Åsta Årøen

Alder: 48
  RSS

Om Åsta

Idealist med bakgrunn i Venstre. Sitter i Bystyret i Bergen for Venstre. Utdannet jurist med master i verdibasert ledelse. Jobber i Bergen kirkelige fellesråd, Årstad menighet

Følgere

Paternalistisk fosterdiagnostikk.

Publisert rundt 8 år siden

Mange meiner at svangerskap der fosteret har høg risiko for å døy, bør avsluttast så raskt og så tidleg som råd. Det er imidertid ikkje dokumentert at dette er best for barnet og familien.

Også eit kort liv kan vere verdifullt.

Veslemøy vart fødd 12.mai 2012, og ho gret ikkje når ho vart fødd. Ho var død, 28 veker ut i svangerskapet. Vi hadde lenge visst at ho kom til å dø, etter all sannsynlegheit. Vi elska ho mens ho levde, inni meg, og vi saknar vår dotter og søster no, kvar dag. Eg er likevel glad for at eg fekk sjansen til å vere Veslemøy sin mamma, den korte tida det stod på. Eg skulle sjølvsagt ønskt at livet til Veslemøy hadde vorte lenger, men slik vart det ikkje. Døden vart og er ein del av livet for oss no. 16.mai heldt vi ein fin begravelse for henne i St.Markus kirke på Gyldenpris i Bergen. Det var godt for oss som familie å føle at om Veslemøy ikkje fekk så mykje respekt av systemet mens ho levde, så fekk ho det iallfall etter ho var død. På sjukehuset og tida etterpå, heime, fekk vi holde ho, ta små fot – og handavtrykk, og ikkje minst kle ho fint og legge henne i kista, og gi hennar korte liv ein vakker og verdig seremoni.

 

Er det automatisk "rett" med svangerskapsavbrot når fosteret likevel kjem til å døy? 

I dag går det ein stor debatt om seleksjon og svangerskapsavbrot og det blir ofte hevda at debatten i hovudsak gjeld Downs og andre utviklingsavvik, avvik som det går an å leve med. Debatten gjeld likevel ikkje, visst nok, dei fostera som likevel kjem til å døy. Her er svangerskapsavbrot ”rett”. Somme barnelegar meiner faktisk at det mest kjærleiksfulle foreldre kan gjere, er å avslutte svangerskapet når barnet har skader. Eg er sterkt uenig i dette. Foreldre bør ikkje bli fratatt retten til å leve ut kjærleiken til barnet ved å hegne om livet til barnet. Det er ikkje dokumentert at det for foreldre eller barn er best å avslutte svangerskapet tidlig, i tilfelle der barnet har stor risiko for å dø før eller under fødsel.

Foreldre kan aldri garantere barnet eit godt liv.

 Som forelder kan du aldri garantere barnet ditt eit godt liv, men ingen bør kritisere foreldre som kjempar for at barnet sitt liv skal bli verdsatt og møtt med respekt, og ein bør iallfall ikkje forvente at foreldre skal avslutte eller samtykke til at barnet sitt liv skal avsluttast, før det har begynt. Å argumentere for dette når foreldra ønskjer å fortsette svangerskapet, er paternalisme av verste sort. Dessverre er slike haldningar utbreidd i stor deler av det moderne helsevesenet. Det er svært vanskeleg å spå korleis eit liv(kort eller langt) med utviklingsavvik vil bli. For eksempel kan trisomi(13 og 18)barn i ein del tilfelle leve etter fødsel, og også ha gode liv. I dag er dette ein tilstand der det automatisk blir argumentert for abort, frå fagpersonar i medisinske miljø, synspunkta blir formidla meir eller mindre ope.

 

Foreldre som ventar eit sjukt barn må få betre oppfølging.

Det gir håp, når personer som Siri Fuglem Berg, står fram og seier at dei små har verdi, seinast no i Aftenposten for nokre dagar sidan. Siri Fuglem Berg har over lang tid har dokumentert kva holdningar og fordommar som rår hos mange legar, overfor foster med utviklingsavvik. Dette er ei stor belastning for dei familiane det gjeld. Mitt håp er at personer som Siri Fuglem Berg lukkast i å legge til rette for ei tilnærming og oppfølging prega av dokumentasjon, kunnskap og brukerstyring, framfor fordommer og paternalisme.

Gå til innlegget

What´s in it for me?

Publisert rundt 8 år siden

Foreldreerfaring er en ressurs, ikke bare for den enkelte person og familie, men for samfunnet som helhet.

Mange kvinner mener at kjønn ikke er viktig.  I The Atlantics julinummer publiserte Anne-Marie Slaughter essayet ”Why Women Can’t Have It All”, og dette innlegget har vekt bestyrtelse og engasjement både i USA og Europa. Nettopp her blir det hevdet at kjønn er viktig, det er vanskeligere for en kvinner (enn menn) å lykkes godt med både hjemmeforpliktelser og CV-bygging, samtidig. Også i Noreg har essayet blitt kommentert, både av Dagbladet, Minerva- miljøet og mange flere. Men er denne debatten på rett spor?

Argumentasjonen mot mor Slaughter er som følger: Alle har dårlig tid, både kvinner og menn og vi, CV-byggerene fra middelklassen, kan kreve at idealet forandres. Ja, kanskje det. Eller man kan gjøre som Ingunn Yssen og Marie Simonsen foreslo i bok ”Bråk” – unngå å få barn. Det er det letteste, kanskje.

 Det er kvinner som er gravide og føder, dersom de velger å få barn da. Menn blir fedre. Begge deler er verdifullt. I stedet for å hele tiden diskutere hven som skal betale prisen, for det å få barn betyr forsakelse i forhold til CV, burde man fokusere på at foreldreerfaring er en ressurs, ikke bare for den enkelte person og familie, men for samfunnet som helhet. Det representere et brudd på den rene individfokuserte livsnytelse og selvrealisering, og en forståelse, forhåpentligvis, av hva det vil si å være en del av et kollektiv og ha ansvar for fremtiden. Man trenger selvfølgelig ikkje bli forelder for å dedikere seg til slike verdier, men det hjelper, for mange.

Ideen om CV-bygging, egen lønnsvekst og ikkje minst forbruksvekst, som overordnet verdi, på bekostning av verdier som fellesskap og ansvar, er ikke bærekraftig. Ikke for den enkelte familie og ikke for verden rundt oss.

Yrkeslivet er i dag mye preget av ”whats in it for me?” Men er det slik vi vil ha verden? Og er det verdier som gagner den verdiskapende sektor? Hva med plikter, ansvar og opplevelsen av å høre til et fellesskap? Hvorfor framstår omsorgsyrkene, håndtverkene og produksjonsjobbene som traurig? Mens akademisk rapportskrivning eller kreative kunststsysseler, begge deler i kommunikasjon med en liten, utvalgt gruppe med høy status, er noe av det høyeste oppnålige innenfor yrkeslivets hieraki?

Jeg sukker over middelklassens jammer. For mange er foreldrerollen møte med noe større, noe som skinner i evighetens perspektiv, og det er en arena der kroner og individualisme ikke er avgjørende. Det avgjørende er viljen til å ta del i og ansvar for et annets menneskes liv, for alltid. En investering for livet. Å binde seg til slike verdier bør vel være en ressurs for enhver CV?

 

Åsta Årøen

leder av Norges Venstrekvinnelag

Gå til innlegget

Retten til ein verdig død.

Publisert rundt 8 år siden

"Samfunnet treng meir debatt om døden, ikkje berre ideologisk duellering. Livet er praksis, ikkje teori." Innlegget er skrive av Åsta Årøen, som er leiar av Norges Venstrekvinnelag.

I fjor sommar var ferielektyren min den nederlandske boka "Kvinne går til lege, mann går på byen". Den handla om utfordringane eit nederlandsk middelklassepar fekk då kona vart sjuk og døyande av brystkreft. Den sjuke valde på slutten aktiv dødshjelp.

Den utløysande årsaka var at hovudpersonen mista kontrollen på blærefunksjonen. Eg synest boka skildrar godt ein situasjon vi alle er redde for, det å ha smerter, miste kontrollen, frykt for døden og dødsprosessen og ikkje minst, det å vere avhengige av andre. Det er mykje som er skjørt i ein slik situasjon. Mange døyande og deira pårørande opplever at døden er eit tema som er svært underkommunisert, og mange helsepersonell, kanskje ikkje minst legane i spesialisthelsetenesta, unngår eller prøver å skyve dette ifrå seg. I møte med eigen og andre si hjelpeløyse er det mange av oss som kjenner ubehag, det å vike unna er ein menneskeleg reaksjon.

Rett til aktiv dødshjelp blir frå tid til tid lansert som løysing på nokre av problemstillingane, no frå leiar Sveinung Rotevatn i Unge Venstre i duell i Vårt Land og på verdidebatt.nomed KrFs Erik Lunde. Debatt er bra, men tyder ikkje at vi klarar å nærme oss det mest grunnleggjande: Retten til ein verdig død. Heller ikkje motstandarar av aktiv dødshjelp snakkar mykje om dette når pengane skal løyvast. Vi let som om døden ikkje finst, og vi vil snakke så lite som råd om den. Samfunnet treng meir debatt om døden, ikkje berre ideologisk duellering. Livet er praksis, ikkje teori.

Aktiv dødshjelp (eventuelt assistert sjølvmord,) inneber i praksis ein rett for legar til å hjelpe ein pasient til å avslutte livet, til dømes ved at legen skriv ut medikament med formål å gje pasienten høve til å avslutte sjølv på ein kontrollert måte, eller ved at legen foretar injeksjon, der målet er døden i løpet av kort tid. Statar som tillet ein slik praksis, brukar ofte å krevje at pasienten må vere hjelpelaus, ha store smerter eller vere døyande. Som regel blir det stilt opp ein viss kontroll av om dette verkeleg er pasienten sitt ønskje. Å innføre rett til aktiv dødshjelp vil medføre ein ny rettstilstand i Norge, sjølv om vi veit om tilfeller der aktiv dødshjelp har skjedd i praksis, (for eksempel legane Husebø og Sandsdalen). Kor mange pasientar som i dag får slik bistand, i det skjulte, er det ingen som veit, det er lite kunnskap og forskning om dette, og dermed har vi heller ikkje kontroll på den skjulte praksisen heller.

Aktiv dødshjelp er reint prinsipielt noko anna enn situasjonar der pasienten vel å avstå frå å få livsforlengande behandling eller vel å ta sitt eige liv, utan assistanse. Men slike situasjonar kan bli opplevde som vanskelege for helsepersonell og pårørande, sjå til dømes situasjonen på Sjukehuset Sørlandet. Ei palestinsk kvinner har formulert eit dødsønskje, og ho har gjennomført ein langvarig sveltestreik. Rettstilstanden er derimot klar: Medisinsk behandling krev samtykke, noko anna vil svekkje verdiar som pasienten sin tillit til helsevesenet og ytringsfridom.

Ut frå ein liberal tankegang er tiltak som i størst mogeleg grad sikrar enkeltmennesket sin autonomi, ønskjeleg. Spørsmålet er om det blir resultatet dersom ein endrar lovgjevinga. Eg trur ikkje aktiv dødshjelp vil betre situasjonen og autonomien til den enkelte døyande i særleg grad, kanskje tvert om. Samtidig er det å vere motstandar av aktiv dødshjelp ikkje det samme som å kjempe for den enkelte sin rett til ein verdig død. Korleis vi handterar enkeltmennesket sin terminalfase, er kanskje ikkje ei politisk vinnarsak, men det er eit viktig verdivalg som viser korleis vi står som samfunn. Det krevest at vi løftar blikket oppfrå det snevre diagnostiske paradigmet, og kjempar for enkeltmennesket sin verdi og autonomi. Og kanskje må vi omprioritere helsemidlar, til dømes frå stadig meir screening til nærvær og omsorg.

Korleis enkeltmennesket blir møtt når det skal døy, varierer sterkt. Ofte sviktar det på både med omsyn til omsorgsbehov, autonomi for pasienten og nærvær av eksistensielle spørsmål mellom pasient og behandlar. Samhandlingsreforma var tenkt å ta oss litt på veg, ved leggje til rette for meir lokal omsorg. Vi har diverre i media sett tilfelle der døyande blir kasteballar mellom nivå, i strid med eigne ønskje. Dette skaper utryggheit.

Uansett om vi vel ta vare på dagens lovregulering eller går for liberalisering, vil ein del menneske vil stå i fare for å oppleve tap av autonomi når døden nærmar seg. Dette kan vi gjere noko med. Vi må flytte debatten om korleis den enkelte skal får døy frå lovbok til praksisfeltet, og helst inn i både kommune politikk og finanspolitikk. God omsorg ved livets slutt har ein økonomisk pris. Debatten om aktiv dødshjelp har eit prisverdig mål, men blir fort eit sidespor for dei teoretisk interesserte, på systemnivå. Omsorg og nærvær i respekt og i tråd med pasienten sine ønskje betyr i praksis alt, til slutt. Då krevest det innsats i form av bevilgningar, forskning og ei satsing på omsorg ved livets slutt som opplevest verdifull for pasienten. Ekte liberalisme krev meir enn teori.

 FØRST PUBLISERT SOM DEBATTINNLEGG I VÅRT LAND 09.07.2012

Gå til innlegget

Vi ventar eit annleis barn

Publisert over 8 år siden

Det vesle barnet som vi ventar i august, er like elska som dei andre barna våre, men kanskje blir det eit litt annleis barn. Dersom det klarar seg...

(Biletet: Åsta Årøen saman med barna (f.) Audun (8), Arne (6) og Engel (3) Årøen-Østenstad. Ho og mannen ventar eit barn som kan ha eit avvik – for dei er det eit ønskjebarn, same kva som skjer. Foto: Silje Katrine Robinson, Bergens Tidende)

Ultralyd i veke 18 gav oss beskjeden; nakkeødem og hjartefeil, det ser ikkje så bra ut… kanskje eit syndrom. Så vanskeleg å førebu seg på, det var ord som endra livet.

Litt seinare er det ut i kvardagslivet igjen, forbi alle dei lukkelege foreldra som ventar på ultralydundersøking, framfor oss eit hav av uvisse … Vi valde å seie nei til meir utgreiing den dagen og dei neste dagane.

Vil ha barnet. Vi var heilt klare på at vi vil ha barnet vårt uansett. Vi ventar med resten av undersøkingane fordi vi vil vere kjenslemessig rolege i ein situasjon der vi kan bli spurt om vi ønskjer abort. Eit slikt spørsmål vil eg svare på med stødig stemme utan å falle i gråt.
Vi vil ikkje ha trøst og støtte, vi vil at helsevesenet skal forstå at dette gjer vi fordi vi meiner at det er det rette og ikkje minst at vi har rett til det. Aller mest ønskjer vi at vi på førehand kunne ha fått reservere oss mot abortspørsmål, fordi eg vil at vårt barn alltid skal kunne kjenne at ho er eit ønskebarn – ønskt av oss og av verda rundt. Dialog om abort passar dårleg inn då.

Vi skal ha fleire undersøkingar i april, ikkje for å fjerne barnet, men for å prøve å leggje til rette for ein trygg fødsel som kan gje barnet vårt ein så god start som råd.

Passar ikkje inn. No er vi av dei som kjenner den politiske debatten på kroppen, debatten om fosterdiagnostikk og sorteringssamfunn. Er den vesle jenta vi ventar i august, like velkommen som dei andre barna våre har vore? Kanskje ikkje. Ho slepp nok å bli innelåst på loft slik mange menneske med varig kognitiv svikt, vart før i tida. Men samstundes passar ho kanskje ikkje inn i eit samfunn som elskar dei reine og ranke, friske og ressurssterke, dei som klarar seg sjølv og som ikkje treng omfattande foreldreomsorg resten av livet.

Gravide blir utan vidare tilbydd fosterdiagnostikk ved fylte 38 år. Tidleg ultralyd, blodprøve, fostervassprøve ved mistanke om avvik. Kvifor? Ja, det er ein høgare risiko for kromosomfeil, men kvifor skal storsamfunnet bry seg? Eg valde dette alternativet vekk, eg er ikkje interessert i at staten skal leggje føringar i privatlivet mitt. Barna mine er ønskebarn. Uansett. Eg meiner også at samfunnet sender eit svært uheldig signal til gravide over 38 år om at graviditet i den alderen ikkje er heldig, og at det å finne kromosomfeil er viktig.

Sparar pengar. Slik eg ser det, har staten eit økonomisk incentiv i å hindre at barn med kromosomfeil  og andre avvik blir fødde. Først og fremst treng samfunnet dei  friske og normale, dei andre er gjerne først og fremst ei utgift. Det er i dag ikkje tilstrekkeleg vilje til å løyse bustadkøen for dei som treng hjelp til bustad, viljen til å gje hjelpetrengjande støttekontakt og høve til individuell livsførsel er svak i mange kommunar. Ikkje rart at dei som ber på eit barn med utviklingsavvik lurer på kva som vil møte dette barnet når det blir fødd.

Vi får dei politikarane vi fortener. Eg er også politikar, og eg har fått mykje å tenkje på. Eg har alltid meint at vi skal ikkje tvinge folk til  å få barn dei ikkje vil ha. Samtidig har eg meint at staten ikkje skal bestemme kva barn som er samfunnets ønskebarn og kva som er eit verdig liv. Men eg må vedgå at eg har gjort lite for å stoppe den statlege invasjonen overfor gravide. Det å setje folk på val dei ikkje er førebudde på, blir ufarleggjort og kalla fridom.

Ønskjebarn. Arbeidarpartiet ønskjer likebehandling av alle gravide, og peikar på at dei fleste ønskjer å vite mest så mykje som råd om risiko. Ja, vil dei det? Ultralyd ved veke 12 blir ikkje akkurat presentert som eit val som kan setje ein i eit livsendrande dilemma. Dei fleste blir nok tryggare, dei får vite at alt ser bra ut, og at Downs-barna sin nakkefald ikkje er å sjå. Motivasjonen for ultralyd ved veke 12 er for dei fleste at barnet dei ventar, er friskt og at barnet blir ønskt velkommen av samfunnet. Dei som ikkje får beskjed om at alt ser bra ut, kan fort bli konfrontert med helsevesenet og storsamfunnet sitt ønskje om at vi skal vere friske og normale.

Eg synest Marte Wexelsen Goksøyr er ein god ambassadør for at livet med funksjonshemmingar ikkje er så verst. Då ho konfronterte statsminister Jens Stoltenberg i Stortinget i februar i fjor, viste Stoltenberg liten refleksjon rundt verdigrunnlag og historikk.
Sjølv ventar vi i stor spenning på vårt ønskebarn.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Sårbar og synlig
av
Ragnhild Mestad
27 dager siden / 2914 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
rundt 1 måned siden / 1427 visninger
Behov for et blikk i speilet?
av
Shoaib Sultan
15 dager siden / 1120 visninger
Drømmen om tempelet
av
Joav Melchior
29 dager siden / 630 visninger
Minner fra en sommerkirke
av
Anita Reitan
9 dager siden / 611 visninger
Full krise i Mali
av
Hilde Frafjord Johnson
14 dager siden / 586 visninger
Brokete Brasil
av
Hildegunn Marie Tønnessen Seip
6 dager siden / 469 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere