Anders Larsen

Alder: 108
  RSS

Om Anders

Følgere

Publisert over 8 år siden

husk at selv om du kom i prat med en person som hadde disse holdningene, så betyr jo ikke nødvendigvis det at disse holdningen var representative

Var det eit eingangstilfelle frå ein person er det ikkje representativt, nei. Men, som eg forsøkte å tydeleggjera med å skrive det i eige avsnitt: Når fleire står attende med same haldninga, kan ein gå ut ifrå at det er meir eit fenomen, enn eit simpelt eingangstilfelle.

Gå til kommentaren

A-kristne og B-kristne

Publisert over 8 år siden

Eg vart for ein del år sidan overtala av ein karismatisk studiekamerat til å bli med på eit møte i ei menighet i Bergen. Mykje hoiing og skriking, lovsangen var ålreit, men andeleg føde var det lite av. I pausen kom eg i prat med ein kar som verka hyggjeleg å prata med, men då han spurde om kva menighet eg sjølv tilhøyrde, snudde hyggja brått. Ettersom eg tilhøyrde eit evangelisk luthersk menighetsorganisasjon var eg ein dårleg kristen sidan eg tilhøyrde eit så "konservativt" og "stivt" kyrkjesamfunn. Fordommar det aller meste då, men ikkje om han gav seg: Eg var annanrangs og ein dårleg kristen.

Eg gav opp og lot han berre halda på...

I ettertid har eg snakka med andre kristne som har møtt akkuratt same haldninga i frå slike karismatiske miljø. Det freistar meg såleis ikkje å gå på fleire slike møte. Eg står trygt der eg står og trur neppe at Gud ser etter menighetstilknytning når han kallar sine.

Gå til kommentaren

Publisert over 8 år siden
John Grindsland – gå til den siterte teksten.

Jeg er på generelt grunnlag enig med Gullberg og Vangen her

Hverken Gullberg eller Vangen tok del når bedehuskulturen på vestlandet blei kritisert for eit par veker siden, der ein frå byrjan fastslo påståtte sanningar utan debatt om kva desse  gjekk ut på. Mogleg fråværet skuldast at inlegget gjekk dei hus forbi. Isåfall er påstandandane om ei einsretta kritikk berre retta mot karismatar, orsaka.

Gå til kommentaren

Publisert over 8 år siden

Ifylgje profilen min har eg ein einsleg følgjar, gjev det meg lov til å få ytre meg Sørtorp??? Du har sikkert starta på forumet med blanke ark du også, ein gong. Kor mange følgjarar hadde du før du skreiv din første kommentar/innlegg??

Gå til kommentaren

Publisert over 8 år siden

Jeg er rimelig sikker på, at hadde apostlene levd idag, så hadde vi funnet dem i Tv Visjon Norge, Kanal 10 og Gospel Channel!

TV-evangelisering  er eit kostbart og ueffektiv måte å slåss om eit begrensa antall sjåarar på. TV har faste sendeskjema når det ikkje passar meg, eller er  ikkje tilgjengelig på dei stader eg befinn meg. Kristenradio, for den del, er det knapt nokon som høyrer på lengre.

Så om dagens mediaevangelistar er framsynte, bør ein satse på Internett istaden. Å legge f.eks søndagsandakta ut på internett, er billigare og når fleire enn å berre skulle produsere tv for dei få. Menigheiter tilhøyrande NLM, IMF og Misjonsforbundet har skjøna dette og legg talar og liknande ut på nettet. Men kvifor har ikkje andre fylgd etter?

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere