Steinar Høgelid Eraker

Alder: 63
  RSS

Om Steinar

fredsaktivist i "Stopp NATO".

Følgere

FOLK BLIR LURT.

Publisert rundt 2 måneder siden - 291 visninger

VARDØRADAREN OG ANTENNENE VED EGGEMOEN PÅ HØNEFOSS, TO SIDER AV SAME SAK. I skogen ved Hønefoss har e-tenesta bygd opp ein av verdas mest avanserte lyttepostar. Denne meldinga kunne vi lese på NRK sine nettsider 1 mars.

 

Her samlar dei inn data frå telefonsamtalar og sosiale media. Overvakinga er offisielt retta inn mot norske borgarar som samarbeider med utanlandske terroristar.  Definisjon på kven som er terroristar og kva land det gjeld blir ikkje gitt.

Det som derimot er meir sikkert er at dette kan vere i strid med norsk lov fordi det og innvolverer vanlege norske borgarar.

Så er spørsmålet. Går desse opplysningane vidare til USA og andre NATO land?

Norske politikkarar forsikrar som vanleg at alt er i den beste orden og at ingenting ulovleg går føre seg.  Dette er ord vi har høyrt før og vi trur ikkje heilt på dei.

Kvifor har USA ved etterretningsorganisasjonen NSA, støtta bygginga med fleire titals millionar kroner?

Kvifor har stasjonene fått kallenamn, Victory Garden, i NSA sitt system?

Kva blir opplysningane brukt til?

Mange spørsmål, men få svar.

 

VARDØRADAREN.

Dette ligg an til å bli ei ny skandale der vi blir ført bak lyset. Frå før har vi saka om Globus 2 radaren i Vardø i friskt minne. Her måtte det ein modig journalist, Bård Wormdal, på banen med fleire bøker før vi fekk sanninga på bordet.

Avsløringane her gav skeptikarane rett. Vi kan nå med stor sikkerheit hevde  at denne er eit CIA prosjekt som har som formål å spionere på Russland og inngår i det amerikanske rakettforsvaret.

For Globus 2 blei det inngått ei avtale med USA om at denne skulle overvake satelittar i samarbeid med amerikansk etterretning.  Globus 2 blei bygd 1999 og er utvikla i USA. Dette skjedde utan debatt i norsk opinion.

Nå er ein ny radar under bygging. Globus 3 skal stå ferdig i 2020.  Folk i Vardø føler seg lurt og det er vel grunn til å tru at dei blir det.  Det ville vere underleg å tru at den nye radaren skal ha ein annan funksjon enn den eksisterande.  Å hevde det er meiningslaust.

Og alle forsvarsministrane dei siste 15 åra har kappast om å forsikre oss at anlegget ikkje er ein del av det amerikanske rakett skjoldet.

Men ei løgn blir ikkje sann dersom man fortel den ofte nok.

Den tidlegare statssekretæren i Pentagon, Phillip Coyle (1), seier at radaren i Vardø si fremste oppgåve er å følgje kinesiske og russiske rakettar si ferd over Nordpolen.

Det viser seg at amerikanske kjelder er langt meir opne enn dei norske.  I dei amerikanske budsjetta kan vi følge aktiviteten til Globus 2 frå år til år.

I Norge er aldri Vardø radaren blitt underlagt offentleg diskusjon og søkelys.  Dette skjedde heller ikkje då vi fekk den store omlegginga av forsvaret.

I Finnmark har det vore radar og lyttepostar sida 1960 - talet.  Dette er tiltak som har vore verksett utan debatt og innblanding av norske styresmakter.

ANTENNENE VED EGGEMOEN.

Dette må ikkje få lov til å skje med antennene ved Eggemoen. Heldigvis har vi fått så mange opplysningar på bordet at det er grunnlag for å legge press på politikarane og dei hemmelege tenestene.

Nå har vi to etterretnings skandaler på bordet. Likevel går våre styresmakter rundt og forsikrar oss om at alt er innafor lovverket og at vi må ha tillit til dei hemmelege tenestene. Det er det absolutt ingen grunn til.

Kvifor skal vi ha tillit til ei teneste som nektar oss sanninga?

Kvifor seier dei offisielt at dette ikkje er overvaking av norske borgarar når avsløringane viser det stikk motsatte?

Frå historia veit vi at det hemmelege Norge har eit anstrengt forhold til sanninga. Det viser rapporten frå Lundkommisjonen. Den blei lagt fram i 1996 og viste ei omfattande overvaking av norske borgarar  heilt tilbake til 1945.

Dette stikk i strid med det som det offisielle Norge hadde hevda.  Og det som kom på bordet i 1996 var den ULOVLEGE overvakinga.

Under overflata og skjult i mørket var framleis den LOVLEGE overvakinga.

Kor omfattande var den?

SAMARBEID MED USA,  IKKJE NOKO NYTT.

At den amerikanske tenesta, NSA, samarbeider med stasjonen på Eggemoen bør heller ikkje kome som ei overrasking.

I 2010 kunne Dagsavisen avsløre at den amerikanske etterretningseininga,  Surveillance Detection Unit, dreiv systematisk overvaking av norske borgarar.  Fleire medlemar av gruppa jobba og for norsk politi og forsvar.

Vi kan slå fast at etterretning og overvaking ikkje er noko som høyrer fortida til, men finn stad her og nå.

Den norske regjeringa er lydig partnar i NATO og underdanig på parti med USA.

Nå blir opprustninga mot Russland og kampen mot terror brukt for alt det er verdt for å skjerpe overvakinga, ikkje berre i utlandet, men og i Norge. Det er høgst sannsynleg at kritiske nordmenn, innvandrar og muslimar blir haldne nøye under oppsyn.

Eit  overgrep?

Javisst er det eit statleg overgrep mot oss alle.

 

(1). Phillip Coyle seier dette til nrk.no 11 oktober 2005.

Gå til innlegget

ER NATO DØENDE?

Publisert 3 måneder siden - 157 visninger

ATOMVÅPEN, DEN VERSTE FORM FOR TERRORISME. Klokkene i Hiroshima stansa på litt over 8 den 6 august 1945. Livet gjorde det same og for menneskeslekta blei det eit skilje. Før og etter.

 

Eit fly hadde kome inn over byen i ei høgd av 25000 og slept ei bombe.  Men ikkje ei slik som folk hadde blitt så vane med dei siste fem åra.

Denne eldkula var enorm og kunne ha blitt sett frå ein annan planet dersom det hadde vore vitne der.

Temperaturen kom eit augeblikk opp i over 7000 grader celsius og menneske brann levande opp i ein radius på 4 kilometer frå nullpunktet.

140000 menneske dør momentant og seinskadar fører talet på offer opp i 250000.

Dette var ei atombombe, verdas første.  Slept av amerikanarane for å teste ny teknologi, vise styrke og audmjuke ein allereie slagen fiende.

Seinare blei dette gjenteke over Nagasaki og dermed var standard sett.

                                                                       Hausten 2017 fekk den internasjonale kampanjen  for forbod mot atomvåpen (ICAN) sin fredspris. Vi stiller oss i gratulantane sine rekker. For ein gongs skuld gjekk prisen til ein organisasjon som vil ha nedrustning i verda.

Dei har i ei årrekke jobba mot atomvåpen og arbeidet blei krona med siger i juni i 2017 då FN vedtok ei avtale om å forby desse våpna. 122 land slutta seg til og dersom 50 land ratifiserer blir den bindande internasjonal rett.

Kjernefysisk krig er eit av dei store trugsmåla mot menneskeslekta og dei aller fleste land har innsett alvoret.

Overlevande frå Hiroshima og Nagasaki har vore frontfigurar for ICAN i dette viktige arbeidet.

NATO SI ROLLE.

Norge har ikkje delteke i prosessen mot atomvåpen.  NATO står i vegen.

På nyåret 2015 blei norske styresmakter kontakta av den amerikanske ambassaden.  Meldinga var klar.  Norsk deltaking i arbeidet mot atomvåpen er i strid med NATO medlemskapen.

Etter det har norske styresmakter tala med to tunger. På den eine sida ynskjer vi å framstå som  freds nasjon. På den andre  støttar vi NATO sin atomvåpenstrategi. Som det lydige medlem vi er vil vi ikkje inngå nokon avtale som vil svekke NATO.

Og det betyr å støtte førstebruk av atomvåpen. Resultatet kan bli eit kjernefysisk ragnarok som ingen vil overleve.

Det er stormaktene som sit på dei store arsenal av kjernefysiske stridsmidlar og då først og fremst USA og NATO.

Alliansen blei danna kort tid etter andre verdskrig for å kunne blokkere for ein russisk invasjon i Vest Europa.  Dette skjedde ikkje.

Då Sovjet blei oppløyst i 1990 følde NATO ikkje etter.  I staden fikk vi den nye "out of area" strategien og alliansen blei innblanda i sin første krig.  Det var på Balkan i 1999.

ER NATO DØENDE?

Trass i sin militære styrke så ligg det ei intern krise latent innafor samarbeidet.

Eit moment er at NATO er eit verktøy for USA og ikkje minst avhengig av deira leiarskap.

Når så USA fekk ein administrasjon som viste mindre interesse måtte andre og meir inkompetente ta ansvar.  Ville NATO nå gje seg ut på nye krigseventyr?

Den nye franske presidenten, Macron, kom så på banen med eit pro-amerikansk bodskap.  Men han kom fort ned på jorda.

Forholdet til Russland blei normalisert gjennom besøk i Moskva og Frankrike ville ikkje gje sin tilslutning til USA sine nye sanksjonar mot Russland og Iran.

Så kom meldinga. "Assad kan bli".

Tyskland fjerna seg frå USA på G20 møtet i Hamburg i mai 2017.

Dei europeiske leiarane rir heilt tydeleg to hestar.  Den andre er på sikt å danne ein EU hær som kan erstatte NATO.

Med andre ord så kan Europa bli ein upåliteleg alliert for framtidige amerikanske krigseventyr. Eit scenario då er at USA knytter seg tettare til sine allierte i Midt Austen,  Israel og Saudi Arabia. Kanskje får vi ein meir privatisert amerikansk hær basert på leigesoldatar.

Norge er på sidelinja i denne utviklinga. I staden er vi lojale overfor USA. Det er og den viktigaste grunnen til at vi ikkje har delteke i arbeidet med forbod mot atomvåpen.  Og vårt forsvar rettar seg meir og meir inn på å vere ein del av NATO sine operasjonar i andre land.

Difor er tida nå overmoden for å sette søkelyset på norske styresmakter si rolle. Vi støttar førstebruk av atomvåpen.

Alle veit kva som skjedde i morgentimane i august 1945.  Den gongen var det to japanske byar  som var målet.  Men det kan skje igjen på andre av verda sine scener. 

Risikoen for det er større idag enn nokon gong.

Fleire atommakter har entra arenaen og talet på kjernefysiske bomber har passert 25000.

Difor må vi ikkje sove lenger.....

 

Gå til innlegget

AMERIKANSK BASE I INDRE TROMS.

Publisert 6 måneder siden - 133 visninger

Avisa "Fremover" kunne 5 oktober melde at US Marines skal få fast base på Setermoen i Indre Troms. Forsvaret ser på løysingar for å kunne ta imot 400 amerikanske soldatar på permanent basis.Dersom alt går etter planen vil soldatane vere på plass i 2018.

Same opplegget for Setermoen som for US Marine sin base på Værnes.  Og at amerikanarane ser på dette som meir enn ei vanleg øving blir bekrefta ved det faktum at US Marines sende sin øverste sjef, Robert Neller, for å delta i befaringa av lokalitetane.

STORTINGET IKKJE INFORMERT.

Heller ikkje denne gongen er Stortinget informert om planane.  Og nok ein gong køyrer regjering og Forsvaret eit sololøp.  Dei skjuler seg bak påstanden om at dette ikkje er ein permanent base, men at soldatane skal rulere i ei rotasjonsordning.

Men bruken av rotasjon er omskriving av realitetane. Forsvaret kallar det "rotasjonsbetinga trening", men i røynda er  det ein permanent base.

Amerikanske styresmakter er meir opne om realitetane. Den amerikanske nettstaden, Miltary.com, skriv om Norge i si utgåve 11 mai iår.   Her kjem det fram at US Marines vil lege sin europeiske hovedbase til Norge.  Og dei intervjuar sjefen for Heimeverndistrikt 12, Haakon  Waroe.  Han legg ikkje skjul på noko:  "I would like to see US being able to continue what we already established".

Og Klassekampen siterer Marine Corp Gazette på at "Norge er slagmarken i en potensiell fremtidig konflikt med Russland"  

Vi kan trygt slå fast at med 330 US Marines på Værnes og 400 i Indre Troms er dei oppe i ein styrke som kan måle seg med det US Marines har i resten av Europa.  Og utan diskusjon er Norge plutseleg eit krigsmål i ein heilt annan skala enn det vi  har vore  tidlegare.  Og ikkje minst har amerikanske militære styresmakter oppnådd det uttalte mål om base i Norge.

Alt dette medan politikkarane går seg vill i ord og begrep og viser liten vilje til å diskutere tryggingspolitikk og militære spørsmål.

BASEERKLÆRINGA.

Og medan debatten om forsvarspolitikken stort sett dreiar seg distrikt og lokalisering så vil vi ta fram baseerklæringa frå 1949.  Vi vil blåse støv av følgande setning.  Vi skal  "ikke tiltre noen overenskomst med andre stater som inneberer forpliktelser for Norge til å åpne baser for fremmede makters stridskrefter på norsk territorium så lenge Norge ikke er angrepet eller utsatt for trusler om angrep".

Dette var klar tale som blei gjort kjent for amerikanske styresmakter i brevs form og var offisiell norsk politikk gjennom heile den kalde krigen. 

No er vi på vei inn i ein ny kald krig. Vi ser det i Europa og vi ser det i Norden.  NATO rustar kraftig opp og stormaktene står nærare kvarandre no enn tidlegare.  I Norden har alliansen flytta sine interessesfærer lenger austover og nordover.  Dei har intensivert samarbeidet med dei alliansefrie landa, Sverige og Finland.  

Når stormaktene kjem nærare kvarandre blir varslingstida ved konflikt kortare.  Difor er faren for ein atomkrig ved uhell større enn under den kalde krigen.

Det er liten tvil om at basen på Setermoen vil vere ein del av den auka opprustninga i Norden.  Norge er som medlem av alliansen medansvarleg for dette. Faren for krig aukar proposjonalt med opprustning.  Det er sannsynleg at ein krig i Europa vil bety bruk av atomvåpen og at eit opprusta Norden blir eit attraktivt bombemål.  Kvar krone brukt på militæret er med på å skape grunnlag for fortvilelse, død og øydelegging både heime og ute.  Har vi moralsk rett til det?

At kvar krone brukt på fredsarbeid og velferd skapar positiv samfunnsutvikling er det liten tvil om.

Fredsorganisasjonane har eit særskilt ansvar for å sette seg saman. Med fokus på den bredda og mulegheitene som finnes bør det kunne meislast ut ei brei folkerørsle mot krigspolitikk og opprustning.

Gå til innlegget

OPPRUSTNING I NORDEN.

Publisert 8 måneder siden - 215 visninger

Norden er ikkje lenger den fredsæle regionen i ei konfliktfylt verd. Vårt medlemskap i NATO har ført til store endringar i forsvarspolitikken som både uroar og provoserer Russland.

 

Utviklinga i dei andre nordiske landa går i same leia og den er med på å forsterke utviklinga. Vi kan ikkje lenger snakke om og uttale Norge som fredsnasjon.  Det er nettavisa "Strategic Culture Foundation" som slår dette fast i si utgåve 31 juli iår.

NORGE,   NY LINE I FORSVARSPOLITIKKEN.

Det er grunn til å trekke fram fleire forhold. I januar iår blei 300 amerikanske soldatar plassert på Værnes ved Trondheim.  Planen er at desse skal vere der permanent og dermed er vår basepolitikk, som har lege fast sidan 1949, blitt undegravd.

Den slår fast at det ikkje skal vere utanlandske basar på norsk jord så lenge Norge ikkje er utsett for trugsmål om eit militært åtak.   I juni blei denne styrken utvida og dermed er Værnes blitt ein viktig base for US Marines.

Ørlandet flystasjon i Trøndelag blir utvida og skal vere base for dei nye F 35 kampflya.  Norge har avtale om kjøp av 56 slike. Det er viktig å påpeike at desse flya ikkje er å rekne for eit defensiv, men eit offensivt våpen som kan bere kjernefysiske våpen. I tillegg har dei rekkevidde til å kunne operere langt inne på russisk område.

Det å gje opplæring til pilotar som skal føre desse flya vil dermed kunne kome i konflikt med "Non Proliferation Treaty (NPT), den såkalla ikkje-spredningsavtala av atomvåpen frå 1968.

Artikkel 1 forbyr overføring av atomvåpen frå atomstatar til andre statar.   Og statar som ikkje sjølv har atomvåpen skal forplikte seg til ikkje å motta slike våpen.

Avtala er godkjent og ratifisert av Norge.  Men kan Russland føle seg trygg på at flya våre ikkje vil føre atomvåpen ved ei konflikt?

Valet av Ørlandet som ny flybase var neppe tilfeldig utifrå distriktshensyn. Her er nok reine militære hensyn lagt til grunn. Basen ligg i nærleiken av Værnes der dei amerikanske soldatane er plassert og i sikker avstand frå Russland.

I mai iår inngjekk både Værnes og Ørlandet i den store øvinga "Artic Challenge Exercise 2017".  Her var det med 100 fly frå 12 land og for første gong var det nye og toppmoderne strategiske amerikanske bombeflyet B 52H med i øvinga.

Vi kan og nemne at Norge skal bidra til USA og NATO sitt rakettforsvar. Ein viktig del her er den nye og topp hemmelege Globus 3 radaren i Vardø. som nå er under bygging.

Den skal stå klar i 2020 og vil i følge ekspertar kunne skille rakettar med kjernefysiske stridshovud frå såkalla dummies.

ER SVERIGE FRAMLEIS EIR NØYTRALT LAND?

Sverige er eit av landa i Norden som har styrka militærapparatet kraftig. Mellom anna skal dei gjeninnføre allmenn verneplikt i 2018.  Den blei avvikla i 2010. 

No i september blir det gjennomført ei gigantisk militærøving i regi av NATO. Den har fått namnet Aurora og blitt gjort mogeleg gjennom den såkalla vertslandsavtala som Sverige inngjekk med NATO i 2016.  Denne avtala må sjåast i lys av den generelle opprustninga vi ser i Norden.

Aurora blir ei stor øving konsentrert i Mælardalen, Gøteborg, Stockholm og på Gotland. Deltakarar er soldatar frå USA, Sverige, Finland, Norge, Frankrike, Danmark, Estland og Litauen. Så å hevde at dette er ei rein svensk militærøving er å føre folk bak lyset.  det positive er at det blir organisert protestar mot øvinga og at norske fredsorganisasjonar har gått saman om å mobilisere til desse protestane i Gøteborg 15 - 17 september.

FINLAND INN I DET GODE SELSKAP.

Inn i rekka av auka militæraktivitet  må vi og nemne at Finland i  juni 2016 deltok i ei marine øving i regi av NATO i Austersjøen.  Dette var fyrste gong at NATO øvde på finsk territorium og dermed var ei ny grense flytta.  Dette provoserte sjølvsagt Russland som leverte ein skarp protest.

Summen av den opprustninga vi ser i Norden er at NATO flytter grenser austover og nordover  steg for steg.  Dette vil langsomt men sikkert føre oss inn i ein ny kald krig.

Og endå verre.  Det kan føre Vesten inn i ein militær konfrontasjon med Russland.  Det vil høgst sannleg bety ein kjernefysisk krig med eit utfall for menneskeslekta som ingen kan forestille seg. Har vi moralsk rett til det? Kvifor er det så stille om forsvars og sikkerheitsspørsmål i valkampen?    NATO har forandar seg og det må vi kunne sette på dagsorden.

 

Gå til innlegget

VI MÅ IKKJE GLØYME.

Publisert 9 måneder siden - 198 visninger

Den 6. og 9. august 1945 slapp amerikanske bombefly atombomber over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki.Dette tok livet av 120000 menneske på få minutt og dobbelt så mange som følge av stråling og radioaktivt støv over tid.

 

                                                               Desse bombetokta må vi kunne hevde var eit brot på humanismen. Sjølv om dei sette strek for andre verdskrig var det starten på våpenkappløpet mellom aust og vest, der atomvåpen var ein stor del av arsenalet.

Idag har både NATO og Russland ein militærdoktrine som betyr første bruk av kjernefysiske våpen.

GLEDELEG VENDEPUNKT.

Det kom eit gledeleg vendepunkt 28 oktober ifjor. Då vedtok FN si hovedforsamling å innkalle til forhandlingar om forbod mot atomvåpen. Dette kom som resultat av at verda hadde levd med frykt for atomkrig sidan 1945. Og at supermaktene sitt arsenal av desse våpna kan utrydde verda fleire hundre gonger.

FN-forhandlingane har foregått i ein positiv tone og førte fram til ei avtale i juli iår.  122 land røysta for eit forbod.

NATO OG NORGE BOIKOTTA FORHANDLINGANE.

                                                            NATO boikotta forhandlingane i FN og Norge fekk i mars beskjed om at dersom vi slutta oss til ville det vere i strid med NATO-medlemskapet.  Dette førte til at heller ikkje vi støtta eit forbod.

Dette er ei skam. Vi må jobbe for at Norge sluttar seg til og ratifiserer avtala. Når 50 land har ratifisert blir den gjeldande folkerett.

Frå før veit vi at eit forbod mot våpen fungerer. Vi har internasjonalt forbod mot landminer og klasevåpen og resultatet er at færre land har desse i sine lager.

LØFT KAMPEN MOT ATOMVÅPEN.

Sjølv om politikkarane seier at atomvåpen aldri må bli brukt, så er det liten offentleg merksemd mot atomtrugsmålet.  Når vi snakkar om det så er det den faren som "ulydige statar" og terroristar utgjer.

Det er på høg tid å løfte kampen for forbod mot atomvåpen opp på eit høgare nivå. Då må søkelyset settast på Norges tvilsomme rolle og ikkje minst på NATO og Russland sine miltærmaskiner og krigssenario.  Og ikkje minst så må vi ikkje gløyme Hiroshima og Nagasaki.  

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Tore Olsen kommenterte på
Ser du ulven?
1 minutt siden / 7961 visninger
Runar Foss Sjåstad kommenterte på
Ser du ulven?
3 minutter siden / 7961 visninger
Anne Elisabeth Skogøy Fjellstad kommenterte på
Ser du ulven?
6 minutter siden / 7961 visninger
Anne Elisabeth Skogøy Fjellstad kommenterte på
Fordekt rasisme
16 minutter siden / 347 visninger
Runar Foss Sjåstad kommenterte på
Ser du ulven?
21 minutter siden / 7961 visninger
Runar Foss Sjåstad kommenterte på
Ser du ulven?
27 minutter siden / 7961 visninger
Runar Foss Sjåstad kommenterte på
Ser du ulven?
36 minutter siden / 7961 visninger
Tore Danielsen kommenterte på
9. April vil aldri skje igjen!
44 minutter siden / 482 visninger
Jostein Sandsmark kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 1 time siden / 7961 visninger
Jostein Sandsmark kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 1 time siden / 7961 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 1 time siden / 7961 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 1 time siden / 7961 visninger
Les flere