Knut Arnold Kvalsvik

Alder: 61
  RSS

Om Knut Arnold

Sunnmøring, bur no i Bergen, i «slummen» i Løvstakksiden. Utdanna i realfag. Har jobba med dataprogrammering, er no uføretrygda. Er gift med Heidi Husevåg, verdens flottaste kvinne. Har dei to beste borna i verda, den beste svigersonen, og no også dei to beste borneborna i verda. Medlem av DnK.

Følgere

Så absolutt!

Publisert nesten 2 år siden

Så absolutt, Erling Rimehaug! Det er fleire andre som også seier dette i dag, som J. Richard Middleton (i boka "A New Heaven and a New Earth") og N. T. Wright.  Den nye himmelen og den nye jorda består ikkje i ei skroting av det gamle og starte frå null. Det består i ei radikal fornying og forvandling av den eksisterande himmel og den eksisterande jord. Gud set stor pris på sitt skaparverk, det er eitt av temaane som går igjen i Bibelen. Då vil han sjølvsagt ikkje øydeleggje det. Og det Gud set pris på, skulle vi også setje pris på. Og frelse er for heile skaparverket, ei forvandling frå forgjengelegdom til uforgjengelegdom.

Synd er også ikkje berre individuell synd. Synd er også det vi saman gjer som skadar Guds skaparverk, og skadar Guds skapningar, og skadar kvarandre.

Gå til kommentaren

Takk for at du orkar!

Publisert rundt 2 år siden

Merete Thomassen, takk for at du orkar! Ikkje alle av oss gjer det. Men eg set pris på at det kjem fram fleire stemmer enn berre dei mest konservative. Nokre gongar har eg ei kjensle av at dei sistnemnde får råde grunnen åleine.

Du har nok rett i at mykje av dette er styrt av frykt. I det heile synest det meg at frykt får dominere fleire spørsmål i samfunnet vårt, og det synest eg er trist.

Så har akkurat dette spørsmålet også å gjere med mange andre ting: syn på Bibelen, på Gud, på kva kristendom er. For mange er visst Gud ein veldig streng fyr som har sett opp ei masse reglar, og som med tordnande autoritet slær ned på dei som bryt desse reglane. Det tenkjer eg er omtrent så feil som det kan verte.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere