Sylfest Lomheim

Alder: 0
  RSS

Om Sylfest

Følgere

Å påstå at eg ikkje respekterer ‘elementære forskningsetiske retningslinjer’, er hårreisande.

‘Nylig sprakk saken om Lomheims diskreditering av min forskning’, skriv Thomassen 11. juli. Meir korrekt uttrykt: Thomassen har regissert eit personangrep – i papiraviser og, ikkje minst, på (u)sosiale medium. Der eg aldri skriv eitt einaste ord. Heldigvis gir Vårt Land meg høve til å rydda.

Eitt spørsmål er om eg har ein kjønnsdimensjon (!?) i min siteringspraksis, ettersom eg i språkspalta i Klassekampen 26. juni (om bønespråk) trekte fram boka Når dere ber, Verbum, 2013, utan å nemna forfattarnamn. Eg kunne godt ha skrive Merete Thomassen, men då måtte eg òg ha skrive Sylfest Lomheim. Sidan eg mislikar å marknadsføra meg med namns nemning når eg sjølv er forfattar, måtte altså Merete Thomassen i dette tilfellet tola litt mindre merksemd enn elles. Det andre alternativet finst; her har eg gjort greie for bakgrunnen for valet. Eg vil òg minna om at spalta er avistekst, ikkje forskingsartikkel.

Nok om det; lat dét gå.

Alvorleg ordval

Langt verre er det når debatten stadig krinsar om at eg i spalta ikkje har kreditert Thomassens forskingsresultat. Ordet stela har dukka opp. Det er alvorleg. For faktum er at ALLE drøftingsmomenta i spalta om bønespråk er å finna att i MITT analysekapittel i Når dere ber. (Det kapitlet er på bortimot førti sider; ikkje lite i ei bok med 184 sider tekst. Verbum skreiv då òg i sin baksidetekst at boka gir ‘en bred analyse av bønnespråket’.)

I analysekapitlet er ordval og rytme drøfta på side 146 og framover, overforbruket av ‘alle de som ...’ og ‘alt det som ...’ er omtalt på side 151 og 157, NTB-språket som eit tenleg mønster for bønespråk er behandla på side 162, kor viktig det er å unngå moteord, men velja slitesterke og enkle ord, står det om på side 164, osv. Kven som helst kan kontrollera dette.

Hårreisande lesnad

Likevel påstår Thomassen at eg ikkje respekterer ‘elementære forskningsetiske retningslinjer’. Slikt er hårreisande å lesa i og med at eg omtaler eiga forsking. Og det er trist at ei seriøs avis som Vårt Land ikkje stiller kritiske spørsmål til dei løgnaktige skuldingane frå Thomassen. Såvidt eg høyrer, er det eín person på Facebook som tillet seg å vera skeptisk til påstandane der. Høgprofilerte menn tek visst derimot alt som vert påstått, for god fisk. Skuffande. (Men gledeleg for Thomassen.) Det er den lettaste sak av verda å dokumentera, slik eg nettopp gjorde ovanfor, kva som er det innhaldsmessige grunnlaget for språkspalta mi.

Fariseisk nivå

Eg skal ikkje dømma om dette er noko for PFU (Pressens faglige utval). Men sikkert er det at den blinde viljen til å sverta meg som fagperson er på fariseisk nivå. Minst. Og alle veit kva rabbien frå Nasaret sa om slikt.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Glansbilder av Sjømannskirken?
av
Arnfinn Eng
22 dager siden / 1828 visninger
Servietter og skam
av
Merete Thomassen
14 dager siden / 1589 visninger
Tenåringstrass i regjeringen
av
Usman Rana
22 dager siden / 1566 visninger
Idiotforklarer kristen høyreside
av
Espen Ottosen
21 dager siden / 1497 visninger
Ord som truer vår religionsfrihet
av
Trond Bakkevig
13 dager siden / 1395 visninger
En samfunnsskapende kraft
av
Berit Hustad Nilsen
15 dager siden / 1343 visninger
Hva skjer Hanvold?
av
Bendik Storøy Hermansen
11 dager siden / 1257 visninger
Stolthet er undervurdert
av
Magne Nylenna
26 dager siden / 1164 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere