Mailiss Solheim

Alder: 28
  RSS

Om Mailiss

Utdanna teolog. Frilansskribent med mykje på hjartet. Språknerd, feminist, miljøvernar og veganar. Horror-entusiast og musikkelskar.

Følgere

Kjærlighet, faktisk

Publisert 4 måneder siden - 366 visninger

Det som rammer inn juletida er eit born som vært fødd inn i flyktninglivet. Då kan eg ikkje lukke augo heilt.

Kva er eigentleg jul for meg? Eg er jo relativt godt kjend med Juleevangeliet, Jesu fødsel og den enorme tydinga dette eine gute­bornet har i den kristne trua. Men jula har fått sine eigne tradisjonar i tillegg. Har ho ikkje?

Her om dagen sat eg i sofaen i leilegheita mi. Såg på fjernsyn, slik eg ofte plar på rolege kveldar. Plutseleg rulla ein stor, ljosfyld trailer over skjermen. Med ein altfor kjend melodi sildrande ut av ljud­anlegget. Det var sjølvsagt Coca-Cola sin julereklame. Ein reklame som har fått det til å kile i magen på fleire enn tiårige meg, vil eg tru. Men korleis i all verda har kapitalismen snike seg inn i juletradisjonen vår også her?

Eit bilete på barnegleda

Brus, som ikkje ein gong er julebrus, har vorte eit bilete på barnegleda og familietradisjon­ane kring jul. Om dette ikkje har vore ei sinnsjukt god marknadsføring, så veit ikkje eg. Men ein kan jo kanskje ikkje vente anna frå eit internasjonalt milliardselskap?

Sjølv om eg liker å tru at litteratur er viktigare for meg enn film, så er det ingen bøker (som eg kjem på i skrivande stund) som gir den same julestemninga som eit lite knippe filmar, som etterkvart byrjar å dra litt på åra.

I morgon har eg visst ein julefilmdate med eine systera mi. Love Actually står på menyen. Eg har lese kor lite feministisk denne filmen er, med tanke på kva for kvinneroller som vert framstilt. Men den gir likevel den umiskjennelege julekjensla. Og eg må innrømme at klisjeane får tårekanalane til å flyte litt over.

Den gløymde sonen

Ein annan favoritt, som eg såg kvar einaste førjulstid i barndomen, er Home Alone . Dei to fyrste, sjølvsagt. Stressa storfamilie og den gløymde sonen. Og ein liten twist med notoriske forbrytarar som vert rundlurt av den gløymde sonen. Kvar gong. Og så prøver eg ikkje å tenkje på at barneskode­spelaren ikkje akkurat har vore svigermor sin draum på sine vaksne dagar.

I starten av veka sat eg heime og pakka inn det som vart ein heilt smekkfull koffert, og meire til, med julegåver. Eg har prøvd å tenkje litt miljøvenleg. Kjøpt bruksting av kvalitet, økologisk opphav, og slengd med ei lita dose gåvekort på hendingar. Eg elskar å gi bort gåver, om mogeleg meir enn eg elskar å få gåver.

Sjølv om eg nærmar meg tretti, er eg alltid spent på det som ligg og ventar under juletreet etter middag. Så eg har nok latt meg rive litt med, brukt meir pengar enn eg burde, og gjort mitt for at jula enno ein gong er prega av kapitalismens ånd. Men eg har i alle fall pakka inn gåvene i gamle aviser, med raudt silkeband rundt. Litt gjenbruk, og miljøsamvitet er intakt.

Auka klimaavtrykk

Eg kan vel også røpe ein liten løyndom. Sidan eg er veganar og et nøttesteik i staden for pinekjøt eller ribbe på julaftan, så er det lett å rettferdiggjere tidvis auka klimaavtrykk.

Med Juleevangeliet, ein fattig familie og eit born som vært fødd inn i flyktninglivet, som innramming av juletida, kan eg ikkje lukke augo heilt.

Takk til teknologien som har gitt oss sms-betaling og Vipps, slik at eg har kunne gi eit lite bidrag til dei som jobbar med nettopp dei som har det vanskeleg, når tida mi ikkje strekk til anna omsorg enn den familiære – men det skal ein vel heller ikkje kimse av.

Jula er kanskje ikkje tida for å vere politisk korrekt. Det kan eg vere resten av året.

Gå til innlegget

Siste fredag i november

Publisert 5 måneder siden - 848 visninger

Om tre kilo majones. Eller kvifor det knyt seg litt i magen kvar gong Black Friday nærmar seg.

Det er den tida av året att. Jula er berre ein månad unna. Kulden snik seg inn gjennom husveggane, vinterjakkene er tatt ut av boden og startskotet for kjøpsmaratonet står for tur. I dag er det Black Friday, og butikkjedene kjempar om merksemd og kjøparen si lommebok og kredittkort. Og eg tenkjer på den gongen eg kjøpte tre kilo majones.

Folk snakkar om behovet for fortsett auke i forbruket for å sikre sterk ­økonomi. Det virker å vere ei konstant trend. Sjølv om vi veit at ressurs- og klimamessig er ikkje ei forbruksauke det vi treng. Tvert om.

Difor knyt det seg litt i magen, kvar gong den siste fredagen i november ­nærmar seg. I år jobbar eg ikkje i butikk, så eg slepp vere ein del av julestria på den ­måten.

Miljøvenleg julehandel

I staden heiv eg meg førre helg rundt, og vart med på ein bruktmarknad. Riktig nok som seljar, men eg selde brukte klede og ting, til ein billeg penge. Det var til mi store glede fleire som kjøpte julegåver. Ganske fint i grunn, å gi andre mogelegheita til å gjere julehandelen miljøvenleg.

Det er nok ein del menneske som brukar Black Friday til å kjøpe produkt dei har ynskja seg lenge, og venta med å kjøpe fordi lommeboka treng eit sal for å tillate kjøpet. Men det er nok også ganske mange som kjøper meir enn dei treng, når ­prisane vert prest så langt ned som mogeleg.

Og det er her majonesen kjem inn i ­biletet. Eg er veganar, det vil seie at eg ikkje et eller brukar noko produkt som kjem frå dyr, og dimed må eg handle ­majonesen min på spesialbutikkar. Ein dag kom eg inn på min «lokale» helsekost. Eit lite glas med majones, kanskje 300 gram eller der omkring, plar koste ­nærare hundrelappen. Til mi store overrasking hadde butikken sal på store 3-kilos ­bøtter med majones. Til 99 kroner bøtta. Eit realt røvarkjøp. Så eg slo til på flekken. Då eg kom heim og skulle setje varene på plass, slo det meg: «Eg likar jo eigentleg ikkje majones så godt. Korleis skal eg få ete denne opp før den vert dårleg?»

Kjende meg litt kvalm

Eg klarte å ­bruke det meste. Storparten gjekk med til potetsalat gjennom grillsesongen. Så ­sakte men sikkert forsvann ­majonesen. Men eg stod att og kjende meg litt kvalm. Ikkje fordi eg hadde ete for mykje ­majones, men fordi eg hadde hoppa på eit salstriks. ­Jovisst, betre at majonesen vart kjøpt og brukt før den gjekk ut på dato, men kor lurt er det eigentleg å kjøpe ein gigapakning med eit produkt du ikkje er spesielt glad i, sjølv om det er billeg?

2-for-1 og megapakningar blinkar ofte mot oss i butikkhyllene. Mykje vil ha meir, og du må ofte handle store kvanta for å spare pengar. Dette har den uheldige ­synergieffekta at meir mat også vert kasta. Ikkje bra for miljøet, og eigentleg ikkje så bra for lommeboka heller. Du kjenner at du har gjort eit skikkeleg bra kupp når prislappen ein dag er brøkdelen av det den plar. Men det er også desse gongane kortet spring seg varmt, fordi summen av kupp hopar seg opp – og du sit i tillegg att med ting du eigentleg ikkje treng.

Strukturelt problem

Moralen er vel at alle kan verta gira på å kjøpe salsvarer. Det er viktig med medvitne ­forbrukarar, men bærekraft er fyrst og fremst eit ­samfunnsansvar.

Trendar som Black Friday er ikkje ­berekraftig. Men å handle på brukt­marknad eller dra på byttekveld er ­derimot det.

Jul handlar diverre for mange om kjøpspress. Pust heller ut i førjulstida, og vit at dei beste julegåvene treng ikkje ­finnast på kjøpesenteret.

Gå til innlegget

Minna om eit hjarte som banka hardare

Publisert 6 måneder siden - 334 visninger

Folk snakkar om å vere våryr. Eg er haustyr.

Det er noko med hausten. Det vert kaldare og mørkare. Ullskjerf og hanskar vert tatt fram frå gløymsla. Lufta er dirrande klår og naturen serverar si eiga, melankolske haust-regnboge. Det grøne vert gult og raudt og brunt. Panelomnen vert skrudd på. Eg er glad vi har varmekablar i badegolvet. Ute ventar (på godversdagar) ein klår stjernehimmel. Kjøkkenskåpet vert fylt opp med ulike tesmakar og leopardpleddet i sofaen er min beste ven. Folk snakkar om å vere våryr. Eg er haustyr.

Eg likar eigentleg sol, sommar og varme best. Ligge på ei strand eller brygge og hoppe uti kjølande vatn når sveitta har vorte for slitsam. Men det er likevel noko med hausten. Ingenting slår ein kveldstur under gule gatelykter, med raude kinn av kulde. Og ei kjend hand å halde i. Eg vart saman med kjærasten min på hausten, like før vinteren banka på døra. Kanskje er det difor eg vert glad når mørkeret kryp innover kvardagen. Det er minna om eit hjarte som banka hardare, og det fjollete tilværet nyforelskinga skapar. Eller kanskje eg berre liker å vere lat, kunne droppe joggeturen fordi det er kaldt, velje TV-kveld framfor å gå på konsert, og ­bestille middag via Foodora fordi eg ikkje vil verta våt på skorne mine.

Dagen vert kortare

Det er liksom ein går litt i dvale på hausten. Eg har i alle fall lettare for å klare å lade batteria når ­dagen vert kortare, og det freistar mindre å gå ut av leilegheita når eg ikkje må. ­Mørkeret har lett for å gjere meg trøyttare og tappe meg for energi. Men det har eg løyst med å ha ljospærer som kan stillast inn på energiljos. Hausten er også tida for halloween, som eg har skrive om tidlegare. Ein favoritt for alle skrekkentusiastar. Ikkje fordi born går «knask eller knep», men fordi populærkulturen har ein tendens til å mane fram legendariske skrekkfilmar og fordi Stephen King-bøker passar best i mørkeret.

Ein klår nattehimmel er også perfekt for å sjå på stjernene. Leite etter stjerne­bilete og drøyme seg bort i den store, svimlande æva utanfor vår eigen klode. Og når ein står slik og funderer på spørsmål utan svar, kan det hende ein får auge på eit stjerneskot. Det har i alle fall vore ­mogeleg den siste veka.

Støv og sand

Førre helg var det oppslag om stjerneskota som var å sjå på himmelen, då Jorda passerte gjennom halen til Halleys komet. I denne halen er det støv og sand som treff Jorda si atmosfære i nesten uhandgripeleg høg fart. I møte med lufta i atmosfæren oppstår det friksjon som skapar nett det vi kallar stjerneskot. Vi har vel alle vore born og ynskja å sjå stjerneskot for å ynskje oss noko.

Halleys komet er berre innom det indre solsystemet om lag kvart 75. år. Den vart observert allereie så tidleg som i 240 f.Kr. (om ikkje enno tidlegare). Sist gong var i 1986, og neste gong er estimert til 2061. Men vi er i rekkevidda til kometen sin hale ein gong i året, ei veke i slutten av okt­ober. Støvet, sanden og steinane i Halleys ­komet sin hale er ein meteorsverm, og det er denne som skapar stjerneskota. Denne meteorsvermen vert kalla «Orionidene». Namnet har den fått fordi punktet den ser ut til å kome frå er stjernebiletet «Orion». Orion er i gresk mytolog ein havgud, ofte omtala som son av Poseidon.

Tekoppen i handa

Så ved å kikke opp på hausthimmelen, med tekoppen i handa, ullsokkar i skorne og den klåre, stadig kaldare lufta i lungene, så har eg lært noko sjølv om det er haust. Jovisst, eg trengte wifi, smarttelefon og google, men eg har altså ikkje gått heilt i dvale.

Falne lauv knirkar under skorne, medan eg prøvar å legge frå meg alle spørsmåla frå verdsrommet. Eg er litt svimmel. Kanskje det er den store æva. Eller kanskje er eg berre haustyr.

Gå til innlegget

Potet, pengar og dugnad

Publisert 7 måneder siden - 336 visninger

Nordmenn er i verdstoppen i frivillig arbeidsinnsats. Retting: var.

DET GÅR NEDOVER med dugnadsanden, vert det sagt. Eit fenomen som har gitt samhald og utvikling. Eit fellesskapsprosjekt som spør etter tid og innsats, i staden for pengar.

Men nå kjøper folk seg ut av dugnadsarbeid – i burettslag, idrettslag og til og med skuleklassar.

Korleis har dette gått til?

Eg har grave litt i arkiva, og fann ei sak i VG frå 1999. Der står det svart på kvitt: «Nordmenn er i verdenstoppen i frivillig arbeidsinnsats. Det norske begrepet dugnad har lange historiske røtter, og forskere anslår verdien av den årlige dugnadsinnsatsen til fem milliarder kroner.»


Kaste på båten.

Saka er skrive for 18 år sidan. Det er meir enn halve livet mitt, men kort tid for å kaste ein hundrevis av år lang tradisjon på båten.

Dette seier eg fordi Dagbladet 23. september i år trykka ei sak om næringslivstoppen som ville betale seg ut av dugnadsarbeidet i klassen til sitt eige born: «Hei, så vidt jeg skjønner fra møtet kostar turen kroner 3000 per elev», skreiv han i en e-post.

Han fortsette: «Er det mulig å bare betale inn dette på en konto? Jeg forstår at dugnadsarbeid er en nødvendighet når du bor på Søndre Nordstrand og i Groruddalen.»


Klasseskilje.

Det skal seiast at avsendaren sidan har unnskyldt seg. Det gjer ikkje skilnadene som e-posten målber mindre openbare.

All aktivitet som skjer i regi av offentleg skuleverk skal vere gratis. Det er lovfesta. Dette er eit viktig fundament for at skulegang skal vere tilgjengeleg for alle – uavhengig av økonomi.

Når foreldre byrjar å tråkke på denne grensa, er det andre foreldre og elevar som vert råka. Og kva med idretten?

Om ein sluttar med dugnadsarbeidet og heller spør om større pengesummar, står idretten i fare for å verta reservert for dei økonomisk velståande.


Burettslagsdugnaden. 

Og så har vi den tradisjonelle burettslagdugnaden. Argumenta til næringslivstoppen som ville betale seg ut av dugnadsarbeidet var (1) mangel på tid, (2) at alle hus i området kostar minst ti millionar kroner, og (3) at «7 av 10 stemte borgerlig».

Her kan vi stå i fare for å verta overtydd om at dei som har mest pengar jobbar mest, og at dei med minst pengar jobbar minst. Men slik er det som kjent ikkje.

Skal vi betale oss bort frå dugnaden i bakgarden vår, er det fort gjort at dei rikaste slepp unna, medan dei som jobbar i lågløna yrke, med lange skift og ikkje-lagleg arbeidstid, er dei som står att og måler fasaden og høgtrykkspyler felles hagemøblar.  


Potetferie vart haustferie. 

Ein gong vart haustferien kalla for «potetferie». Skulebarn og -ungdom fekk fri frå skulen for å delta i innhaustinga av sesongens poteter. I dag slepp dei yngre  å bruke ferien på slike allmennyttige føremål.

Og bevarast, eg er glad for at skuleelevar får fritid og ferie. Men samstundes er det skummelt om innsatsviljen for å oppnå eit felles gode vert drepen av vaksne – dei som heller vil betale store summar i staden for å bruke litt av tida si på fellesskapet.

Ser dei ikkje kva for klasseskilje dette skapar?


Gå til innlegget

Det vi trur på

Publisert 8 måneder siden - 195 visninger

Kvifor lar vi oss fengsle av Game of Thrones? Kan hende treng vi flukt. Til ein fristad der alt er mogeleg.

Eg har nettopp sett siste episode av sesong 7 av Game of Thrones. Tv-serien har vorte kritisert for brutalitet og kvinneundertrykkande innhald. Men mest av alt er den overveldande populær. Kvifor vert så mange av oss engasjert av den?

Plottet er enkelt fortalt ei verd der ulike familiar kjemper om å få sitje på «Jern-trona», som styrer over heile «Westeros». Verda er full av ulike kulturar og religionar, og alliansar for å oppnå makt vert inngått.

Ein får fort eit inntrykk av kven som er «snill» og kven som er «vond» - kven som går for fair play, og kven som lar maktsjuka synes gjennom løgn, bedrag og det som verre er.

Mytologisk form

Likeins som mange andre populære bøker og filmar dei siste åra, er det fantasy i sin mest mytologiske form. Verda er framstilt heilskapleg, med ulike verdsdelar og ulike språk. Verda har ei felles fortid, og forteljingar om mystiske vesen. Som kanskje er utdøydd – eller kanskje ikkje.

Og det er her vi er, i slutten av sesong 7. Sjåaren har lenge vore allvitande, mens karakterane har levd i uvisse.

Som vesen liker vi å fordjupe oss i historier om menneske som ikkje er ekte. Og i verder som ikkje har rot i den verda vi lev i. Kvifor er det slik?

Kan hende treng vi flukt. Til ein fristad der alt er mogeleg. I dette tilfelle i fantasy-sjangeren.

Funksjonalisme

Men kan det vere noko meir? I sosialantropologien har ein ei disiplin som vert kalla funksjonalisme. Denne ser på kva for funksjon eit fenomen har i eit samfunn.

Malinowski, ein av antropologiens fedrar, brukar med anna denne disiplinen til å sjå på myter i ursamfunn. Mytane har ikkje noko funksjon i seg sjølv, men får ein funksjon i menneska sine levde liv – dei får ei meining.

Men korleis kan ein rette dette mot Game of Thrones, som ikkje utgir seg for å vere sanning eller ein del av vår bakgrunn eller våre liv? Bøkene og tv-serien vil bestå, med same innhald, uavhengig av korleis publikum tolkar, dømer og brukar denne historia. Likevel er vi eit samfunn, ein kultur, som mottar og prosesserer det vi les og ser.

Nordiske runar

Litteratur, teater og i seinare tid film, har alltid vore ein del av mennesket sitt liv. Både fiksjon og fakta. Heilt tilbake til dei eldste tekstar, til egyptiske hieroglyfar og nordiske runar.

Nokon skriv ned, nokon speler ut teater, og nokon les. Vi vidareførar det vi trur på, og vi vidareførar historier vi meiner er bra. Historiene har alltid samla menneska.

Og slik blir populærkultur ein «snakkis». I Game of Thrones sitt tilfelle har vår trong til å fordjupe oss i noko «mystisk» og fiksjon, fått svar gjennom ein godt laga tv-serie.

Vi finn fellesskap i å snakke om fortsetjinga på historia. Vi finn fellesskap i å samle oss rundt tv-skjermen når nyaste episode er sluppen.

«Thrones»-basillen

Og vi kjenner oss kanskje litt utanfor, om vi ikkje har blitt bitt av «Thrones»-basillen, og ikkje lengre har den same populærkulturelle referanseramma som vener og familie.

Game of Thrones er engasjerande fordi den famnar fleire interessefelt og er framstilt på ein sjåarvenleg måte. Og fordi den treff fleire målgrupper, vert den ein «snakkis».

Og fordi den er på «alles lepper», vert den ein samlande funksjon i vår kultur, og engasjerer enno meir.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Gjermund Frøland kommenterte på
Ser du ulven?
6 minutter siden / 8654 visninger
Martin Sandstad kommenterte på
Farlig omskjærings-vedtak fra SV
17 minutter siden / 2034 visninger
Anne Jensen kommenterte på
To sider av samme lov.
rundt 1 time siden / 101 visninger
Jørgen Lund kommenterte på
Farlig omskjærings-vedtak fra SV
rundt 2 timer siden / 2034 visninger
Mona Ekenes kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 2 timer siden / 8654 visninger
Robin Tande kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 8 timer siden / 8654 visninger
Anne Jensen kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 8 timer siden / 8654 visninger
Anne Jensen kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 8 timer siden / 8654 visninger
Robin Tande kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 8 timer siden / 8654 visninger
Rune Staven kommenterte på
To sider av samme lov.
rundt 9 timer siden / 101 visninger
Kjell Haugen kommenterte på
Tanker om kirketilhørighet
rundt 9 timer siden / 124 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Ser du ulven?
rundt 9 timer siden / 8654 visninger
Les flere