Svein Helgesen

Alder: 72
  RSS

Om Svein

Seniorrådgjevar som driv mest med prosjektbasert utviklingsarbeid på oppdrag frå kommunar og andre instansar. Hovudområde: barnehage og skole, organisasjons- og leiarutvikling. Samfunnsengasjert, tidlegare politisk aktiv i KrF både lokalt, regionalt og sentralt.

Følgere

Skremmer spora dei klokaste til å takke nei?

Publisert rundt 10 år siden

Godt og tankevekkjande å lese så nyanserte og innsiktsfulle refleksjonar rundt Høybråten si avgjerd om å overlate roret til andre. Tabloide kommentatorar som Vebjørn Selsbekk, som ikkje eingong viser Høybråten såpass respekt at han trur han snakkar sant, har jamen mykje å lære. Takk , Erling!

Du har sett at indre spenningar i fleire år har overskugga partifelleskapet. Her ligg nok ei hovudårsak til at verken Valgerd eller Dagfinn over tid makta å halde oppe den entusiasmen som prega dei gylne KrF-åra frå midt på 90-talet. Du peikar også på samanbrotet for sentrum i 2001 som sterkt medverkande til den negative utviklinga. Mangel på "sentrumslim" og misnøye med dei politiske resultata under Bondevik 2 opna for intern drakamp med spel og motspel som gradvis svekka entusiasmen og styrkte frustrasjonen. Alle må erkjenne at sterke undergrunns-straumar var medverkande til å felle både Valgerd og Dagfinn. 

Eg trur aldri nokon KrF-leiar har vore utsett for så sterkt krysspress av urealistiske forventningar som Dagfinn Høybråten. Frå den eine kanten trykte dei mest høgrekonservative stadig sterkare på , frå den andre ganske liberale kristendemokratar som Inger Lise Hansen. I ein slik situasjon har det vore umogleg for ein leiar som har vore tydeleg på ønske om å "fornying med forankring", å lukkast skikkeleg godt med samlingsambisjonane sine.

Enkelte gjer ein altfor enkel og ganske historielaus syndebukkanalyse og peikar på Inger Lise og hennar likesinna som skuld i at Dagfinn sitt "samlingsprosjekt" blei så krevjande. Som du får fram, Erling, starta det før Inger Lise klatra langt mot toppen. På ein dag for ettertanke bør vi istaden i alle leirar i partiet spørje kva vi aktivt kan gjere for å hindre at krysspress får utvikle seg så destruktivt at det over tid opplevest som øydeleggjande for klokt leiarskap. 

Nettopp derfor er overskrifta di "to the point", Erling: "Hvem orker å samle KrF?"  I denne litt lange responsen har eg i denne omgang følgjende korte kommentar:  Utan vilje til meir samspel, færre fiendebilde og mindre urealistisk krysspress enn det som både Dagfinn og Valgerd i si tid har opplevd, er det fare for at dei klokaste, som vi treng mest, vil vere dei første som takkar nei. 

Gå til kommentaren

Leiarskifte no er blindspor

Publisert rundt 10 år siden

Lerø sin hovudkonklusjon har mi fulle støtte. Skifte av leiar når det røyner på kan avogtil vere klokt, men ikkje no.  No er tid for å gi Høybråten den autoriteten han treng for å gi tydeleg  seglingsordre. Så får han og mannskapet saman, når farvatnet blir smulare, vurdere når det er klokt med skifte på brua. Gjer ikkje same feil som for sju år sidan og byt ut leiaren som følgje av den type spel og motspel som lett får folk til å miste fokus i tøffe tider!

No må partiet ha fokus på KVA, ikkje KVEN. Kva vil "nye" KrF vere? Partiet må sjølvsagt ha handlingsrom til å manøvrere i det farvatnet der ein til ei kvar tid er. Slik sett er to-spor-strategien  betre enn Inger Lise Hansens og Aud Kvalbeins eintydige råd om å skru fleire hakk mot høgre. Men det blir ideologisk lite truverdig av partiet å få "panikk" og skifte kurs fordi det akkurat no er så få andre skip i sentrumsleia.  Vi er mange som vil åtvare Høybråten mot å segle skuta inn i liberalistisk og populistisk farvatn . Eg trur det vil bli partiet si "blindlei". 

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere