Magne Aasbrenn

Alder: 64
  RSS

Om Magne

Leiar i Noregs Mållag

Følgere

«Nå må handling følge ord», skriv formannen i Riksmålsforbundet, Trond Vernegg, her i avisa. Han viser til rapporten som nyleg har komme frå framtidsutvalet til Språkrådet. Han trekker fram at rapporten viser at norsk språk er i fare på grunn av globalisering, press frå engelsk, rask teknologiutvikling og mykje anna. Noko må gjerast – styresmaktene må lage ein handlingsplan for å redde norsk språk, skriv han.

Vernegg skriv vidare at Riksmålsforbundet og Noregs Mållag er viktige for den dugnaden som må bli gjennomført for norsk språk, og han inviterer til samarbeid. Noreg­s Mållag er gledeleg overraska om det er slik at Vernegg og Riksmålsforbundet står heilhjarta bak alle konklusjonane til Språkrådet sitt framtidsutval.

Kulturministeren har lova oss ei ny språklov, og rapporten frå framtidsutvalet legg eit godt grunnlag for dette arbeidet. Eit fundament i framtidsrapporten er at bokmål og nynorsk skal vere likeverdige norske skriftspråk også på 2020-talet og framover, og for at det skal skje, må politikken leggast til rette for å stø opp om det minst brukte av skriftspråka, nemleg nynorsken.

Riksmålsforbundet er velkomme på laget­ vårt i denne kampen.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere