Arne Lauvhjell

Alder: 73
  RSS

Om Arne

Beskriv deg selv her: Pensjonist-prest. Tidligare lektor.

Følgere

Ingen original grunntekst

Publisert rundt 3 år siden

I ein to-siders reportasje og heilsides annonse i VL 31.08. blir den nye utgåva av “Bibelen Guds ord” frå Hermon Forlag presentert.

Det er mykje å seie om bibeloversettelsar, og i kjølvatnet til den nye ovesettelsen frå Det norske bibelselskap (B 2011) kom det fleire interessante og nyttige bøker om emnet.  Eg vi særlig nemne Bibelen 3.0 av Anders Aschim og Det store Puslespillet av Hans Johan Sagrusten. I begge kan ein finne at påstanden i annonsen frå Hermon “oversatt fra de same originale grunntekstene Luther-oversettelsene har brukt inntil i dag”, den henger ikkje på greip.

Det finst ingen “original grunntekst”. Luther bygde på det greske manuskriptet til den katolske humanisten Erasmus, det som har blitt kalt Textus Reseptus – “den mottatte teksten”, utgitt i 1516. Dette manuskriptet er også grunnlaget for den engelske King James-oversettelsen.

Textus Reseptus var eit hastverksarbeid, bygd på nyare manuskript, ingen av dei var eldre enn frå 1100-talet (Sagrusten s. 178), mens B 2011 tar med manuskript som er opp mot tusen år eldre.

Gå til innlegget

“Samkjønna andakt”

Publisert rundt 3 år siden

 

Gard Realf Sandaker-Nilsen framførte ein saklig, personlig og god argumentasjon for samkjønna vigsel i NRK-morgonandakten 22. august. Tidligare har Sara Moss og andre prestar gjort det same. Nå lurer eg på om ein prest eller annan andaktsholdar kunne argumentere saklig, personlig og godt for det tradisjonelle bibelske synet?

Gå til innlegget

Les og hør Ottosen

Publisert over 4 år siden

Informasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband Espen Ottosen er ein av dei få, kanskje den einaste sidan Per Lønning, som greier å nå fram med ei klar og god, kristen røyst i dagens media.

I eit innlegg i Dagbladet 01.04. kommenterer han eit teaterstykke som gir eit feilaktig bilde av ein kristen ungom. (http://www.dagbladet.no/2016/04/01/kultur/debatt/meninger/kronikk/espen_ottosen/43707002/)

Og i NRK radio dagen etter forsvarer han synet sitt i ein debatt med oversettaren og hovudrolleinnehavaren. (https://radio.nrk.no/serie/ukeslutt/NMAG04001316/02-04-2016#t=16m7s)

Mot-debattantane virkar kunnskapslause og einsidige og delvis aggressive, utan at han tar att med same mynt. Likevel, eller kanskje nettopp derfor, får Ottosen fram det vesentlige i den kristne bodskapen. I ei tid der den blir forvrengt og svekka er det viktig med ei røst som kan nå fram, som er saklig og argumenterer både lett forståelig og intellektuelt haldbart.

Gå til innlegget

Nei til rosa Brunost!

Publisert over 4 år siden

Hallo Tine:

Eg har ete brunost sidan eg kunne tygge skjeve, det blir meir enn 60 år. Den første tida var det fløtemysost, men etter eg blei vaksen var det Gudbrandsdalsost G35.Den har hatt forskjellig innpakking, frå papp til plast, men alltid brun og diskret.Eg oppfattar det som merkenamn og kjennetegn: Eg er nesten fornerma for at Synnøve Finden kallar ein brunost for “Gudmrandsdalstype” og etterliknar den rektangulære på høgkant.

I dag var det heldigvis igjen Gudbrandsdalsost G35 med tradisjonell design i nærbutikken min. Den rosa Moods-of-Norway designen ser eg på som rett og slett ekkel.  Eg vil snu på slagordet dei har funne på, "It's hip to be square!" til "It's square to be hip!"; det er firkanta å skulle prøve å gjøre den norske brunosten sofistikert.

Gå til innlegget

Nei til rosa Brunost!

Publisert over 4 år siden

Eg har ete brunost sidan eg kunne tygge skjeve, det blir meir enn 60 år.Den første tida var det fløtemysost, men etter eg blei vaksen var det Gudbrandsdalsost G35, alltid frå Tine. Den har hatt forskjellig innpakking, frå papp til plast, men alltid brun og diskret.Eg oppfattar det som merkenamn og kjennetegn: Eg er nesten fornerma for at Synnøve Finden kallar ein brunost for “Gudmrandsdalstype” og etterliknar den rektangulære på høgkant.

I dag var det heldigvis igjen Gudbrandsdalsost G35 med tradisjonell design i nærbutikken min. Den rosa Moods-of-Norway designen ser eg på som rett og slett ekkel.  Eg vil snu på slagordet dei har funne på, "It's hip to be square!" til "It's square to be hip!"; det er firkanta å skulle prøve å gjøre den norske brunosten sofistikert.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere