Reidar Almås

Alder:
  RSS

Om Reidar

Seniorforskar ved Norsk senter for bygdeforsking. Tidlegare professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk.

Følgere

Grillskam eller etisk kjøttproduksjon?

Publisert 29 dager siden

For noen kan det vera gode grunner til å eta mindre kjøtt, men omsynet til klima er definitivt ingen god grunn dersom vi held oss til kjøtt produsert i Noreg.

No midt i den beste grillsesongen kan det vera på sin plass å stille seg spørsmålet: Er det etisk forsvarleg å legge kjøtt av storfe og sau på grillen? Er det ikkje ­betre å velje kylling, gris eller ­aller helst laks? Du visste kanskje ikkje at norsk, grasfora kjøtt er meir klimavenleg enn kjøtt ­produsert i dei aller fleste kjøttproduserende land i verda. Dette blir slått fast i FAO-­rapporten «Tackling Climate Change through livestock» frå FNs organisasjon for ernæring og landbruk.

Beitande grasetarar

Du ­visste kanskje heller ikkje at professor Johan Rockström, som står bak landbruksdelen i EAT-rapporten, anbefaler kjøttproduksjonen med beitande grasetarar på areal der det ikkje kan dyrkast korn eller grønsaker. Han har fleire gonger uttalt at grasfora kjøtt med den skandinaviske produksjonsmåten er berekraftig, der ein kan tenke seg eksport av kjøtt frå sau og storfe, og ikkje meir kjøttimport, slik det blir om Noreg inngår ein handelsavtale med dei store kjøtteksportørande MERCOSUR-lande i Sør-Amerika.

For noen kan det vera gode grunner til å eta mindre kjøtt, men omsynet til klima er ­definitivt ingen god grunn dersom vi held oss til kjøtt produsert i ­Noreg. Forklaringa er at vi i ­Noreg har avla fram storfe som veks raskare og er friskare enn beitedyr på den ­argentinske pampasen. Desse dyra treng to til tre gonger så lang tid på å nå slaktevekt som norske storfe. ­Utsleppa av klimagassar minkar når effektiviteten aukar, noe som betyr to-tre færre år med ­raping og promping. I 1946 var det 800.000 kyr og 1.700.000 vinter­fora sauer i Norge, mens det var 9.000 traktorar og 100.000 bilar. I dag er det 317.000 kyr og 997.000 vinterfora sauer, eller ei halvering av drøvtyggande mordyr. Til samanlikning var det i 2018 285.000 traktorar og 2.365.000 fossile bilar, flyreiser ikkje nemnt.

Gallopperande auke

Det er ikkje kyr, sauer og geiter som har «spist opp fremtiden til våre barne­barn», men meir den gallopperande auken i bruken av fossilt brennstoff. I Norge slår rapporten frå teknisk berekningsutval av jordbruks­relaterte klimautslepp fast at husdyr og gjødsel frå desse husdyra står for 6,1 prosent, av klimagass­utsleppa på i alt 8,4 prosent frå eit samla landbruk.

På grunn av den norske produksjonsmåten er norsk gras­fora kjøtt berekraftig og meir klima­venleg enn andre kjøttslag og importert kjøtt. Dette kjem av at det berre er dei husdyra som beitar som kan nyttiggjera seg gras og halm. Gris og kylling som blir hylla som dei husdyra som gir minst utslepp av klimagassar pr kilo produsert kjøtt, beitar ikkje og er derfor mindre klimavenlege fordi dei konkurrerer meir med oss menneske i matfatet. I ei verd som på kort tid, sannsynlegvis innan 2050, vil få tre milliardar fleire menneske og trenge 70 prosent meir mat, er kjøtt frå beitedyr ein nødvendig del av sunt og berekraftig kosthald.

Treng protein

Vi menneske, og særleg dei som veks, treng protein, både frå kjøtt og plante­vekstar. Derfor er eit godt måltid med raudt kjøtt, norske ­poteter og grønsaker eit klimavenleg og berekraftig måltid. Den norske kua, Norsk Raudt Fe (NRF), er avla fram for å produsera både mjølk og kjøtt av god kvalitet. Denne kombinasjonskua er svært klimavenleg fordi klimagassane mjølkekyr slepper ut kan fordelast både på mordyra som produserer mjølk og kalvane som produserer kjøtt. Sau som nesten ikkje får kraftfôr og beitar i norske skogar, heiar og fjell, er også klimavenleg fordi den ikkje konkurrerer med oss i matfatet. Historisk ville det ikkje vera mogleg å leva i mange norske lokalsamfunn i innlandet utan beitande dyr. Ljåen og dyre­mulen har skapt livsgrunnlaget og det levande, opne kulturlandskapet vi er så glade i.

Menneske kan ikkje fordøya gras, slik som husdyra ku, sau og geit og ville hjortedyr. Fordøyinga deira kan utnytta ­næringa i graset til å laga mjølk og kjøtt. I Noreg er ­berre tre prosent av arealet dyrka mark. Utmark derimot, har vi mykje av, heile 95 prosent av landarealet vårt er utmark, der så mye som halvparten er godt eigna som beite. I dag utnyttar vi berre halvparten av dei kaloriane som fotosyntesen gir oss frå utmarka. Derfor er det sløseri og matsvinn å la utmarka stå urørt.

Resistente bakteriar

Norske husdyr er blant dei friskaste i verda og norsk husdyrhold er på botnen i Europa i bruk av antibiotikum, noe som også er bra for å redusera førekomsten av resistente bakteriar som vi kan smittast av. Årleg døyr 750.000 menneske i verda etter å ha vorte smitta av resistente bakteriar. Det betyr at du slepp å bekymra deg for å bli sjuk av å eta norsk kjøtt. Norske dyr er friske og god dyrehelse er eit mål i avlen på lik linje med lynne og kvaliteten på kjøtt og mjølk. Alle norske kyr har til dømes eit helsekort der informasjon om dyrets helsestatus blir dokumentert.

Samanliknar vi oss med ­andre land, har Noreg strenge lover om korleis dyra skal ha det, korleis dei blir slakta og korleis dei blir transporterte. Den norske kua har òg lov­pålagt uteliv: I minst åtte veker i året skal norske kyr og kalvar vera ute i friluft. Dei fleste går ute mykje lengre, frå det er grønt om ­våren til det blir for kaldt og hustrig om hausten.

Klimavenleg måltid

Men er ikkje raudt kjøtt kreftframkallande seier du? Sterkt omarbeidd kjøtt i store mengder kan føra til kreft hos noen, særleg om det er svartbrent. Det gjennomsnittlege norske inntaket av raudt kjøtt er ikkje kreftframkallande, seier professor i ernæringsfysiologi, Anna Haug ved NMBU til nettsida forsking.no. Med tanke på kreft er røyking, alkohol, eksos frå diesel, asbest, luftforurensing, radon, UV-stråling frå sol og solarium vel så viktig å unngå. «Dessuten trenger kvinner i fruktbar alder å få i seg nok B12, jern, sink og protein, som finnes i melk, kjøtt og animalske produkter. Det er veldig lite B12 i grønnsaker, og vegetarianere må ta tilskudd for å unngå mangeltilstand», sier professor Haug, som legger til: «Det er lite jern og sink i vegetabilske matvarer, og det jernet som tas opp, absorberes mye dårligere enn det som tas opp fra animalske matvarer».

Skal du grille med godt samvit, legg norsk, grasfora kjøtt frå storfe, sau eller geit på grillen. Med gode grønsaker og potet er dette eit berekraftig og klima­venleg måltid.

Reidar Almås

Professor emeritus NTNU og senior­forskar Ruralis

Gå til innlegget

Ny start for landbruket

Publisert over 3 år siden

Det er ikkje moralsk forsvarleg å kjøpe maten til dyra våre ut av munnen på dei som svelt i den tredje verda.

Når datamaskina di går i blått eller låser seg, kan det vera eit godt råd å slå av og på straumen, eller restarte maskina­, som det heiter. Formålet er at programvaren skal rydde opp i maskinens indre, kvitte seg med ubrukelege filar og hjelpe­ brukaren­ tilbake på sporet. Norsk landbrukspolitikk­ treng ein slik omstart­ for å få til det grøne skiftet og for å koma dit som mange vil.

Eg har lenge vore ein varm forsvarar av den norske landbruksmodellen. Nyleg kom eg til at dagens landbrukspolitikk, slik vi kjenner den, med tollvern, marknadsregulering i regi av samvirke, jordbruks-
avtale, landbrukslover og utjamning mellom små og store bruk over heile landet er i ferd med å bryte saman og må endrast på ein grunnleggande måte.

Restart. Vi treng nye politiske verkemiddel. Vi treng ein restart­ korkje dagens regime eller­ landbruksorganisasjonane­ synest å vere i stand til å setje i gang. Norsk landbrukspolitikk er betre enn dei fleste på området­, inklusive politikken til Eog USA. Eit samla Storting står bak ambisjonane om å auke matproduksjonen i takt med auken i folketalet.

Men trass i ein ambisiøs og dyr landbrukspolitikk, går korn-
areal og sjølvbergingsgrad ned, meir av maten blir produsert på innførte ressursar, og utmark og innmark gror til. Ingen kan vel meine at færre og større bruk er svaret på alle spørsmål?

Dersom vi held fram dagens kurs, leier det oss dit ingen vil. Ta eitt døme: I landbruksbygder som Gloppen og Leka blir vedtaket om at alle kyr skal gå i lausdrift frå hausten 2024, ein fjøsøydar. Slik kollega Jostein Vik har vist, har ein tiandedel av den dyrka jorda gått ut av produksjon dei siste 15 åra. Slik kan det ikkje halde fram.

Sporskifte. Korleis skal vi koma dit i alle fall fleirtalet vil? I boka Omstart: Forslag til ein ny landbrukspolitikk har eg skissert korleis vi med ei rekkje målmedvitne­ grep kan få til eit sporskifte. Eg kan oppsummere­ måla for den nye landbruks-
politikken:

1. Ein større del av norsk mat-
produksjon må baserast på norske­ ressursar.
2. Ein større del av fôret til dei drøvtyggande husdyra må koma ifrå utmark og kulturbeite, der dyra sjølve kan hauste fôret til låge kostnader.
3. Det må koma ei ny regional arbeidsdeling. Meir av kjøtt-
produksjonen må skje der fôret er og der gjødsla kan spreiast.
4. Innfør eit sjølvbergingsmål for landbrukspolitikken.

Radikalt. Eg føreset at Norge­ held dei internasjonale avtalane­ landet har inngått og at tilskotsnivået skal halde seg på dagens nivå, justert for inflasjonen. Ved å flytte pengar frå passive­ verkemiddel­­­ til verkemiddel som verkar, kan vi unngå å koma dit ingen vil.

Tiltaka må varslast, og pengane må flyttast over ein periode­ på fem til ti år, så bøndene­ og industrien vinn å tilpasse seg.For å auke norsk matproduksjon på fornybare, lokale ressursar har eg lansert seks radikalt nye verkemiddel. Eg har foreslått å flytte to av 14 milliardar av overføringane i første reformperiode. Dei seks viktigaste forslaga mine er:

1. Gje tilskot til beitelag og einskildpersoner for å gjerde inn utmark­ som er eigna til utmarksbeite.

2. Styrk forskinga på og utvikling av proteinfôr basert på norske råvarer som skog, tare, gras og restråvarer fra jordbruk, skogbruk og havbruk.

3. Gje kontanttilskott til «siste­ bonden i grenda» som eit vederlag­ for å bu desentralt og for å medverke til å halde oppe nasjonal infrastruktur.

4. Ryddetilskot til «det herre-
lause kulturlandskapet» over heile landet.

5. Tilskot til overflatedyrking og opparbeiding av kulturbeite i utmark.

6. Gje høve til å setje av fond til bruksutbygging som følgjer bruket­.


Umoralsk. Det er ikkje moralsk­ forsvarleg å kjøpe maten­ til dyra våre ut av munnen på dei som svelt i den tredje verda. Gras som veks på myr, i lier, skog og fjell berre med hjelp av vatn og sollys; fotosyntesen; er den sikraste grunnrenta i norsk landbruk.

Dette underet, at naturen grønkar­ seg kvar vår, er det einaste­ sikre underet eg kjenner til, attåt at nytt liv blir unnfanga og fødd. Med dagens landbruksmodell haustar vi berre halvparten­ av fotosyntesens gåve til oss.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 18.3.20116

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Kristen kamelsluking
av
Espen Ottosen
22 dager siden / 3370 visninger
For kort for Jesus?
av
Øyvind Hadland
28 dager siden / 2454 visninger
En prest og en gave
av
Anita Reitan
16 dager siden / 2452 visninger
Om Gud vil
av
Vårt Land
30 dager siden / 2366 visninger
Fem om dagen: en sunn tro
av
Berit Hustad Nilsen
16 dager siden / 1826 visninger
Politikk og religion sauses sammen
av
Helge Simonnes
13 dager siden / 1661 visninger
Å trene motstandskraften
av
Knut Arild Hareide
29 dager siden / 1504 visninger
Jakt og offer
av
Hilde Løvdal Stephens
10 dager siden / 1401 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere