Magnar Kartveit

Alder: 0
  RSS

Om Magnar

Følgere

GT i gudstenesta

Publisert 25 dager siden - 188 visninger

Utan Det gamle testamentet ville kristendommen mangla bakteppe, horisont og kick-off.

Tekstane frå Det gamle testamentet (GT) bør ut av gudstenesta, forkynte den danske teologen Mogens Müller nyleg. Debattantane i Vårt Land etterpå har forsvart GT. Men Müller har eit poeng, som den norske debatten har sklidd unna.

Heilt rett i. 

«Lest på sine egne betingelser gir GTs bøker uttrykk for antikk jødedom, ikke kristendom», seier han. Det har jo Müller heilt rett i. Særpreget i GT er eit anna enn kristendom. Tre hovudelement i denne delen av Bibelen er lova, tempelet og landet. Dette er tema som går igjen overalt, eller som ligg under mange tekstar.

Lova er etter sin ordlyd ikkje aktuell i Nytestamentet. I Bergpreika går Jesus tilbake til Guds ideelle vilje bak lova. Han kritiserer rett ut somme av dei ti bod, og seier at det ikkje var slik det var tenkt frå opphavet. Det er ikkje nok å la vera å slå ihel, du skal ikkje bruka nedsetjande uttrykk. Å unngå å bryta ekteskapet oppfyller ikkje Guds eigentlege vilje. Ein mann som ser med lyst på ei kvinne, skal riva auga ut. Ver fullkomne som Gud, ver som Gud, seier Jesus.

Sentrert om tempelet. 

Tempelet var sentrum i det gamle Israel, enten det stod i Jerusalem eller på Garisim. Mykje av andre Mosebok, heile tredje, fjerde og femte Mosebok er sentrert om tempelet og gudstenesta der. Salmane har sin heim i tempelet. Når Jesus veltar bord i tempelet, tar han eit oppgjer med denne institusjonen. Han er Guds lam i staden for påskelammet. Dermed fell også grunnlaget bort under mykje av profetane si forkynning. Dei ville ofte reinsa gudsdyrkinga.

Israels land er nemnt eller føresett i store deler av GT. Mosebøkene er bygt opp omkring landlovnaden, og Josva-boka fortel om oppfyllinga. Dei historiske bøkene dreier seg om livet i landet. Profetane har landet som sin horisont. Det gjeld også Esekiel, som har sine syner ved Eufrat. Hans hovudtema er gudstenesta i tempelet i Jerusalem, som Gud forlet og kjem tilbake til. Nytestamentet har eit anna land: det himmelske. Hebrearbrevet understrekar at det gamle er forbi; det er enno ei sabbatskvile i vente for Guds folk. Når Det gamle testamentet seier at dei døde kjem til dødsriket, sjeol, forkynner
Jesus himmel eller fortaping.

Tar feil. 

Så langt har Müller rett. GT er ikkje uttrykk for kristendom. Men har tar feil på eit avgjerande punkt: «Lest på sine egne betingelser gir GTs bøker uttrykk for antikk jødedom, ikke kristendom», sa han. Og det er her han tar feil. GT er ikkje jødedom.

Jødedommen vart til i perioden
etter 400 f. Kr. Det gamle testamentet var stort sett ferdig skrive før denne tida. Det er altså misvisande å seia at GT er «uttrykk for antikk jødedom». GT er det gamle Israels religion, ikkje jødedom.

Jødedommen tolkar GT i Talmud, i Qumran og i den greske omsetjinga av GT, Septuaginta. Kyrkja kan også frimodig sitera, bruka, tolka, utvikla GT, i gudstenesta og i teologien. GT er ordboka for å forstå NT, scenen der dramaet spelar seg ut. Utan GT ville kristendommen mangla bakteppe,
horisont og kick-off.

Gå til innlegget

Bibelens land

Publisert 9 måneder siden - 113 visninger

Bibelen er knytt til landet, og landet er knytt til Bibelen. Påskehøgtida er ei vandring i Bibelens geografi. Frå Galilea til Judea, frå Betania til tempelplassen, frå Getsemane til Golgata. Påskehøgtida er også ei reise i historia: den første påske i Egypt, utvandring og innvandring, påske i dag.

 

Av Magnar Kartveit

Vårt Land hadde 23. februar eit interessant intervju med Sigurd Falkenberg Mikkelsen. Den kjende NRK-journalisten har ofte rapportert frå Midt-Austen, og kjenner Jerusalem godt. Ein vår for nokre år sidan vandrar han på måfå gjennom gamlebyen. Der skjer det: «Det er mange menneske der, ‘mykje teatralitet, politikk, så mykje ditt, så mykje datt’. Plutseleg kjem han til Getsemane-hagen. Hagen der Jesus skal ha trekt seg tilbake og blitt forrådd. Det gjer enormt inntrykk.
– Det gjorde religion så stadbunden på ein heilt annan måte. Det som hadde vore veldig abstrakt for meg, vart plutseleg veldig, veldig konkret, fortel Mikkelsen.»

Det han oppdaga i Getsemane-hagen, er ei viktig side ved kristendommen, og ved fleire religionar. Dei har ikkje oppstått i eit tomrom, men på konkrete stader, i visse historiske situasjonar. Kristendommen er ikkje abstrakt teori, men knytt til tid og stad. I trusvedkjenninga har Pontius Pilatus fått plass, han som var romersk statthaldar i Judea i 26–36 e. Kr. Dermed blir me stadig minna om forankringa i Jerusalem i det første hundreåret av vår tidsrekning.

Bibelen er knytt til landet, og landet er knytt til Bibelen. Påskehøgtida er ei vandring i Bibelens geografi. Frå Galilea til Judea, frå Betania til tempelplassen, frå Getsemane til Golgata. Påskehøgtida er også ei reise i historia: den første påske i Egypt, utvandring og innvandring, påske i dag. Samaritanane feirar kvart år påske på fjellet Garisim med slakting av påskelammet. Det er ein attraksjon for turistar som kjem for å sjå korleis det blir praktisert, det som 2 Mosebok 12 fortel om.  

Slike opplevingar kan ein ha i heile landet. Gennesaretsjøen var Jesu sjø; ved breidden henta han disiplane, der stilla han stormen. Kapernaum og Korasin, Magdala og Nain – det er stasjonar på hans rute. Ikkje rart at pater Hallvard Rieber-Mohn kalla Galilea for «mitt hjertes landskap». Og i Jerusalem styrte ein gong David og Salomo, i Sikem gjorde Jeroboam opprør og splitta riket, på Masada bygde Herodes sitt vinterpalass. Alle desse stadene kan ein besøkja den dag i dag og få ein reality check.

I vår tid er det fare for at «mykje teatralitet, politikk, så mykje ditt, så mykje datt» blendar av for dei historiske minningane i landet. Falkenberg Mikkelsen fekk i Getsemane auge på religionens synlege side. Påske er ei tid for slike opplevingar. Pilatus gjer tida tydeleg for oss, og landet gjer hendingane levande.

 

Gå til innlegget

Dom, rettferd – og fortaping?

Publisert rundt 2 år siden - 366 visninger

Kan me hevda at Gud ein gong lar rettferda avgjera kven som er overgripar og kven som er ­offer – utan å ta stilling til eventuell straff?

Debatten etter Tor B. Jørgensens utspel (Vårt Land 23. september og 1. oktober) har dreia seg om «Blir alle frelst til slutt?». Dette har vore tema både for Hegstad og Henriksen (25. oktober), Feidal («Undergraver muslimmisjon», 25. oktober) og Ottosen («En annen kristendom», 26. oktober).

Debattantane er enige om at Bibelen tydeleg presenterer tanken om evig pine for ugudelege­, men at dette er ein utriveleg tanke­. Jørgensens løysing er at alle blir frelste til slutt, medan andre debattantar meiner det er teologisk nødvendig og halda døra open for ei eller anna form for fortaping.

Rettferdig. Debatten har ikkje gått mykje inn på ei anna side ved læra om at Jesus skal koma igjen «for å dømma levande og døde,» nemleg at Gud er rettferdig og vil la rettferda skje ­fyllest til sist. Dette er etter mitt syn viktig med tanke på alle ­offera i verda, alle offera som aldri får oppleva noka form for oppgjer, oppreising ­eller rettferdig ­behandling medan dei lever.

Somme av offera kan få støtte og hjelp, kanskje ei rettssak som rettar opp uretten, men dei fleste får aldri det. Ein kan i dag tenkja­ på offera for krig, for­fylgjing, overgrep, hunger, utbytting, vald – lista over slike situasjonar er lang. Vil Gud aldri ta eit oppgjer med det vonde, med overgrepa, drapa, kort sagt med syndene? Korleis kan Gud vera rettferdig, om han ikkje lar rettferda rå? Det må finnast ein endeleg dom over uretten, og Gud høyrer dommen til.

Dersom ein slik hevdar ein ­endeleg dom, seier ein då sam­tidig at det finst ei fortaping? Er det uunngåeleg at å tala om ein dom, inneber ein tale om straff? Ikkje nødvendigvis. Løysinga ligg i å skilja mellom oppgjeret, og den straffa som kan koma ­etterpå.

I norsk er «dom» ofte brukt om straffeutmåling. Difor reagerer folk på talen om «dommen», fordi­ dei oppfattar det slik at ­ordet refererer til straff. Men i kristen tankegang er det ikkje slik. «Dom» refererer til oppgjer, til at rettferda skal rå til sist. Straffa er ei anna sak, og desse to kan skiljast i vår språkbruk.

Tre modellar. Kristendommen har tre modellar for å forstå straffa:

1. Annilihasjon av syndarane: Dei fortapte står ikkje opp til nytt liv i det heile. Salme 1,6 kan tolkast slik: Dei gudlause sin veg går til grunne (mi omsetjing). Joh 3,16 kan også brukast i denne samanhengen: «gå fortapt» kan bety å bli gjort til ingenting, ikkje få ein evig eksistens i det heile.

2. Apokatastasis panton, alt blir gjenoppretta, alle blir frelste, eventuelt gjennom skirs­elden. Origenes, cirka 250, hadde­ denne­ tanken. «De er ­gudar, ­søner av Den høgste er de alle,» Salme 82,6, vart brukt som støtte for denne tanken, sjølv om denne salmen talar om dei andre ­gudane og kritiserer dei. I dag understrekar ein at «Gud skal vera alt i alle», 1 Kor 15,28, utlagt om den evige lagnaden.

3. Dei ugudelege, impii, skal straffast utan ende, sine fine crucientur. Slik heiter det i Confessio Augustana, artikkel 17, og norske prestar er forplikta på denne­ vedkjenninga. Matteus 25 om dei som tar seg av dei forkomne og dei som overser dei, Lukas 16 om den rike mann og Lasarus, og andre tekstar i Det nye testamentet er bakgrunnen for denne språkbruken.

Alle tre modellane kan finna støtte i Bibelen, og ingen av dei er einsidig og konsekvent presentert gjennom heile Nytestamentet. Kan ein då seia at dette spørsmålet er av dei som er presenterte «i ein spegel, i ei gåte»? Er det slik at «No skjønar eg stykke­vis, men då skal eg kjenna­ alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud» (1 Kor 13,12)?

Skilje. Kan me skilja mellom rettsoppgjeret på den eine sida, og eventuell straff på den andre? Kan me hevda at det finst ein rettargang, og eventuelt straff, og at Gud tar seg av begge? Kan me tenkja separat om dommen på den eine sida, og det som måtte­ koma etterpå på den andre?

Avgjerande for dei undertrykte i verda er at det finst rettferd. ­Elles er vår støtte eit ord, og kanskje hjelp, men ikkje den grunnleggjande trøyst dei treng. Dei undertrykte treng fridom her og no, og så ein rettferdig dom til sist. Gud er rettferdig, det finst eit oppgjer. Dei som vil hevda rettferd, må ta dette med.

I 1970 gav Pax forlat ut den anonyme Guds lille røde bok, som vart eit manifest for kristen­sosialistane, ei gruppe som Jørgensen stod nær. Den inneheld mange bibelsitat om rettferd for dei undertrykte i alle land, og i innleiinga heiter det at «­Boken har til hensikt å vise hvor ­meningsløst det er å løsrive det bibelske frelsestilbud fra den sosiale og etiske sammenheng dette tilbud opprinnelig står i.»

Denne påstanden er eg enig i, og vil føreslå at den også gjeld om det endelege oppgjeret. Mange er også i dag opptekne av rettferd for dei undertrykte. Gud er rettferdig. Og dei vil gjerne klara seg utan ein dømmande Gud. Men korleis vil dei syta for rettferd utan eit endeleg oppgjer?

Korleis kan offera i verda, me sjølve og alle dei andre, finna trøyst, dersom Gud berre tilgir og overser uretten? Folk bed om «rettferd, ikkje miskunn», justice, not charity. Det var slag­ordet på 60- og 70-talet og mange­ gonger seinare.

Dødsriket. Det gamle testamentet forkynner oppgjer og rekneskap utan anna framtidsutsikt enn dødsriket, sheol­. ­Danielsboka 12,2-3 er den ­einaste teksten i Det gamle testamentet som talar om oppstode: «Mange av dei som søv i molda, skal vakna opp. Somme til evig liv, andre til spott og evig avsky. Dei kloke skal skina som himmelkvelven skin, og dei som har ført dei mange til rettferd, skal skina som stjernene til evig tid.»

Det er ikkje sagt at det er ei oppstode til eit annleis liv enn dette livet; det kan vera tenkt innanfor denne verda, jfr. ­Lasarus og andre oppvekkingar i NT. Det gamle testamentet har berre dette livet og sheol i sin horisont. Og likevel understrekar profetane og andre tekstar igjen og igjen at Gud tar eit oppgjer med synd, urett, overgrep.

Tanken om straff i det evige kom først i Det nye testamentet. Kan me ta eksempel av dette, og skilja mellom oppgjer og straff? Kan me hevda at Gud ein gong lar rettferda avgjera kven som er overgripar og kven som er ­offer – utan å ta stilling til eventuell straff?

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 1.11.2016

Gå til innlegget

«Hva er hellig for deg?»

Publisert nesten 4 år siden - 557 visninger

Vårt Land-intervjua der folk blir spurt om kva som er heilag for dei, viser at ordet «heilag» for mange no tyder «viktig». Svara avslører mykje om tankegangen vår.

I intervjua på siste side i Vårt Land spør journalisten ofte: «Hva er hellig for deg?» Svara er alltid interessante. Ein sjeldan gong seier intervjuobjektet: «Gud er heilag.» Som regel er det heilt andre svar: naturen, familien, menneskerettane, ytringsfridomen, nestekjærleiken, borna, fritida, jobben. Også menneske med kristen bakgrunn svarar slik.

Svara avslører at «heilag» for det meste blir brukt i tydinga «viktig». Kanskje er det den postmoderne korrekte formuleringa «Hva er hellig for deg?» som legg opp til ei slik forståing. Journalisten er ikkje ute etter allmenne sanningar, men kva som gjeld «for deg». Det er ei heilt vanleg utvikling i tydinga av ord at dei kan utvikla nye tydingar; tenk berre på «frelst», som ofte blir brukt i tydinga «entusiastisk», «opptatt av». I dette tilfellet er det lett å forstå utviklinga, som har gått via karismatiske grupper som viser at dei er frelste på den måten at dei er entusiastiske, oppglødde.  Når det gjeld «heilag», kan ein også lett forstå utviklinga frå det guddommelege til det viktige. I begge desse tilfella tar orda vare på dei tidlegare tydingane, og legg nye til.

Menneskeleg. Som sagt, det er ingenting uvanleg ved slik tydingsutvidingar, språkleg sett. Det interessante er at dei nye tydingane blir brukte oftare enn dei andre. Så: Kva har skjedd når dei fleste svarar at det heilage dreier seg om høgst menneskelege ting, og ikkje om Gud?

Det er freistande å sjå andre utviklingstrekk i denne samanhengen. I Bibelen er «heilag» og «synd» motsetningar, i den forstand at «heilag» karakteriserer Gud, og «syndig»» karakteriserer mennesket. Og då er det ikkje menneskelege handlingar som er i sentrum, men det å vera menneske. Forskjellen på menneske og Gud ligg i desse uttrykka. Å vera menneske er å ha eit syndig vesen, å ha ein annan grunnhått enn den som er Guds. 

Dette er lite framme i dag, særleg etter at syndsvedkjenninga i gudstenesta miste denne omtalen av mennesket. Me vedkjenner oss ikkje lenger lysta til det vonde i vårt indre, men syndsvedkjenninga dreier seg om det me har gjort og det me har forsømt. Dette er viktig nok, så langt det rekk, men det er ei overflatisk syndsvedkjenning me har i dei nye liturgiane. Det er Chat Noir-versjonen, revy-versjonen, av synda som har overlevt – med vekt på sex, underslag og ulike kvardagslege gjenringar. Den bibelske versjonen har tapt.

Dette tapet speglar også språkbruken omkring «nåde», «frelse» og slike ord. Dei blir ofte brukte om hjelp til eit betre sjølvbilete, hjelp til å koma over skamma, ein slutt på sjølvforakta. Dette er viktige saker, som ein ikkje skal fjerna, men dei går ikkje inn i den vesensforskjellen på Gud og menneske som dei bibelske uttrykka siktar på.

Eit tap. Det er flott å justera opp sjølvkjensla, fjerna skamma, redda ansiktet, men det blir trass alt for lite i møte med Gud. Dersom nåde og frelse har å gjera med vesensforskjellen mellom Gud og oss, er det eit tap å mista denne sida i forkynning og sjelesorg – og i språket.

Å omtala mennesket som syndar, er å trykkja det ned, er det ofte blitt sagt. Dette kviler på den overflatiske syndsforståinga, revy-versjonen. Då ser ein einsidig på andre menneske. Syndsforståinga er prega av samanlikning med andre menneske. Og: eg er vel ikkje verre enn dei hine. Men: Når motsetninga til synda blir Gud, får ho andre dimensjonar, og frelse og nåde får innhald herifrå.

«Hva er hellig for deg?» Bibelen brukar «heilag» i samanhengar der Gud viser seg. På Sinai-fjellet, 2 Mosebok 19, i den brennande tornebusken, 2 Mosebok 3, i tempelet i Jerusalem, Jesaja 6. I desse tekstane er det ikkje først og fremst uheldige gjerningar og mangel på gode gjerningar som er i sentrum på menneskeleg side, men den grunnleggjande forskjellen til Gud, det er essensen det dreier seg om.

På spel. Det står ein del på spel her. Dersom me misser dimensjonane over forskjellen på Gud og menneske, får me fort ein liten Gud, me får ein gud. Ein som er omsorgsfull og kjærleg, og som lyttar til våre behov, og det er jo bra. Men det er berre ein Gud som er skapar av universet som i realiteten kan hjelpa; det er berre Herren over himmel og jord som kan sjå til at kvardagsmennesket får noko. Salomo vigde inn templet sitt til den Gud som er for stor for den høgaste himmelen, himlane sin himmel på hebraisk, 1 Kongebok 8. Templet var for den Gud som himmelhimmelen ikkje kunne røma. Dette er ein Gud som ein kan venta seg noko frå. Ein som serverer lukke og velferd på bestilling, blir i det store rekneskapet altfor puslete.

Bibelen startar med ei grandios setning: I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Det vil seia så mykje som at han er utanfor himmel og jord. Han har inga historie i Bibelen – i motsetning til i religionane omkring. Den bibelske Gud eksisterer når himmel og jord blir til, og han er utanfor, og annleis enn alt dette. Det er denne Gud Salomo innvier templet til, og det er ein Gud som me kan venda oss til i dag.

Heilag krig? «Hva er hellig for deg?» Somme vil gjerne sjå på aktuelle hendingar i Paris og elles, der ein kan tru at terrorhandlingar er baserte i ei jordisk forståing av det heilage: Gud er heilag, og menneske må manifestera og forsvara denne heilagdomen med våpen. Dersom dette skal danna mønster for forståinga av det heilage, blir det naturleg å halda seg unna slike eksplosjonsfarlege uttrykk.

Men det er råd å tenkja guddommeleg om det heilage utan å rykkja ut til forsvarskrig for det. Gud er heilag, og han klarar seg utan spyd og sverd. Det nye testamentet forkynner ingen heilagkrig.  

«Hva er hellig for deg?» Svaret avslører ein god del om vår tankegang.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND

Gå til innlegget

"Vrang" lære eller vranglære?

Publisert over 7 år siden - 57 visninger

Joachim F. Grüns innlegg i papir-Vårt Land laurdag 9. april er forvirrande.

Joachim F. Grüns innlegg i papiravisa av Vårt Land 9. april forvirrar meg. Han omtalar homofilspørsmålet som "vrang" lære. Eg trudde Carissimi meiner at det her finst vranglære, ikkje berre "vrang" lære. "Vrang" lære finst det mykje av innanfor alle kyrkjesamfunn. Ein kan tenkja på forskjellige syn på dåpen, nattverden, Kristus, Gud, englar, demonar, Kristi gjenkomst og mykje meir. På desse områda og mange andre finst det mange syn innanfor kyrkja som er avvikande eller på kant med Bibelen og trusvedkjenninga. Ein kan kalla dei for "vrang" lære, men det er ikkje vranglære, heresi. Då ville det ha vore kyrkjesplittande, og det er det som regel ikkje. Det er ikkje så gjennomtenkte og tydelege oppfattingar at det er i strid med dei grunnleggjande deler av trua. Dersom Grün vil organisera arbeid med alt dette i eit forsoningsutvalg, får han fanget fullt.

Carissimi anklagar biskop Pettersen for å fara med vranglære. Dersom det er tilfelle, er det forståeleg at ein ikkje kan ha nattverdsfellesskap med han eller tlsyn frå han. Dersom det i vår kyrkje finst heresi mellom prestar og biskopar, då er Carissimis poeng forståeleg. Men det blir uforståeleg at dei kan vera med i ei slik vranglærande kyrkje i det heile. Eit alternativt tilsyn ville berre tilsløra deira eige poeng.

Carissimi må bestemma seg for om Pettersen er "vranglærar" eller vranglærar. Forskjellen er ikkje berre ein forskjell i hermeteikn, men i kyrkjesplitting.

Magnar Kartveit

Gå til innlegget

Mest leste

Hareides nødvendige veivalg
av
Ole Paus
2 måneder siden / 77388 visninger
Et barn er født, et barn er dødt
av
Magne Raundalen
rundt 2 år siden / 43440 visninger
Etter fallet kommer hevnen
av
Berit Aalborg
10 måneder siden / 34833 visninger
Stormløpet mot Israel er i gang.
av
Roald Øye
7 måneder siden / 27794 visninger
Kanten av klippen
av
Åshild Mathisen
9 måneder siden / 22439 visninger
Et sosialt ­eksperiment
av
Bent Høie
4 måneder siden / 22146 visninger
Mens vi sover
av
Erik Lunde
10 måneder siden / 20048 visninger
Ord er handling
av
Hilde Frafjord Johnson
3 måneder siden / 19052 visninger

Lesetips

Når staten misbruker makt
av
Øyvind Håbrekke
rundt 23 timer siden / 149 visninger
Trangere og farligere
av
Wenche Fone
2 dager siden / 343 visninger
Hva med menighetene?
av
Dag Brekke
2 dager siden / 132 visninger
La flere unge slippe til
av
Rode Hegstad
2 dager siden / 122 visninger
Taushet og tale om jødene
av
Torleiv Austad
2 dager siden / 170 visninger
En antisemitt trer frem
av
Jan-Erik Ebbestad Hansen
2 dager siden / 224 visninger
En iboende verdighet
av
Erik Lunde
3 dager siden / 269 visninger
Bygger på menighetene
av
Andreas Aarflot
3 dager siden / 157 visninger
Styrking av fødselspengar no!
av
Aina Alfredsen Førde
3 dager siden / 112 visninger
Les flere

Siste innlegg

Ekstremreligiøs kamp mot norsk barnevern
av
Oddbjørn Johannessen
rundt 20 timer siden / 854 visninger
Et julebudskap for hele året
av
Susanne Ingebrigtsen
rundt 21 timer siden / 328 visninger
Det som ikke sies II
av
Åge Kvangarsnes
rundt 21 timer siden / 115 visninger
Når staten misbruker makt
av
Øyvind Håbrekke
rundt 23 timer siden / 149 visninger
Hva heter gud egentlig?
av
Johan Velten
1 dag siden / 267 visninger
Plikt til aktivitet
av
Vårt Land
1 dag siden / 142 visninger
Den våkne biskopen
av
Inger Cecilie Stridsklev
2 dager siden / 158 visninger
Les flere