Svein Helgesen

Alder: 72
  RSS

Om Svein

Seniorrådgjevar som driv mest med prosjektbasert utviklingsarbeid på oppdrag frå kommunar og andre instansar. Hovudområde: barnehage og skole, organisasjons- og leiarutvikling. Samfunnsengasjert, tidlegare politisk aktiv i KrF både lokalt, regionalt og sentralt.

Følgere

Publisert nesten 9 år siden

Halvard Jørgensen gir meg klar og omfattande kommentar, og takk for det. Eg skal ikkje gå vidare i diskusjonen om sak her, berre minne Halvard og andre om at min ståstad er meir open og lyttande enn det han slår fast i innlegget sitt. 

Det eg har sagt om dette spørsmålet er at eg vil gå inn i dei prosessane som kjem med ope sinn og utan fastlåste posisjonar. Eg trur ikkje felles liturgi ord for ord er svaret, men er opptatt av at vi må kome vidare og finne ei ordning som det kan vere breiast mogleg oppslutning om.

Eg har respekt for at mange synest dette er unnfallande og i strid med bibel og vedkjenning, og at eg derfor ikkje bør få tillit til å få vere med på å styre kyrkja. Eg er samtidig glad for at det er  mange som tenkjer at også slike opne tilnærmingar er viktige i det mangfaldet av engasjerte tillitsvalde som kyrkja bør ha. Fortsatt godt val! 

Gå til kommentaren

Mangfaldet er demokratiets nøkkelressurs

Publisert nesten 9 år siden

Det synest som om mi tilnærming til demokrati er ganske forskjellig frå Skartveits, ingen tvil om det. 

Demokrati handlar om kamp om makt og påverknad, ja. Det handlar om skarp og open meiningsbryting. Men dette er verkemiddel, ikkje mål i seg sjølv. For meg er målet å ta i bruk den ressursen som ligg i det demokratiske mangfaldet til å oppnå dei løysingane som til ei kvar tid er dei beste. 

Hvis Skartveit som ev. bystyrerepresentant for KrF i Stavanger ser det som sitt fremste oppdrag å føre tøff maktkamp gjennom den form for spissformulert retorikk som han er  god på, oppnår han utan tvil å tydeleggjere (og etter mi meining ofte karikere) meiningsforskjellar. Eg er meir i tvil om kor stort gjennomslag han i praksis vil oppnå.  

Eg trur ikkje nokon organisasjon blir sterkare av at alle tenkjer likt om alt, men at forskjellige utgangspunkt ofte er den mest kraftfulle utviklingsressursen vi har. Slik er det i politikken; vi treng ulike politiske røyster. Slik trur eg også det og bør vere i kyrkja.

Når vi no skal velje dei som skal styre kyrkja dei neste åra, prioriteter eg derfor kandidatar som eg trur kan vere med på å skape entusiame og lagarbeid prega av mangfald. Eg vil sjå etter dei eg opplever har det mest tydelege fokuset på  kyrkja sitt oppdrag i møte med folks levde liv, ikkje på kyrkja som kamparena. Eg vil prioritere dei som vil gå inn i det kyrkjelege demokratiet med ein sterk ambisjon om å arbeide ut frå gjensidig respekt og motarbeide alle former for fiendebilde.

Uansett utgangspunkt, viktigast er no at vi alle tar medansvar og får fleste mogleg med oss til å  stemme ved kyrkjevalet. Godt val! 

Gå til kommentaren

Kyrkja - ikkje først og fremst ein kamparena

Publisert nesten 9 år siden

Skarpe polemikarar med krystallklare standpunkt, som Kjell Skartveit, har ei viktig rolle i samfunnsdebatten. Baksida er at nyansane lett blir borte i spissformuleringane sin krattskog.

Valkampanjar er positive, så langt dei rekk. Mitt poeng har vore at dei ekskluderer kandidatar som ikkje møter med skråsikre svar på alle vanskelege teologiske spørsmål. Eg kjenner mange av desse, og trur dei vil kunne bli svært positive ressurspersonar i kyrkja.

Eg ønskjer slett ikkje profillause og dvaske kyrkjepolitikarar som snur kappa etter vinden.Men eg trur vi treng fleire som ikkje i utgangspunktet vil la seg binde av pressgrupper, som er på vakt mot alle former for fiendebilde, som går inn i respektfulle samtalar med vilje til å ta med seg ulike perspektiv, som er opptatt av å tenkje sjølv og konkludere på ein måte som ein kjenner at ein personleg kan stå trygt på.

Det er greitt at MorFarBarn/Foreldrett meiner og seier at mange bispedømekandidatar er ein fare for åndeleg forvitring innanfrå. Då er dei også i sin fulle rett til å be kyrkjeveljarane prioritere kandidatar som tenkjer ”rett”. Men så må det i det minste også vere greitt at vi som faktisk kjenner oss såra over å bli framstilde som ein trussel mot den kyrkja vi ønskjer å vere med på å tene, seier klart frå om det. Er det dette som er eit angrep på organisasjonen og demokratiet, Skartveit?

 I ei kyrkje med mangfald bør det vere plass for tillitsvalde som i sak har både Skartveit og min ståstad. Det skal vere rom for å kjempe sterkt for alt det vi står for. Men det lurer ein stor fare når vi blir mest opptatt av å bruke kyrkja som ein kampplass for våre eigne sterke meiningar. Kyrkja si primæroppgåve, - å gi folk tru og håp, ein varm himmel over livet i kvardag og helg -, kjem då fort i skuggen. 

I dei nye kyrkjelege organa ønskjer eg meg framfor alt folk som kan minne kampglade debattantar som Kjell Skartveit (og kanskje meg sjølv?) om det!

Gå til kommentaren

Kven skal Hareide lytte mest til?

Publisert over 9 år siden

Eg ser at Simonnes sine vurderingar blir møtt med skuldertrekk og til dels latterleggjort av enkelte. Jaja, dei om det - det er fritt fram å meine mangt. 

Simonnes har etter mitt syn mykje rett i analysen sin, sjølv om eg nok ikkje vil stille meg bak kvart ord.  KrF si utvikling er så samansett at ingen eig fasitsvaret på kvifor det er blitt som det er blitt. Vi bør dessutan alle vere noko meir audmjuke når vi  gir "dei andre" skulda for at det går trått - og bruke litt tid på likninga om "splinten og bjelken".

Mitt håp ligg til Hareides fantastiske evne til å kombinere lytting med klar og sjølvstendig analytisk og ideologisk tenking om KVA og KVEN KrF er og skal vere (om det skal kome tilbake med større kraft enn idag). I den prosessen er eg trygg på at han lyttar både til Simonnes, Danielsen og Omland. Men mest til Simonnes.

Det er nemleg Simonnes som argumenterer langs dei lange linjene. Dei andre snakkar mest om kva som er mest opportunt og strategisk i dagens parlamentariske situasjon.  Det kan kanskje vere lurt både i første og andre svingen. Over tid er eg likevel ganske sikker på at eit KrF utan ei klarare  ideologisk retning enn det t.d. Arne Danielsen tilrår, vil drive utav kurs og til slutt segle seg fast i blindleia. For meg og mange med meg vil eit kristent alibi for tradisjonell blå borgarleg politikk verken ha appell eller skape entusiasme. Det vi drøymer om, og fortsatt har tru vi kan oppleve på nytt, er eit tydeleg og verdiradikalt KrF som vågar å utfordre skikkeleg både mot høgre og venstre på den eindimensjonale partiskalaen.

Derfor:  Hald fram med å lytte, Hareide. Lytt likevel aller sterkast til di indre stemme. overbevisninga di om eit KrF på dei svake og menneskeverdet si side - i alle situasjonar og til alle tider. Ta dei politiske konsekvensane av det, og start med å utfordre landsmøtet til å følgje dette opp i praksis. Då vil vi sjå eit "nytt" KrF som framstår så annleis enn dei andre at mange. mange fleire vil bli nysgjerrige på nytt. Og nysgjerrighet blir alltid omsett i auka oppslutning.

Bakkane vil fortsatt vere bratte. Men vi trur på deg - så lenge partiet gir deg det handlingsrommet du treng og fortener. Men då må fleire bli meir opptatt av kva vi kan gjere for Hareide og KrF, enn kva han og KrF skal gjere for oss og våre private interesser.

Lukke til med starten til helga, Knut Arild!

 

Gå til kommentaren

Utradisjonelt og raust

Publisert over 9 år siden

Eg er samd med Simonnes i at eit uventa strategisk trekk er både raust og kan vere strategisk klokt.  Ein god leiar er opptatt av kor dei beste spelarane gjer best nytte for seg.  Ingen tvil om at dette er vel gjennomtenkt. Då reknar vi med at det også samla sett vil vere til partiet sitt beste - og bli ein styrke for den krevjande jobben som ventar.

 

Lukke til til både Sivertsen, Hareide, resten av laget - og alle oss som heiar meir eller mindre begeistra frå ulike stader på tribunen. Måtte vi passe munnen for høglydde ukvemsord om spelet ikkje gir raske resultat i form av mål! Ting tar nemleg tid, det tok meir enn 20 år mellom KrF sin første  (på 70-talet) og andre glansperiode (på 90-talet)!

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere