Registrer deg Logg inn

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil er avlogget
Bosted: OSLO
Alder: 34
Følgere
Om Alf Kjetil

Eg er kritikar og kommentator i Vårt Land.

Alf Kjetil Walgermo

Viser innlegg | Se kommentarer (5)

Den treningsglade hjernen

Publisert 23. april

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen må sørgje for meir obligatorisk kroppsøving i skulen. Å kutte ned på gymtimane er eit feilspor.

Frå i haust blir det gjeninnført valfag i ungdomsskulen. Dette er ei oppfølging av stortingsmeldinga «Motivasjon – Mestring – Muligheter» frå 2010-2011, den første på feltet sidan ungdomsskulen vart ein realitet for over 40 år sidan. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen skal ha ros for å ønske norske ungdomsskuleelevar ei meir variert og praktisk undervisning. Auka læring er sjølvsagt målet. Motivasjon er eit kritisk punkt i ungdomsskulealderen. Kvifor skal ein gidde dette? Kva er eigentleg vitsen? Dette får vi aldri bruk for uansett!

Mindre klok er derimot måten Halvorsen skaffar seg dei ekstra valfagstimane på. Blant anna må ho kutte ned på gymtimane, om det enn utgjer så lite som to minutt i veka.

For lite gym. Realiteten er vel snarare at det er altfor lite fysisk fostring i skulen. Dei fleste av oss har ei instinktiv kjensle av at trening er bra for oss. Vi hugsar kanskje sitatet «ei sunn sjel i ein sunn kropp». Nokre  hugsar det kanskje til og med på latin – «mens sana in corpore sano» – henta frå eit dikt av den romerske poeten Juvenal. Dette skulle ikkje minst gjeld for ungdom, sidan «juvenalis» tyder «ungdommeleg». 

Dette kunne ein kanskje avskrive som synsing, hadde det ikkje vore for at vitskapen seier det same. Kristin Halvorsen burde lese den svenske hjerneforskaren Torkel Klingbergs bok Slik lærer hjernen, som nyleg kom på norsk. Klingberg viser mellom anna til den vesentlege effekten kondisjonstrening har for prestasjonar innanfor både rekning og lesing. Betre kondisjon fører til betre læring, kort sagt. Blant anna reduserer trening stress og depresjon, som er til hinder for gode skuleprestasjonar.

Tjukk i barken. Fysisk form er eit gode i alle lag av samfunnet. Eldre menneske som trenar, har betre reaksjonevne enn dei som ikkje trenar, noko som er blitt tolka som resultat av auka tilførsel av oksygenrikt blod til hjernen. Klingbergs bok viser til studiar som påviser at trening også verkar direkte inn på hjernecellene. Tre månader med trening er nok før hjernebarken blir tjukkare. Det er det motsette av å bli tjukk i hovudet.

Fleire og fleire studiar viser korleis hjernen utviklar seg ved fysisk trening. Vi skal ikkje gå i detaljar på det tekniske ved desse studiane. Hovudresultatet er slåande nok: Også for barn og ungdom gir trening positiv effekt på persepsjonsevne, verbale testar, problemløysingsevne og testing av matematikk. I tillegg reduserer treninga overvekt og stress, og betrar søvnen.

Vanskeleg reknestykke. Kristin Halvorsen har nok mange faktorar å gange med når ho skal sette opp reknestykket for den perfekte norske skulen. Likevel er det grunn til å spørje seg om kroppsøvinga får den plassen som filosofen Platon føreskreiv då han sa: «For at mennesket skal lykkast i livet, har gudane gitt det to midlar: utdanning og fysisk aktivitet.» Platons poeng var at desse to skulle kombinerast, ei utrusting for sjel og kropp som er gagneleg også i norsk skule anno 2012.

Halvparten av norske 15-åringar er i fysisk aktivitet mindre enn ein time per dag. Det er faktisk eit større problem enn at elevane slit med motivasjonen til å gjere matteleksene. Om lærarane i staden kunne få hjelp til å integrere alle «gymvegrarane» – som i mange tilfelle har gode grunnar for vegringa – ville grunnlaget for endå betre læring i dei teoretiske faga vere lagt. Mobiltelefonforbod på skulen er eitt tiltak, slik dei har det i New York. Nye tider skaper nye problem, og ein av grunnane til at mange elevar ikkje vil ha gym, er redselen for å bli tatt bilete av i dusjen.

Valfag er vel og bra, men Halvorsen burde heller tatt tak for å innføre meir obligatorisk – og trygg – gymnastikk i skulen. Politikarar frå både venstre- og høgresida har teke til orde for å innføre ein time kroppsøving per dag. Det er eit godt mål. Det er liten grunn til å sjå nervøst på det tapte timetalet for teoretiske fag. Auka trening gir auka læring.

Kristin Halvorsen må gi sjela ein sunn kropp å vere sunn i.

Når gullstøvet har lagt seg

Publisert 28. februar

Den amerikanske Oscar-utdelinga er verdas største filmshow. Men forgylte statuettar frå USA bør ikkje vere styrepinne og siktemål for norsk film.

Det blei ingen Oscar-statuett på norske Hallvar Witzø i går. Den unge regissøren, som var nominert med kortfilmen Tuba Atlantic, gjekk i staden for «Oscar i trøndersk gladhumør».

Her i Noreg var det mange som følgde direktesendinga til NRKs Filmbonanza gjennom natta. Det var også mogleg å sjå overføringa i Gimle kino i Oslo, ein kinosal vi normalt ikkje assosierer med glitter, glamour og raude løparar. Då dei forgylte statuettane blei delte ut, sat vi nordmenn så å seie ringside i periferien.

Kvifor denne enorme interessa for ein amerikansk filmpris? Sjølvsagt fordi Hollywood sidan 1910-talet har vore premissleverandør for filmkunsten. Lys- og vêrforholda i California har alltid vore gunstige. Vêret hadde altså sitt å seie for at Los Angeles i løpet av eit knapt tiår vart den sentrale produksjonsstaden for amerikansk film, og dermed film i det store og heile.

Ikkje lenger himmelrike. Situasjonen i dag er ikkje den same som dei første 80 åra med global filmhistorie. Hollywood er ikkje lenger den suverene einaren, iallfall ikkje kva gjeld det kunstnariske nivået. Dei spennande regissørane kjem ofte frå andre miljø – anten frå utsida av dei store amerikanske studioa, eller, ikkje minst, frå andre land. Hollywood har gått frå å vere eit filmatisk himmelrike til å bli noko i nærleiken av eit skjellsord. Typisk Hollywood, seier mange, og seier det ikkje i beste meining.

Men det amerikanske filmakademiet held stand. Denne forsamlinga av trauste, kvithåra menn har delt ut Oscar-statuettar sidan 1929. Akademiet har rett nok inkludert kategorien beste utanlandske film, som i år vart vunnen av den glimrande iranske filmen Nader og Simin – et brudd, men elles er Oscar ei gigantisk indrekyrkjeleg feiring. Som om presten skulle krona klokkaren på sakristiet.

Vil på fest. Vi som sit i salen, ønskjer så hardt å få komme inn på den interne festen. Når vi av og til greier det, er euforien ikkje til å tru. Regissør Harald Zwart, som sjølv har gjort suksess i Hollywood, var i går i ekstase over at Norge hatt representantar på den raude lauparen ved Kodak Theatre, der prisane blir delte ut. Eg hadde unna Hallvar Witzø ein Oscar-statuett, for han har laga ei svært god kortfilm, men synest at euforien rundt Oscar-showet i år har nådd nye høgder. Interessa er likevel fullt forståeleg, for nordmenn har alltid hatt eit skrikande behov etter å bli «sett» av USA. Eit venskapeleg klapp på skuldra, anten frå ein nobelsmigra president eller eit nikkande filmakademi, blir i Noreg teke som teikn på at vi ikkje har frose fast i den yttarste utkant. Vi er med, saman med dei andre kjendisane.

Tidlegare i år kom meldinga om at fotogiganten Kodak er slått konkurs. Og store delar av amerikansk filmproduksjon er flytta ut av Hollywood for lengst. Ei Hollywood-feiring i Los Angeles' Kodak Theatre får difor noko markant tilbakeskodande ved seg, mykje lenger enn til filmåret som no har gått. Var det påfallande eller naturleg at dei store vinnarane i år vart filmar som dyrkar det nostalgiske?

Tida som forsvann. Både Michel Hazanavicius' The Artist, den franske filmperla som hyllar amerikansk stumfilm, og Martin Scorseses Hugo, ein amerikansk hyllest til den franske filmskaparen Georges Méliès, tematiserer svunne filmepokar. Førstnemnte fekk dei viktige prisane for beste film, beste regi og beste mannlege hovudrolle (Jean Dujardin). Sistnemnte fikk fem statuettar i meir anonyme kategoriar. Så kan vi legge til at Meryl Streep vart prisa for tolkinga av Margaret Thatcher (Jernkvinnen) og at Woody Allen fekk manusprisen for Midnight in Paris, ein film som har nostalgi som sitt sentrale emne.

Noreg har ikkje vore Oscar-nominert med ein langfilm sidan Elling i 2002. Sjølvsagt ville det ha vore eit løft for norsk film med ein Oscar, men forgylte statuettar frå USA må ikkje bli styrepinne og siktemål. Det viktigaste er at vi lagar filmar som vi sjølve har trua på; då kjem også suksessen utanlands. No kan det verke som om norsk filmbransje er så svoltne på Oscar at ein til og med fortapar seg i taktisk nominering. Korleis elles blei den Sundance-roste Sykt Lykkelig kandidaten vår – rett nok ein fin film – i eit år der vi hadde det eksistensielle meisterverket Oslo, 31. august?

Når gullstøvet no har lagt seg, er det på tide å finne fram til den sanne motiveringa for å lage norsk film. Vi lagar ikkje film for å vinne utanlandske prisar, men for å fortelje gode historier.

Bortgøymte bøker

Publisert 7. februar

For første gong på norsk kan vi lese om då trollmannen Simon flaug over Roma og apostelen Peter fekk ein hund til å snakke.

Apokryfe skrifter står utanfor det gode selskap, men melder seg på i både lystige og leseverdige lag. Det komiske er unekteleg ein vesentleg faktor ved dei tidlegkristne tekstane som aldri vart tekne med i nokon bibel. For må vi ikkje trekkje på smilebandet når apostelen Peter får ein hund til å snakke og vekkjer opp ein fisk frå dei døde? Eller når trollmannen Simon flyg over Roma for å demonstrere sine krefter? Simon fell til jorda på Peters bøn og bryt leggen på tre stader.

Det er likevel rosverdig når desse kjetterske skriftene – vel, ikkje alle fortener det strengaste stempelet – for første gong er blitt tilgjengelege i norsk språkdrakt. Sjølvsagt gjennom den framifrå serien Verdens Hellige Skrifter, som utrøytteleg grev fram tekstar som har betydd mykje for folk gjennom historia.

Skjult. Apokryft er altså det same som bortgøymt eller skjult. Og for mange av oss har nok dei tidlegkristne apokryfane vore bortgøymte bøker. Kven kan på ståande fot gjere greie for innhaldet i Johannes' eller Peters' gjerningar? Sjansen er i så fall stor for at du studerer eller har studert teologi.

Men i oldkyrkja hadde desse i dag marginaliserte skriftene relativt stor utbreiing. Dei apokryfe apostelgjerningane hadde kanskje endå større påverknadskraft enn dei apokryfe evangelia, som er betre kjente for oss. Førestellingane om at Peter vart krossfest opp-ned og at apostelen Thomas reiste til India har sitt opphav i desse skriftene.

Teologen og idéhistorikaren Reidar Aasgaard, som er redaktør for antologien Tidligkristne apokryfer, skriv i innleiinga si at det ikkje var tilfeldig at apostelgjerningar, brev og openberringsskrifter blei populære litterære sjangrar i den tidlege kristendommen. Sidan desse teksttypane tidleg fekk høg status i dei framveksande kyrkjelydane, blei dei også nytta av forfattarane bak dei apokryfe skriftene. I tillegg dreg skriftene vekslar på Homers helteepos Odysseen og Iliaden, jødiske martyrforteljingar som Fjerde Makkabeerbok, antikke retoriske talar, gresk-romersk orakellitteratur og hellenistiske romanar.

Fromt bedrageri. Kva kan dei tidlegkristne apokryfane lære oss? Svært lite om korleis apostlane reiste rundt og gjorde under – til det er dei skrivne ned for lenge i etterkant. At skriftene skal vere skrivne av apostlar eller menneske som stod dei nær, er berre fiksjon. Denne forma for pseudonymitet var ikkje ukjend i antikken, og oftast brukt med god hensikt, som eit «fromt bedrageri» (på latin: «pia fraus»). Derimot peiker Aasgaard på at skriftene kan fortelje ein god del om tida dei blei til i, altså perioden 150 til 350 etter Kristus. Vi kan også gå utifrå at publikum for apokryfane har variert nokså mykje, frå enkeltpersonar og husstandar til religiøse fellesskap.

Kanskje gjer vi i dag klokast i å lese apokryfane som skjønnlitteratur? Det er likevel interessant å merke seg at kyrkjehistorikaren Eusebius av Cæsarea, som levde på 300-talet, var positiv til eit skrift som Paulus' og Teklas gjerninger. Denne teksten, omsett av Jorunn Økland, har eit kvinneperspektiv som gjer han ekstra leseverdig. Tekla er openbert helten i historia, sjølv om skriftet eigentleg er ein del av det større skriftet Paulus' gjerninger.

Gladiatordame. Tekla var ei kvinne som lét seg fascinere av Paulus' forkynning i så stor grad at ho braut med den trulova mannen sin, ein rikmann i Ikonium. Ho må gå igjennom mange prøvingar når ho sluttar seg til Paulus, og blir både forsøkt brent på bålet og kasta for villdyra. Men «gladiatordama», som det friskt er omsett til, klarer seg med Guds hjelp. Etter til dels pirrande skildringar av det kyske forholdet mellom Paulus og Tekla, dreg ho til slutt ut i ein hule der ho lever i 72 år på urter og vatn.

Felles for apokryfane er at dei står fram som nokså frodige historier. Mange av dei har trekk frå eventyra i seg. Eg trur det går an å gle seg over bøkene, utan at dei bør verke inn på det kristne trusgrunnlaget i nokon som helst grad.

No er dei bortgøymte bøkene uansett komne fram i lyset. På norsk.

Følg meg!

Publisert 26. januar

Mikronoveller og kongelege boktips. Fuglekvitter er blitt ein viktig del av den opne og opplyste offentlege samtalen.

Kor mykje kan ein eigentleg få sagt på 140 teikn? Det finst skeptikarar som enno ikkje er på Twitter. Eg har sjølv vore ein av dei. Blir eg no nøydd til å kome opp med slåande pønsjliner fem gongar dagleg? Tida er knapp nok som ho er.

Likevel er mange grunnar til ikkje å lukke seg ute av den pulserande, om enn kjappe, samtalen som går føre seg på den populære mikrobloggtenesta. For nokre dagar sidan fekk til og med kronprinsesse Mette-Marit, i eigen private person, eit brukarnamn, @CrownPrincessMM. Mitt eige @Walgermo bleiknar i forhold – men så er det likevel det høgst demokratiserande med Twitter. Her snakkar lekmannen med presten, lesaren med forfattaren, mannen i gata med professoren på universitetet. Alle snakkar med alle, kan det verke som. Med mindre kritikarar som Bjørgulv Braanen i Klassekampen har rett – at nettsamfunnet er arena for samsnakking, ikkje demokratisering – er Twitter ei manifestering av Jens Stoltenbergs ord etter 22. juli om meir openheit og meir demokrati.

Jesus som førebilete. Neppe meir humanitet, i nærmenneskeleg forstand. Twitter kan i verste fall innebere mindre fysisk kontakt mellom folk, slik Sylfest Lomheim var inne på då han lanserte boka Tale er gull i fjor. Lomheim meiner neppe at tvitring er gull. Då held han snarare ein gullknapp på medmenneskeleg samtale på torget. Eit av dei store tale- og samtaleførebileta han trekte fram, var Jesus. Kva var det Jesus sa når han kalla sine disiplar? Jo, det kjem neppe som ei overrasking: «Følg meg!»

For oss som har anlegg for slikt, er det fort gjort å assosiere til dette utfordrande uttrykket når ein rotar seg inn på Twitter. Her er det nemleg snakk om å følgje og å bli følgd. Nokre er så medvitne om den bibelske klangen at dei har skrive inn livssynet sitt i profilen, «follower of one» og liknande. Elles verkar Twitter i høgste grad som livssynstorget i Athen, her finn du både epikurearar, stoikarar og John Olav Egeland.

Millionar brukarar. Nettopp derfor går her føre seg ein open og opplyst offentleg samtale, den typen samtale som Staten er pålagt å legge til rette for i Grunnlovas paragraf 100 – «Ytringsfrihed bør finde Sted». Difor er også @jensstoltenberg på Twitter, rett nok med hjelp frå to iherdige pressemedarbeidarar.

Men Twitter er ikkje berre eit norsk forum og fenomen. På dei litt over fem åra som er gått sidan tenesta vart tilgjengeleg for ålmenta, har det kome til millionvis av nye brukarar over heile verda. Og der Facebook i større grad er ei lukka teneste, eit venenettverk, er Twitter ein stad for utveksling av informasjon. Som Twitter sjølv skriv på nettsidene sine: Denne utvekslinga kan ha ein positiv global effekt.

Arabisk vår. Ikkje minst har Twitter vore viktig under den arabiske våren. No kan det diskuterast kor stor del av æra Twitter skal ha for revolusjonen i Tunisia og i Egypt, men at nettsamfunnet spela ei rolle både i høve til organisering internt og informasjonsflyt til Vesten, verkar rimeleg. Vi ser også i aukande grad at journalistar, også i Noreg, plukkar opp nyhende frå tvitrarar i konfliktsoner internasjonalt. Då krisa kom til Noreg, blei Twitter og Facebook viktig på fleire hald. «Informasjon, etterlysning, samhold og ettertanke,» skreiv Aftenposten, som hadde det blå Twitter-ikonet på heile framsida av kulturdelen søndag 24. juli i fjor.

Det britiske nyhendemagasinet The Economist hadde for nokre veker sidan ein interessant artikkel om sosiale medium på Martin Luthers tid. Spissformulert var det dei nye sosiale media – pamflettane som vart delte ut frå hand til hand – som danna grunnlaget for reformasjonen. No seier eg ikkje at Twitter og sosiale medium er det viktigaste våpenet for nye reformasjonar i vår tid, men det er liten tvil om at den opne og opplyste samtalen dei siste åra har vunne nytt offentleg territorium.

Mikronoveller. Twitter er ikkje berre samfunn og politikk. Det er også litteratur, slik kronprinsesse Mette-Marit, som «dedicated bookworm», no har byrja med boktips på Twitter. (Torgny Lindgren, eit godt tips.) Frode Grytten, på si side, tek opp arven etter Hemingway og skriv, ikkje seksordnoveller, men mikronoveller på 140 teikn. Skal vi kalle det for twittlitt?

Så følgjer vi kvarandre og ser korleis det går. Truleg blir det berre viktigare å vite kvar ein sjølv står i meiningsvirvaret, og diskutere med andre utifrå det. Tvi, tvi!

Twitter: @Walgermo

Psykisk kan du vera sjøl

Publisert 4. januar

Depresjonen og melankolien brer om seg i teateret, filmen, litteraturen og musikken. Subjektet er for alvor attende i kulturen.

At kunstnarar arbeider med psyken i kunsten, er ikkje noko nytt. Grensa mellom gal og genial har lenge vore flytande, melankoli eit uttrykk for det sanne kunstnarsinn. I Edvard Munchs heimland, for mange utlendingar uløyseleg knytt til måleriet Skrik, har både kunstnarar, musikarar og forfattarar aust av det mørke tjernet i seg sjølv. Likevel kan ein seie at depresjonen dei siste par åra har fått ein endå større plass i kulturen. Fleire av dei største suksessane i ulike kunstfelt, både kvalitativt og publikumsmessig, har tematisert psykiske vanskar og melankoli.

Rett før jul var eg på den siste førestellinga av Next to normal på Det Norske Teatret. Musikalen, med Heidi Gjermundsen Broch i hovudrolla som den bipolare Diana, fekk mange oppsetningar etter den norske premieren hausten 2010. Dette var altså noko såpass uvanleg som ein musikal om psykisk sjukdom, og folk elska det. «Unormalt knallbra musikal,» skreiv VGs meldar etter premieren. «Helt unormalt fabelaktig,» meinte Aftenposten.

Hjå Diana har sorga over ein avdød son fått ta overhand. Han døydde for over femten år sidan, men framleis sit Diana oppe om nettene og ventar på at han skal komme heim. Fortvilinga over eit så stort tap er forståeleg nok. I Dianas tilfelle har det likevel tippa over i psykisk ustabilitet, bipolar liding, som går ut over resten av familien hennar: mannen og dottera på seksten.

Problemfylt sjeleliv. Også på det kvite lerretet har det vore fleire innslag av det problemfylte sjeleliv i det siste. Her vil eg raskt gå forbi David Cronenbergs film om psykiaterane Jung og Freud, A Dangerous Method, ettersom denne dessverre var altfor overflatisk til å bore i noka sjel som helst. Då er det trass alt større trøkk i Lars von Triers Melancholia, som hadde premiere på Cannes-festivalen i fjor. Når von Trier skal gje uttrykk for depresjon, lét han like godt jordkloden knusast og verda gå under. Det verkar relevant kjenslemessig, sjølv om eg ikkje synest at filmen var like god som andre av den danske meisterregissøren.

Den store filmen av i fjor, Terrence Malicks The Tree of Life, inneheldt også mykje psykologi. Teikninga av farsportrett og gudsportrett var høgst interessant i så måte.

Psykisk inntog. Fjernsynet har vore endå tydelegare interessert i det terapeutiske dei siste åra. Vi hugsar The Sopranos, der mafiabossen Tony Soprano gjekk regelmessig til sin kvinnelege psykolog. I serien In Treatment følgjer vi ein psykolog og pasientane hans frå veke til veke. Episodane er korte, men relativt tettpakka av menneskelege utfordringar. Som livet her på jorda, kunne ein kanskje seie.

Innan litteraturen finst endå fleire ferske døme på det psykiske inntoget i kulturen. Karl Ove Knausgård har allereie fått solid spalteplass, men kva anna enn psykisk sjukdom – konas sjukdom, til overmål – er det som dominerer avslutninga av Min kamp-prosjektet?

Beate Grimsrud var nominert til Nordisk råds litteraturpris for den sterke romanen En dåre fri, der ho skriv med perspektivet til ei kvinne med spalta personlegdom. Også Lars Amund Vaage skildra psykisk sjukdom innanfrå med sin førre roman, Skuggen og dronninga.

Danske nevrosar. Tendensen gjer seg gjeldande også i Danmark, ikkje berre hjå Lars von Trier. Der snakka dei før nyttårsfeiringa om eit «kulturår i depresjonens teikn». Ikkje minst var dei tre store dramasatsingane på fjernsynskanalen DR – Lykke, Borgen og Broen – prega av psykisk sjukdom som ein sentral del av plottet. Den danske sosiologen Henrik Dahl meiner at det psykologiske er uttrykk for ein ny måte å tenke kultur på. Ikkje minst er subjektet for alvor attende i kulturen.

– Tendensen har tidlegare vore å oppløyse subjektet og la strukturar og mekanismar handle. Men her ser vi konkrete subjekt som handlar i situasjonane, kommenterer Dahl i avisa Information.

Artisten Medina, som i dag er Danmarks største popikon, har også fått merksemd for å synge om nevrosar, tristesse og galskap. I Noreg har vi Stein Torleif Bjella, som med albuma Heidersmenn og Vonde visu har spreidd melankoli, rett nok ofte munter melankoli, til alt folket.

For sjølv i skuggen kan ein finne ting å gle seg over, endåtil flire av. «Psykisk kan du vera sjøl,» syng Bjella. Det er eit subjekt som syng. Og songen kling godt for mange.

Kjetil Rekdal skaper vinnarkultur

Publisert 6. november 2011

Aalesund vann fortent mot Brann i cupfinalen. Kjetil Rekdal har lyfta sunnmørslaget til eit nytt nivå.

Det er godt å vere sunnmøring i dag. Også for to år sidan kunne tangotrøyene heve NM-pokalen mot skyene, då dei vann over fylkesrivalen Molde på straffesparkkonkurranse. I dag var Aalesunds Fotballklubb det beste laget. Brann var tafatte, ute av stand til å matche supporterane som hadde kledd Oslo i raudt heile helga.

Både før og rett etter kampen var det dei raudkledde som dominerte gatebiletet. Eg kom til kampen i eit kilometerlangt tog av skarrande optimistar. Det var skremmande. Inne på stadion var også Brann-tilhengarane i fleirtal. Men på banen? Der såg det nesten ut som bergensarane hadde mista ein mann.

Styrte spelet. For det var AaFK som køyrte denne kampen. Sett med anten nøkternt eller patriotisk blikk. Sjølv om sunnmøringane ikkje kom til dei heilt store målsjansane, styrte dei spelet og viste tidvis briljante takter.

Brann var likevel farleg frampå eit par gonger. Og då bergensarane utlikna på hjørnespark, berre to minutt etter at Michael Barrantes hadde gitt AaFK leiinga 0-1, var det grunn til tenke at dei raudkledde ville komme endå meir inn i kampen.

Det skjedde ikkje. I staden trekte dei seg attende og AaFK kunne halde fram med sitt eige spel. 1-2-målet kom som ein naturleg følgje av vedvarande Aalesund-dominans. Michael Barrantes, dagens beste spelar, sette inn mål nummer to med latin-amerikansk presisjon.

Først fire minutt før slutt blei det farleg framfor Aalesund-målet, då keeper Sten Grytebust plukka bøttene fulle på bærtur. Situasjonen enda med eit frispark som skrudde i utsida av stanga og ut.

Andre omgangen blei meir av ein stillingskrig, med ein del nesten-sjansar til begge lag. Brann klarte likevel aldri å presse Aalesund bakpå, og trass to farlege Brann-skot dei siste ti minutta, ebba kampen ut med nytt cupgull til AaFK.

Skaper vinnarkultur. Vi snakkar om ein klubb som berre dei siste fem åra har stabilisert seg i eliteserien. Før Kjetil Rekdal var AaFK eit føretak utan merittar. På litt over tre sesongar har Rekdal ført sunnmørsklubben til to cupgull, ein fjerdeplass i eliteserien og europacupspel.

Sjølvsagt er det mange som skal ha ros for dette, ikkje minst spelarane sjølve og spelarapparat rundt. Det er likevel ein faktor som er viktigare enn noko anna: Kjetil Rekdal skaper vinnarkultur. Mannen som heldt hovudet kaldt sjølv på straffemerket mot Brasil, har instinktet som seier at det alltid er mogleg å vinne. Det norske landslaget var aldri så gode som med Rekdal som kaptein. Og Aalesund har aldri vore betre enn under Rekdals coaching i verdsklasse.

Kjetil Rekdal har lyfta AaFK til eit heilt nytt nivå. Det spørst kor lenge han blir verande i klubben. Men vinnarkulturen han spreier, er det mange som kan lære av. Det bør også Norges Fotballforbund ha merka seg. Ein gong skal også Egil «Drillo» Olsen takke av.

Jon Fosse er vår nye superhelt

Publisert 16. mai 2011

Men ulikt Batman kan han ikkje halde ansiktet sitt skjult i Grotten.

Det er ei stor ære å få bu i statens æresbustad Grotten. Diskusjonane om kven som skulle få flytte inn i Grotten etter Arne Nordheim, har vore livlege. Med Jon Fosse har kulturminister Anniken Huitfeldt gjort eit klokt val.

Fosse er stor både i Noreg og internasjonalt. Stykka hans er framførde i 900 oppsetningar over heile verda. Han er den europeiske dramatikaren som er mest spela i si samtid. Og i større grad enn nokon annan nolevande norsk kunstnar, representerer Jon Fosse noko meir enn berre sin eigen kunst. Han er Noregs kunstnariske ansikt utad.

Tømmerhus. Det er 170 år sidan forfattaren Henrik Wergeland flytta inn i Grotten, eit lafta tømmerhus bygd av snekkarar frå Eidsvoll.  Staten kjøpte huset i 1922, som sidan den gongen har vore bustad for komponisten Christian Sinding (1924-1941), forfattaren Arnulf Øverland (1946-1968, enka hans budde der til 1978) og komponisten Arne Nordheim (1981-2010). At det no igjen skulle bli ein forfattar som fekk flytte inn i kunstnarbustaden, følgjer ein viss systematisk logikk.

Regjeringa har altså bestemt seg for å følgje tradisjonen. Grunngjevinga er påfallande god: Fordi regjeringa vil anerkjenne betydinga kunsten har i det norske samfunnet. Betydinga kunsten har for identiteten vår. Det må ha vore godt for kulturministeren å ytre desse orda. Grotten er både ein kunstnarisk og ein politisk siger.

Nasjonalskald. Kva så med Jon Fosse sjølv? Kanskje somme vil stusse over at den vestlandsbaserte diktaren skal busette seg i Oslo sentrum. Har han no forlate naustet for godt? Og passar det eigentleg den smålåtne Fosse å vere ein slags nasjonal, opphøgd figur – ein hoffpoet i Slottsparken?

Men slik blir det ikkje. Jon Fosse blir neppe nasjonalskald av å bu eit steinkast frå Slottet. Derimot må han no finne seg i eit skarpare og meir konstant søkelys. Kanskje er det bra at Grotten faktisk er bygd over ei grotte, ein perfekt gøymestad i hardare tider.

På pidestall. Jon Fosse er vår nye Batman, ein litterær superhelt, ein slagkraftig forkjempar for kunsten. Også Batman har ei grotte under huset sitt. Men oppe i huset kan han vere inkognito, berre vere Bruce Wayne.

Det kan ikkje Jon Fosse. No bur han på pidestall. Men av alle kunstnarar i Noreg er det nettopp han som høyrer naturleg heime i statens æresbustad.

Skvåsj i skvisen

Publisert 15. oktober 2010

Norske skrivemåtar av importord går tøffare tider i møte. Nordmenn er blitt flinkare i engelsk og reagerer på ord som ser rare ut.

Språkforskaren Gisle Andersen har undersøkt 950 millionar ord brukt i norske nettaviser dei siste tolv åra. Resultatet er nedslåande for nordmenn som meiner at norske skrivemåtar av importord alltid er å føretrekkje. Ord som «sørvis», «gaid», «taime» og «hedde» er knapt i bruk, til fordel for «service», «guide», «time» og «heade».

Dei nemnde norske stavemåtane vart vedtekne i 1996. Då fekk vi også lov til å skrive ord som «fait», «sjarter», «seif» og «skvåsj». Til Aftenposten seier språkforskar Andersen at dei fleste av forslaga ikkje har vore vellukka. Mens Per Egil Hegge, språkekspert i same avis, kallar norvagiseringsiveren for «anstaltmakeri».

Norvagisering er å tilpasse utanlandske ord til norsk språkdrakt, til forskjell frå fornorsking, som er å byte ut det importerte ordet med eit norsk. Frå tidlegare finst det mange døme på  norvagiseringar som har slått godt an. Dei færraste vil nok ønskje å skrive «citron» og «chaffeur» i dag.

Men skvåsjen er altså i skvisen. Denne stavemåten vart brukt berre to av 1073 gonger i materialet som Gisle Andersen har undersøkt. Mens «keitering», «overhedd» og «sjåk» ikkje var representert i det heile.

Det kan verke som om norske skrivemåtar av importord går tøffare tider i møte. Ikkje minst er nordmenn blitt flinkare i engelsk og reagerer lettare på ord som ser unormale ut. Squash er squash, anten vi er på kjøkkenet eller i treningshallen.

Rundt 30 prosent av orda i Bokmålsordboka og Nynorskordboka er importord. Dersom det ikkje kjem tilførsel av ord utanfrå, risikerer språket å stagnere. Derimot kan vi bli endå flinkare på å ta i bruk avløysarord, slik særleg islendingane er meistrar til å gjere.

Språkrådet jobbar aktivt med å finne gode norske alternativ for engelske framandord. Nyleg høyrde vi om både «bukbøy» (situps), «trusetrøye» (body) og «motemolo» (catwalk). Så er det opp til oss språkbrukarar å bestemme lagnaden til nyorda.

Som språkbrukarar har vi makt. Så langt ser det ut til at vi ikkje går med på gaidinga frå 1996. Vi vil ikkje skrive skvåsj. Iallfall ikkje enno. Taiming må til for å gje oss kikk.

NOKAS-film for tidlig ute?

Publisert 30. september 2010

I anmeldelsen av Erik Skjoldbjærgs film NOKAS, skriver jeg blant annet dette:

«NOKAS-ranet ligger bare drøyt seks år tilbake i tid. Spørsmålet har vært reist om det er for tidlig med en spillefilm om ranet allerede nå, ikke minst fordi politimannen Arne Sigve Klungland ble skutt og drept. En av de pårørende har tidligere gitt uttrykk for at hun ikke ønsket at filmen skulle bli lagd, og Skjoldbjærg har fjernet noen scener med Klungland som følge av dette.

En ting er hensynet til de pårørende. I tillegg kommer spørsmålet om selve filmen er så god som den kunne ha blitt med noen års ekstra distanse. Skjoldbjærgs prosjekt – å lage filmen så autentisk og nøktern som mulig innenfor de ytre dramatiske rammene – er sympatisk. Likevel blir NOKAS så til de grader en rekonstruksjon at den kan minne om noe som kunne vært vist i en rettssal. Vi kommer ikke under huden på noen av personene, og da står og faller filmen på at beskrivelsen av ranet er interessant nok i seg selv.»

Hva mener dere? Er det for tidlig å lage dokudrama om NOKAS-ranet?

Robotar i rommet

Publisert 17. august 2010

To store draumar har lenge svirra blant menneska. Den eine har vore å erobre verdsrommet. Den andre har vore å skape menneskeliknande robotar.

På sett og vis har vi klart begge deler. Men ikkje i stor utstrekning. Mennesket landa på månen, men det er framleis lenge til vi landar på Mars. Og verdsrommet er stort. Svært stort.

Robotar har vi etter kvart laga ganske mange prototypar av. Vi er likevel ikkje hamna i ein situasjon der robotane truar med å ta over styringa av planeten – eit velkjend plott frå underhaldningsindustrien.

Derimot har NASA og General Motors utvikla ein ny menneskelikande robot, ein Robonaut, som ifølgje Aftenposten skal sendast til den internasjonale romstasjonen ISS i haust eller tidleg neste år. Robonauten skal kunne erstatte astronauten på farlege oppdrag, samt utføre keisame og rutineprega oppgåver som å bytte luftfilter om bord i romstasjonen. 

Blir det robotar og ikkje menneske som kjem til å utforske verdsrommet i framtida? Vi har allereie sendt av garde fleire robotar på hjul. Men symboleffekten ved humanoide robotar i rommet er større. Kanskje har vi ein tendens til å knytte intelligens til kroppsstruktur.

Datamaskiner har alltid vore viktige for å kunne ferdast i rommet. Robonautar er likevel noko nytt. Mennesket blir snart overflødig. Filminteresserte vil kanskje hugse den intelligente datamaskina HAL 9000 i Stanley Kubricks film 2001: En romodyssé, som la sine eigne skumle planar. Eller den relativt nye Moon av Duncan Jones, der det einaste mennesket på månen viste seg å vere ein klone.

Kanskje er det like bra. Kanskje er jorda ein viktig nok basestasjon for menneska, inntil vidare. Så kan robonautane sondere romterrenget så lenge.

Annonse
Siste innlegg
Siste kommentarer
  • Hans-Petter Halvorsen kommenterte på Svake argumenter mot kristendommen

    Nei, Egil,det er som du skriver, dette kan ikke bevises, men denne ignorante smørja du her kommer med viser med all mulig tydelighet din uredelige innstiling til livet. Du mener altså på fullt...

  • Sissel Johansen kommenterte på Jeg, som hater

    og mange av oss er redd for slike. Inkludert meg selv. Jeg tror ikke man evner å hate, dersom man ikke også elsker. Jeg tolker deg slik at du elsker din (og andres) frihet så høyt at du hater alt...

  • per strømme johnsen kommenterte på Ikke alle som sier../ Ikke alle er i stand til

    Så du tar sjangsen på å fortsette å springe i kjødet, kjempe i kjødet, sloss i kjødet, ta astand fra din far og mor "kjødet", ditt avkom dine barn "kjødet"? Du vil fortsette i dette...

  • Sten Andre Fagermo kommenterte på Jeg, som hater

    nasjonal stolthet.....ser på tv-en nå av smilende, hurra-ropende barn. Men de er kanskje lykkelig uvitende om de voksnes feider seg imellom?  

  • Geir Rune Larsen kommenterte på Jeg, som hater

    Jeg hater også mange ting i vårt samfunn, som den åpenlyse toleranse  for synd, og den likegyldighet som råder i vårt samfunn for alt som har med nasjonal stolthet å gjøre.. Nå har hat blitt...

  • Sten Andre Fagermo kommenterte på Kynisme på sosialistisk plan

    så skyr ihvertfall de "mørkerøde" ingen midler.......Og tror nok Stoltenberg "stilltiende" godtar også dette.

  • Rune Holt kommenterte på Kynisme på sosialistisk plan

    Å bare SE navnet til denne "filmskaperen" Vibeke Løkkeberg,så får jeg frysninger over hele kroppen. Hvis dette blir en realitet,må eneste grunn være at noen ser det som nok et PR-stunt og...

  • Rune Holt kommenterte på 30 års samanhengande lovbrot

    Stoler du plutselig på at det ikke skjer brudd på retningslinjer og lover...? Er det SÅ viktig med abort at du ikke VIL se...? Hvor er empatien med barna blitt av..????

  • Sten Andre Fagermo kommenterte på Kynisme på sosialistisk plan

    å lage film om Utøya som er selve hovedproblemet her, selv om det er problematisk i seg selv, bare under ett år senere... Problemet er når man direkte forskjellsbehandler, hvem som får lage...

  • robert ommundsen kommenterte på Kynisme på sosialistisk plan

    ville jeg sett 17 mai motorsykkel massakren av tobe hooper!men jeg er sykere enn en rødgrønn bonde i bondagebunad

  • Gunnar Lund kommenterte på Ja, vi elsker ikke fotball

    Fotballen klarer jeg meg godt uten. Etter min mening er det altfor mye av det både på tv og i avisene.

  • Åse Bendiksen kommenterte på NRK og Bjørn Olav Utvik

    Urix 16.05.2012 http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/847173/

  • Arnt Thyve kommenterte på 17. mai og muslimer?

    Jeg reagerer også på grunnene disse personene oppgir for å la være å feire 17. mai. Slike holdninger hører ikke hjemme i Norge, og noen burde spandere en flybillett ut av landet på disse...

  • Sten Andre Fagermo kommenterte på Kynisme på sosialistisk plan

    Jeg håper når godtfolket våkner imorgen tidlig, at vi kan diskutere temaet for innlegget, nemlig blandingen av kynisme og dobbeltmoralisme blant vår sosialistiske "elite", når det gjelder, i...

  • Johan Rosberg kommenterte på Jeg, som hater

    Hat er egentlig like essensielt som kjærlighet. Kunsten er å knytte emosjonen til riktig sak. Ikke uproblematisk, men likefullt: I den grad man skal mene å kunne skille godt og ondt, må man...