Arne Lauvhjell

Alder: 73
  RSS

Om Arne

Beskriv deg selv her: Pensjonist-prest. Tidligare lektor.

Følgere

Presteforeningen om vigselsliturgi

Publisert nesten 7 år siden

Sentralstyret er utan teologisk legitimitet

Etter lovene for Presteforeningen er Sentralstyret på fem medlemmer “ansvarlig for den daglige ledelse”. Det er generalforsamlinga som vedtar politikken, uttrykt gjennom “Strategi- og handlingsplan” og “Verdidokumentet”.Ingen av dei har med noko om ”vigselshandling for likekjønnede” eller andre teologiske vurderingar.

Vedtaket i Sentralstyret, uttrykt gjennom innlegget i VL 11.12.2013, er for meg derfor ei meiningsytring frå fem prestar. Som vedtak er det ikkje samlande, og dermed ikkje i samsvar med formålet for PF: "å samle Den norske kirkes prester og teologiske kandidater til gjensidig hjelp i åndelige forhold og løsning av kirkelige oppgaver på evangelisk luthersk grunn.Foreningen skal ivareta medlemmenes faglige, økonomiske og sosiale interesser og arbeide for å fremme kollegialt samhold og samarbeid" (frå Presteforeningens lover, §1).

Eg er lokallagsleiar i PF, attvald i haust for to år. Foreininga er medlem av UNIO, på line med Politiets fellesforbund og Utdanningsforbundet. Det er ei praktisk/pragmatisk ordning, derfor kan eg fortsette som medlem og tillitsvald i PF. Teologisk har organisasjonen etter mi meining ikkje legitimitet.Min åndelige og pastorale autoritet er Agder og Telemark biskop.Derfor kan eg fortsette som prest i Den norske kyrkja.

Gå til innlegget

Forbigått 80-årsminne

Publisert over 7 år siden

I kveld for 80 år sidan blei gatene i tyske byar fylt av jubel, faner og voldsbruk. Adolf Hitler var blitt Rikskanslar, det nasjonalsosialistiske partiet kunne nå gripe makta legalt.

Dagsrevyen, VL, Nettavisa – ingen omtale av ei av dei viktigaste hendingane i førre hundreår: Hitlers Maktovertaking 30. januar 1933. I løpet av få månader hadde han full diktatorisk makt i Tyskland, andre parti enn nazi-partiet var oppløyste eller forbudt, jødeforfølginga starta og opprusting mot ein ny verdskrig var i gang. Dette er kjent, og burde vore mint om i dag.

Mindre kjent er det at det skjedde ei parallell utvikling i den protestantiske kyrkja.  Eksemplet Evangelische Kirche i Türingen er typisk. Ved valet til kyrkjemøtet (ei veke før 30. januar) fekk det nazistiske kyrkjepartiet Deutche Christen 16 av 51 representantar. Etter mønster frå Riksdagen blei deretter sosialistane utelukka og dei liberale utmanøvrert. Dei to siste kyrkjepartia, konservative og pietistar blei hindra å samarbeide, og ved nye val sommaren 1933 fekk opposisjonen bare 3+2 representantar, mot 46 DC, og som i nesten alle landsdelar i Tyskland fekk DC full kontroll. Vegen låg open for nazi-styrt Rikskyrkje, Riksbiskop, “Arierparagraf” (utelukking av kristne  jødar) og som avslutning på året 1933: Alle kristne ungdomsorganisasjonar underlagt Hitler Jugend. 

Gå til innlegget

Politi og prest

Publisert over 8 år siden

I vår har det vore pinlig å vere med i same hovudorganisasjon som politiet.

Som prest på bygda opplever eg svært godt samarbeid med politiet, både med det lokale lensmannskontoret, stasjonen i nærmaste by og med sentralen. Ved dramatiske dødsfall og ulykker har me kvar våre rollar, og stiller opp, uansett tid og stad.

Presteforeningen (Pf) og Politiets Fellesforening (PF) er begge med i hovudorganisasjonen Unio. Så mykje har me felles.

Praktisk talt alle menighetsprestar var med på arrangement i samband med 22. juli i fjor. Naturligvis gav dette meirarbeid, men det hører med til tenesta. Statstilsette prestar har ”tenesteveke” og ”beredskapsavtale” som sikrar at det alltid vil vere ein prest som stiller opp.  Godtgjøringa er fast og grei: Kjøring etter statens satsar (3,90 per km), og 950 kr ekstra for utrykking på natta. Eg meiner det er absurd i det heile å drøfte ekstra økonomisk kompensasjon midt i ein krisesituasjon, slik ein får høre at PF har gjort.

På Generalforsamlinga i vår opna Pf for at alle prestar skal kunne bli tatt ut i streik. Etter denne streikevåren skulle eg ønske at Pf ikkje var med i Unio. Eg ser med gru fram til lønnsoppgjøret i 2014, med borgarlig regjering og kamp-trena organisasjonar med LO på laget ...

 

Arne 

Gå til innlegget

Valgmenighet kan bli eit godt alternativ

Publisert over 8 år siden

Vigsling av Thor Henrik With til Børre Knudsens etterfølgar kan opne ein veg for mange som lokalt må gå ut av Den norske kyrkja.

Dei siste åra har det vore tre aktuelle alternativ for dei som ”opplever at Den norske kirkes forkynnelse har beveget seg bort fra troskapen mot Bibelen og den lutherske bekjennelse”, slik det står i pressemeldinga som er referert i VL 24.03.2012, s. 17. Alternativa er DELK, NKK og Den katolske kirke. Frå før har me Frikirken og etter kvart ulike ”forsamlingar” i IMI-regi, kanskje au snart innan NLM, men dei representerer eit anna kjørkesyn enn Dnk.

 At ”anti-abort-prestane” i sør ikkje er med er bare ein fordel. Dei har hatt ei god sak, men har etter mi og manges meining vore til skade for kampen på grunn av sine ekstreme aksjonsformer og argumentasjon.

 Valgmenigheter under bispetilsyn er det beste alternativet for meg, dersom situasjonen skulle bli uhaldbar. Men så lenge eg kan forkynne, døype og vie etter Guds ord og kjørka si lære så må eg leve med splittelse og vranglære. Men slik har det nok alltid vore. Kjørka som Jesu kropp har levd med uro og skade frå den første tid. Det fullkomne når vi ikkje på denne sida av Herrens gjenkomst.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere