Svein Helgesen

Alder: 71
  RSS

Om Svein

Seniorrådgjevar som driv mest med prosjektbasert utviklingsarbeid på oppdrag frå kommunar og andre instansar. Hovudområde: barnehage og skole, organisasjons- og leiarutvikling. Samfunnsengasjert, tidlegare politisk aktiv i KrF både lokalt, regionalt og sentralt.

Følgere

Kor skal tyngdepunktet liggje?

Publisert nesten 6 år siden

Ca. 55% av veljarane har stemt for ein politikk til venstre for det blå og blåblå. Kva bør dette ha å seie for Erna, Siv, Knut Arild og Trine når dei skal prøve å hamre ut ein politisk plattform for fire nye år?

Veljarane har sagt sitt, og ballen er spela tilbake til politikarane. Det store demokratiske oppdraget er no å finne politiske løysingar som i hovudsak samsvarar med det folk ønskjer.

Det mest sikre vi kan seie om resultatet, er at eit klart fleirtal har stemt for ny regjering. Dei fire partia som har gått til val med eit klart løfte om skifte, har fått støtte frå opp mot 55% av veljarane. Derfor er det tid for Erna – anten vi likar det eller ikkje.

Om politisk retning og tyngdepunkt er signala derimot langt mindre eintydige. Tolkinga avheng av kva slags briller vi har på, kva slags perspektiv vi ønskjer å ha. Vi kan velje å ha fokus på at blå og blåblå politikk aldri har hatt så mange veljarar bak seg: 43-44%. Men det er samtidig grunn til å minne om at eit klart fleirtal, opp mot 55%, har stemt for ein politikk som på høgre-venstre-skalaen ligg ein plass frå sentrum til ytre venstre.

Opposisjonspartia har dei siste åra vore kjempefrustrerte for at det rødgrøne fleirtalet ikkje har vist respekt for eit stort mindretal på Stortinget. Kritikken har avgjort vore på sin plass. Den feilen bør  Erna for all del unngå. Ei regjering er ei regjering for alle, ikkje berre for halve folket.  

Med bakgrunn i at ca. 55% av veljarane har stemt for ein politikk til venstre for det blå og blåblå, er det nærliggjande å spørje: Kor bør det politiske tyngdepunktet liggje? Kanskje har KrF og Venstre betydeleg sterkare politiske kort på handa enn kva oppslutningstala isolert sett skulle tilseie? Også denne gongen har nemleg eit klart  fleirtal i folket sett foten ned og gitt tydeleg melding om at dei ikkje ønskjer å endre politisk hovudretning lenger enn til sentrum-høgre. Det er altså på ingen måte eit folkekrav å endre Norge radikalt, slik FrP signaliserer ønske om. Snarare tvert om.

Korleis handterer Erna, Siv, Knut Arild og Trine denne utfordringa?

Gå til innlegget

Sentrum mot sentrum

Publisert rundt 6 år siden

Er det ved å jakte kvarandre at sentrum skal samle styrke ved det komande valet?

Valkamp er snodige greier. For å hauste stemmer jaktar partia ofte på veljarar hos dei konkurrentane som står dei nærmast. Eit godt eksempel er krangelen mellom SP og KrF om alkoholpolitikk, starta av Magnhild Meltveit Kleppa og følgt opp av mange i KrF. Å få fram skillelinjene er viktig. Men det blir paradoksalt når dei to partia med minst liberalistisk politikk bruker mest energi på å angripe kvarandre. I denne jakta på sentrumsstemmer får både høgre- og venstresida vere i fred med sine meir eller mindre lunkne og liberale haldningar til eitt av dei mest sjukdomsskapande problema i samfunnet. Det største problemet i dagens politiske situasjon er at dei store partia får dominere og ikkje blir utfordra av eit kraftfullt sentrum. Korleis vil KrF, SP og V gjere noko med det? Er det ved å jakte kvarandre at sentrum skal samle ny styrke ved det komande valet? Forstå det den som kan. For min del trur eg i alle fall det er feilslått strategi.
Gå til innlegget

Jon Lilletuns valkamp-appell

Publisert rundt 7 år siden

No er det i sør kampen for velferd og utvikling står. Det er dette den komande stortingsvalgkampen burde handle om.

På seksårsdagen for Jon Lilletuns død blar eg i Eyvind Skeies spennande biografi om ein av vårt tids mest profilerte og folkekjære politikarar. Jon Lilletun var meir enn dei fleste i stand til å treffa folk flest heime - og hadde samtidig evne og vilje til å løfta blikket utover det trivielle og skilja mellom det vesentlege og det mindre vesentlege.

På denne dagen kan vi æra Jon Lilletuns minne gjennom å lytta og reflektera over noko av det han hadde på hjarta eitt års tid før den siste valkampen han fekk oppleva. Forfattaren Eyvind Skeie fortel det slik:

"Sammen med sine rådgivere arbeider han på en avisartikkel som han kaller "Den lengste valgkampen". Det er en kamp som strekker seg mye lenger enn til folks kjøpekraft i Norge. Den kampen står om rettferdighet for verdens fattige. Jon har reflektert mye rundt dette i det siste. Av en eller annen grunn har han begynt å se litt tilbake på livet, kanskje er det fordi han neste år skal fylle 60. Han har sett hvordan Norge har maktet å bygge seg opp etter krigen, med helse, utdanning og velferd for alle. Han har fått være en del av det også, i mye større grad enn han kunne ane da faren Lars og han satt hjemme i det lille huset på Humlebrekk, mens de leste aviser og diskuterte. "No er det i sør kampen for velferd og utvikling står", skriver Jon. "Det er dette den komande stortingsvalgkampen burde handle om."

Eyvind Skeie reflekterer rundt dette: "Tror han på dette når han skriver det? Neppe i 2005. Og sikkert ikke i 2009 heller. Det er derfor den valgkampen blir så lang. Sannsynligvis lengre enn hans politiske liv."

Eyvind Skeie fekk rett. Ein valkamp med dette fokuset har vi enno ikkje opplevd. På denne dagen, seks år etter at meldinga om Jon Lilletuns død berørte eit heilt folk, er det grunn for å stilla spørsmåla: Kan vi våga å håpa på at dette livsviktige spørsmålet kan koma høgre på vår politiske dagsorden i 2013? Eller vil det også i denne runden bli krangla mest om mindre vesentlege spørsmål i verda sitt rikaste land - og vera lite tid og tanke for tema som handlar om liv eller død for dei som til no knapt har fått smaka smular av det festbordet vi har dekka i vårt hjørne av verda?

Kanskje bør KrF si viktigaste sak fram mot september 2013 vera å følgja Jon Lilletuns appell for "den lengste valgkampen" - og utfordra på tvers av tradisjonelle blokkpolitiske skillelinjer til meir  radikal innsats og skikkeleg opprioritering av kampen for dei fattigaste av dei fattige? Kanskje er det slik KrF verkeleg kan vitalisera oppdraget sitt i norsk politikk og visa at partiet utgjer ein radikal forskjell, både i forhold til høgre- og venstresida?

Jon Lilletuns tankar for "den lengste valgkampen" vil nok ikkje gi kortsiktig gevinst i form av regjeringstaburettar. Slik sett vil oppskrifta vera dristig. Men den som vil vera sann mot det ein ser som rett, må alltid ha dristig mot. Mange etterlyser tydelegare signal om at det finst viktigare spørsmål å vera opptatt av enn dei som får mest plass i tradisjonell norsk valkamp. Utan at nokon verkeleg vågar å løfta desse spørsmåla høgt, vil vi kanskje alle døy før vi får oppleva det Lilletun ønskte å bidra til.

Vil det også i 2013 bli lite snakk om kampen for velferd og utvikling i sør - fordi altfor mange har altfor mange innvendingar, og fordi det finst så mange viktigare spørsmål å krangla om? Ein ting veit vi i alle fall: Mens graset gror i nord og vest, døyr fortsatt altfor mange barn, unge og vaksne framleis som fluer. Fordi vi som kunne ha gjort meir, ikkje gjer det.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gå til innlegget

Ein skal snakke sant!

Publisert nesten 8 år siden

Kampanjane ved dette kyrkjevalet snakkar ikkje sant om kva fleire av oss står for. Det svekkjer tilliten til heile det kyrkjelege demokratiet. Slik kan vi ikkje ha det i framtida, seier ein frustert og oppgitt Svein Helgesen.

Eg har i samband med kyrkjevalet gitt til kjenne ein del motførestellingar mot Raus folkekirke og MorFarBarn/Foreldrerett sine valkampanjar. Det har blitt ein del  debatt om det. Når eg idag ser på trykk heilsides annonsar frå dei to kampanjane, har eg ikkje lenger  berre motførestellingar. Eg er frustrert, lei meg, oppgitt og eigentleg ganske sinna!

Eg meiner fortsatt det er både forståeleg og skvært at grupper kjempar for sine kandidatar. Men det er slett ikkje greitt at interessegrupper i eit kyrkjeval ikkje snakkar sant. Og det gjer dei ikkje no.

Eg har tidleg i prosessen svara så ærleg eg kan på ein del spørsmål, m.a. om felles ekteskapsliturgi for heterofile og homofile. Eg har sagt at eg i dette spørsmålet er undervegs og vil gå inn i prosessane som vil kome med ope sinn og utan fastlåst posisjon. Eg har sagt at eg trur ikkje felles liturgi er svaret, men at kyrkja bør kome vidare i saka med sikte på å finne fram til ordningar som kan samle breiast mogleg oppslutning.

Eg har aldri blitt spurt om eg vil stå på den eine eller andre kandidatlista, langt mindre om eg kan slutte meg til teksten på listene. Slik annonsane framstår, ville eg aldri ha stilt namnet mitt til disposisjon. Med bakgrunn i svaret mitt står eg då naturleg nok heller ikkje på MorFarBarn/Foreldrett si liste. Derimot har Raus folkekirke brukt namnet mitt på si liste, sjølv om eg på ingen måte har sagt ja til alle dei åtte punkta som kampanjen seier at dei oppførte kandidatane VIL.

Med bakgrunn i svara våre i nominasjonsprosessen har MorFarBarn/Foreldrerett i si annonse tillagt fleire av oss synspunkt som vi ikkje kjenner oss igjen i. For meg er det å snakke usant! Raus folkekirke har på si side m.a. tatt namnet mitt til inntekt for ei meining om felles ekteskapsliturgi som eg aldri har gitt uttrykk for. For meg er det å snakke usant!

Det kyrkjelege demokratiet er skjørt og komplisert. Det er mange spørsmål som kan og bør stillast om korleis det bør vere. Å få fram forskjellane i syn er viktig. Men det minste ein bør kunne forvente, er at det som blir gitt av informasjon er sant. Det synest ikkje dei to kampanjane å ha vore særleg mykje opptatt av.

Etter dette vil nok mange i framtida vere tilbakehaldne med å gi svar til grupper som spør, spesielt i spørsmål der vi er undervegs. Slik bør det ikkje vere. Vi kunne jo i det minste  forvente å bli spurt om vi stiller oss bak ein kampanje og ein konkret annonsetekst. Det har i alle fall ikkje skjedd i mitt tilfelle. 

Derfor blir det snakka usant, truleg om langt fleire kandidatar enn meg. Det er dessverre ikkje tid til å rette opp skaden ved dette valet. Men vi kan ikkje ha det slik. Ei viktig utfordring for dei nye styringsorgana vil derfor bli å gjere det som gjerast kan for å kvalitetssikre at veljarane i framtida kan få ein informasjon om kandidatane som i alle fall ikkje er usann.   

Gå til innlegget

Kyrkjeval med mangfold

Publisert nesten 8 år siden

Også i kyrkjevalkamp er det bra at mange kjempar for sine kandidatar. Men vi skal ikkje feste ukritisk lit til unyanserte kampanjar. Kanskje er det nettopp kandidatar som er vanskeleg å plassere i bås kyrkja bør få fleire av i bispedømeråda i den perioden vi no går inn i!?

”Raus folkekirke(RF) og ”MorFarBarn.no”/”Foreldrerett.no”(MFB) oppfordrar i desse dagar folk til å stemme på ”sine” kandidatar ved det komande kyrkjevalet. Bakgrunnen er svar vi som kandidatar har gitt på aktuelle kyrkjepolitiske spørsmål.

I utgangspunktet ser eg på alt kyrkjevalengasjement som positivt. Likevel har eg mange motforestillingar. Slike kampanjar tar utgangspunkt berre i eit mindre knippe kampsaker. Kandidatane sine svar (eller mangel på svar) blir analyserte og vurderte subjektivt. Jo fleire nyansane er, jo vanskelegare er det å plassere oss enkelt i bås. Den som t.d. svarar at ein vil gå inn i saker med ope sinn, hamnar som hovudregel mellom alle stolar.

Personleg registrerer eg at RF har lese svara mine som "gode" nok til å gi plass på kampanjen si kandidatliste. Andre kandidatar, som eg har tolka tenkjer langs dei same spora som eg, er derimot ikkje funne verdige til tillit verken av RF eller MFB.Kanskje er det nettopp kandidatar som er vanskeleg å plassere i bås kyrkja bør få fleire av i bispedømeråda i den perioden vi no går inn i!?

Også i kyrkjevalkamp er det bra at mange kjempar for sine kandidatar. Men vi skal ikkje feste ukritisk lit til unyanserte kampanjar! Eg ønskjer å vere ein raus person. Men å vere raus handlar mindre om kva eg meiner og seier om enkelte konkrete spørsmål, enn om korleis eg møter og samhandlar med andre, ikkje minst dei eg i sak er usamd med. Slik sett er det sikkert mange av dei som ikkje er funne verdige til plass på RF si kandidatliste, som heller burde ha stått der enn eg. 

Raus kan ein derimot ikkje kalle annonsekampanjen til MFB, markedsført gjennom eit bilde av ei brennande kyrkje. Vi som ikkje identifiserer oss med organisasjonen og derfor naturleg nok ikkje har plass på lista, blir framstilt som ein trussel og fare for indre åndeleg forvitring av kyrkja. At ein kjempar for sine kandidatar, er både forståeleg og skvært. Men eg forventar i det minste at ein yter svara våre rettferd og ikkje tillegg oss haldningar vi ikkje har. Eg reagerer på at ein tar i bruk fiendebilde i kyrkjevalkampen og antyder at halv-parten av kandidatane er ”ulvar i fåreklede”. Eg reagerer framfor alt på at dei prøver å fråta oss som ikkje er ”rettruande” nok, all ekte og ærleg motivasjon om å vere med på å gjere kyrkja endå betre, varmare og viktigare for stadig fleire.

Denne sommaren har vist oss at kyrkja er viktig for fleire enn vi kanskje har trudd. Her ligg folkekyrkja si store utfordring, med utgangspunkt i det kallet til teneste som er sjølve fundamentet for ei kvar kyrkje. Eg er trygg på at dei aller fleste av kyrkjevalkandidatane seier ”amen” til det, uavhengig av om vi er funne verdige til å stå på kampanjelister eller ikkje. Eg vel å tru at dei aller fleste tar avstand frå fiendebilde og tålar å vere usamde om enkelte omstridde teologiske og etiske spørsmål, i erkjenning av at vi alle kjenner og forstår stykkevis. Eg trur mangfaldet og den respektfulle samtalen vil kunne bli ein ressurs i kampen for å byggje ei ny og friare folkekyrkje - modig, myndig, utfordrande, inkluderande og varm – ein verdig representant for den Kristus vi les om i evangelia. Med tru, von og kjærleik som dei tre hovudpilarane. Og størst av alt er kjærleiken!

Eg oppfordrar til brei mobilisering om kyrkjevalet. Eg ber ikkje om støtte til bestemte kandidatar, men om stemmer for det positive mangfoldet. For å oppnå det duger det ikkje med råd frå ulike former for kampanjar. Her trengst framfor alt at den enkelte veljar tar ansvar, hentar brei informasjon og tenkjer sjølv.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere