Svein Helgesen

Alder: 71
  RSS

Om Svein

Seniorrådgjevar som driv mest med prosjektbasert utviklingsarbeid på oppdrag frå kommunar og andre instansar. Hovudområde: barnehage og skole, organisasjons- og leiarutvikling. Samfunnsengasjert, tidlegare politisk aktiv i KrF både lokalt, regionalt og sentralt.

Følgere

Læringsliv er meir enn kunnskap

Publisert over 5 år siden

Rimehaugs åtvaring mot NHO og enkelte Høgrefolk sitt forslag om skolestart alt frå 5 år bør få sterk støtte. Før vi hengjer oss på slike kjappe og lettvinte argument, bør vi lytte nøye til kva mange forskarar seier om kva samfunnet bør satse mest på å livets tidlege fase.  

Det er liten tvil om at det er viktig å investere tid og ressursar på barn. Professor Arne Holte i Nasjonalt Folkehelseinstitutt refererer til Nobelprisvinnar i økonomi, James Heckman, som slår fast at "investering i barn er betre enn bank og børs". Landets viktigaste ressurs er vår mentale kapital, poengterer Holte:  evne til å vere trygg, sjølvstendig, kreativ, å ta i bruk følelsane, tenkje smart, koordinere atferd, danne sosiale nettverk. Ikkje einsidig fokus på kunnskap, altså!  

Også førsteamanuensis i samfunnsøkonomi, Ingeborg Foldøy Solli ved Universitetet i Stavanger, åtvarar mot eit snevert kunnskapsfokus. Med referanse til Heckman si forsking peikar ho på at det er eit mangfald av eigenskapar som bidrar til eit godt liv. Det er samspelet mellom alle desse evnene som er viktig for mennesket si utvikling:  "Tradisjonelt har hovedfokus vært på stimulering av kognitive evner. I de senere år har fokuset stadig mer dreid mot betydningen av ikke-kognitive evner, altså karakter. Dette er evner som samvittighet, utholdenhet, nysgjerrighet og empati, og som ikke bare blir høyt verdsatt i det sosiale liv, i skole og i arbeidsliv, men som også legger et viktig grunnlag for videreutvikling av kognitive evner."

Det er positivt at kunnskapsministeren i dette spørsmålet førebels ser ut til å lytte meir til slik forskingsbasert kunnskap enn til NHO og politikarar som hoppar lettvint på denne type innspel. I så måte er det  interessant å lese kva den finske utdanningsforskaren Michael Uljens uttalar i Vårt Land idag, med bakgrunn i suksessnasjonen der ungane startar på skolen som sjuåringar: "Hvis man venter med å starte med selve skole-gangen til barna er blitt syv, betyr dette at man forut kan satse på sosial forstring og andre typer ferdigheter."

Kva slags læring er det næringslivsfolk og politikarar vil ha meir av? spør Uljens - og åtvarar mot ein europeisk trend som han karakteriserer som einreaktiv måte å drive utdanningspolitikk på: " Det skjer idag en brutal fokusering på elevenes kunnskapsnivå, hvor oppmerksomheten rettes bort fra allmenndannende kompetanse, og mot det teoretiske og matematiske. Man er opptatt av å få folk raskt ut i arbeid, men tar ikke debatten om hvilken type kunnskap samfunnet faktisk trengerMan fokuserer på det som måles i internasjonale tester, i stedet for å spørre seg hva som skal være skolens oppgave." 

Regjeringa er i ferd med å revitalisere Kunnskapsløftet, herunder å fornye Generell del av Læreplanen.  Mitt råd i denne samanhengen er: Look til Finland og lytt til fagleg velfunderte råd frå ein av landets leiande utdanningsforskarar! La femåringane få lov til å vere barn og leve læringslivet sitt på sine premissar - i ein barnehage som byggjer mental kapital i ein sunn balanse mellom leik og læring!  

Gå til kommentaren

Risikofylte dilemma overalt

Publisert nesten 7 år siden

Torbjørn Greipsland har rett i at det ligg farar og lurer overalt - ikkje minst for sentrumsparti som alt er farleg nær sperregrensa. Samtidig er det viktig å minne om, slik Simonnes har gjort, at KrF sin mest alvorlege tilbakegang kom under og truleg i stor grad som følge av utviklinga i den sterkt Høgredominerte Bondevik 2-regjeringa.

Uansett kor små sentrumsparti vel å plassere seg, er toblokktenkinga den største faren. Den rammar først og fremst parti som ideologisk og politisk er i mellomrommet mellom polane. Og dess lenger desse partia legitimerer denne forenkla måten å tenkje politikk på, dess vanskelegare vil det bli å byggje opp eit slagkraftig sentrum igjen.

Alle strategiske vegval er såleis fulle av dilemma - og risikofylte. Den aller største faren, slik eg ser det, er om vi lar det  kortsiktige øydeleggje for arbeidet med å nå det langsiktige målet om ein ny politisk sentrumsvår. At den vil kome, er eg overtydd om. Spørsmålet er når. KrF sit kanskje med den viktigaste nøkkelen.    

 

Gå til kommentaren

Arne Danielsen er ikkje snau i kommentarane sine til mitt råd om å lytte til Simonnes. Han skriv: "Helgesen sin bekymring er at alle er skumle (muligens med unntak av Arbeiderpartiet – for alt det jeg vet?). Pragmatisme er en av politikkens viktigste dyder – i hvert fall i et demokrati. I følge Helgesen kan det se ut til Ibsens og Peer Gynts ord om å være seg selv nok er den beste medisinen for KrF."

Eg spør meg naturleg nok kva det var i mitt innlegg som kan provosere slik at det gir grunnlag for ddenne forma for retorikk. Eg har lese gjennom det nok ein gong - utan å forstå Danielsens reaksjon.Likevel - når ein til vanleg så reflektert debattant som han tolkar meg slik, er det sikkert grunn for litt sjølvkritikk for utydeleg tale.

Eg skal ikkje følgje opp i same sporet, berre presisere:

1. Danielsen og eg er enige om at det er svært store avstandar mellom H og FrP. Eg opplever avstanden så lang at eg har problem med å forstå Erna når ho lettvint avfeiar forskjellane og er mest opptatt av det som er likt. Slik tilslører ho kva som vil bli den nye politikken i ei ny regjering. Forklaringa ligg truleg i at ho ikkje treng å vere så uroleg, det vil bli mest slik Høgre vil uansett.

2. Eg høyrde og las Hareide i foredraget sitt markere med stor styrke KrF sitt sentrumspolitiske engasjement og vise til fattigdomskamp, klima og miljø, landbruk, alkohol-, asyl- og flyktningepolitikk. Hvis Danielsen ikkje i dette tolka markering av avstand også til Høgre, konstaterer eg berre at vi har svært ulik forståing av realitetane i dagens politiske landskap. Avstanden til Venstre var forresten heller ikkje vanskeleg å oppdage.

3. Lang politisk erfaring frå alle nivå har lært meg, gjennom praksis, det Danielsen prøver å belære meg om: At politikk handlar mykje om pragmatisme. Derfor har eg vore med i politisk samarbeid med dei fleste parti. Men eg er opptatt av at vi også må sjå at det finst det Lars Korvald i si tid kalla "kompromissets grenser". Slik den politiske situasjonen er idag, meiner eg personleg at det for KrF vil vere å gå over denne grensa å gå i regjering med FrP - eller garantere parlamentarisk og politisk støtte til ei regjering der politikken blir bestemt av tyngdelover og styrkeforhold mellom dei fire ikkje-sosialistiske opposisjonspartia.

4. Regjeringssamarbeid med eit Høgre som over tid har profilert seg med mjukare og meir sentrumsnær politikk, bør avgjort vere aktuelt for KrF. Men det er her Simonnes si åtvaring er på sin plass. Eit stort Høgre som kan veksle mellom støtte frå høgre og venstre, kan fort bli freista til å operere som AP idag. Der verkar det faktisk som om Danielsen og eg er relativt samde. Med bakgrunn i erfaringane frå Bondevik 2, der Høgredominansen blei så stor at oppslutninga om KrF nærast blei halvert, er det verkeleg grunn for Simonnes si åtvaring. Tyngdelov og kjøttvekt mellom partia kan resultere i endå større ubalanse ved neste vegkryss. Så får vi berre håpe at Erna er klok nok til å forstå at det i beste fall vil gi kortvarig glede over å sitje i regjering.

Å vere seg sjølv nok har aldri vore ein dyd - heller ikkje i politikken. Men å stå opp for det ein meiner er rett, å vere tru mot det ein står for og markere kompromissets grenser, er både verdig og rett. Det handlar ikkje om å sjå på andre som skumle, men å ha respekt for reelle forskjellar. Det er når ein ikkje er tydeleg på det, folk mister tilliten både til politikarane, politikken og demokratiet. 

Hareide var tydeleg på dette i talen sin til strategikonferansen. Når få har sitert det, er det kanskje fordi det ikkje passar inn i det forenkla bildet ein nå ønskjer å skape: "Forutsetningen vår er først og fremst denne: Vi vil medvirke til etablering av en regjering som fører en politikk med mer av den profil og retning som vi ønsker. Med det utgangspunktet vil vi gå inn i avklaringssamtaler med resten av dagens opposisjon. Blir vi ikke med i en ny regjering, så vil vi føre en konstruktiv opposisjonspolitikk, med utgangspunkt i eget program."

Det var etter mitt syn både klok og tydeleg tale - til å få respekt av. Hvis Danielsen meiner eit slikt utgangspunkt gjer meg (og Hariede)  til ein Peer Gynt, får han få lov til å meine det. Eg kjenner meg i så fall ikkje igjen i karakteristikken.

Gå til kommentaren

Klok analyse - lytt til Helge, Knut Arild!

Publisert nesten 7 år siden

Det er no - etterat KrF har gjort sitt strategiske val fram mot neste stortingsval - det vil vise seg kva relativt opne og utydelege kompromissformuleringar skal bety i praksis.

Dei politiske tyngdelovene er sterke. Erna og Siv vil no bruke alle krefter på å "klistre" dei fire opposisjonspartia saman gjennom felles forslag, felles komitemerknader osb. Knut Arild og Trine må verkeleg vere vakne.

I denne situasjonen er Simonnes sine treffande analysar gull verdt. Store delar av innhaldet i Knut Arilds tale på strategikonferansen markerer stor og tydeleg avstand både til FrP og Høgre. Men konklusjonane var vage - og opne. Her har nok behovet som samlande indremedisin spela inn.

Risikofylt prosjekt, har Vårt Land skrive på leiarplass. Eg deler den oppfatninga - også at den kursen som er staka ut i verste fall kan ende opp i totalt havari.

Landsstyrevedtaket gir samtidig eit visst handlingsrom. Utfordringa framover blir å passe på at handlingsrommet ikkje blir mindre. Mange vil jobbe steinhardt for å gjere det usannsynlege sannsynleg. Dei vil ha tyngdelovene på si side.

Lytt derfor til kloke og erfarne råd frå analytikarar som Simonnes, Knut Arild! Sjølv om Erna og Siv - og også mange innanfor KrF -  rår deg frå å høyre på han.  

Gå til kommentaren

Kva er verst?

Publisert rundt 7 år siden

Flott at du utfordrar så tydeleg, Erik! Etter mi vurdering markerer Rotevatns synspunkt på mange område den yttarste motpolen til den ideologiske ståstaden til KrF.  Samtidig er det bra å bli utfordra sjølv - i forhold til kva vi seier JA og NEI til.

Men ei setning i innlegget ditt treng eg å få utdjupa nærmare. Du skriv:  "Jeg syns tross alt det er enda mer problematisk med rødgrønne politikere som ikke ser grenser for politikk og alltid er ute med en regulerende hånd, enn liberalistiske Unge Venstre-ledere som ikke synes å ville å sette noen grenser i det hele tatt."

Kva meiner du med ei så generell formulering, som kan tolkast på ulike måtar? Eg ville ha forstått det om du hadde referert til ekstrem kollektivisme, men det er vanskeleg å lese det slik. Betyr setninga at du meiner det er "politisk farge" som avgjer kva som er verst, eller er det sak og standpunkt? Kva er det konkret du reagerer meir negativt på hos rødgrøne politikarar enn Rotevatns  ja til aktiv dødshjelp, liberalisering av narkotikapolitikken, surrogati og salg/kjøp av seksuelle tenester? Du må utdjupe meir direkte kva du opplever som meir  problematisk for KrF ved dagens rødgrøne politikk enn politikarar som ikkje vil setje grenser i det heile tatt.

Mange vil lese setninga som ein formildande kommentar, sidan Rotevatn representerer eit parti som i utgangspunktet står nærast KrF i dagens politiske landskap og derfor vil vere ein nær framtidig samarbeidspartnar. Heldigvis er då heller ikkje dei frimodige ytringane hans offisiell Venstrepolitikk. Samtidig viser denne debatten kor uoversiktlege dei politiske skillelinjene er. Å dra den klaraste skillelinja mellom rødgrønn politikk og borgarleg politikk er etter mitt syn å underkommunisere kompleksiteten og villeie veljarane. Det er langt meir samansett enn som så. Eg har til no opplevd at du er ein av dei som ser det klarare enn dei fleste. Derfor synest eg den generelle og lite nyanserte setninga eg refererer til, blir så vanskeleg å forstå meininga med.

For min eigen del vil eg seie, m.a. etter dei siste rundane med alkohol- og skjenkepolitisk debatt her vest i Stavanger:  Takka meg til sosialt bevisste AP- og SV-arar som viser ansvar og lyttar til både helsevesen og politi, og ut frå dette er modige nok til å stramme inn, - framfor individuelle liberalistar som set personleg fridom framfor det meste! 

Men bortsett frå den eine ulne og generelle setninga, som kan tolkast i ulike retningar, synest eg altså det er ein fornøyelse å lese dine klare og utfordrande kommentarar til Rotevatns frimodige liberastiske utfordring.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere