Ann Kristin van Zijp Nilsen

Alder: 44
  RSS

Om Ann Kristin van Zijp

Kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for Tørst. Sjå areopagos.no/torstmag.no. Twitter: @annkristinvzn

Følgere

Publisert rundt 2 år siden

Eg kjenner ikkje til «stygge beskyldninger» mot Siv Jensen, det einaste eg skuldar henne – og storparten av oss som ikkje kjenner urfolk si historie og samtid på kroppen – for, er å vera tankelaus. 

For «folk flest» er det ikkje annleis å kle seg ut som indianar og cowboy enn som sjørøvarar og prinsesser. Sjølv om verken Märtha eller Mette-Marit lar seg krenka av karnevalsprinsesser, prøver urfolk å forklara oss at akkurat den Ville vesten-greia er annleis. Der me ser føre oss litt pistol- og bogeskyting mellom cowboyar og indianarar, blei jo store delar av urfolket på det amerikanske kontinentet utsletta av europeiske kolonimakter. I dei landa der det framleis finst urfolk igjen,  har dei sidan den tid vore marginaliserte og undertrykte. Mitt poeng i denne teksten er påpeika at det ikkje er urimeleg å ta omsyn til det perspektivet, når urfolk ber oss om å gjera det. 

Du skriv at «nu er det imidlertid slik at da Columbus ankom Amerika , kom han til et land med kannibalisme , menneskeofringer , stammekriger, flerkoneri  og skalperinger.» Det stemmer at det fanst innslag av polygami (nokre hadde fleire koner, andre fleire menn) og menneskeofring med religiøs kannibalisme i Taíno-kulturen som Columbus møtte då han kom til ei av Bahamas-øyene i 1492. Slike ting fanst også andre stader på kontinentet, men ikkje i så stor utstrekning som me likar å tru.

Det er ingen grunn til å underkjenna alle dei uhyggjelege og problematiske sidene som har funnest og finst ved kulturar i heile verda. Men det verkar som du overser massakrane, overgrepa og den uendelege lista med lidingar som «den vestlige sivilisasjon – om enn i noe uferdig form» forårsaka på dette store kontinentet. Eg veit ikkje om du ser føre deg spanske conquistadorar og handelsfolk eller nordamerikanske soldatar og nybyggjarar, men det er spesielt at du kallar deira kultur «noe uferdig» og snakkar om urfolk sin kultur (som altså strekte seg frå Alaska i nord til Kapp Horn i sør) som om denne var einsarta og statisk. 

Burde vikingane, som hadde ein kultur med æresdrap (blodhemn mellom klanar), spedbarnsdrap («utburd»), slaveri og brutal framferd då dei drog som sjørøvarar, kidnapparar (av trælar), voldtekts- og drapsmenn til dei britiske naboøyene, blitt nesten utrydda som folkeslag? Burde dei som folkegruppe framleis vore diskriminert og marginalisert i dag? Nei. 

Eg tenkjer sjølvsagt at det er stor grunn til å støtta urfolk sin kamp for eksistens som folkegruppe, med sin ikkje-statiske kultur og språk. Viss det viser litt respekt å ikkje kle seg ut i tulleversjonar av deira «bunadar», så er det ikkje eit veldig stort offer å droppa Månestråle-kostymet for min del. Men viss du tykkjer det er for tungt å droppa Sølvpilen-kostymet, så er det sjølvsagt inga lov som forbyr det. 

Gå til kommentaren

Det er bygdeliv eg skriv om, ikkje islam

Publisert over 2 år siden

Underleg at du las teksten min som eit ønskje om å «gi islam en hjelpende hånd», når det gjennomgåande motivet er den unike kompetansen ein får av å veksa opp i norske bygder, uansett religion. 

Elles er eg ikkje journalist i Vårt Land, men ein av mange eksterne spaltistar i avisa.

Gå til kommentaren

Drøymer ikkje om eit muslimsk land

Publisert over 2 år siden
Petter Kvinlaug – gå til den siterte teksten.

Ja, Hadia Tajik har blitt spurd fleire gonger om ho eigentleg drøymer om at Noreg skal bli muslimsk/islamsk. Svaret hennar er nei. 

Gå til kommentaren

Takk

Publisert over 2 år siden

for den hyggjelege tilbakemeldinga. Eg kjenner igjen det du fortel om (sjø-)folk som ikkje opplevde Oslo som ein viktig stad, men som var godt kjende utanlands. Og så kjekt å lesa at du har gode erfaringar frå Bjørheimsbygd! Eg var der på nokre kristne leirar i tenåra, på Vaulali – Santalmisjonen sin leirstad på andre sida av vatnet frå lærarbustaden/skulen. 

Gå til kommentaren

Norske styresmakter er fullstendig klar over at desse kanalane sender frå utlandet. Likevel kallar dei det  ulovleg marknadsføring. Kvifor? Jo, fordi den utanlandske verksemda rettar seg mot norske spelarar og difor bryt norsk lotteri- og pengespellov. Her er heile brevet frå Lotteritilsynet:  https://lottstift.no/wp-content/uploads/2014/10/Brev-til-spillselskap-norsk-okt14.pdf 

Takk for meg. 

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Noen bør skamme seg
av
Espen Ottosen
22 dager siden / 5555 visninger
Kreftens krigsmetaforer
av
Aud Irene Svartvasmo
20 dager siden / 3743 visninger
Ingen skal leve med skam
av
Tor Håkon Eiken
22 dager siden / 1342 visninger
Nå må vi stå sammen
av
Berit Hustad Nilsen
17 dager siden / 1232 visninger
Småprathelvetet
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
7 dager siden / 1202 visninger
Skal vi forby det vi ikke liker?
av
Paul Leer-Salvesen
17 dager siden / 1109 visninger
HVILKEN ELEFANT?
av
Rikke Grevstad Kopperstad
6 dager siden / 1098 visninger
Smiths Venner på ville veier.
av
Gerard Oord
7 dager siden / 1032 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere