Svein Helgesen

Alder: 72
  RSS

Om Svein

Seniorrådgjevar som driv mest med prosjektbasert utviklingsarbeid på oppdrag frå kommunar og andre instansar. Hovudområde: barnehage og skole, organisasjons- og leiarutvikling. Samfunnsengasjert, tidlegare politisk aktiv i KrF både lokalt, regionalt og sentralt.

Følgere

Ein siste kyrkjevalkommentar

Publisert rundt 9 år siden

Gode Kristian.

I siste kommentaren min skreiv eg: 

"Eg forstår at folk med sterke syn på bestemte spørsmål er opptatt av å slåss hardt for det dei trur på, og respekterer dei for det. I valkamp bør vi derfor kanskje vere noko meir rause mot kvarandre også når det gjeld bruk av verkemiddel. Det har eg nok ikkje vore i det første innlegget mitt. Orda blei for sterke. Eg er lei for det."

Denne sjølverkjenninga var retta til begge dei to omtala kyrkjevalkampanjane. Det er i ettertid ikkje vanskeleg for meg å vedgå at eg gjerne kunne ha vore mindre hard og indignert, meir raus i den første kommentaren min. 

Samtidig står eg fast på at MorFarBarn-annonsane gjer urett mot svært mange. Gårsdagens heilsides oppslag startar med å slå fast at mange kandidatar meiner at kyrkja skal endre læra om ekteskapet og barns rett til foreldre. Kven har konkret sagt at dei vil endre barns rett til foreldre? Ekstra ille blir det når det lenger nede med utheva skrift blir vist til internasjonal handel med sæd og egg, donorar, livmødre og surrogati i vekst.

Eg tar til etteretning, sjølv om det kjennest sårt, at MFB ser på alle oss som ikkje stiller oss heilhjarta bak organisasjonen sitt innhald og sine arbeidsformer som ein ideologisk trussel mot kyrkja. Men å stigmatisere kandidatar slik annonsane gjer, i beste fall indirekte, er etter mitt syn uverdig i ein kyrkjevalkamp. Eg veit at mange etter å ha lese på bispedømeråda sine informasjonssider kva kandidatane ord for ord har sagt, er samde med meg i det.

I eit rykande  ferskt innlegg på denne debattsida skriv Kjell Skartveit: 

 "Dersom du vil at kirken også i fremtiden skal kunne se barna i øynene og si at vi kjemper for deg, da skal du ta deg tid til å stemme ved kirkevalget, og stemme på kandidater MFB har plukket ut."

Utsagnet er etter mitt syn eit konkret eksempel på slik uverdig stigmatisering av kandidatar som tenkjer mindre absolutt enn MFB.  Eg skulle ønskje at organisasjonens fremste talsmenn i det minste kunne ta litt sjølverkjenning på det. Men det er kanskje for mykje å forvente?

Uansett, no er det tid for å rette fokus mot sjølve valet. For min del blir det etter dei siste dagars debatt ekstra viktig å gjere mitt til at vi får kandidatar som brenn meir for menneska i kyrkja enn for enkeltståande kampsaker, og at dei nye råda kan avspegle eit breitt mangfald  både når det gjeld alder, kjønn, erfaring og teologisk ståstad.

Gå til kommentaren

I ettertankens lys

Publisert rundt 9 år siden

Det er ofte klokt å sove på ting før ein set sterke ord på trykk. Det har eg gjort i denne saka. I ettertankens lys ser eg at eg i det minste skulle ha uttrykt meg annleis - og vore noko mindre hard mot dei som kjempar på barrikadane.

Eg forstår at folk med sterke syn på bestemte spørsmål er opptatt av å slåss hardt for det dei trur på, og respekterer dei for det. I valkamp bør vi derfor kanskje vere noko meir rause mot kvarandre også når det gjeld bruk av verkemiddel. Det har eg nok ikkje vore i det første innlegget mitt. Orda blei for sterke. Eg er lei for det.

Eg forstår at dei opne og runde formuleringar som eg har brukt i svara mine på spørsmål om felles liturgi for homofile og heterofile, er vanskelege å tolke tydeleg. Derfor må eg nok i det minste ta mykje av ansvaret sjølv for at eg blir profilert som eg gjer.

Eg meiner fortsatt at dei som skal framstå på kampanjeannonsar burde bli spurt om dei vil stille oss bak innhaldet fullt og heilt. Eg meiner fortsatt at MorFarBarn og Foreldrerett tilegg oss som ikkje deler deira utgangspunkt,  synspunkt som mange av oss på ingen måte har. Eg meiner fortsatt at slike kampanjar inneber ei uheldig polarisering som gjer urett mot mange kandidatar.

Men eg erkjenner i mitt tilfelle likevel at eg sjølv må ta eit betydeleg medansvar for at det er blitt som det er blitt. Og sjølv om eg ikkje kan seie EG VIL til alle punkta i Raus folkekirke si annonse, er det ikkje tvil om at eg idag samla sett identifiserer meg meir med denne kampanjen enn den andre.

Eg er nok fortsatt frustrert, men ikkje sint lenger. Og frustrasjonen og andre kjensler rettar eg no minst like mykje mot meg sjølv som mot andre.

Derfor kan eg gjerne seie eit tydeleg og raust ORSAK. No er det stemmene som tel. Godt val!

Gå til kommentaren

Takk til Harald!

Publisert rundt 9 år siden

Du er litt av en pedagog, Harald. Dette var til å bli klok av. Og likevel er jeg nok urolig forat det kan bli mye rart å se for de som skal stå for opptellinga.

 

Men vi får håpe det beste.

Gå til kommentaren

Utrolig viktig, Erik!

Publisert rundt 9 år siden

Flott, Erik. Mange savner at dette perspektivet kommer på den skolepolitiske dagsorden igjen. Dannelsesperspektivet har ligget i dvale siden Kunnskapsløftets første fase.

Det rører seg mye ute i verden. OECDs tradisjonelle ensidige økonomiske perspektiv, og testfeberen i PISA's skygge, er under kritisk diskusjon. La deg derfor ikke distrahere av alle innvendingene. Du har bl.a. støtte fra verdenskjente forskere som Andy Hargreaves, som etterlyser en "Fourth Way" som tar med seg det beste av den gamle danningsdimensjonen og det beste i dagens skole.

Det er  tid for å løfte fram det helhetlige perspektivet fra Unescos Delorskommisjon som inspirerte debatten om livslang læring på 90-tallet. All bærekraftig utdanning må ha fire dimensjoner, "the four pillars of Education": Learning to know. Learning to do. Learning to live together. Learning to be.

Jeg tror det i disse tider er spesielt nødvendig å lytte til en av Delorskommisjonens konklusjoner (min oversettelse):

"Kommisjonen legger spesiell vekt på en av de fire søylene, som vi oppfatter som grunnmuren i all utdannelse: Å lære å leve sammen - ved å utvikle en forståelse for andre, deres historie, tradisjoner og åndelige verdier. På det grunnlaget kan det skapes en ny ånd som ... kan få mennesker til å gå sammen om felles prosjekter og å løse uungåelige konflikter på en mer intelligent og fredelig måte.  Utopia, tenker noen.Men et nødvendig Utopia, vitalt nødvendig dersom vi skal unngå en farlig rundgang preget av kynisme og resignasjon."

Jeg leser og hører nok innvendingene. Men jeg tror det er mulig å sette mennesker i stand til å  forandre verden. Men da må bl.a. dannelsesperspektivet i skolen løftes høyere fram igjen og få sin renessanse.

Stå på, skap bevegelse. Vi er mange som gjerne vil stå skulder ved skulder med deg i en slik verdikamp!

 

Gå til kommentaren

Tap ikkje lysta til å gå

Publisert rundt 9 år siden

Takk til deg, May Lisbeth, forat du set betre ord enn dei fleste av oss på det så mange, mange kjenner på - og slit med.  Eit brennande ønske om å få kome - også vere aktiv - i ei kyrkje der det (som du skriv) er ope rom for    "tvilen vår, usikkerheita, uklarheita, undringa, dei vanskelege spørsmåla,- alle bitane som vi ikkje heilt får til å henge i hop, ... tankerekkjer som vi ikkje har tenkt heilt ferdige enno. Eit rom der vi kan få legge bitane saman, - i trygg respekt og kjærleik til kvarandre. Der også vi har vekt, vi som ikkje ser heilt klart svaret på dei vanskelege spørsmåla i dag. Der ein ikkje vert stempla som «bibel-U-tru» om ein stiller spørsmål."

Etterat vi har vore mest opptatt av å stanse opp og argumentere " på kyrkjevaltorget, er det tid for å gå igjen. Å leve er nemleg å gå. Vi er pilegrimar, alltid undervegs. "Tap for all del ikke lysten til å gå! .. jeg går meg til mine beste tanker, og kjenner ingen tanke så tung at jeg ikke kan gå fra den. Når man slik fortsetter å gå, så går det nok", sier Søren Kierkegaard.

Ein god venn og rådgjevar sende meg ei helsing igår. Gløym ikkje Paulusordet, skreiv han: "jeg tror ikke om meg selv at jeg har grepet det. Men én ting gjør jeg: Jeg glemmer det som ligger bak, og strekker meg etter det som er foran...."

Oppdraget til dei nye kyrkjelege råda, uansett kven som blir valde inn, er å gå vidare - i erkjenning av at vi alle er undervegs. Ser vi det, blir det lettare å gå frå tunge tankar om at ein ikkje er verdig fordi ein ikkje har sterk nok tru, og gå frå smerten over at vi er så innkrøkte i våre eigne tankar at vi ikkje når inn til kvarandre. Kan vi leggje det bak oss, blir det lettare å finne entusiasmen i møte med det store mangfoldet av menneske som vi deler trua på, håpet for og kjærleiken til kyrkja med.

Etter debatten dei siste dagane er eg blitt endå sikrare på at vi i kyrkja treng folk med ulike utgangspunkt - ikkje minst slike som May Lisbeth. Det er berre SAMAN vi kan gjere kyrkja viktigare og varmare, - i respekt for kvarandre og med erkjenning av at ingen av oss "har grepet" svaret på alle vanskelege teologiske og strategiske spørsmål. 

Godt kyrkjeval til alle!

 

 

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere