Ann Kristin van Zijp Nilsen

Alder: 44
  RSS

Om Ann Kristin van Zijp

Kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for Tørst. Sjå areopagos.no/torstmag.no. Twitter: @annkristinvzn

Følgere

Lengten etter vismannen

Publisert rundt 2 år siden

Kan nokon forklara oss korleis det heng saman?

Ein psykologiprofessor står i eit lite canadisk auditorium under lysstoffrøyr og doserer svært ­omtrentleg utan manus om samanhengen mellom myter, menneskesinnet, moral og den generelle strukturen i verda.

Kultfigur

Slik var det første opptaket eg såg av Jordan Peterson sine førelesingar på Youtube for eit par år sidan. Sidan er han blitt ein kultfigur, med ein halv million faste sjåarar og over 300 videoar. Mange av videoane hans har ein politisk bodskap, men kunne han blitt så viktig for alle desse unge mennene ved PC-ane i USA og Europa viss han berre snakka om politikk? Neppe.

Professoren tilbyr både ein slags «teori om alt» – og konkrete råd om livet. Slik ser ein del av titlane på videoane med Peterson ut på norsk: Kva betyr det å vera ein mann? Korleis få sjølvrespekt. Slutt å vera patetisk. Korleis slutta å rotna vekk heime. Korleis du ikkje blir ein betahann.

Den nyaste boka hans, 12 Rules for Life , kjem ut om ti dagar, men er allereie ein bestseljar med førehandssal på Amazon. Dynamikken rundt Peterson minner om det som føregjekk når folk samla seg rundt den gamle vismannen ved bålet om kvelden og sa «fortel oss korleis det heng saman».

Menneskeleg

Trass vår tids skepsis mot autoritetar, er me framleis mange som ­søkjer mot vismenn, dei som kan fortelja oss korleis iallfall noko av det heng saman. Og korleis liva våre kan henga saman. Me leitar etter det djupe, slitesterke, det som verkeleg har kjerne. Ikkje nødvendigvis hjå religionsstiftarane eller profetane.

Ta karmelittmunken Wilfrid Stinissen, for eksempel. Notto Thelle, teologiprofessoren. Eller Martin Lönnebo, den eksentriske biskopen som nærmar seg nitti. Eg les dei med glede. Den religiøse sfæren har mange slike formidlarar. Den sekulære sfæren har andre, der Frank Aarebrot og Per Fugelli var folkefavorittar. Alle har klare fellestrekk: klokskap, kunnskapsrikdom, formidlingsevne, ein viktig porsjon varme og indre tryggleik.

Byggja opp

Slik tryggleik smittar: Me trur lettare på dei når dei snakkar. Den suverene tryggleiken dei har som formidlar og meiningsytrar, ser ein ikkje like ofte hjå kvinner. Då eg såg Jordan Peterson førelesa, prøvde eg å sjå føre meg ein kvinneleg psykologiprofessor slå fast så mykje om verda på så ustøtt fagleg grunnlag som han gjer. Det var nesten umuleg.

Eg jobbar i ein organisasjon som stadig arrangerer føredrag og seminar – ikkje minst innanfor den eksistensielle sjangeren. Det er alltid lett å finna kjende mannsnamn som mange vil høyra på. Kvinnenamna er ikkje like sikre kort: Er dei kjende nok? Erfarne nok? Vil dei trekkja nok folk? Då kan det dukka opp svar som «la oss byggja dei opp som formidlarar først, så kan me bruka dei seinare». Men korleis kan ein byggja nokon opp utan å bruka dei mykje?

For sjølv om Frank Aarebrot hadde ein stor fordel av å vera ein frekk bergensar, så handlar svært mykje om trening. Og om tilbakemeldingar som gjer ein trygg på at ein bidrar med noko klokt. Då blir ein avslappa og leiken nok til å formidla stadig klokare. Slik vismenn gjer.

Noko kan snu

I fjor lanserte tidsskriftet Samtiden orakel-spalta «Spør Frank og Thomas om hva du vil» med Frank ­Aarebrot og Thomas Hylland Eriksen. Men før spalta kom i gang, døydde Aarebrot, og redaktøren gjekk ut med ei etterlysing på facebooksida si: «Hvem er den nye Frank Aarebrot?». Gode forslag til nytt orakel blei mottatt med takk, gjerne eit med «buldrende bergensk bassrøst, skjegg, briller og høyt sigarettforbruk».

Mangelen på etablerte «viskvinner» ropte høgt i orakeltomrommet etter ­Aarebrot. Så begynte tråden med forslag å veksa, fleire titals namn. Dei fleste var kvinner. Nokre dagar etter lanserte redaktøren det nye orakelet: biskop Kari Veiteberg.

Det blir nok ingen «teori om alt» frå henne. Men at ho kan seia noko klokt om kva ein kan bruka livet sitt til i staden for å «rotna vekk heime», det kan fort skje.

Gå til innlegget

Hei igjen, Hitler!

Publisert rundt 2 år siden

Kanskje trengst det meir hitling framover.

Det er mulig Dagbladet har gjort det før. Men dette er første gang jeg ser deres hitling av Trump’, skreiv Jøran Ødegaard, israelsvenn og lokalpolitikar for Partiet De Kristne på Twitter tidlegare i år. Det Dagbladet hadde gjort, var å skriva om ein amerikansk jøde, Russel Neiss, som protesterte mot at Trump stengte syriske flyktningar ute frå landet. Han minna om at USA stengte grensene for eit skip fullasta med jødiske flyktningar frå Europa i 1939. 

Avledningsmanøver

Wikipedia definerer hitling som «en avledningsmanøver» og «en vanlig tankefeil hvor man trekker paralleller mellom Adolf Hitler eller nasjonalsosialismen og motparten i en diskusjon». Det har blitt ei sanning at «den første som nemner Hitler i ein debatt, har tapt». Kanskje er årsaka at Hitler og nazistane – forståeleg nok – er blitt synonymt med personifisert vondskap. Dei var ikkje menneske, men monster. 

Men det er ingen grunn til å umenneskeleggjera alle dei tyskarane som i 1933 hylla den nyvalde kanslaren Hitler. Det er ettertida sitt privilegium å vita kva følgjer det valet skulle få.

Verda vil aldri få ein ny Adolf Hitler, verdshistoria vil aldri få ein identisk reprise på noko som helst. Men menneskesinnet og samfunnet har tilbøyelegheiter og mekanismar som ikkje forandrar seg på 80 år. Særleg når det røyner på. Var tyskarane som hadde stemmerett det året verkeleg så annleis enn oss? Betyr det noko at folk i dag brukar same ord og utrykk som nazisympatisørar gjorde i 1930-åra? 

Historia viser gong på gong at urolege tider og usikker framtid gjer at folk jaktar på tryggleik. Sterke leiarar med enkle løysingar og tydelege fiendebilde har langt betre kår då, enn når alt er «fina vêret og beine vegen». Derfor er det legitimt å halda opp ein spegel frå 1933 på samtida.  

Stilnar debattar

Det er ein svært verknadsfull hersketeknikk å kalla alle samanlikningar mellom samtida og nazitida for hitling. Redsla for å påkalla slik indignasjon stilnar mange debattar. 

Då redaktøren for document.no lanserte ein ny kunstskribent, som skulle løfta fram det som verkeleg er «skjønt» (i motsetnad til samtidskunsten, som er eit teikn på «forfallet i samfunnet»), gjorde han det i ein artikkel som også hadde sterke utfall mot norske muslimar. Artikkelarkivet deira har ein påfallande kombinasjon av hylling av den overlegne europeiske kulturarven og den tradisjonelle europeiske kunsten på den eine sida og hatefulle karakteristikkar av minoritetar og konspirasjonsteoriar på den andre sida. Kunstkritikaren deira trur til dømes at Munchmuseet «bedriver en fordekt homoerotisk propaganda» og at valet av «Lambda» som nytt museumsbygg ikkje er tilfeldig, når Lambda også er namnet på ein amerikansk organisasjon som kjemper for homofile sine rettar. Då eg viste fellesstrekk mellom document.no sitt ideologiske kunstengasjement og Hitler sin kamp for tradisjonell europeisk kunst, blei det raskt avvist som «svinsk» og «nedrig» hitling.

Kanskje trengst det meir hitling framover. Holocaustsenteret sin nye rapport viser at ein av to nordmenn meiner at muslimar sjølv har mykje av skulda for aukande muslimhets. 30 % trur at muslimane vil ta over Europa. 13 prosent av oss trur at verdas jødar arbeider i det skjulte for å fremja jødiske interesser. 

På alvor

«Heil Hitler», fnyste ei åttiårig kvinne på gata i Wien, då ho avviste dei unge kampanjefolka til Sebastian Kurz som ville gi henne ei brosjyre like før valet i oktober. Ifølge VG hadde ho til og med småblomstrete kjole. «Keisar Kurz» vann valet med hard retorikk mot innvandring og islam, og nå er det han i ferd med å danna koalisjonsregjering med det høgrepopulistiske Fridomspartiet. Det blei grunnlagt etter krigen av eit tidlegare SS- og nazipartimedlem, og dagens leiar er tidlegare nynazist. 

Kvinna i Wien har opplevd krigen. Ho kjende igjen noko ho hadde sett og høyrt før. Åttiåringar som hitlar skal ein kanskje ta på alvor. Særleg dei i blomstrete kjole.

Gå til innlegget

Å elska­ det vakre

Publisert rundt 2 år siden

Framleis blir menneske provosert av kunst som ikkje er skjønn.

Når det skjønne ikke lenger gjelder, er noe alvorlig galt, skriv Hans Rustad, redaktøren for den høgreorienterte­ nettstaden Document.no. Han meiner kunsten er ein «målestokk på vår tids krise», og går til harde angrep på samtidskunsten.

Dei siste par åra har Rustad fått kunsthistorikaren og -kritikaren Paul Grøtvedt med som Document.no-skribent. Han kom nyleg med følgjande dom over Statens høstutstilling. Den «domineres av ikke-kunstneriske gjenstander som burde ha blitt kjørt på skraphaugen.»

Svært mange deler deira forakt for samtidskunst. I forhold til klassisk, realistisk bildekunst kan dagens konseptkunst vera rar og framand. Han har sjeldan som mål å vera vakker.

Men å bruka han som «målestokk på vår tids krise» er det ei stund sidan ­nokon har gjort.

Degenerert

Det skjedde den 19. juli 1937. Då presenterte det tyske naziregimet den første propagandautstillinga med såkalla «Entartete Kunst» i München. ­Nazistane meinte at moderne kunst var ei usunn og farleg utgliding, eit klart forfall. For eksempel var ekspresjonismen, som Edvard Munch var ein tidleg representant for, ikkje berre uforståeleg og latterleg, men «entartet» – altså degenerert, ­avspora og øydelagt.

Dei 650 bilda i utstillinga var valde ut blant beslaglagt, samfunnsfiendtleg kunst. Dei var pedagogisk delte inn i avdelingar for mellom anna blasfemisk kunst og kunst som krenka tyske kvinner si ære. Eitt rom hadde berre abstrakte bilde og blei kalla «galskapsrommet».

Dagen før opna Adolf Hitler «Die grosse Deutsche Kunstaustellung» same stad, der tyskarane kunne sjå «det beste» av tysk kunst, alt frå landskapsmåleri til bilde av rasereine menneske. «Aldri meir skal kunstverk, som ikkje kan bli forstått av seg sjølv, men som treng ei pretensiøs instruksjonsbok for å rettferdiggjera at dei finst, finna vegen til det tyske folket», lova han.

Endrar seg

Noreg var det einaste landet utanom Tyskland som arrangerte utstilling med «entartete Kunst». Men skiljelinjene i utstillinga «Kunst og ukunst» på Nasjonalgalleriet i 1942 var litt annleis enn i opphavslandet. Mens nazistane ­beslagla 82 bilde av Edvard Munch frå tyske­ samlingar, blei fire Munch-bilde hengt opp i avdelinga for «god» kunst i Oslo. Han var allereie ein nasjonal helt. I dag er bilda hans på kaffikrus og nøkkelringar, og «folk flest» har for lengst forstått at ­vakkert er meir enn solnedgang og elg.

Hadde Hitler komme inn på kunst-akademiet i Wien då han var ung, hadde­ kanskje historia sett annleis ut. Der hadde­ modernismen allereie fått fotfeste, og han måla helst bygningar og landskap. Han fekk avslag to gonger, gjekk tom for pengar og hamna på ein heim for fattige menn. Resten av livet såg han på seg sjølv som eit misforstått kunstmålartalent. ­Seinare skulle regimet hans øydeleggja store mengder samtidskunst og forfølgja moderne kunstnarar av politiske årsaker. Samtidig: Kva kunne vel vera ein betre personleg hemn over kunstverda som fornærma talentet hans så grovt?

Flykta til Frankrike

Charlotte Salomon var 18 år yngre enn Hitler og vaks opp i ein rik, jødisk familie i Berlin. Ho rakk eit par på kunstskule, før familien flykta til Frankrike etter Krystallnatta i 1938. Der skapte ho den enorme serien Liv? Eller teater? Eit syngespel med sterke fargar og kraftige strekar med 1325 bilde og tekst, som sidan blei redda av legen hennar og til slutt gitt vidare til det jødiske historiske­ museet i Amsterdam. For få ­veker sidan blei verdas første utstilling med heile kunstverket opna der, og eit britisk forlag har nettopp gitt ut den første samla utgåva med kunsten hennar. Det er 100 år sidan ho blei fødd, og mange tykkjer det er på høg tid å løfta Salomon opp på den viktige plassen ho fortener i moderne kunsthistorie og tysk ekspresjonisme.

Ho var 26 år og gravid i femte månad, då ho blei gassa i hel same dag ho var framme i Auschwitz. Drepen av eit regime som elska det vakre, men forakta og hata menneske som henne og slik kunst som ho laga.

Gå til innlegget

Kva ville Månestråle gjort?

Publisert over 2 år siden

Kvite forklaringar er ikkje nok til å forstå eit indianarkostyme.

Det var den draumen me bar på, me tolv år gamle jenter på 1980-talet: At noko vidunderleg skulle skje, at me plutseleg blei Månestråle. Denne veka fekk Siv Jensen endeleg leva ut draumen, då ho dukka opp på Finansdepartementet sin haustfest i eit indianarkostyme av semska skai. Eit slikt kunne eg gitt høgrearmen min for som tolvåring.

Men så dukkar den nyvalde sametingspresidenten Aili Keskitalo opp som haustfestbrems og kallar det «smakløst» å kle seg ut som indianar. «Urfolks kulturer og verdifulle symboler burde ikke brukes som kostymer. Dette henger dessverre igjen fra en slags kolonist-holdning», sa ho til VG.

Patetisk

Når går diskusjonen varm mellom dei som støttar Keskitalo sin kritikk og den store kvite flokk som støttar Jensen. Statssekretæren hennar, Petter Kvinge Tvedt, slår fast at «kostymet til Jensen er helt uproblematisk» og oppfordrar sametingspresidenten til å ha «litt mer glimt i øyet». Skribenten Esther Moe går lenger. Ho ser det kritiske urfolks-perspektivet som ein del av «den patetiske krenkomanien». For henne får det smak av offerrolle og martyrium, den påfører oss eit dårleg samvit som ingen orkar i lengda. NRK gjer urfolk inga teneste «ved å la krenkt-opplevinga bli ramma rundt deira anliggende».

Nei, då er det betre å la vera å ringa dei for kommentarar, og la oss majoritetsfolk vurdera dette rasjonelt. Å få beskjed om å ikkje vera humørlaus og lettkrenkeleg er ein «klassisk situasjon», seier sametingspresidenten. Amerikanare har eit dekkjande omgrep for slikt. Dei kallar det «whitesplaining» når den kvite majoriteten «forklarar» det dei ikkje kjenner på kroppen. Kronargumentet er gjerne dette: Det er ikkje vondt meint!

Det er også Esther Moe sitt argument. «Krenkomanien har mange patetiske sider ved seg. Men det verste og det farlege er at den byggjer oppunder oppfatninga om at det meste er gjort i vond vilje og med eit ønske om å såra.» VG-kommentator Anders Giæver peikar på det same, han meiner det er «fruktbart å skille mellom hva som er ondsinnet intensjon, og hva som bare er ment som harmløs moro, før man lar seg fornærme.»

Lukkeleg tankeløyse

Her er me ved kjernen. Kven er det som trur at Siv Jensen eller me andre i indianar-kostyme ønskjer å såra urfolk? Kven trur det handlar om vondsinna intensjonar? Det me blir skulda for, er å vera tankelause. Tankeløyse er aldri vondt meint. Men når ein insisterer på å få behalda den lukkelege tankeløysa som plagar andre, vitnar det i det minste om ein viss uvilje til å bry seg.

«Kva er det vakraste du veit?» spurde eg Aili Keskitalo for eit par dagar sidan. (Når ein jobbar med eit blad, dukkar slike sjansar opp.) Svaret var å høyra døtrene snakka saman på samisk og kunna uttrykkja dei inste følelsane sine på morsmålet. «Det gikk jeg selv glipp av som barn», sa ho nøkternt. Den velmeinte fornorskingspolitikken er sjølvsagt grunnen. La oss ikkje gå vidare på lista over alle overgrepa urfolk har blitt utsette for av «god vilje». Sjølv om sinnelagsetikken har ei høg stjerne hjå oss lutherske nordmenn, er den sjeldan nok.

Når urfolk ber majoritetsfolk om å slutta å kle seg ut som dei, anten det er som Månestråle eller i irrgrøne tulle-samekofter på Kiwi-fest, er dei altså totalt uinteresserte i sinnelaget, humoren eller fascinasjonen som ligg bak.

Å henta fram den lutherske verdien «audmjukskap» i staden, og kanskje lytta etter kva som kan skapa forsoning, er vel ingen vinnar på lått og løye-fronten. Men det er muleg stemninga kan bli rimeleg god etterpå.

Først publisert i Vårt Lands spalte Tendenser, 19. oktober, 2017.

Gå til innlegget

Heiders­menneska

Publisert over 2 år siden

Dei som ikkje vil mista seg sjølv.

Der oppe går ein heidersmann, tenkjer eg plutseleg – til mi eiga overrasking. Sjølv for meg er ­ordet i overkant gammaldags. Når det ein sjeldan gong dukkar opp, er det gjerne i eit minneord over ein eldre, respektert mann, ein som Frank Aarebrot eller Per Fugelli.

Uthaldande

Men han som går oppover den bratte lia er framleis ganske ung. Eg er berre innom på besøk på småbruket til han og broren. Dei har gamle ku- og sauerasar, økologisk kjøkkenhage, sjølvbygd hus og lange hesjer bortetter bøane ovanfor den raude løa. (Broren har budd i Sverige, så ho er faluraud.) «Me slår med ljå for å bevara floraen i kulturlandskapet her», kjem det nøkternt. Alt rundt dei ber preg av vilje til dette eine: å ta vare på slikt som det kostar mykje krefter og ubetalt tid å ta vare på. Ein skal vera seig for å halda ut.

Det uthaldande idealet pregar samtida sterkt når det gjeld kroppane våre. Stadig fleire mosjonistar spring lange løp, som sist helg då Oslo Maraton hadde rundt 20.000 deltakarar og 75 av dei sprang ultraløp-versjonen på 73 kilometer. Uansett kva (ultra-)løparane brukar tida si på elles, er det fokuset på eigen kropp og eige sinn som skaper vinnarar. Den ­imponerande disiplinen er vendt innover.

Ikkje åleine

Småbrukaren mellom hesjene har ein annan horisont: at eit verneverdig øko­system overlever endå ein generasjon, at husdyrrasar held fram med å finnast nok ein mannsalder. Livshaldninga hans er også seig, men kanskje mest av alt raus – raus overfor det som lever rundt han og etter han. Det er akkurat då han er midt i lia at det slår meg, der han er på veg til avløysarjobben som får småbruks­økonomien til å gå rundt, med dei lengste, lettaste og raskaste stega eg har sett i så bratte bakkar: Der går ein heidersmann.

Han er ikkje åleine, og heidersmenneska er i full vigør, i motsetning til det nekrologane kan tyda på. Særleg på stader ein lett overser.

Integritet

I eit direktorat i Oslo sit ein byråkrat og skriv på eit høyringsutkast. Ho anar ikkje kor mange timar ho har brukt på det, kor mange sider ho har lese og kor mange linjer ho har skrive på nytt. Alle helgene ved PC-en er det ingen andre enn familien som ser, langt mindre statsråden som får heideren viss lovforslaget går gjennom. Frå avstand ser ho ut som nok ein seniorrådgivar i eit stort system, men på nært hald ber innsatsen hennar preg av dette eine: Ein vilje til å gjera ein forskjell for dei som treng det mest. 
Mellom linjene gløder forvaltnings­språket av brennande engasjement for at folk som lir skal få det betre. Stemma blir varm når ho snakkar om dei, og eg tenkjer: Slik snakkar ei heiderskvinne.

Slikt engasjement kan ikkje forventast, berre takkast for, men det er ein X-faktor som gjer samfunnet vårt betre. Og det treng ikkje vera reint usjølvisk, eller det motsette av sjølvrealisering og livsnyting. Småbrukarbrørne har badebrygge nedanfor våningshuset. Men den solide, seige innsatsen til heidersmenneska er knytt til tanken om kva akkurat deira liv skal bety i den store samanhengen. Det handlar om integritet. Om at det som verkeleg er viktig for dei, er det dei brukar tida på. Det handlar om å ikkje mista seg sjølv.

Redsla for å mista seg sjølv

Alle desse heidersmenneska som held på med sitt – for andre – dag etter dag: Sjukepleiaren som også denne morgonen gir rusavhengige den varmen dei skulle hatt som barn. Læraren som ikkje gir opp elevane denne hausten heller. Presten som lettar bører denne dagen også. Fotballtrenaren som nok ein ettermiddag lærer ungane kva lagånd er. Reinhaldaren som også i kveld vaskar under stolane, sjølv når ingen ser.

Kanskje treng me dei seige meir enn nokon gong. Kanskje skulle me oftare brukt ord som «heidersmenneske» oss levande i mellom. Ein kan ikkje sjå bort frå at Aarebrot og Fugelli hadde likt det. Og kanskje er det berre tre ting som skal til for å bli eit slikt menneske: trufastheit, eit blikk vendt ut frå navlen – og redsla for å mista seg sjølv.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Juleangst og julelettelse
av
Aud Irene Svartvasmo
24 dager siden / 1678 visninger
Hvorfor jeg er kristen
av
Geir Tryggve Hellemo
4 dager siden / 1357 visninger
Min drøm for 2020
av
Ragnhild Mestad
20 dager siden / 1151 visninger
Hva Ari Behn åpenbart gikk glipp av
av
Leif Knutsen
24 dager siden / 1143 visninger
White Christmas
av
Hilde Løvdal Stephens
rundt 1 måned siden / 1073 visninger
Storpolitikk i religionens vold
av
Ingrid Vik
14 dager siden / 817 visninger
Smiths Venner på ville veier.
av
Gerard Oord
rundt 2 måneder siden / 798 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere