Alf Holmelid

Alder: 72
  RSS

Om Alf

Leiar for Vest-Agder SV

Følgere

Tilbake til fellesskapet

Publisert nesten 6 år siden

Det er interessant å sjå kor store sprik det er i synet på den offentlege skolen. Først fekk eg kritikk for å skrive at skolen skal førebu elevane på arbeidslivet i tillegg til å skape gangs menneske. Så får eg kritikk for å ha lagt for lite vekt på kunnskap. Her er svaret at trivsel i skolen er det beste grunnlaget for læring - på skolen som alle andre stader.

Men det er få som har kommentert utgangspunktet mitt, nemleg at fellesskolen har ein spesiell verdi ved å legge grunnlaget for ein brei samfunnstillit. Knut Rasmussen peikar på at vi får eit fleirkulturelt samfunn som vil skape behov for ulike skolar. Eg meiner tvert i mot at fellesskolen er endå viktigare i eit fleirkulturelt samfunn. Den kan bidra til kjennskap til og tillit mellom ulike grupper. Det er ein viktig føresetnad for å ta vare på vårt opne samfunn med stor samfunnstillit. Spesielle behov for meir religionsundervisning kan eventuelt komme i tillegg til fellesskolen og må ikkje få fortrenge den.

Gå til kommentaren

Blå bakrus

Publisert nesten 6 år siden

SV begrensa dei nasjonale prøvene og satsa på tidleg innsats og meir prakisk læring. Og vi stod mot presset frå dei blå om karakterar i barneskolen. Der dei blå har hatt kommunal makt, har dei lessa på med ekstra testar. Med den hetsen dei blå har retta mot SV for leikeskolen, så er det blåøygd å tru at det blir mindre press og instrumentell tenking i skolen med dei blå i posisjon. Dei som sette inn dei blå, vil nok oppdage kva dei har gjort. Men du svarte ikkje på mi utfordring om å ta ansvar for fellesskolen og fellesskapet også for dei kristne miljøa.
Gå til kommentaren

Ansvar for fellesskapet

Publisert nesten 6 år siden

Eg er ikkje for forbod mot religiøse skolar. Men eg forvantar at religiøse miljø også tar ansvar for fellesskolen og eit inkluderande samfunn. Fellesskolen klarer ikkje å jamne ut alle forskjellane som dagens kommersielle og egosentriske samfunn skapar. Men den er nok det beste verktøyet vi har. Om du er uroa for meir kommersialisme og press i skolen, så er det mildt sagt lite som tyder på at det blir betre med den blå regjeringa.
Gå til kommentaren

Når er nok nok?

Publisert nesten 6 år siden

Det kan sikkert diskuterast om 8% av barna i privatskole er nok til å true fellesskolen. Men kvar går grensa? Om all religionar og religiøse retningar skal ha sin skole, kan det raskt bli ein del søknader dei neste åra. Elles er det moro å bli kritsert for å peike på at fellesskolen både skaper gangs menneske og førebur dei unge for arbeidslivet på ein god måte. Elles pleier vi jo bli uthengt av dei andre partia for å drive ein leikeskole. Den blå regjeringa har sagt at det ikkje skal vere lov å ta utbytte, men den nye lova er ikkje ferdig. Slike forbod er det elles lett å omgå i store konsern med kompliserte pengestraumar. Men som sagt. Hovedspørsmålet er prinsippet om fellesskap framfor segregering basert på religion, klasse eller andre skilleliner
Gå til kommentaren

Ny trend

Publisert nesten 6 år siden

Det er riktig at ein del privatskolar har oppstått i kjølvatnet av nedlegging av små skolar i distrikta. Men på Sørlandet ser vi no ein ny trend. Blå kommunestyre frontar oppretting av kristne privatskolar som fortrenger offentlege fellesskolar. Det siste eksempelet er ein ungdomsskol i Kristiansand http://www.fvn.no/lokalt/kristiansand/Frykter-at-Flekkeroy-mister-ungdomsskolen-2658829.html
Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Sårbar og synlig
av
Ragnhild Mestad
25 dager siden / 2901 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
rundt 1 måned siden / 1984 visninger
Behov for et blikk i speilet?
av
Shoaib Sultan
13 dager siden / 1109 visninger
Drømmen om tempelet
av
Joav Melchior
27 dager siden / 621 visninger
Minner fra en sommerkirke
av
Anita Reitan
6 dager siden / 581 visninger
Full krise i Mali
av
Hilde Frafjord Johnson
12 dager siden / 577 visninger
Om islam og humanisme
av
Marie Rørvik
24 dager siden / 376 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere