Anne Viken

Alder: 9
  RSS

Om Anne

http://anneviken.blogspot.com

Veterinær, bloggar, skribent og journalist. Har skrive barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestane (Samlaget 2012), om Elise på 13 år som er med onkel Kalle i dyrlegepraksis. Neste bok om Elise kjem høsten 2013 og heiter Elise og mysteriet på hesteklinikken. Dette er spenningsbøker for 10-100 år

Les meir om boka her http://www.haugenbok.no/resverk.cfm?st=free&q=elise%20og%20mysteriet%20med%20dei%20d%F8de%20hestane&p=1&r=1&cid=239543

Følgere

I dag kan dei fleste kvinner velge. Likevel er klagesongen der. Den handlar om at kvinner føler dei er «tvinga til å arbeide fulltid» fordi «samfunnet forventar det».

BØKER: I anledning kvinnedagen har eg skaffa meg to heilt nye bøker som tek opp problemstillingar knytt til, lat meg seie det enkelt, kvinneliv. Da det personlige ble politisk er ei sakprosabok som tek opp kvinne- og mannsbevegelsen på 1970-talet, og er ei lettlesen og engasjerande (fordi den inneheld så mange refaransar, sitat og erfaringar) bok.

"Ingen fortalte deg at ekteskapet skulle føre til et liv i fullstendig isolasjon, at det egne lille hjemmet skulle bli et fengsel, at du skulle bli drevet til randen av sammenbrudd fordi du aldri har et voksent menneske å snakke med. Du klarer ikke å leve opp til forventningene om å være en prektig mor (Bang 1973:11)." s 34

Kvardagen kom, då som no, som julekvelden på kjerringa. Den gong: husmortilværelsen er ikkje så glamorøs som den vart framtilt. No: full jobb og ungar er ikkje så enkelt som det damablada fortel oss.

"Kvinner blir framstilt som fanget, satt i bur av samfunnets urealistiske forventninger som de dessverre har gjort til sine egne." s 34

Dette kan vel trygt seiast å også gjelde dagens kvinner. Men idagens samfunn er problemstillinga snudd: ein opplever forventinga til at ein skal ha full jobb, pluss ta seg av ungar og familie, som eit fangenskap. Før var det forventninga til at ein ikkje skulle ha nokon jobb, som var fangenskapet.

Les Anne Vikens blogg.

I dagens samfunn kan dei fleste kvinner velge. Likevel er klagesongen der. Klagesongen handlar om at kvinner føler dei er "tvinga til å arbeide fulltid" fordi "samfunnet forventar det", og om dei då ikkje gjer det, klagar dei på at dei vert sett på som mindreverdige. Ja, omtrent slik går det. Og så bruker ein tid på å forklare sine valg: deltid eller heimeverande, nett som kvinner få tiår tilbake måtte bruke tid på å forklare kvifor dei var så "uansvarlege at dei arbeidde". Og desse forklarande kvinnene ser vi stadig i media.

Trenden er tydeleg om ein ser på bok- og medieverda der ei rekke kvinner står fram og fortel om sitt valg om å sei opp jobben, trappe ned, og starte for seg sjølv for å få tid til ungar og jobb. Det er inn i tida å stå fram og fortelle kor hardt det er å vere kvinne med full jobb og små ungar. Kvinnene som taklar dette, er henvist til dameblada og bortforklart som "ikkje virkeligheten". Men joda, mange kvinner takler faktisk fint full jobb og ungar. Det har visst berre blitt litt utrendy å stå fram med det. Då får jo alle deltidsarbeidande og heimeverande komplekser, eventuelt får dei ei oppfatning av korleis livet med småunger er som ligg langt frå virkeligheten. Og den dagen dei står midt oppi det, kjem kvardagen som julekvelden på kjerringa og dei skuldar på feministar og andre for at den travle kvardagen kom litt brått på. Dameblada viste ikkje heile realiteten! Nei, men ærleg talt, kven trudde vel det i første omgang?

Damene som vender full, fast jobb ryggen og fortel om livet med små barn er den nye vinen. Dei skapar trass alt ingen komplekser nokonstad då det dei står for er dette: vi innser at vi maktar ikkje alt. Dei er menneskelege. Ein gløymer visst at det også finst menneskelege  kvinner i full jobb som taklar barn på same tid. Folk er no ein gong forskjellige.

Eg har ingenting imot deira valg. Dei vel som dei ønsker. Det er flott. Problemet er når ein begynner å skulde på andre når ein skal forklare "mindreverdskjensla", eller følelsen av å ikkje strekke til, for valga dei har teke.

Rett til full jobb og snakk om likestilling vert nemlig omtolka til "du skal ha full jobb" og "alle skal gjere det same og leve like liv". Her finn vi altså ein tolkningsmessig kortslutning. Ja, omtrent slik går leksa. "Å ha rett til" blir tolka som "du skal". Frie valg vert tolka som "plikt" og "må".

"Frustrasjonen og sinnet delte de norske kvinnene med sine medsøstre i mange vestlige land. De delte også gleden ved å finne sammen i et kvinnefellesskap." s 34

Den gong fann dei saman i kvinnesaksforeningar og diskuterte like rettar for kvinner. No finn mange saman på web og hyllar deltid og heimetid. Før var du i opposisjon om du var feminist, no er du i oppisjon om du vel deltid. Eller, nei, det er du ikkje. Deltid er ganske så mainstream, blant kvinner. Og sjelden høyrer vi om kva mannen driv med i desse kvinnenes liv. Han er fråverande i historia.

På Facebook vart det igår diskutert deltid vs fulltid, og fleire kvinner skreiv at dei valgte deltid på grunn av "prioritering" og "viktig". Og at småbarnstida er viktig. Dette er sjølvsagt. Men det er tydelegvis mest kvinner som prioriterer, eller synest det er viktig, eller tek ansvaret frå menn og legg det over på seg sjølv. Det er ingenting spesielt å skryte av at ein ikkje deler ansvaret likt med sin mann. For når ein seier at ein prioriterer å vere heime, så seier ein på same tid at mannen eins ikkje gjer det, eller ikkje får det, for ein av partane må vel jobbe for å tjene penger medan den andre prioriterer det viktige. Rar logikk, og den backfirer ganske heftig på kvinners menn, som ergo, ved å jobbe fulltid, ifølge desses logikk, verken prioriterer eller anser unger som viktig. Rar retorikk. Eller kanskje kvinners måte å forklare og rettferdiggjere for seg sjølv valget dei tar. Kva med at menn og kvinner delte på å arbeide deltid, samt "prioritere" og vektlegge "viktige ting"?

Mange av dagens kvinner føler seg moralisert over av kvinner som arbeider for alle kvinners rett til full jobb og lønn på linje med menn. Dei føler seg stempla av desse fordi dei sjølv arbeider deltid eller er heimeverande. Det er litt som å kjefte på meg fordi eg køyrer Mercedes og du ein gamal Saab. Irrasjonelt. Eg kan like lite hjelpe for ditt valg av bil, som du kan for mitt. Om du får komplekser grunna min bil, er det ikkje mitt ansvar. Teit parallell, tenker du? Kanskje det, men det er same prinsipp.

I boka "Da det personlige ble politikk" fortel ei kvinne om moras erfaringar, som utearbeidande kvinne i eit miljø der dei fleste kvinner var husmødre. Igjen er det heimeverande kvinner som kritiserer den arbeidande:

"Hun har jo formidlet fordommer som hun møtte når hun realiserte seg på ulike fronter. Det gjaldt både i hverdagen blant kolleger, i det politiske liv. Så jeg har alltid hatt det blikket, og så er jeg vokst opp i et hjem med veldig blikk for sosial urettferdighet. Så der tror jeg det var en sterk rettferdighetsfølelse, den opplevelsen av at kvinner ikke skulle ha like muligheter, at kvinne skulle bli fordømt for handlinger som menn ikke blir fordømt for, for eksempel i forhold til seksualitet. At noen skulle legge begrensninger i forhold til forventninger til hvordan jeg skal være, se ut, den typen kvinnebilder som en fikk i veldig mye av i populærkulturen, sånne ting var vi naturlig veldig opprørt over." s 35

Ei av dei etterkvart mange som vel å fortelle om kor hard kombien mamma/ full jobb kan vere, er Karianne Gamkinn, kjent som bloggaren Mammadamen.

Ho har gitt ut ei ganske triveleg bok som handlar om ei småbarnsmamma i full jobb, anno 2000-talet. Tittelen er Beklager, jeg må være mamma. Det framstår mest av alt ei slags bekjennelsesbok til trøst for mammaer som føler seg utrilstrekkeleg som arbeidstakar og mor, men er litt for personlig og referanselaus til å vere spesielt interessant i eit større perspektiv. Eg synest i grunn det er dumt å skulle vere å streng mot ei bok som openbart er godt tenkt, men dette har vi lese før, og boka står i sterk kontrast til andre bøker, eksempelvis Bitterfittan av Maria Svealand, som tek opp same tema og som gjer det langt betre, men antakeleg for ei anna målgruppe. Der Gamkinns målgruppe kan tenkast vere kvinner i liknande situasjon, er Svealands målgruppe ei langt større då den maktar sette problemstillingane inn i eit allmennmenneskeleg perspektiv med ein lysande litterær penn. Kvalitet gir større nedslagsfelt, og her har Gamkinn mykje å gå på, både fortellerteknisk og innhaldsmessig. Regien er altfor slapp, og ho gjentek ofte dei same poenga.

Beklager, jeg må være mamma handlar om Gamkinns eige liv som småbarnsmamma i tidsklemma med full jobb, og sjølvsagt handlar den, som alle slike bøker, om at kombien småbarn/ jobb ikkje er så lett som ein har lese seg til (trur virkelig folk på alt som står i vekeblad??).

Content is king, heiter det innanfor markedsføring: du må tilby kunden din godt innhald for å lokke dei til deg, enkelt sagt, og her ramlar Gamkinns bok dessverre gjennom. Uansett vil det utvilsamt vere mange som fell for innhaldets relevans. Den angår trass alt ei rekke kvinner. Og nettopp difor er det synd boka er såpass "framlagt" då Gamkinn utvilsamt har ein del interessante poeng som no "druknar", eller etterkvart vert kjedeleg å lese, fordi det gjentar og gjentar seg i repiterande øvingar i å ta poenga opp igjen og igjen. Men dette plagar kanskje ikkje målgruppa. Det er mykje patos. Men, igjen, boka treff antakeleg ein del kvinner.Og nokre av dei som kjenner seg att i boka, trykker den til sitt bryst, nett fordi den taler til nett dei, og kanskje er det nett desse Gamkinn ønsker nå. I tillegg til å skape debatt rundt kvinnedagen. Debatten er derimot ikkje ny. Vi såg nøyaktig den same ifjor.

Kvart år blir det gitt ut bøker i anledning kvinnedagen. Fort ut, raskt gløymt. Det er i grunn litt dumt at kvinnedagen har blitt ein slik dag der forlaga kan tømme ut halvbra bøker om likestilling, feminisme, kvinnekamp, u name it. Bokbissniss rundt kvinnedagen er ein årleg happening. Men i år fekk vi da også "Da det personlige ble politikk". Bra.

Eg er også svært usikker på om Gamkinn har skjønt heilt kva feminisme er for noko, då ho i ein kronikk i dagens Dagbladet skriv dette:

Det er på tide å definere feminismen på ny. Vi trenger ikke lenger å si at å være frigjort og likestilt betyr å strekke og kutte båndene til barn, hjem og familie. Vi trenger ikke lenger å si at feminist er lik fulltidsjobb og full barnehage. Vi er der, og vi må inn på et nytt spor. Feminismen må anerkjenne de typiske kvinnelige oppgavene og verdiene. La mor være malen for far i stedet for omvendt.

Faktafeil: Feminisme set nemleg ikkje likhetsteikn mellom å vere frigjort og likestilt, og å kutte band til barn, heim og familie. Ta eit google-søk på feminisme. Slike faktafeil bidreg til å undergrave inntrykket ein får av bokas kvalitet.

Vidare skriv ho i kronikken at feminismen må annerkjenne dei typiske kvinnelege oppgavene og verdiane, samt la mor vere mal for far i staden for omvendt. Ja, det er jo det feminismen går ut på ved å ønske seg meir tilstadeverande menn, og likestilling, noko som inneber fordeling av kvinnelege oppgaver til menn, og mannlige til kvinner, altså like muligheter og oppgavedeling uavhengig av kjønn. Vi har deling av fødselspermisjon, ønske om at også menn skal kunne jobbe deltid om dei ønsker utan å bli uglesett av sjefen. Ein ønsker lik lønn for likt arbeid, slik at det også kan bli naturleg for menn å gå ned i stilling, ikkje berre kvinna fordi ho tjener minst. Altså, om du ser på SV, som er eit definert feministisk politisk parti, så arbeider dei for slike saker.

Boka passar antakeleg best som lektyre for andre som er opptekne å få bekrefta sine eigne meiningar og sin eigen situasjon: ja, eg er normal. Ja, der finst andre som meg. Boka i seg sjølv er ikkje konfronterande. Den tek i det heile lite stilling, utover at Gamkinn sjølv gjer valg i situasjonar: jobbe fulltid, byte jobb, blir sjølvstendig næringsdrivande, utfrå eigne valg i eigen situasjon. Fint lesestoff, og sympatisk prosjekt, men skulle hatt ein langt strammare regi. Eg trur dette tema kan gjerast meir allmennrelevant og interessant, men denne boka maktar ikkje den oppgava.

Den som vil lese ei virkelig god bok om same tema, om enn heilt annleis fortalt, kan som sagt lese Bitterfittan av Maria Svealand. Den har glitrande nærgåande skildringar og er briljant litteratur. Svealand "legg ikkje berre fram stoff", ho gjer det med glitrande litterær penn og maktar gjere det relevant, som ei allmennmenneskeleg erfaring av å leve, langt utover kva ein måtte ha av personlege erfaringar.

Ei anna svært god bok, er boka "Jag skulle aldrig ljuga för dig" av Moa Herngren. Den handlar om ein kvinneleg psykolog, dregen mellom familie og behov for å bestemme sjølv. Denne er skjønnlitterær, men skjønnlitteratur funkar ofte like godt til å fortelle denne typen historier som såkalte "sakprosa". Eg er usikker på om Gamkinns bok kan gå under benevninga sakprosa, grunna nivået.

Svenskane er i det heile gode på denne sjangeren, og om du blir hekta er sjølvsagt Sara Stridsbergs bøker å anbefale, samt Linda Skugge. Linda Skugge skriv glimrande om kaoset som gift og småbarnsmamma. Fantastisk lesestoff, også for andre enn dei som treng oppsøke bøker som fortel dei at "du er ikkje aleine".

 Ein kan sakne slike skribentar i Norge.

Les Anne Vikens blogg.

Gå til innlegget

For å få lov til å køyre i utmark, noko som kan vere ei dødeleg belastning for vilt, demonstrerer altså Senterungdommen framfor Stortinget. Det er på tide å byte ut grønfargen, ikkje berre redigere partisymbolet.



Her om dagen fekk Senterungdommen med seg fleire stortingsrepresentantar frå eige parti ut på plenen framfor Stortinget for å demonstrere for motorisert ferdsel i utmark. Indirekte demonstrerte dei for auke dødeligheten blant norsk vilt vinterstid. Særleg ønsker dei å øke dødeligheten blant hjortedyr. Frå før av har Høgre, Frp, KrF og Ap gått inn for forslaget, medan Sp har vore kritiske. Men no dreg Senterungdommen med seg representantar frå moderpartiet. SV virkar halde på ein viss fornuft i saka.

Ein Vikensk elg. Viken er dyrlege, og ikkje med i Sp.

Konkret politisk sak: Nevnte parti ønsker at kommunane skal få lov til å styre motorferdsel i utmark, samt få muligheten til å etablere rekreasjonsløyper for motorferdsel lokalt. Altså løyper der folk kan få køyre frå seg med scooter. Frå før av har vi problem med ulovleg ferdsel med motoriserte køyretøy i utmark. Dette vil neppe ta slutt ved at ein set opp lovlege løyper i tillegg. Ein vil få både ulovleg og lovleg ferdsel, altså auka motorisert ferdsel i utmark. Det er ikkje så enkelt å halde oversikt over dette, og mykje ferdsel foregår der ingen ser eller høyrer. Ein må vere realistisk, ikkje berre tenke på eige behov for bruk av gasspedal.

Konkrete konsekvensar av auka motorferdsel i utmark: fleire hjortedyr kan stryke med. 

Reinsdyr kryssar vegen på Strynefjellet.

Og korleis kan ein trekke denne konklusjonen? Jo, det er ganske enkelt utfrå den kunnskapen vi har om hjortedyr vinterstid. Motorferdsel i utmark vinterstid er ei belastning for hjortedyr som på denne årstida ofte har små energireserver å gå på. Blir dei skremt opp, bruker dei av energilager dei treng for å halde seg i live. Dei kan begynne å springe og stresse, og det kan ta tid før dei roar seg ned. Dette brenn energilager dyra treng til basic overlevelse, altså halde seg på beina, finne mat og søke ly. Om vinteren ønsker hjorten å halde seg i ro, nettopp for å spare energi. Den ligg og den står for å auke sjansen for eigen overlevelse. For å overleve, nyttar den kun energi på føremål som aukar sjansen for å klare seg: ta det med ro, finne mat. Skal den skremmast i tillegg, senkar ein sjansen for at hjortedyra klarer seg.

Og for å få lov til å køyre i utmark, noko som kan vere ei dødeleg belastning for vilt, demonstrerer altså Senterungdommen framfor Stortinget. Kanskje på tide å byte ut grønfargen, ikkje berre redigere partisymbolet.

Vinter kan vere ganske tøft for hjortedyr. Djup snø, små klauver, dei synk gjennom og det er tungt å ta seg fram. Difor er det også livsfarleg for ein hjort å bli jaga av hund: ikkje fordi hunden nødvendigvis drep eller skadar dyret, men fordi det tek store energiressursar for hjorten å bli skremd, stresse seg opp og prøve å unnsleppe. Nokre stryk med som ein konsekvens, heilt utan å vere verken bitne eller skadde.

Dei har derimot forbrukt for mykje energi på stress, angstreaksjon og flukt, og har ikkje att energi til å finne mat, eller gå dit maten er. Dei svelt ihjel.

Elg er eit hjortedyr. Det krev, som kjent, energi å springe når ein blir redd

Les kronikk om Senterpartiets politikk i VG: Gufs frå fortida.

Er Senterungdommen eigentleg særleg grøn?

Synest du det er gøy med litt fakta der mange dimmer for gangsynet? 

Då liker du heilt sikkert mi bok frå dyrlegepraksis.

Gå til innlegget

Det er ingen, som med kompetanse i hand, kan hevde at rev eller kanin i bur er godt dyrehald. Påstanden speglar kun haldningane til avsendar, ikkje kompetansebasert argumentasjon.

Viktigheita av gode haldningar

Tirsdag sist veke stod det på trykk ei sak i Dagbladet om kaninhald. Saka handla om kaninen Erling som hadde site ti åreinsam i eit lite bur. Som eit resultat av det stillesittande burlivet fekk Erling beinskjørhet, leddgikt og slitasjeforandringar i ryggen. I tillegg blei han deformert grunna manglande muskulatur. Årsaka til at saka er svært god, er at det sit mange misheldne kaninar som Erling rundt i landet. Ofte utan at eigaren veit at han driv nettopp mishald. Dei treng kunnskap for å endre haldningar til hald av kanin i bur.

Tirsdag kveld var oppslaget den mest delte nyhendesaka hos Dagbladet på nett. Det sat nok mange kanineigarar heime og skotta bort på sin eigen kanin. Nokre av dei tek til seg informasjon om skikkeleg kaninhald, andre vel å riste på hovudet og kalle det idiotisk. Deira kanin har alltid site i bur, og den har pen pels, sit roleg, er tam og et maten sin. Desse dyreeigarane trur at kaninen si åtferd i buret, er åtferda til ein kanin som trivast.

Det handlar om at ein trur at åtferd utvikla som ein følge av dyras tilpasning til eit lite tilfredstillande miljø, er normal åtferd.

Lat oss sjå på kalkunar. Det er gjort forskning på kalkunar som sit meir, og bevegar seg mindre, enn kva som er normalt for ein kalkun. Merk deg at desse dyra ikkje sat meir på baken enn det bonden meinte var normalt. Når desse kalkunane så fekk smertelindrande medisinar, begynte dei å bevege seg meir. Dei brukte også kortare tid på å tilbakelegge kortare avstandar for og helse på ein partnarar av det andre kjønn.

Av bonden vart desse rolege kalkunane oppfatta som kalkunar som treivst og kosa seg. Når ein så obduserte desse kalkunane, fann ein at dei hadde ødelagde og degenererte hofteledd. Det var altså øydelagde ledd som gjorde at dei sat mykje i ro, ikkje kos og trivsel. Så feil kan tok altså bøndene i dette forskningsprosjektet, og like feil tek kanineigarar som påstår kaninane deira har det fint i små bur. Burtilpassa åtferd vert oppfatta som trivselsåtferd.

Vi kjenner også til argumentasjonen frå pelsdyrnæringa. Næringa viser stadig fram pene, heile revar i media sjølv om det er lenge sidan ein gjekk bort frå å vurdere god dyrevelferd utfrå antal sår. 

Likevel: når vi veit at kaninar kan springe opp mot førtifem kilometer i timen, er det absurd å tenke på at dei sit i små bur. Vi veit at kaninar er veldig sosiale. Likevel blir mange kaninar haldne ein og ein. Dei vert fora med gulrøter og epler fordi eigaren har sett søte kaninar ete gulrot i Disney-filmar. For verkelege kaninar er gulrøter og frukt derimot direkte helseskadeleg.

Nøkkelen til betre dyrehald, er betra haldningar, og betre haldningar kan skapast gjennom auka kompetanse. Det er ingen, som med kompetanse i hand, kan heve at rev eller kanin i bur er godt dyrehald. Dei kan kun hevde det på bakgrunn av haldningar: det er ok med dyr i bur. 

Saker som kaninen Erling er viktige saker å løfte fram fordi dei kan skape kunnskap rundt godt stell. På sikt vil auka kunnskap kanskje føre til mindre hald av kanin i bur, på same måte som mediepresset mot pelsnæringa vil sikre oss eit pelsdyrfritt land innan få år. Vi lever i eit kompetansesamfunn. Det må få konsekvensar, også for gårsdagens burdyrehald.

Gå til innlegget

Det er lettare sjokkerande for ein stakkar som vaks opp på åtti og nittitalet å følge debatten om kva som er skadeleg eller ikkje for totusentalets barn.

Eg melder meg herved på i debatten "Kardemommeby er høgreekstremt og skadelig for barn”, og nevner i fleng uansvarlege eventyr og barnebøker.

Vi har Selma Lagerløfs fullstendig uansvarlege Nils Holgersson som sette seg på ei gås utan sikkerhetssele og flaug over halve Sverige. At han overlevde, er berre flaks, og gud forby at nokon ungar i vår generasjon skulle finne på det same.
    Og kven tenker på gåsa? Kva meinte den om å bli brukt på denne måten? Å late ei einsleg gås flyge rundt på denne måten strir på alle måtar med gjess sitt flokkinstinkt. Det har antakeleg også klødd når Nils Holgersson sat på ryggen hennar. Kanskje var det tungt også. Gjjess er trass alt ikkje ridedyr. Historia oppfordrar på alle måtar til uansvarleg flygeadferd og dyreplageri.

Vi har prinsessa som kyssa ein frosk. Kysser ein froskar, må ein nær vatn, og kjem ein nær vatn kan ein falle uti. Desse froskekyssande eventyra kan i beste fall føre til fleire drukningsulukker. Og kva veit vel vi om korvidt froskar eigentleg likar å bli kyssa, eller om dei føler det som eit overgrep? Kan eventyret føre til overgrep mot og mishandling av frosk? Froskar er skjøre dyr som ikkje tåler å bli handtert altfor hardt.

For ikkje å snakke om den lovbrytaren av ei prinsesse som gifte seg med Kvitebjørn Kong Valemon. Det er, om ein skal følge norsk lov, ikkje lov å ha seksuell omgang med dyr. Eg viser til Dyrevelferdsloven paragraf 14c. Og kva slags førebilete er denne prinsessa for småjenter i prinsessekjolar? Eit dårleg, openbart.

Vi må også ta føre oss Smørbukk. Han skiftar, i likheit med mange andre eventyrfigurar, aldri klede, og går i den same gensaren dag ut og dag inn, for ikkje å snakke om i årevis. Ein bør i det minste legge inn nokre scener der Smørbukk dusjar og vaskar gensaren, eventuelt byter genser og viser publikum at han har fleire like gensarar i skapet. Ellers kan han framstå som eit uhygienisk førebilete for barn, og vi vil trass ikkje fostre opp ein generasjon stinkande ungar i mariusgensar. Der går visse grenser.

Vidare må vi ta eit oppgjer med Askeladden. Så mykje som han sit i grua, må han til slutt få kols. Og kva skal han få så mange pene damer etter, han som ikkje jobbar? Askeladden kan faktisk føre til meir naving. Og kva med dette at han skjer hol i sekken sin når han kappet med trollet? Tenk om nokon ungar prøver å gjere det same for å få plass til meir graut. Dessutan lurer han trollet til å skjere hol i sin mage også. Han beint fram lurer det dumme trollet til å ta livet av seg sjølv. Og vi kan også, om vi skal vere nøyaktige her, spørre oss om det er korrekt å stigmatisere troll som dumme, all den tid ingen nokonsinne har fått tak på eit troll og teke seg tid til å dokumentere påstanden. I mellomtida kan vi kanskje kutte ut desse eventyra om troll. Veit vi at dei finst, liksom?

Naturvitenskapen har trass alt teke nokre steg framover sidan Asbjørnsen og Moe tusla rundt på vegane, dusja sjelden og sikkert drakk for mykje øl. Drog med seg farlege sjukdomar frå hus til hus gjorde dei nok også. Kanskje kneip dei bondekonene i baken. Her er det mange oppgjer vi må ta.

Bjørnstjerne Bjørsons Synnøve Solbakken er høgreekstremt voldsepos med skadeleg moral: dei mest voldelege gutta med flest knivstikk får dei penaste damene. Galskap, liksom. Ut av skulen med det.

Skal denne “alt er skadelig-trenden” halde fram, blir vår tids barnefortellingar og eventyr om personar utan kjønn og meiningar som sit fastspent med setebelte på eit sterilt golv utan å ta på kvarandre medan dei et salat med plastskei. Kniv og gaffel kan trass alt brukast som våpen. Skei kan brukast som sprettert, men så lenge karakterane kun et salatblad, går det antakeleg bra til slutt.

Legg til slutt til at eg sjølvsagt er sjokkert. Djupt sjokkert. Nokon må ta eit oppgjer, og det antageleg raskt. Kva dei må ta eit oppgjer med, er for dei fleste etterkvart openbart.

Anne Viken
forfattar av barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestane, Samlaget 2012

Gå til innlegget

Folk veit nok om fjørfehald til å vite kva dei serverer når dei serverer kalkun. Å servere kalkun, er å bevisst nytte eit produkt ein veit har sitt utspring i betenkelege produksjonforhold.

Når ein veit korleis produksjonen går føre seg, er det vanskeleg å forstå korleis kalkun kan kallast festmat. Bryr folk seg eigentleg?


* Ein skulle legge litt energi i å servere gjestane sine festmat. Det er trass alt berre jul og nyttår ein gong i året. Spander på gjestene dine skikkelig mat neste gong. Det er dårleg stil å servere gjestane halt mat frå dyr med dårleg helse

Men hos mange står kalkun på festmenyen.

På sine nettsider skriv Nortura dette: «- fra råvarer til merkevarer. Norges ledende aktør innen kjøtt og egg. Vi leverer landets fremste merkevarer. Nortura er en garantist for at forbrukeren får et mangfold av kvalitetsprodukter med likeverdige tilbud i hele landet».

Merk deg «landets fremste merkevare». Slagord og biletbruk er heftig nytta for å skape historier om produkta dei ønskjer å selgje deg, men slagorda i marknadsføringa av norske fjørfe kunne vel knapt vore lengre frå røynda.

Det folk vil ha: Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) sa på eit møte i Småbrukarlaget tidleg i november, at det er avgjerande for landbruket å levere det forbrukarane vil ha: «Vi er heilt avhengig av å ha eit godt forhold til forbrukarane. Forbrukarane vil ikkje finne seg i at vi politikarar skal bestemme kva folk skal ha på tallerkenen», sa Brekk til landsmøteutsendingane. (Nationen 5. november 2011). Brekk snakka vidare om at legitimiteten til bøndene avheng av at ein leverer det forbrukarane etterspør.

Spørsmål: Vil norsk fjørfe behalde sin legitimitet om forbrukarane visste meir om korleis produksjonen går føre seg? Er fjørfeproduksjonen slik den går føre seg i dag, det forbrukarane vil ha?

Fakta: Fjørfe i Norge er ikkje friske dyr som ville sprunge rundt på tunet med kyllingar om dei fekk lov. Det er dyr som er avla opp for eit liv på betong.

Kalkunar: greier ikkje pare seg naturleg fordi dei er for feite. I naturen utan evne til formeiring, og med store, unaturlege kroppar, ville dei effektivt utrydda seg sjølv. Grunna overvekt slit dei med hofteleddsproblem. Det er difor kalkunar i fangenskap verkar svært rolege. Dei har for vondt til å røre seg.

«Kalkunar sliter med halthet og sirkulasjonsforstyrrelser. Helseproblemene skyldes den hurtige veksten, som nesten er fordoblet i løpet av de siste 25 år. Verken hjerte-/karsystemet eller skjelett- og seneapparatet utvikles proporsjonalt med kroppsstørrelse og -tyngde. Ein periode på 1990-tallet oppsto omfattende problemer med at kalkunenes hud revnet på grunn av forets sammensetning. Det benyttes kunstig inseminasjon, da fuglene ikke er i stand til å pare seg naturlig». (Kilde St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd).

Spørsmål: Korleis kan ein kalle kalkun produsert på denne måten for festmat?

Reklamen: «Prior har produkter av kylling, kalkun og egg. Med den nye visjonen ‘Gjør livet lysere’ tilbyr vi deg sunn og trygg mat som vil gi forbrukerne gode matopplevelser, og være tilpasset den moderne forbruker. Prior skal gjøre livet enda lysere på alle norske fest- og kjøkkenbord». (Prior, www.nortura.no)

Industrielle verpehøns. Verpehøns kan ikkje lenger ruge. Rugeeigenskapen er bortavla fordi høner som ruger, tar ein verpepause, ergo må eigenskapen bort. Å ta verpepause er uøkonomisk i ein industri der eitt egg skal leggast kvar dag, året rundt. Hønene sit fjørlause i bur, eller oppvarma hallar, ingen av alternativa særleg hensiktsmessige med tanke på dyrevelferd.

Om dyrevelferd skriv Nortura: «gjennom mange år har (det) vært stort fokus på dyrehelse i Norge. Både gjennom avlsarbeid og annet forskningsarbeid, samt aktiv deltagelse og ønske om forbedring ute hos produsentene.»

Broilerkyllingar: toler ikkje fri mattilgang, evne til matregulering er øydelagd gjennom avl. Ein har avla fram dyr som berre toler å ete førti prosent av det dei hadde sett til livs om dei fekk fri tilgang til mat. Grunna matrestriksjonane går dei konstant svoltne. Det er desse kyllingane som skal, ifølge Prior, «lyse opp» ditt middagsbord.

Etterlysing: bevisste forbrukarar. Men ein høyrer sjeldan frå forbrukarane. Forteljingane om norsk fjørfeproduksjon si fortreffelegheit er vel det nærmaste ein kjem indoktrinering. Der finst ulike forklaringar: Forbrukarane føler seg makteslause, dei trur på historiene om fjørfenæringa eller dei bryr seg ikkje.

Eventuelt manglar dei informasjon. Det er så vasstette skott mellom næringar og forbrukar at ein nesten må vere dyrlege for å få innsikt i kva som går føre seg.

Problem: Det er vanskeleg for forbrukar å stille krav når forbrukar ikkje får tilgang til informasjon om kva som skjer i næringane.

Fakta: Prognosene for 2011 viser at cirka halvparten av kraftfôret vi nyttar i Norge i år, vil vere importert. Totalt 900. 000 tonn. (Kilde: SLF og NILF). Norge beslaglegg 2,5 millionar dekar mark utanfor Noregs grenser for produksjon av kraftfôr. Kraftfôrproduksjonen er driven av, og prisane haldne nede, ved bruk av sosial dumping.

Fjørfenæringa baserer seg eine og aleine på kraftfôr som mat. Kvitt kjøt som kjem frå kraftfôretande fjørfe er ikkje betre for helsa di enn raudt. Det er kvitt kjøt frå fjørfe på naturleg grasdiett som er helsefremjande, men dette forskingsfunnet er for mange ein godt bevart hemmelegheit. Kanskje ikkje utan grunn all den tid eit krav om grasbasert fjørfeproduksjon ville slå beina under næringa slik den er i dag.

I den framlagde landbruksmeldinga ser det ut til at fjørfenæringa vil halde fram som den stevnar. Sidan forbrukaren etterspør fjørfe, vil det bli det dei får. Under dekke av at utgiftene må haldast nede, vil produksjonsforholda forbli som dei er.

Etterpå vil forbrukaren få skulda. Fjørfenæringa produserer trass alt berre det folk vil ha. Metodane dei brukar, eller etikken, er i følge næringa gode nok. Men vi er etter kvart ganske mange som ikkje ønskjer å ete søppelkjøt frå sjuke dyr på nyttårsafta.

Spørsmålet eg stiller meg er dette: Kan norske industrikalkunar kallast for festmat? Eg hadde aldri servert slik mat til eit festmåltid.

Og så til forbruker, eit lite piskeslag:

Mange er opptekne av hunden sin. Den skal ha det bra. Men dei er ikkje så opptekne av at dyra dei et ved høgtidene skal ha hatt eit godt liv. Dette har sitt utspring i anten ignorans eller kompetanseløyse. Eit av to. Der finst få andre forklaringar, og ingen av dei stiller konsumenten i eit godt lys. Folk veit nok om fjørfehald til å vite kva dei serverer når dei serverer kalkun. Å servere kalkun, er å bevisst nytte eit produkt ein veit har sitt utspring i betenkelege produksjonforhold.

Ein skulle legge litt energi i å servere gjestane sine festmat. Det er trass alt berre jul og nyttår ein gong i året. Spander på gjestene dine skikkelig mat neste gong. Det er dårleg stil å servere gjestane halt mat frå dyr med dårleg helse;) Billeg er det også. Altfor billeg til å matche eit festbord.

Tenk på dyrevelferd i 2013. Velg bort fjørfe. Einaste kalkun som kan anbefalast med tanke på dyrevelferd, er meg bekjent Homlagarden.

Fakta Kalkun

Kalkunar for kjøttproduksjon vert importerte som daggamle foreldredyr frå Storbritannia. Desse legg rugeegg som i andre generasjon blir slaktekalkunar.

Kalkunar vert produserte anten som porsjonskalkun (julekalkun) eller foredlingskalkun som vert skorne ned og gir opphav til ulike kjøtprodukt (kalkunfilet, pålegg, pølser etc.)

kilde: dyrevelferd.no

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Pride har nådd sin peak
av
Tonje Gjevjon
27 dager siden / 8403 visninger
Vi som ikkje forstår Pride
av
Emil André Erstad
27 dager siden / 6353 visninger
10 grunner for ikke å delta i Pride-parader
av
Øivind Benestad
rundt 1 måned siden / 5268 visninger
Sangens elv stopper opp
av
Harald Bjørkøy
22 dager siden / 3372 visninger
Isolerte menigheter
av
Vårt Land
16 dager siden / 2666 visninger
Det er normalt å bli eldre
av
Magne Nylenna
24 dager siden / 2172 visninger
Sant og usant fra Lomheim
av
Merete Thomassen
12 dager siden / 1998 visninger
Oase og snever kritikk
av
Vårt Land
10 dager siden / 1749 visninger
En verdig død for alle
av
Marie Aakre
14 dager siden / 1718 visninger
Den tunge arven
av
Ingrid Nyhus
10 dager siden / 1571 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere