Magnar Kartveit

Alder: 2
  RSS

Om Magnar

Følgere

Gresk og latin

Publisert rundt 9 år siden

Agapetoi er gresk, ei form av verbet agapao, "å elska". Denne forma betyr "dei som er elska", og ordet blir brukt i tiltale til lesarane i nokre av breva i Det nye testamentet: "de som er elska". Ordet kan brukast i tiltale, og norsk omsetjing blir då i andre person. Då desse breva vart omsette til latin, omlag 400 e. Kr., brukte omsetjaren det latinske ordet carissimi på dei aktuelle stadene. Det er ei form av adjektivet carus, som betyr "kjær, elska." Forma er superlativ, altså "dei som er mest elska", eller som tiltaleform: "de som er dei kjæraste/mest elska". De kan vera at omsetjaren måtte ty til superlativ for å få fram same poenget som gresken hadde ved å bruka positiv-forma, grunnforma av perfektum paritsipp av verbet. Ved å velja den latinske superlativforma kan derimot idag ein koma i skade for å overdriva sitt poeng, og dersom uttrykket tippar over, blir det parodisk. Det er som når politikarar brukar uttrykket "i forhold til" heile tida, dei er alt over grensa til parodien, men ein som vil parodiera dei, kan bruka uttrykket endå noko oftare, og får dermed den parodiske effekten. Carissimi har valt den forma som finst i den latinske bibelomsetjinga, Vulgata, men spørsmålet ein må stilla seg, er om det fungerer på friland, slik det fungerer i den opphavlege konteksten.

Magnar Kartveit

Gå til kommentaren

Carissimis hovudproblem

Publisert rundt 9 år siden

Dag Øivind Østereng,

takk for ditt svar. Carissimis argumentasjon er avhengig av å visa at homofilispørsmålet ligg innanfor det som er kyrkja sitt grunnlag. Dette har ikkje skjedd i grunndokumentet til Carissimi, og heller ikkje i ditt føredrag. I tillegg til å påpeika at Bibelen har ei tydeleg haldning til homofilt samliv, må ein gjera greie for hermenevtikken, og den er meir enn skriftprinsippet. Eg les ditt føredrag slik at du meiner skriftprinsippet er den bibelske hermenevtikk. Men hermenevtikk startar der ein er enig om skriftprinisppet, ja, sjølv utan at ein er enig om det. Både ditt føredrag og basisdokumentet inneheld ei mengd påstandar, men her trengst det i tillegg argument.

For å kunna snakka om heresi, vranglære, må det dreia seg om eit emne som kyrkja står og fell med, og Carissimi må visa at det er slik. Når to lærenemnder ikkje ser det slik, har Carissimi ei formidabel oppgåve, som de enno ikkje har begynt på.

Dei andre argumenta føredraget nemner og som ligg i basisdokumentet, er avhengig av dette eine punktet: at de kan visa at emnet de fokuserer på faktisk er ein del av basis i kyrkja. Bibelen inneheld ein del tema som er klart framstilt, men som kyrkja ikkje reknar som basis, f. eks. verdsbilete, geografisk horisont, medisinsk forståing av mennesket osv. Også etiske emne høyrer til her, f. eks. slaveri og dødsstraff.

Eg påstår ikkje at denne oppgåva er umogleg for Carissimi, men eg ventar spent på at ho blir tatt opp.

Basisdokmentet påstår at Carissimi tilsvarar det greske agapetoi. "dei elska". Vulgata brukar det første uttykket, men den greske teksten har det andre. Når de vel ein Vulgatas superlativ istadenfor det greske positiv, står de i fare for å parodiera uttykket. Og det var vel ikkje meininga?

Magnar Kartveit

 

Gå til kommentaren

Vranglære, altså

Publisert rundt 9 år siden

Dag Øivind Østereng.

Takk for ditt svar.

Carissimi meiner altså at det finst vranglære innanfor Den norske kyrkja, uavhengig av biskop Pettersen. Det er ikkje avgjerande for meg å knyta denne situasjonen til ein person.

Det som eg ikkje forstår, er at Carissimi blir ståande i kyrkja når de meiner situasjonen er slik. Korleis kan de unngå å skapa inntrykk av at de godkjenner situasjonen? Alternativt tilsyn vil jo berre forlengja situasjonen og bidra til godkjenning av det som de meiner er vranglære.

Elles får eg ikkje svar på korleis de argumenterer for at visse syn i homofilisaka er vranglære. Kanskje eg er treg i forståinga, men dette forstår eg altså ikkje.

Mine eksempel på breidden av syn i DnK, som eg trudde Grün ville karakterisera som "vrang" lære, men ikkje vranglære, er ikkje heterodoksi, men rett og slett forvirra tankar i dåpsspørsmålet osv. Dersom han skal ta seg av eit forsoningsutval, meiner eg han ville få all slik "vrang" lære å handskast med, og det viser kor merkeleg eit uttrykk "vrang" lære er.

Slik eg forstår deg, er dette eit misvisande uttrykk, og det skal vera vranglære. Og det må bevisast at det her dreier seg om vranglære. Då er det ikkje nok å visa til Bibelen og tradisjonen, generelt. Ein må påvisa i kvart kasus at noko er vranglære. Me har nok av døme på at kyrkjene idag har forlate både Bibelens klare ord og ein sterk tradisjon i kyrkja utan at det blir rekna for vranglære.

Magnar Kartveit

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere