Arne Lauvhjell

Alder: 73
  RSS

Om Arne

Beskriv deg selv her: Pensjonist-prest. Tidligare lektor.

Følgere

Ein parallell?

Publisert rundt 2 år siden

Venstre gjekk i 1985 til val på samarbeid med Ap. Partiledaren (Dørum) hadde brei støtte frå dei tillitsvalte. Valet ga 3,1 % og feide partiet ut av Stortinget.

Gå til kommentaren

Klargjørande

Publisert over 2 år siden

Dette som Oftestad skriv er er klargjørande: "Johnson var moderne både som teolog og kirkelig organisator. Han la det protestantiske paradigmet fra Kant-Schleiermacher til grunn og utviklet en teologi som skulle vise at den luthersk-konfesjonelle tradisjon, som den norske konfesjonsstaten var basert på, kan bli en gyldig moderne tro når dens sannheter blir subjektivt erfart ved vekkelsens fromhet."

Når det med nokre unntak ikkje har vore større  vekkelsar på bygdene etter  midten av 1960-talet, så kan det henge saman med at verken "fromhet" eller kristne sanningar lenger var moderne.  "Jesus-vekkelsen" til 68-generasjonen var moderne, det var eit by-fenomen, og  som dei mange ulike "vekkelsene" seinare, importert frå USA.  Desse er  ikkje lutherske, og ikkje pietistiske.

Gå til kommentaren

Remis

Publisert over 2 år siden

Det er ingen ny argumentasjon her. I sjakkspråket blir det kalt "Remis ved trekk-gjentaking".

Takk for denne gongen!

Gå til kommentaren

Publisert over 2 år siden

Vel og bra, men frå 1985 til i dag har det  vore 10 1/2  år med  Høyre-statsminister,  7 1/2 år med Bondevik og 24 1/2  år med statsminister frå Ap. Og utviklinga har  stort sett vore uavhengig av partifarge.

Det du skriver er med andre ord rett, men du har som sagt ikkje dekning for overskrifta.

Gå til kommentaren

For ung?

Publisert over 2 år siden

Vel, eg er født i 1947, i ei grend der hest var framkomstmidlet. Ingen driver jordbruk der nå. Ingen politiske vedtak kunne hindre  nedlegging.  

Gjenreisningspolitikken frå 1945 kravde at arbeidskraft gjekk frå primærnæringane til industri og anlegg, og Arbeiderpartiet sto bak og sette i verk, med støtte av andre parti.

I andre land er denne utviklinga komme endå lenger.

Ein kunne gjerne ønske seg tilbake, men det er ingen veg dit.

I 1945 budde det tre millionar i Norge og 2,5 mrd. i verda. I dag er det vel fem millionar i vårt land, og me nærmar oss 7,5 mrd. i verda. Småskala-landbruk kan aldri livberge så mange.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere