Arne Lauvhjell

Alder: 73
  RSS

Om Arne

Beskriv deg selv her: Pensjonist-prest. Tidligare lektor.

Følgere

Ikkje radiogudsteneste i dag!

Publisert over 5 år siden

Søndag føremiddag ønsker eg å delta på gudsteneste. Helst i ei kyrkje, men når det ikkje er praktisk, gjerne ved gudsteneste i radio eller fjernsyn.

I dag, søndag 3. mai 2015, blir det i gudstenestetida sendt ein “Dialogsamtale fra Harstad kirke under festspillene i Nord-Norge 2014, med tema `Llikhet eller mangfold´. Samtale mellom politiker Jonas Gahr Støre, imam Senaid Kobilica og skuespiller Svein Tindberg. Samtalen ledes av prest og forfatter Per Anders Nordengen. Musikalsk innslag ved Solveig Slettahjell.” (NRK-presentasjon på internett)

Dette gir ikkje deltaking i gudsteneste, men ein reprise frå eit kveldsarrangement i ei kyrkje i fjor. Det er heller ikkje nokon gudsteneste: Ingen liturgi, ikkje kristen setting, men latter og applaus som i eit politisk møte og på ein konsert. Greitt nok, interessant i og for seg, men ikkje nokon gudsteneste.

Søndagsgudstenestene i NRK er ei viktig hending for mange menneske, og det er verdifullt at riksinstitusjonen fortsatt har denne tenesta. Eg kan ikkje sjå nokon grunn til å bryte den samanhengen som regelmessige gudstenester klokka elleve søndag føremiddag er.

Gå til innlegget

Eg trur på ein kaffikopp?

Publisert over 5 år siden

I dag, måndag 26. januar blei Morgonandakten introdusert med orda: “Alle trenger vi et holdepunkt. Petter Myhr, direktør for Olavsfestdagene i Trondheim, setter pris på et daglig ritual som han har til felles med mange av oss.”

Så sant med det daglige ritualet; for meg er det andakten ti på halv ni dei første fire dagane i veka.

Morgonandakten kan variere i innhald. Det kan vere nokså tynt det som kjem av ord frå andaktsholdaren. Musikk/song/salme innslaget kan vere lite eigna. Men likevel gjev det ein god start på dagen, fordi andaktsorda alltid blir avslutta med Herrens bøn og Velsigninga. Inntil i dag. Petter Myhr starta med å bekjenne si tru på ein kaffekopp. Deretter kom ein del hyggelige og allmenne betraktningar og introduksjon av “Kim du nå va” med Vamp og Kringkastingsorkesteret.

Utan Vår Far/Fader vår eller ei anna kristen bønn er det ikkje ein kristen andakt, og Velsigninga er det som bærer dagen. 

Gå til innlegget

Les Nordhaug!

Publisert over 6 år siden

Til alle som er frustrerte etter "Debatten" på NRK 1 torsdag

Les intervjuet med biskop Nordhaug i Morgenbladet http://morgenbladet.no/samfunn/2014/den_siste_skanse#.U0e3rVV_tqU

Gå til innlegget

Dårleg aprilspøk frå biskopane

Publisert over 6 år siden

Aftenposten har i dag, 1. april, ei melding om at biskopar seier nei til nytt religionsfag.

I morgon-nyhetene kl 06.00 var det den første saka, presentert som at fleirtalet på seks biskopar er mot K-en (for kristendom) og prosenten på 55 som ligg i regjeringserklæringa.

Som aprilspøk er denne meldinga dårlig, fordi:

·         * Det er inga overrasking at biskopane i Den norske kyrkja uttalar seg sprikande i viktige og uviktige saker.

·         *Saka blei meldt allereie på Kveldsnytt kl 23.00 den 31. mars.

Gå til innlegget

Den vonde presten

Publisert over 6 år siden

“Prestefaren” i Mammon står fram ikkje som ein verkelig prest i det heile tatt.

Alf Kjetil Walgemo skreiv i kommentaren til første episode av NRKs omtalte dramaserie: “Mammon (gir) oss ein prest vi har sett så mange gonger på fjernsyn og film – ein iskald ambassadør for Herren, ein mørkemann utan menneskeleg empati.” (VL 06.01. 2014, s. 27)

Slike prestar har det nok vore ein del av i tidligare tider, harde og fanatiske, men kvifor må bildet hos Ibsen og Bjørnson (og andre nordiske forfattarar frå meir enn 100 år sidan) vere det som dagens film og teater formidlar?

Det er fæle preste-skikkelsar i dei mest populære nordiske filmane: Stig Berggren, hustyrann og etter kvart fyllik i Så som i himmelen (svensk, 2004), Johannes Tunheim i Søndagsengler (norsk 1996) for aldri å gløyme Bergmanns meisterverk frå 1982: Fanny og Alexander, der Jan Malmsjö får fram biskop Edvard Vergérus som inkarnasjonen av det vonde. Det einaste “normale” mennesket eg har sett som prest i norsk film er "Anna” i De USYNLIGE, frå 2008. 

Det er éin moderne forfattar som gir oss truverdige prestar, og det er Karl Ove Knausgård i Min Kamp. Prestefigurane hans er langt frå perfekte, verken den kvinnelige “dåpspresten”, eller den mannlige “gravferdspresten”, men dei er sanne. Grunnen er vel at Knausgård veit kva det handlar om.

Eg har nå sett alle episodane, og “prestefaren” er gjennomført like fjernt frå eit realistisk bilde av dagens norske prestar som i starten.

“Tore Verås” framstår ikkje først og fremst som” ein iskald ambassadør for Herren”. Han framstår ikkje som ein verkelig prest i det heile tatt, men som ein dårlig og sjølvopptatt far som går med prestesnipp heile tida, for eksempel til frukost på ein kvardag. At han har 2 ½ million uforklart i safen, og at biskopen avsetter han i sakristiet rett før gudstenesta er då ikkje meir merkverdig enn mykje anna i serien. 

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere