Arne Lauvhjell

Alder: 73
  RSS

Om Arne

Beskriv deg selv her: Pensjonist-prest. Tidligare lektor.

Følgere

Dåp, konfirmasjon og gravferd på bedehuset?

Publisert nesten 5 år siden

Det er heilt rimeleg at konfirmasjonsundervisninga og andre dåpsopplæringstiltak skjer i ein samanhang ein har tiltru til.

Ei Normisjon-foreining i Vest-Agder har med stort fleirtal vedtatt å ha eigne kyrkjelige handlingar på bedhuset og ikkje i kyrkja. 

NRK går lite inn på bakgrunnen, men det ser ut til å ha samanheng med splittinga i kyrkja om samkjønna ekteskapsinngåing og den nye soknepresten sitt syn i denne saka. 

Etter luthersk teologi er det ein grunnleggande forskjell på forvaltning av sakramenta og praktisering av undervisning og andre verdslige ordningar. Luther sluttar seg til det katolske synet at sakramenta er gyldige, uavhengig av trua og etikken til den som utfører handlinga. Dersom hensikten er å døype “i namnet til Faderen, Sonen og Den Heilage Ande” og orda blir uttalt og vatnet aust over, så er det gyldig kristen dåp, sjølv om den i ekstremt tilfelle skulle bli utført av ei muslimsk kvinne. Dåpsopplæring, derimot, kan vanskelig bli tilfredsstillande ved ein hererikar eller skismatikar.

Det lutherske vedkjenningsskriftet Confessio Augustana (Den augsburgske vedkjenninga frå 1530) går mot det dei i samtida kalla “svermarar” og donatismen frå 300-talet. Den gjekk ut på at det skulle finnast “reine forsamlingar”, utan skrukk og flekker. Her i verda er det ikkje mulig. Når det gjelder gravferd, så et det etter Luther sitt syn ei verdslig ordning. “Be Fadervår og grav dei ned” sa han, og tok dermed avstand frå den romersk-katolske rekviem-messe.

Dermed vil eg hevde at det er heilt rimelig at konfirmasjonsundervisning og andre dåpsopplæringstiltak skjer i ein samanheng som bedehusforsamlinga har tiltru til. Ja, det vil vere eit stort problem hossen ein i framtida skal gje etisk rettleiing til konfirmantar om ekteskapet dersom Den norske kyrkja frå 2017 får slatt fast “to likeverdige syn”. Dåp og gravferd bør etter mi meining derimot helst skje i det folkekyrkjelige fellesskapet.

Gå til innlegget

Ikkje mobb Sylvi Listhaug ut av kyrkja

Publisert nesten 5 år siden

Ein soknerådsleiar avsluttar innlegget sitt i VL laurdag 19.12. slik: “Listhaug har vurdert å melde seg ut av kyrkja i protest, men late det vere. Ekskommuniser henne!”

I min barndom hadde vi eit uttykk når ein kamerat sa noko som var så utafor at det nesten ikkje gjekk an å kommentere: “å dom e du?” Dette var min første tanke då eg las innlegget, men eg vil likevel komme med ei oppklaring og ein kommentar.

For det første: Ekskommunisering inneberer ikkje at ein person blir stroken som medlem i Den norske kyrkja (Dnk). Det er bare den enkelte døypte som sjølv kan melde seg ut. Men presten (ikkje sokerådet eller ein tilfeldig sokerådsleiar) kan utelukke ein person frå eit fullt menighetsfellesskap ved å nekte vedkommande nattverd. Det har så vidt eg veit bare vore prøvd éin gong i nyare tid, mot ein lege som godtok abort, og nattverdnektinga blei oppheva av biskopen.  Eg kan ikkje forstille meg at Møre biskop eller Oslo biskop ville godta ein “ekskommunikasjon” av statsråd Listhaug eller ein annan Frp-politikar pga synet på innvandring.

For det andre: Den norske kyrkja har eit synderegister når det gjeld fordømming av politiske standpunkt. Det første og mest kjente er vel “Opraab til Christendommens Venner” i 1883, der Venstre og den politiske liberalismen blei fordømt.  Dette er vel den einaste gongen som alle biskopane uttalte seg politisk, men seinare var det mange tilfelle av at prestar og andre kyrkjeleiarar fordømte ulike former for sosialisme, særlig etter at Det Norske Arbeiderparti blei med i den kommunistiske Internasjonalen (1919-1923) og før stortingsvalet i 1930. Nnattverdnekt av Arbeiderparti-folk forekom. Forholdet til NS-folk under og rett etter krigen varierte.

I alle fall etter den sosial-etiske bølga frå 1968 har sosialistiske og politisk radikale fått sympati og støtte av sentrale personar i Dnk.Pendelen har slått andre vegen, og særlig har Frp og globale norske firma fått smake pisken.  Det er forståelig og rimelig at kristne er med i samfunnsdebatten, og engasjerer seg mot standpunkt og praksis dei ikkje støttar. Men det er eit avgjørande og farlig steg det å ville stenge enkeltpersonar ute frå kristent fellesskap som ein ekskommunikasjon er.

Når Kjetil Hjelset, som soknerådsleiar, vil kaste nokon ut av kyrkja pga politisk standpunkt så er det rett og slett vranglære.

I fjernsynet dei siste dagane har eg sett eg to kvinner som bar eit stort kors i halsgropa. Det var Sylvi Listhaug (Dagsrevyen 17.12) og Itohan Moses frå Nigeria (NRK Sørlandet 18.12), som etter fengsling, frikjenning og transittmottak får vende tilbake til Kristiansand og arbeidet som frivillig i Blå Kors. Moses blei ikkje kasta ut av Norge, Listhaug må ikkje mobbast ut av kyrkja!

Gå til innlegget

Apropos spørsmålet om kven som bør (be)stemme i kyrkja:

På nettsida til Agder og Telemark bispedømme kan ein i dag lese resultatet av den indirekte delen av bispedømmeråds-valet. I det direkte valet 14. september blei fire medlemmar stemt inn. Nå er altså dei siste tre medlemane på plass.

De tre som nå er valt er: Rønnaug Torvik, Bykle, 57 år (ny) og Stian Berg, Skien, 26 år (ny) frå Nominasjonskomitéen si liste og Bergit Haugland, Kragerø, 51 år frå Åpen folkekirkes liste. Ho er medlem i det nåverande Bispedømmerådet.

I den indirekte valomgangen, der dei enkelte medlemane av menighetsråda har stemt, har lista til nominasjonskomitéen fått nær 2/3 fleirtal, 464 stemmer mot 259 stemmer til Åpen folkekirke.

Dette vil seie at dei som støttar det bibelske syner på ekteskapet fortsatt vil ha fleirtal i Bispedømmerådet, og at biskopen og prestane kan ha frimot til å stå på standpunktet sitt.

Det viser også at dei som har sagt ja til å gjøre teneste for kyrkja har eit anna fleirtal enn dei som deltok i kyrkjevalet i september; der var det 53% for Åpen folkekirke.

Det er også gledelig at valet frå menighetsråda har retta på to skeive sider ved det første valet, då blei det valt fire menn og ingen frå Telemark fylke.

Gå til innlegget

Kristne filmar

Publisert over 5 år siden

Spalta TRO24 har ein artikkel om: Tolv undervurderte «kristne» filmer

http://www.vl.no/tro24/tolv-undervurderte-kristne-filmer-1.370663

Det er to filmar som manglar, etter mi meining: Jesus i Monteral og Des hommes et des dieux “Om guder og mennesker”. Begge er på fransk, mens lista er amerikansk-dominert. Så burde ein eller fleire Bergmann-filmar vore med; eg ville valt Det sjunde inseglet.Les om desse på nettet.

Det er to av dei tolv som slett ikkje har ein kristen bodskap, det “kristne” i dei er eventuelt at ein prest er skurken. Dettte er Så som i himmelen og Søndagsengler.  Av dei andre ti vil eg framheve The Mission og Babettes gjestebud.

Gå til innlegget

Homosex i moskeen?

Publisert over 5 år siden

Ein norsk-iransk artist laga ein film med sex-scene framfor altaret i ei kjent kjørke. Mora støttar han og var med som statist i kyrkja. Han seier i intervju at mora er kristen og faren er muslim. Kan vi tenke oss eit anna konsept: Filmen spelt inn i ein moské, med faren som støttande statist?

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere