Anne Helene Hauge

Alder: 26
  RSS

Om Anne Helene

Følgere

Kyrkja kan ikkje, og bør ikkje, vere for alle

Publisert 4 måneder siden - 266 visninger

Det moderne samfunnet er og bør vere fleirreligiøst. For Den norske kyrkja, som har vore vand med å vere nærmast einerådande, tydar det at endring og omstilling er naudsynt. Det verkar det òg som kyrkja til ein viss grad har skjønt. Men det verkar ikkje som ho korkje vil eller maktar å gjere dei riktige endringane, og i staden prøvar å tvihalde på ein posisjon me ikkje kjem til klare å halde på, og som me heller ikkje burde ha. Me treng ikkje tvihalde på fortida. Me kan verte noko betre i framtida.

For ikkje lenge sidan fekk Oslo ny biskop. Kari Veiteberg sa i samband med innsettinga at kyrkja skal vere open for alle. For både heterofile og homofile, truande og ikkje-truande. Eg trur intensjonen er både god og viktig, og som lesbisk kristen i Oslo er eg glad for å endeleg ha ein biskop som ynskjer meg velkommen. Men alt for ofte når kyrkja snakker om å vere open for alle, er den dårleg kamuflerte bodskapen eigentleg at alle burde kome seg i kyrkja. For meg er det det som skin gjennom når ein insisterer på at kyrkje er open for ikkje-truande. Somme gonger gløymer me å late som noko anna og utelet ordet «open». Kyrkja er for alle, kan me finne på å seie, og tru at me er progressive og tolerante og beint fram snille.

            Men kyrkja er ikkje for alle. Kyrkja er ikkje for ateistar, eller muslimar, eller andre ikkje-kristne. Kyrkja er ikkje for mange menneske som har vorte utsette for vonde ting i kristendommens namn. For mange skeive er kyrkja meir enn noko anna ei kjelde til skam og vonde kjensler.

            Kyrkja skal sjølvsagt vere open for alle. Alle desse menneska skal vere velkomne, ingen meir enn dei som har opplevd noko vondt i kristendommens namn. Men å vere open for alle er ikkje det same som å vere for alle. Og om kyrkja verkeleg skal vere open for alle, må me òg vere opne for at nokon går og aldri kjem att, og andre aldri kjem i utgongspunktet.

            Den største feilen Den Norske Kyrkje har gjort er å skyve folk ut, og påføre menneske skam, skuldkjensle og utanforskap. Det er i ferd med å verte betre, sjølv om me framleis har ein lang veg å gå. Den nest største feilen kyrkja har gjort er å samstundes tvihalde på at ho er for alle. Alle born kan gå i skulegudsteneste, for kyrkja er for alle, ein treng ikkje vere kristen for å konfirmere seg, for kyrkja er for alle. I iveren etter å vere for alle forsvinn det kristne innhaldet, alt det som er viktig og sentralt for truande kristne. Alt det som er viktig for meg, alt det som gjer at eg gjer mitt beste for å kome meg til kyrkja i alle fall ein gong i månaden.

            I iveren etter å verte noko alle kan tåle, er kyrkja i ferd med å verte noko ingen kan elske. Noko tomt og hult, som kun handlar om estetikk og vag «kulturarv». Religionen min er viktig for meg. Eg vil at kyrkja mi skal vere meir enn eit skal. Eg ynskjer meg ei levande kyrkje med eit tydeleg innhald.

            Me må innsjå at kyrkja ikkje er for alle. Me må innsjå at me kjem til å miste medlemmar, og at me nok ikkje alltid kjem til å utgjere fleirtalet av Noregs befolkning. Me må innsjå det, og me må forstå at det ikkje er ein katastrofe. At kyrkja kan leve minst like godt med å ikkje vere i den overveldande maktposisjonen ho har vore i til no. Dei endringane som skjer, både i samfunnet og i kyrkja, er ikkje farlege. Tvert om er dei ei sjanse til å gjere kyrkja til noko betre. Me treng ikkje tvihalde på det me har vore. For det fyrste kjem det uansett til å mislukkast, for det andre kan me verte noko mykje betre.

            Eg ynskjer meg ei kyrkje som i staden for å insistere på at ho er for alle, er noko ekte for dei ho faktisk er for. Då må me òg respektere at det me er og det me gjer tydar noko, og at det dermed ikkje er for alle. At ikkje alle born skal gå i kyrkja før jul, at ikkje alle familiar skal gå i kyrkja på julaftan og at nasjonale sorgprosessar ikkje skal skje i kyrkja. For kyrkja er faktisk ikkje for alle i eit moderne og fleirreligiøst samfunn.

            Derimot ynskjer eg meg ei kyrkje som faktisk og på ekte er open for alle. Eg ynskjer meg ei kyrkje som ynskjer alle velkommen og som ikkje påfører fleire skeive menneske ei kjensle av at dei er feil, syndige eller mindre verdt. Eg ynskjer meg ei kyrkje som er slik at ingen skeive tenåringar vurderer å ta livet av seg på grunn av all skammen og skuldkjensla, men ikkje vågar, fordi dei er redde for at dei berre hamnar i helvete fortare, slik eg skreiv i dagboka mi då eg var 17 år gamal. Eg ynskjer meg ei kyrkje som ikkje berre tolererer, men som aktivt støttar og ynskjer velkommen dei menneska ho tidlegera har skubba frå seg. Men eg ynskjer meg òg ei kyrkje som ser og tek på alvor at ho har påført menneske smerte, og ikkje prøver å tvinge nokon attende.

            Og eg ynskjer meg ei kyrkje som arbeidar for alle. Eg ynskjer meg ei kyrkje som tek Jesu ord om at det me har gjort mot dei minste iblant oss har me òg gjort mot han, på alvor. Det vil seie at eg ynskjer meg ei kyrkje som tek stilling i politiske spørsmål, som brukar stemma og makta si til det beste for dei svakaste, som bidrar til å huse heimlause og gje mat til svoltne.

            På den måten kan kyrkja fyllast med innhald, og med viktig innhald. Og ei kyrkje som inneheld noko viktig, vil òg vere viktigare for dei som tilhøyrar ho, enn ei kyrkje som berre er eit vakkert skal. Ei kyrkje som meinar og trur og tør å vere tydeleg, kan engasjere medlammane sine mykje meir, enn ei tannlaus kyrkje utan innhald, men med veldig vakre salmer. Og det er dét som lyt vere målet. Å engasjere dei medlammane som har lyst til å vere i kyrkja, ikkje å halde på så mange som mogleg av dei medlemmane som eigentleg ikkje bryr seg.     

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Profetisk eller politisk?
av
Erling Rimehaug
8 minutter siden / 13 visninger
0 kommentarer
MDGs skjebnevalg
av
Berit Aalborg
rundt 4 timer siden / 141 visninger
0 kommentarer
Riv kirkens pyramider
av
Gunnar A Nordby
rundt 9 timer siden / 173 visninger
2 kommentarer
Skilles og møtes er håpets sang
av
Per Arne Dahl
rundt 9 timer siden / 180 visninger
0 kommentarer
Talenten
av
Trygve Skogrand
rundt 9 timer siden / 141 visninger
0 kommentarer
Jo, Listhaug er politiker
av
Arne D. Danielsen
rundt 9 timer siden / 314 visninger
9 kommentarer
Ute av verden
av
Andreas Ribe
rundt 11 timer siden / 1213 visninger
1 kommentarer
Ikke frykt
av
Joel Halldorf
rundt 12 timer siden / 338 visninger
3 kommentarer
HVEM HAR SKYLDA?
av
Levi Fragell
rundt 12 timer siden / 451 visninger
7 kommentarer
Smart kirketrim
av
Vårt Land
rundt 12 timer siden / 146 visninger
0 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Anders Ekström kommenterte på
Endens tid
13 minutter siden / 1711 visninger
Kjetil Mæhle kommenterte på
Endens tid
21 minutter siden / 1711 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Er dåpen nødvendig til frelse?
23 minutter siden / 423 visninger
Leif GuIIberg kommenterte på
Endens tid
41 minutter siden / 1711 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Er dåpen nødvendig til frelse?
43 minutter siden / 423 visninger
Anne Elisabeth Skogøy Fjellstad kommenterte på
Jo, Listhaug er politiker
44 minutter siden / 314 visninger
Kjetil Mæhle kommenterte på
Endens tid
rundt 1 time siden / 1711 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Endens tid
rundt 1 time siden / 1711 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Endens tid
rundt 2 timer siden / 1711 visninger
Arne D. Danielsen kommenterte på
Jonas håper fortsatt på sentrum
rundt 2 timer siden / 1096 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Endens tid
rundt 2 timer siden / 1711 visninger
Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Endens tid
rundt 2 timer siden / 1711 visninger
Les flere