan indianarkvinnene føda med hatten og stakken på, slik dei føretrekk.» Målet var å heva statusen til cañariane sin kultur og levemåte – ikkje minst i eigne auge. Det stod ikkje i vegen for å driva helseopplysing, og bevisstgjering av kvinnene i eit mannsdominert samfunn. 

Kulturpåverknad

Same året kunne cañindianarane feira to store kulturelle hendingar: Det nye testamentet kom på deira kichwa-dialekt (quichua) og ei stor pioner-lærebok i språket blei utgitt, med fullstendig grammatikk og ordbok.

Alt dette misjonsarbeidet var kulturpåverknad på mange plan – også kamp for minoritetskultur i eit majoritetssamfunn. Men kulturimperialisme?  

I dag er den vesle fødeklinikken nedlagt, men i den  lutherske kyrkja kan ein framleis høyra vaksne cañarindianarar snakka stolt om sin eigen kulturarv – og om at dei er takksame for at misjonærane gav arven verdi.

Og ved nokre skrivebord i Norden bevarer og utviklar samiske språkekspertar sitt eige språk saman med bibel-redaktørar frå majoritetskulturen. Det er den same raude tråden.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND, 09.02.2017

Gå til innlegget

Djevelens piss og annan umoral

Publisert rundt 3 år siden

For ein liberalist ser engasjementet mot alkohol og pengespel ut som manglande anerkjenning av andre menneske sitt ansvar for eige liv.

I forrige veke avslutta artisten Tone Damli og nettspel-giganten Betsson samarbeidet. Kven av dei det var som slo opp først, er dei ikkje einige­ om. Men brotet ser ikkje ut til å handla om at dei angrar på den ulovlege marknadsføringa.

For to år sidan fekk nemleg Damli eit brev frå direktøren i Lotteri- og stiftelsestil­synet. Det same gjorde John Arne Riise, John Carew, Sandra Lyng, Betsson og 23 andre utanlandske speleselskap. Der stod det at «i Norge er det forbudt å avholde, markedsføre og formidle penge­spill som ikke har tillatelse».

Brende kortstokkar

Tilsynet sine utsegner var moderate. Koranen kallar til dømes alkohol og pengespel for «Satans verk». Soknepresten Lars Levi Læstadius­ kalla alkohol for «djevelens piss», og læstadianarane er framleis kjende som fråhaldsfolk. Vestlendingar på min eigen alder kan fortelja om ein bedehusoppvekst der kortstokkar som dukka opp i heimen blei brende.

For det store norske fleirtalet ser dette ut som ein uforståeleg og latterleg kamp mot umoral. Stadig færre hugsar at det i utgangspunktet handla om solidaritet.

For Læstadius var ikkje moralsk indignert då han snakka om djevelpiss. Han var solidarisk indignert over samefolket sine levekår i Nord-Sverige. Presten såg korleis handelsfolk og prestekollegaer tente seg rike på brennevinssal, mens alkoholmisbruket øydela heile familiar og lokalsamfunn. Kampen mot alkoholen reduserte fattigdom og naud, og førte til ei viss frigjering og myndiggjering.

Den same erfaringa hadde dei som tidlegare hadde spelt seg frå gard og grunn i dåtidas pokerlag: Kortstokken representerte gjeld, naud og ufridom og det nye, kristne livet utan spel var fridom, tryggleik og framgang.

Kontroll

Likevel er det ikkje eit grunnlaust rykte at religiøse menneske har eit uvanleg sterkt ønskje om at deira normer også bør kontrollera andre sin livsførsel. For mange av dei som vaks opp i miljø der kortstokkar burde brennast, blei den sosiale kontrollen uuthaldeleg. Medan­ tidlegare generasjonar hadde opplevd frelse­ og fråhald som lys og luft, gispa nye ­generasjonar av luftmangel under den låge takhøgda.

Erfaringane av kollektiv naud og liding på grunn av alkohol og pengespel, ligg òg til grunn for den sekulære lovgivinga­ me framleis har i dag. Restriksjonane er ikkje først og fremst grunnlagde på norsk pietisme, men på den solidariteten­ som samla­ arbeidarrørsla og pietistane:­ Øns­ket om å ikkje la omsynslause økonomiske­ profittørar øydeleggja livet til vanlege ­arbeidsfolk.

Sett frå liberalistisk hald, verkar dette engasjementet som ei manglande anerkjenning av andre menneske sitt ansvar for eige liv. Reguleringsforkjemparane blir moralpoliti og meiningstyrannar som vil bestemma kva myndige menneske skal kunne bruka pengane sine på.

Eksplosivt

Men dei uregulerte reali­tetane er harde. Då 15.000 speleautomatar med blinkande lys og oppmuntrande lydar avløyste dei gamle kroneautomatane på 1990-talet, eksploderte speleavhengnaden blant nordmenn. Då dei blei fjerna, stupte han raskt. Men så tok internett-gamblinga over. Nå er talet på speleavhengige like høgt.

Nettgamblinga er i eksplosiv vekst. I Sverige er det reine spelefeberen blant investorar. Og mens ein del norske aksjefond ikkje kjøper slike aksjer på grunn av eigne etiske retningslinjer, har Oljefondet investert tre og ein halv milliard kroner i nett- og fysiske kasino. 290 millionar av dei er plassert i Betsson, som står bak ein fjerdedel av all ulovleg TV-reklame for pengespel i Noreg. I 2015 brukte slike selskap totalt 609 millionar kroner på ulovleg reklame.

Det er ingen grunn til å kalla gamblaren for umoralsk. Men på eitt eller anna punkt blir gambling-selskapa og eigarene si milliardforteneste på andre si ulukke så problematisk, at også dei som vanlegvis ikkje vil bruka slike kategoriar vil kalla det umoralsk.

Først publisert i Vårt Land, 12. januar 2017

(Foto: flickr.com/fitzsean)

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Hjemmesentrert kirke
av
Joanna Bjerga
9 dager siden / 1372 visninger
Guds fravær
av
Geir Tryggve Hellemo
21 dager siden / 1232 visninger
Ja vel, gamlis
av
Heidi Terese Vangen
27 dager siden / 1215 visninger
To strekar
av
Arne Mulen
3 dager siden / 1140 visninger
Det vi ikke ser
av
Magne Nylenna
13 dager siden / 856 visninger
Biskop Byfugliens merkelige avskjedsreplikk
av
Roald Iversen
rundt 2 måneder siden / 578 visninger
Humanismens hellige skrifter
av
Didrik Søderlind
nesten 2 år siden / 565 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere