Kristofer Olai Ravn Stavseng

Alder: 28
  RSS

Om Kristofer Olai Ravn

Dansk sunnmøring i Groruddalen. Studerer retorikk ved UiO. Målmann og kristendemokrat.

Følgere

Takk og farvel, KrF

Publisert 9 dager siden

KrF har blitt for kristenkonservativt. Dette kan eg ikkje vere med på lenger.

Då eg som 17-åring meldte meg inn i KrFU, trudde eg at eg skulle vere KrF-ar resten av livet. Nesten som den ungdomskjærasten du aldri ser for deg at det skal bli slutt med. Det som trakk meg inn var den kristendemokratiske ideologien. At den var verdi- og ikkje systemstyrt. At den vektla balansen mellom individets fridom og ansvar for fellesskapen, ikkje ein av delane. Eg likte at det var ein ideologi som ikkje tok utgangspunkt i at ein skulle representere ei bestemt demografisk gruppe, men ha klok, heilskapleg politikk med mål om skape eit godt samfunn for alle. Når eg no melder meg ut, er det fordi eg opplever at skilnaden mellom den kristendemokratiske ideologien og KrFs praktiske politikk har blitt for stor.

Det har vore 11 gode og frustrerande år. Gode fordi eg har fått lære mykje, eg har fått påverke i saker som er viktige for meg og eg har fått vener for livet. Frustrerande fordi så mange tok med seg teologi inn i politikken. Eg la tidleg merke til at mange hadde så ulike synspunkt enn mine at det nesten overraska meg at vi kunne vere i same parti. Men det var rom for oss begge. Vi kunne meine heilt ulike ting om abort, om LHBT-politikk, om økonomisk fordeling og om kva det betyr å vere kristen i politikken. Det var likevel noko som batt oss i hop. Det var at samfunnet skulle byggast med verdiar, vi skulle ta vare på jorda og vi skulle styrke dei svakarestilte. Etter retningsvalet har det rommet blitt mindre.

Eg har aldri vore så stolt KrF-ar som då Knut Arild talte til landsstyret og ga sitt råd om å danne regjering med Arbeidarpartiet. Ikkje fordi namnet på samarbeidspartiet er viktig, men fordi det har konsekvensar for politikken vi må ta ansvar for i regjering – den politikken som påverkar folks liv. Eg er ikkje einig i at KrF er KrF uansett kva. Du blir definert ut ifrå kven venene dine er. Dei sigrane KrF får er ikkje store nok til å demme opp for at skilnadene mellom folk aukar og at tilliten minkar. Det gjekk som det gjekk. Mykje av det eg frykta skulle skje, har skjedd.

Eg har prøvd i det lengste å sjå om KrF ikkje kunne balansere seg etter retningsvalet. Det har på ingen måte skjedd. Kristenkonservative krefter har fått større plass. Det ser vi i den aukande transfobien og nesten konspiratoriske kritikken mot Pride og Fri, i spørsmålet om konverteringsterapi, krigsretorikken om bioteknologi og «i Norge feirer vi jul»-posten til Kjell Ingolf Ropstad. Vi kjem sjølvsagt ikkje unna katastrofen i Moria heller. Det ga meg ei uggen kjensle å sjå Ropstad legge ut ein skrytevideo, morgonen etter storbrannen, der han proklamerer at Noreg skal hente 50 personar. KrF-tilsette takka statsråden i kommentarfeltet som om det var ein kjempeprestasjon. Alle veit kva som er KrFs primærpolitikk. Men det hjelper lite når dette er politikken partiet sørger å sikre fleirtal for ved å sitte i regjeringa.

Eg melder meg ikkje ut på grunn av ei enkelt sak eller eitt bestemt retningsval. Sidan partiet gjekk inn i regjering, har KrF tatt retningsval kvar dag. Dei vala som er treft av administrasjonen, av partileiinga og stortingsgruppa har ført KrF lenger ut på ei vidde der eg ikkje vil vere. Med det er det på tide å seie takk og farvel.

Gå til innlegget

Eit viktig fundament for eit velfungerande liberalt demokrati, er ein danna og opplyst samfunnsdebatt. Det er ikkje mogleg å vedta ein konstruktiv debattkultur, det er noko vi skaper. Denne kulturen blir skapt som ei norm mellom parti, politikarar og andre samfunnsaktørar. Om nokon vel å bryte med denne kulturen, og dimed utfordrar prinsippa for ein god debatt, er det eit trugsmål mot det politiske faget og funksjonane som gjer at samfunnet vårt fungerer.

 

Sidan Høgre og Framstegspartiet fekk makta i 2013, har statsråd Listhaug sin retorikk og mediestrategi blitt diskutert og kritisert. Statsråden har blitt skulda for både å forsøple debatten og for å kome med ytringar som gir drivstoff til hat og diskriminering. Sjølv er eg langt på veg samd i at retorikken til Listhaug er problematisk og unødvendig polariserande. Ytringane hennar styrkar kanskje populariteten og politikken hennar, men dei har òg ofte negative konsekvensar, som det verkar til at statsråden ikkje ser rekkevidda av.

 

Ikkje minst har den seinaste tidas merksemd kring Facebook-posten om Arbeidarpartiet og terrorisme illustrert viktigheita av ein danna og respektabel debatt. Det er mi oppfatning at statsråden har gått over streken av kva vi som samfunn kan tolerere av bodskapar frå ein statsråd. Eg meiner dette nivået ligg under verdigheita til norsk politikk, og at spelereglane om kva som er greitt og ikkje må vere universelle. Eg meiner at vi ikkje kan akseptere slike ytringar frå ein statsråd, fordi vi har vent oss til at den statsråden ber namnet Sylvi Listhaug. Spelereglane må gjelde for alle. Når desse vert brotne, må der vere reaksjonar. Difor oppmodar eg stortingsgruppa til KrF om å stø Raudt sitt mistillitsforslag mot statsråd Listhaug, og soleis bidra til å gjenreise nivået i den norske politiske diskursen.

Gå til innlegget

Må vi slutte å snakke om Sylvi Listhaug?

Publisert over 2 år siden

Før helga karakteriserte Sylvi Listhaug pedofile som «monster». Med ny statsrådpost er ho klar for å nok ein gong sjokkere mange av oss, men òg for å vinne nye veljarar. Under valet i fjor haust vart retorikken hennar mykje debattert og kritisert, utan at det førte til særleg nedgang for partiet. I eit intervju med Dagbladet uttalte Listhaug at «de som snakket mest om meg, tapte på det.» Det har ho fullstendig rett i. Korleis skal vi eigentleg takle framferda hennar?

Eg går ut i frå at Listhaug har dei beste intensjonane med måten ho brukar ord og korleis ho styrer politikken. Eg går ut i frå at ho seier og gjer det ho gjer for å skape det samfunnet ho meiner er best, og at ho handlar i tråd med det som er best for partiet hennar. Difor vil eg vidare unngå å spekulere i kva motiv ho måtte ha. I staden for vil eg ta for meg kva ho seier, kva ho gjer og kva konsekvensane er. Først av alt må vi finne ut kva Listhaug gjer når ho uttaler seg i media. Eg vil setje det opp som ei kronologisk rekkefølge. Først byrjar ho med ei utsegn som er så oppsiktsvekkande at pressa og politiske motstandarar må vie det merksemd. Det blir slått opp i nyheitssendingane, nettartiklar og delt på Facebook. Det oppstår debatt. På denne måten blir Listhaug stadig vekk satt på dagsorden. Når ho blir kritisert for desse oppsiktsvekkande utsegnene, gjer ho to ting. Først dannar ho ein karikatur av motstandaren sin argumentasjon, eller konstruerer opp synspunkt og ytringar som aldri har funne stad. På denne måten blir etosen, eller truverdet, til motdebattanten svekka. Deretter argumenterer ho mot den falske konstruksjonen med enkle og sjølvforklarande resonnement som alle kan seie seg samde i. Det er med andre ord stråmannsargumentasjon. Eit døme på dette såg vi på Dagsnytt 18 på fredag. Anine Kierulf kritiserte Listhaug for å bruke omgrepet «monster». Listhaug svarte med at «du får fortsette å forsvare desse gjerningsmennene og framstille dei som offer» og viste til at regjeringa aukar løyvingane til politiet for nedkjempe desse brotsverka. Anine Kierulf har aldri forsvart eller framstilt gjerningsmenn som offer. Alle kan seie seg samd i at det er bra at politiet får auka løyvingar til å jobbe med dette.

 

På denne måten blir Listhaug satt på dagsorden, premissa for debatten blir lagt av henne, og difor kan ho gå sigrande ut av den etter å ha sagt noko som alle kan vere samd i, utan at det alltid nødvendigvis stemmer spesielt over eins med Frp-politikk. Som retorikkstudent er eg både begeistra og forferda. Det ho gjer er både enkelt og genialt. Men det skal vere heva over ein kvar tvil: I følgje god etisk retorikktradisjon, er dette dårleg skikk. Du skal møte motstandaren med dei argumenta hen bruker. Viss ikkje kveler du den reelle meiningsbrytinga. Men det handlar ikkje berre om at debatten er tufta på feilaktige premiss. For om strategien fungerer fint for å fremje Frp, ser vi at Listhaug-retorikken har ei skuggeside. Det er det nokre som må betale prisen for. Det er dei menneska Listhaug snakkar om, anten det er politiske motstandarar eller dei som høyrer til ulike grupper av samfunnet. Retorikk er handling som skaper endringar i samfunnet. Det kan endre kva vi meiner, kva vi gjer, og korleis vi tenker. Det er det som er det alvorlege ved retorikken. Difor må alle, kanskje spesielt dei med makt, vere medvitne om rekkevidda av retorikken dei tar i munnen.

 

Som KrFU-ar opplevde eg i valkampen at alt som hadde med Listhaug å gjere var særs frustrerande. Korkje oss eller nokon andre av Listhaug sine meiningsmotstandarar gjekk sigrande ut av å kritisere henne. For meg reiser dette spørsmålet om korleis vi best kan møte Listhaug-retorikken. Altfor lenge har vi, frå Raudt til Venstre (Høgre tør ikkje), gått rett i fella. Vi har dessverre, med beste intensjonar, gjort oss til nyttige idiotar for Listhaug. Det er ikkje berre fordi debattane har vore vanskelege, det er òg fordi vi har feila i måten vi har kritisert ordbruken hennar. Eit krondøme på dette vart problematisert av retorikkekspertar Kjell Lars Berge og Fillip-André Baarøy på NRK Ytring 08.09.2017. På tampen av valet valte Ap å karakterisere retorikken til Listhaug som hatretorikk. Berge og Baarøy kritiserer Ap heilt riktig for å plassere Listhaug blant dei ekstreme og framandfiendtlege, samstundes som dei som faktisk er ekstreme og framandfiendtlege blir invitert inn i den demokratiske debatten. Omgrepet «hatretorikk» skal berre brukast når det faktisk er snakk om hatretorikk. Ap tok for hardt i og vart sjølve taparane. Eg vil gjerne legge til, at når Ap eller andre kritiserer Listhaug på denne måten, gir det henne høve til å spele ei offerrolle, der andre har vore urimelege mot henne og vil misforstå henne med vilje. Det er hennar legitime rett når det blir retta slike skuldingar mot henne. Dette aukar berre sympatien i hennar retning, og du oppnår det stikk motsette av det du forsøker. Dersom ein skal kritisere nokon for noko, skal ein ikkje sjølv oppføre seg på den måten ein kritiserer den andre for.

 

I det store og heile blir det snakka mykje om Listhaug. Altfor mykje, spør du meg. Sjølve grunnlaget for suksessen hennar er all merksemda som blir mønstra rundt henne. Så når eg spør meg sjølv om kva ein ny strategi for å møte retorikken hennar kan vere, når eg seier at vi ikkje lenger kan godta premissa ho legg for debatten og at vi ikkje må skyte sporv med kanon, kva står vi igjen med? La meg prøve ut påstanden min. Ikkje som ei bastant oppfatning, men som eit forslag til diskusjon. Må vi slutte å snakke om Sylvi Listhaug? Klarer vi og bør vi la vere å ta fatt i dei oppsiktsvekkande ytringane hennar? På kva måte kan vi halde henne ansvarleg? Korleis kan vi klare å snakke meir om politikken? Eg trur det rette er å snakke mindre om henne. Både fordi det vil vere meir reieleg, og fordi det å gå i debatt med henne fortonar seg meir som ein rigga boksekamp. Vi må ta meir fatt i politikken ho fører, og freiste å flytte merksemda. I staden for tileigne Listhaug tvilsame motiv, må vi peike på dei faktiske konsekvensane av orda hennar. Til sjuande og sist handlar det om at vi vil erstatte den rådande politikken med vår eigen. Det trur eg vi oppnår best både ved å vere smarte, og å følgje dei retoriske ideala vi ser opp til.

Gå til innlegget

I Aftenpoften 06. desember kunne vi lese om min kollega i KrFU, sentralstyremedlem Julia Sandstø. Ho har stått fram for å peike på at det stadig vekk skjer seksuell trakassering i politikken, som oftast mot yngre jenter. Det er på høg tid at dette blir sett på dagsorden, og at alle parti, med sideorganisasjonar, tek sin del av ansvaret. Dette inneber kva haldningar ein har til problemet, kva kunnskapar ein har om det, og ikkje minst kva ein bestemmer seg for å gjere med det.

Problemet ligg i varslarkulturen. Mange av dei som blir utsett for trakassering, trur at det er deira feil og at dei er til bry når dei varslar. Det må det bli slutt på, og det ligg eit stort ansvar på partileiinga å syte for at det er trygt å varsle. Måten mitt eige moderparti handterte dette på førre veke er ikkje eit godt føredøme for korleis ein bør gjere det. Det såg alle som følgde avisene og Dagsnytt 18. Men dette er langt frå eit KrF-problem. Dette er eit problem i alle partia.

 

Seksuell trakassering i politikken er, som på dei fleste andre arenaer, eit strukturelt problem fordi det skjer innanfor ein struktur og i eit hierarki. Unge medlemer kan vere lette bytte. Dei har lite erfaring og kan føle at dei må vinne tilliten til dei som har vore lengre i partiet. Det finst dessverre personar som utnyttar dette, og dimed òg utnyttar den tilliten dei sjølv har. For å kunne utøve engasjementet sitt er det mange som ynskjer å bli valt til eit verv. For å bli valt til eit verv må du bli likt og du må ha tillit. I tillegg må du ha kontakt med andre delar av partiet, ikkje minst dei som er over deg i systemet. Dette blir umogleg når du risikerer å møte på den personen, som kanskje er over deg i hierarkiet, som utøver seksuell makt mot deg. På denne måten blir unge engasjerte jenter undertrykte. I staden for å kunne utøve demokrati i tryggleik, blir dei forviste til utrygge og teiing.


Det viktigaste av alt er at partia set velferda til medlemer og tillitsvalde over partiets omdømde. Slik er det ofte dessverre ikkje i dag. I frykt for negativ omtale blir sakene som ikkje er beint fram valdtektssaker, kosta under teppet. Ein vel å sjå på det som gråsonesaker. Eg er ganske sikker på at dei som blir utsett for dette ikkje opplever at dei er i noka gråsone. Det er fordi desse gråsonene ikkje finst.

 

Vidare er det viktig å ha lover som opnar for disiplinærtiltak, mellom anna suspensjon frå verv og eksklusjon frå partiet. Dei som utøver seksuell trakassering har ikkje noko i politikken å gjere.

 

Når ein ikkje set inn dei naudsynte tiltaka, blir partia nærmast straumlinjeforma for å utøve seksuell trakassering. Det kan vi ikkje finne oss i. Partimedlemer og tillitsvalde treng eit langt større vern enn dei har i dag. Det skal være trygt å engasjere seg i demokratiet i Noreg. Dette handlar om å vise integritet for det vi trur på, tøre å konfrontere det ubehagelege og stå opp for dei som blir utsett for uakseptabel åtferd.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere