Per Arne Brandal

Alder: 8
  RSS

Om Per Arne

Partiløs fritenker med kreative trekk.

Følgere

London og NRK Debatten

Publisert over 3 år siden

Det var godt å sjå VG’s Frithjof Jacobsen gruse tåkefyrstar som Børge Brende, Lars Gule (som har gjennomført historias klassereise frå terror-dømt til terrorkommentator i lisenskanalen), NRK Urix si deprimerande og vill-leiande samanblanding av truslar mot liv og helse, og ein skikkeleg skoddefole og psykolog ved namn Mykletun.

Mykletun eksponerer sin inkompetanse ved ikkje å ha kjenneskap til målretta strategisk bruk av "lav-intens" og "lav-teknologi"-terrorisme i form av bruk av knivar, bilar osv. mot uskuldige. Ein kan undre: får ein psykolog-sertifisering gjennom postordre?

Jacobsen treff spikaren på hovudet og målber det mange borgarar i breie lag av folket meiner om desse sakene.

Elefanten i rommet blir ikkje nemnt.

 

Gå til innlegget

«Son of Hamas» verdt å høre på

Publisert over 3 år siden

I dag på Oslo Symposium

https://www.youtube.com/watch?v=62DviKhQCTc

«Son of Hamas» - aboslutt verdt å høre på….om m.a. det politiske korrekte bedraget".

 

Gå til innlegget

Ros til URIX om Saudi-Arabia

Publisert over 3 år siden

Ros til NRK Urix og programleiar Almås for fokus på SA og Iran og striden mellom sunni og sjia, og desse landa sin store eksport av islamsk terror og direkte og indirekte deltaking i proxykrigar bl a i Libanon, Israel, Syria osv.

Dette er viktige perspektiv og bakteppe som vart deprimerande underkommunisert i Tveit/Wold-æraen sjølv om desse fekk oseaner av sendeflater for sine agendaer.

Ros også til Andreas C Halse, tidl leiar i Sosialistisk ungdom som var uvanleg klar om SA si rolle som storeksportør av jihad og hatefull salafisme i form av pengestøtte og moskebygging i mange land. Al Qaida og IS er ektefødde barn av sunni-ekstremisme (jf brorskapet og Sayeed Qutb).

Hizbollah i Libanon og Assad-regimet i Syria er støtta av Iran.

Halse var også inne på den groteske rolla SA har i FN sitt menneskrettssystem.

 

Gå til innlegget

Debatt om Thomas Knarviks nye satirebok

Publisert nesten 4 år siden

Det ble en interessant debatt om boken "In Your Face" på Trolltekst forlag i Litteraturhuset mandag. Forrige bok fra Thomas Knarvik ble brent på bål.

I panelet var Vebjørn Selbekk, Mahmound Farahmand, Mimir Kristianson og Usman Rana. Link til video

https://livestream.com/accounts/3722443/events/6695350/videos/143543381

Gå til innlegget

Biskopane og kynisme

Publisert nesten 4 år siden

Biskopar i Den norske kyrkja, gjerne fotograferte i sin finaste verdslege stas, har i det siste - koordinert og ordna - stått i kø for å fordøme regjeringa sin innvandrings- og asylpolitikk.

 

Som dei eleverte farisearane, som med sjølvtekt tilrøva seg himmelens gunst, kastar dei moralmørke og kalde skuggar over enkeltpersonar i politikken og inndirekte breie lag av veljarar, vel vitande om at dei ved bruk av depresiserande og tilslørande tale i opphøgd distanse til dei politiske realtiteane, ikkje risikerer å få «skit på vengan».

 

Dei talar om kynisme og egoisme. Vi, dei andre, er oss sjølve nok. Dei talar som om dei kjenner alle og kjenner Gud.

 

Den som ser etter nyansar og djupne i fariserarkratiets sine utspel, leitar fåfengt. Her er ikkje dilemmaer, vanskelege politiske avgjerder, vanskeleg og krevjande implementering av gjeldande og breidt forankra politikk osv. Dei abdiserer som deltakande ansvarlege borgarar borgarar og nøyer seg med å marginalisere (demonisere) og objektivisere.

 

Biskopane har nok kanskje hendene fulle med å styre ei synkande skute på grunn. Folket går i livbåtane i tusental. Legg ein til kyrkjeleiinga sitt kaotiske engasjementet i karrikaturstriden og likesæla vedrørande den massive utryddinga av kyrkja i Midt-Austen, kan ein ikkje anna enn å undre seg over dette menasjeriet sin galopperande impotens.

 

Når det gjeld kynisme gir det kanskje meir meining å lytte til svenske Mikael Sandström. Han skriv på den svenske nettstaden «Kvartal» om ein annan kynisme enn den biskopane er opptekne av:

 

«Om vi inte vill acceptera att det skuggsamhälle som redan finns ytterligare växer, måste vi vidta åtgärder för att hindra människor från fattiga länder att komma hit. Det är inte cynism att påpeka detta. Det som är cyniskt är att låtsas att det inte finns ett dilemma.»

 

Les meir.

 

Om Sandstrøm: «(…) arbetade på Moderaterna 2003–2006 och medverkade då i att utarbeta den politik som Moderaterna och Alliansen vann valet på 2006. Han var Fredrik Reinfeldts statssekreterare under hela dennes statsministertid och var chef för Moderaternas samordningskansli. Under 2015–2016 var han samordningschef på Moderaterna och deltog bland annat i de migrationspolitiska förhandlingarna med regeringen.»

 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
rundt 1 måned siden / 3186 visninger
Sover heile regjeringa?
av
Lisbeth Marie Austnes
9 dager siden / 1211 visninger
Nei, Lægdene, vi er ikke i mot kvinner
av
Mikael Bruun
rundt 1 måned siden / 1112 visninger
Når fest blir dom
av
Kristine Sandmæl
15 dager siden / 874 visninger
Er jeg rett kalt prest?
av
Julie Schjøth-Jovik
7 dager siden / 795 visninger
Takk og farvel, KrF
av
Kristofer Olai Ravn Stavseng
7 dager siden / 610 visninger
Det viktigste er et godt arbeidsmiljø
av
Martin Enstad
19 dager siden / 557 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
3 måneder siden / 496 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere