Martin Alvsvåg

Alder: 0
  RSS

Om Martin

Følgere

4 hovudvegar til eit reinare hav

Publisert 3 måneder siden - 93 visninger

Boyan Slat og The Ocean Cleanup er no i gong med å slepa nokre gigantlenser ut i Stillehavet. Dette prosjektet tar sikte på å få opp halvparten av plasten frå eit område mellom California og Hawaii, ofte kalla The Great Garbage Patch, i løpet av fem år. Det årlege budsjettet er på 200 millionar. Det er altså snakk om ein milliard kroner på desse fem åra. Ein skulle tru at om ein ønskjer seg eit reinare hav, er det naturleg å prøva å reinsa havet. Er bilen skiten, så vaskar ein jo bilen. Når det gjelder havet, er det likevel meir komplisert.

Dei fire vegane til eit reinare hav som blir skisserte her, handlar alle om å HINDRA at plasten nokon sinne rekk å siga ut i havet. Mesteparten av plasten søkk nemleg til botnars når han blir utsett for kreftene i storhavet, og blir dermed utilgjengeleg for oss. Så mykje som 94% søkk etter kort tid, hevdar ein rapport referert til av Bård Vegard Solhjell i WWF på Rederiforbundet sitt seminar om plastforureining tidligare i år. Slike tall er det umogeleg å fastslå sikkert, men det alle kan vera samde om er at mesteparten av plasten søkk når han når havet. Nettopp derfor er det avgjerande viktig å hindra at plasten kjem dit. Me i RIVERS.GLOBAL trur det er fire hovudvegar til eit reinare hav:

1. Betre handtering av avfallet. Mange land har ei bosshandtering som ikkje fungerer. Grunnane kan vera fleire, men fattigdom og for mange folk er vanlege årsaker, som i Bangladesh og Vietnam. Meir utvikla land som Thailand og Brasil har også store utfordringar med å handtera bosset sitt på ein forsvarleg måte. Det er her, med sjølve bosshandteringa vi må starta. Det nyttar ikkje å samla plast i tonnevis dersom ein ikkje har eit system for gjenvinning og forbrenning. I Norge fins det mykje kompetanse på dette feltet. Vi treng no ein eksport av denne ekspertisen til land som ikkje har ein infrastruktur på dette feltet som fungerer. Land som Filippinene, Thailand, Indonesia, Vietnam og Kambodsja treng draghjelp for å få på beina ei betre handtering av søppelet sitt. Ein bra bruk av bistandsmidlar, spør du meg.

2. Reinsing av elvar. Dei fleste av elvane i verda har det til felles at dei renn ut i havet. Mange elvar er så fulle av plast at ein ofte ikkje ser vatnet for berre søppel. Alle som har reist en del har sett dette. Ein kan finna elvar fulle av plast i Sør-Amerika, Afrika og i Aust-Europa, og igjen er utfordringane aller størst i Sør-Aust Asia. Mange i denne regionen ventar berre på at monsunen skal komma og vaska plasten nedover elva og til slutt ut i havet. Akkurat kor mykje av plasten i havet som har kome dit via elvane i verda, er det ingen som veit nøyaktig. Det alle er samde om, er at ein vesentlig del av plasten i havet har kome dit via elvane i verda. Dersom det fins eit mottak for plast, og dei som leverer inn plasten får betalt for jobben med å samla inn og vaska plasten, då ville elvane i stor grad blitt reinsa for plast. I elvane er plasten lett tilgjengeleg, det er kort vei til gjenvinning og forbrenning. Teknologiske løysingar i dette arbeidet må kunne brukast av arbeidsføre fattige som kan få ein meiningsfull og betalt jobb på denne måten.

3. Panteordningar. Det vert i dag jobba internasjonalt med å få på plass betre panteordningar for brukt plast. Dette arbeidet bør prioriterast og intensiverast. Det vart gjort eit forsøk i Rotterdam nyleg der ein ei natt tømde eit lastebillass med plastflasker på eit torg. Dagen etter kika folk på flaskene, såg at det ikkje var pant for dei, og let dei liggja. Seinare gjorde ein det same, berre at då var lastebilen full av flasker det var pant på. Plasten vart borte i løpet av minuttar. Dette seier det meste om kor viktig det er med pant på plast. Då vil nemleg brukt plast bli sett på som ein ressurs og ikkje eit problem. Vi skal hugsa at prisen på plast stort sett følgjer oljeprisen, og slik sett har ein reell verdi.

4. Kunnskap. Det kanskje vanskelegaste feltet er å byggja opp kunnskap og ei djupare forståing for kvifor det er viktig med reinare elvar og eit reinare hav. Her har vi hatt litt av ei reise i vårt eige land dei siste 40 åra. Der eg vaks opp, på Bømlo, hadde vi ein plass vi kalla «tippen». Der vart det tømt boss frå både private og bedrifter. Alt mogeleg som ikkje fekk plass i bosspannet. Når haugane av søppel på tippen vart store nok, kom det ein hjullastar og skubba søpla rett ut i sjøen. Dette var på byrjinga av 70-tallet! Ein helt utenkjeleg praksis i dag - her hos oss. Men det er dessverre akkurat slik bosset vert handtert mange stader framleis. Å byggja gode haldningar og etter kvart gode handlingar med omsyn til bosshandtering handlar ikkje om at sjømaten skal innehalda mindre plast. Det er viktig for oss som er glad i god og rein sjømat, men det er ei fjern problemstilling for mange i Sør-Aust Asia. Der vil fokuset meir vera at ungane i landsbyen skal verta mindre utsett for sjukdomar og utslett. Det kan handla om at ein får reinare vatn til å vatna avlingane sine. At drikkevatnet kan drikkast utan risiko. Reinare vatn kjem ikkje av seg sjølv. Vi må jobba knallhardt for at folk over heile kloden skal gjera den same kunnskapsreisa vi har gjort hos oss dei siste 50 åra.

Desse vegane til eit reinare hav er ikkje enkle, men dei er meir effektive og meir miljøvenlege enn gigantprosjekt som tar i ferda med å reinsa havet, langt til havs. Og tanken på at verdshavet i løpet av dei 4 minuttane du har brukt på å lesa dette innlegget har fått 60 nye tonn med plast å hanskast med, burde gjera nokon kvar av oss utålmodige etter å setja i gong.

Martin Alvsvåg, grunnleggjar av RIVERS.GLOBAL
martin@rivers.global
www.rivers.global

Gå til innlegget

Mest leste

Hareides nødvendige veivalg
av
Ole Paus
2 måneder siden / 77235 visninger
Et barn er født, et barn er dødt
av
Magne Raundalen
nesten 2 år siden / 43408 visninger
Etter fallet kommer hevnen
av
Berit Aalborg
10 måneder siden / 34803 visninger
Stormløpet mot Israel er i gang.
av
Roald Øye
7 måneder siden / 27778 visninger
Kanten av klippen
av
Åshild Mathisen
9 måneder siden / 22427 visninger
Et sosialt ­eksperiment
av
Bent Høie
4 måneder siden / 22135 visninger
Mens vi sover
av
Erik Lunde
10 måneder siden / 20027 visninger
Ord er handling
av
Hilde Frafjord Johnson
3 måneder siden / 19034 visninger

Lesetips

Når staten misbruker makt
av
Øyvind Håbrekke
rundt 2 timer siden / 65 visninger
Barnetrygd, barnehager og familiepolitikk
av
Odd Egil Rambøl
rundt 11 timer siden / 61 visninger
Trangere og farligere
av
Wenche Fone
1 dag siden / 279 visninger
Hva med menighetene?
av
Dag Brekke
1 dag siden / 115 visninger
La flere unge slippe til
av
Rode Hegstad
1 dag siden / 113 visninger
Taushet og tale om jødene
av
Torleiv Austad
1 dag siden / 145 visninger
En antisemitt trer frem
av
Jan-Erik Ebbestad Hansen
1 dag siden / 190 visninger
En iboende verdighet
av
Erik Lunde
2 dager siden / 253 visninger
Bygger på menighetene
av
Andreas Aarflot
2 dager siden / 149 visninger
Styrking av fødselspengar no!
av
Aina Alfredsen Førde
2 dager siden / 106 visninger
Les flere

Siste innlegg

Når staten misbruker makt
av
Øyvind Håbrekke
rundt 2 timer siden / 65 visninger
Barnetrygd, barnehager og familiepolitikk
av
Odd Egil Rambøl
rundt 11 timer siden / 61 visninger
Plikt til aktivitet
av
Vårt Land
rundt 11 timer siden / 91 visninger
Den våkne biskopen
av
Inger Cecilie Stridsklev
1 dag siden / 118 visninger
Katolske feltprester
av
Haakon Omejer Sørlie
1 dag siden / 97 visninger
Det som ikke sies
av
Åste Dokka
1 dag siden / 1041 visninger
Jeg tror i vår tro!
av
Magne V. Kristiansen
1 dag siden / 213 visninger
Flere må delta i debattene
av
Elisabeth Hoen
1 dag siden / 198 visninger
Les flere