Knut Arnold Kvalsvik

Alder: 61
  RSS

Om Knut Arnold

Sunnmøring, bur no i Bergen, i «slummen» i Løvstakksiden. Utdanna i realfag. Har jobba med dataprogrammering, er no uføretrygda. Er gift med Heidi Husevåg, verdens flottaste kvinne. Har dei to beste borna i verda, den beste svigersonen, og no også dei to beste borneborna i verda. Medlem av DnK.

Følgere

OK, litt for rask

Publisert nesten 2 år siden
Espen Ottosen – gå til den siterte teksten.

Du har nok rett i at eg var litt for rask. Følelsane tek overhand av og til. Følelsane var ikkje berre i forhold til det du skreiv, men også til kva ein del kommenterande skreiv. Det er viktig for meg at vi tek menneske på alvor, og ikkje set ein ideologi over menneska.

Det gjev såvisst god meining å snakke om «mann» og «kvinne» så lenge ein ikkje insisterer på at det skal gjelde absolutt alle. Det store, store fleirtal vil finne seg godt til rette i ein av desse to kategoriane. Men der vert igjen eit lite mindretal som har det annleis.

Du skriv: «det er jo ikke sikkert at dette er en slags objektiv sannhet istedenfor en følelse som kan bearbeides og endres.» Sikkert er det sant nok ikkje. Men eg tenkjer sånn: Dei biologiske realitetane, i form av kromosom og av hormonstyrt utvikling på fosterstadiet, er ganske komplekse. Det virkar då rimeleg å tru at denne komplekse biologien også må gje seg utslag i komplekse sjølvopplevingar. I så fall vil det vere i alle fall nokre tilfelle der eins oppleving skuldast ei objektiv sanning, og ikkje berre er ein følelse som kan bearbeidast og endrast.

Så kan det også finnast andre tilfelle, kanskje der eins sjølvoppleving er styrt av traume som ein har vore igjennom. Då vil behandling av dette traumet kunne endre eins sjølvoppleving igjen. Men at ein finn nokre slike tilfelle, skulle ikkje vere grunn for å konkludere at alle er sånn.

Gå til kommentaren

Forvirring

Publisert nesten 2 år siden
Daniel Krussand – gå til den siterte teksten.

Krussand, eg ser at du skriv mykje her på desse sidene. Eg vert stadig imponert over di evne til å IKKJE oppfatte kva andre seier.

Eg er usamd i omtrent alt du seier, så det vil føre altfor langt å ta opp alle tinga på nokon grundig måte.  Eg seier nokre korte ord, og så ikkje meir.

Fyrst og fremst opfattar eg ikkje temaet her som å vere å diskutere feministisk teologi eller likestilling, så når du gjer det til ein slik diskusjon, så er du utanfor temaet. Temaet var heller at sjølv om ein er positiv til likestilling, så skjer det ikkje av seg sjølv, ein må aktivt arbeide for det.

Mitt poeng når eg snakka om forvirring, var å seie at det ikkje i likestilling ligg nokon tanke om at kvinner og menn er likeeins. Men det gjekk du visst også glipp av.

Når eg snakka om like mulegheiter, tenkte eg på ting som utdanning og karriere, kva ein kan oppnå i livet. Barneoppdragelse var ikkje i min tanke; men det er klart at berre kvinner kan føde born og amme born. Når det gjeld å gje omsorg utover det, så kan det absolutt diskuterast kva menn kan gjere vs kvinner, men den diskusjonen skal eg ikkje gå vidare på.

Så kjenner eg godt teksten din frå Efesarbrevet. Den er ikkje så opplagt som du synest å tru. Ordet som er omsett «underordne» er det greske «hupotassomenoi». Det finst gode argument for at det ikkje skal omsetjast slik. Personleg trur eg heller det skal vere noko sånt som «stå saman med»/«støtte opp om»/«knyte seg til».

Det greske ordet for «hovud» er «kephale». Det er fint lite som tyder på at det kan tyde sjef/leiar. Det kan forøvreg heller ikkje dei norske orda «hoved»/«hode»/«hovud». At Jesus er sjef for kyrkja, det uttrykte dei fyrste kristne heller gjennom ordet «kurios»: herre. «Kephale» trur eg for min del at handlar om identifisering her. Jesus identifiserer seg med kyrkja, som om den var hans eigen kropp. Slik vert også ektemannen oppfordra til å identifisere seg med kona si like sterkt som om ho var hans eigen kropp.

Den forståinga mange har av denne bibelstaden er antakeleg ganske langt vekke frå kva Paulus eigentleg meinte.

Gå til kommentaren

Forstår denne

Publisert nesten 2 år siden

Ja, dette er nok ei erfaring som er verd å tenkje over. Likestilling kjem ikkje automatisk berre ved velvilje, det er noko ein bevisst og aktivt må arbeide for. Det same gjeld nok på ein god del andre felt også.

Det virkar som om der er ein del forvirring blant fleire kommenterande her. Det ligg ikkje i likestilling nødvendigvis nokon tanke om at kvinner og menn er likeeins. Likestilling handlar om likeverd, like mulegheiter, like rettar og plikter.

Det er ein debatt for seg korvidt kvinner og menn er, i ein eller annan forstand, like eller ulike, kva eventuelle skilnadar består i, og om skilnadane er naturgjevne eller ikkje. Eg tenkjer at uavhengig av kva ein svarar på desse spørsmåla, så er likestilling noko ein burde kunne gå inn for.

Gå til kommentaren

Det er komplekst

Publisert nesten 2 år siden

Det er trist at Espen Ottosen og hans meiningsfellar er så ivrige på å fornekte verkelegheita. «Ideologien rår», ja, det er aller mest sant om dykk sjølve. De klamrar dykk krampaktig til ein tokjønns-ideologi, og nektar å erkjenne både kva forskning fortel og kva enkeltmenneske sine ektefølte opplevingar av seg sjølve fortel. Blinde for bjelken i eige auge set de ideologien dykkar over menneska, og beskuldar ironisk nok andre for å vere ideologisk styrte når dei prøvar å formidle korleis ting verkeleg er. Der kan ikkje, og må ikkje vere meir enn dei to alternativa de reknar med, same kva nokon måtte seie.

Heile dette feltet er komplekst. Eg er ingen ekspert, men eg veit litt meir no enn då eg gjekk på skulen. Det var på skulen vi lærte at ein enten har XX-kromosom, og då vert ein jente og kvinne, eller så har ein XY-kromosom, og då vert ein gut og mann. Men det vi lærte der var berre starten, berre den aller enklaste introduksjon til feltet.

Utviklinga av kjønnsrelaterte eigenskapar kjem også an på meir detaljerte eigenskapar ved dei X- og Y-kromosoma ein har. Dessutan finst det ikkje berre kombinasjonane XX og XY. Ein kan ha ekstra kromosom, og ein kan ha delvise kromosom. Og alt dette gjer at det i prinsippet kan finnast mange variantar, berre kva kromosoma angår.

Og så kjem det ikkje berre an på kromosoma. På fosterstadiet vert vi også utsette for forskjellige påvirkningar, spesielt i form av hormonar som også påvirkar oss. Desse påvirkningane spelar saman med kromosoma, og virkar inn på utviklinga av genitalia, av hjerna og av heile kroppen. Totalt sett gjer dette vår utvikling til noko veldig komplekst, også kva kjønnsrelaterte eigenskapar angår.

Så prøvar de å framstille det som om kjønnsbegrepet no er i fri flyt, og at alle skal velje seg eit kjønn etter innfalls-metoden. Slik er det ikkje, og det kunne de forstå viss de hadde vore villige til å legge aldri så lite godvilje til. Å samanlikne med å føle seg som katt, og andre samanlikningar de kjem med, er djupt urettferdig.

Det vil framleis vere slik at det store fleirtal uproblematisk er enten hokjønn eller hankjønn. Men der er eit lite mindretal som opplever at dei ikkje passar inn i den boksa dei har fått tildelt. Dette er ei djuptgåande og ektefølt erfaring som byggjer seg opp over år. Det er ikkje eit innfall, men noko som dei opplever at trengjer seg på. Og vi skuldar desse menneska å ta dei på alvor. Dei er verde eitt menneskeverd dei også. Ekspertar kan vite mykje, men det er det enkelte menneske som sjølv veit best kva det er. Eg er den fremste eksperten på meg sjølv. Det er difor det vert sagt at den enkelte sjølv må få velje sitt kjønn. For det store fleirtal av oss vert ikkje dette noko spørsmål. Men for det vesle mindretalet som opplever seg annleis, så er det aller viktigaste å lytte til kva dei sjølve opplever seg som.

Det er ikkje noko nytt i dette, det har alltid vore menneske som ikkje passa inn i boksene. Og det er slik i dyreriket også, sjølv om vi ikkje lærte om det på skulen. Det nye i vår tid er ikkje at dette førekjem, men at vi har fått auka kunnskap om og forståing for det. Opne opp augene og sjå!

Gå til kommentaren

Publisert nesten 2 år siden

Kva ein har lese – i Bibelen eller andre stadar – avheng mykje av kva ein vel å lese, og også, naturlegvis, av korleis ein forstår det. Og vi har alle, eg også, ein tendens til å lese ting som passar med det vi allereide meinar, og oversjå det som ikkje passar. Difor er det bra å lese bøker av folk som har sett noko anna i Bibelen enn ein sjølv. Då kan ein få auge på ting som står der, men som ein ikkje har sett før. Bøker som J. Richard Middleton si «A New Heaven and a New Earth», eller N. T. Wright si «Suprised by Hope», er augeopnarar.

Det er sant nok at der er ting som Gud alt har gjort. Men der er også ting som enno gjenstår, ting som Gud ein dag skal gjere. Vi er nok enno ikkje i noka «tidenes fylde». Det at alt skal samlast til eitt i Kristus er såvisst Guds vilje, men det er blant dei ting som enno gjenstår. Kanskje den mest sentrale teksten her er Rom 8,18–25. Den er verdt å lese grundig. Her ser vi tydeleg at det enno er noko som gjenstår, og at heile skaparverket ventar på noko: å verte forvandla frå forgjengeleg til uforgjengeleg.

Spesielt er det som Gud alt har gjort med Jesus eit forvarsel om kva han vil gjere med heile skapningen. Jesu oppstode og forvandling både innevarslar vår eiga og heile skaparverket si forvandling, og fortel at Jesus er det verktøy som Gud vil gjere forvandlinga gjennom.

Om den nye himmel og den nye jord står det fleire stadar. Verdt å lese er Op 21,1–5. Her høyrer vi også at det er himmelen som skal komme til jorda, i staden for at vi skal til ein himmel.

Vårt forvaltaransvar for skaparverket framtrer kanskje ikkje så tydeleg i Bibelen, fordi vi ikkje forstår kva som vert sagt. I 1 Mosebok 1 får vi høyre at vi er skapte i Guds bilete. Dette har gjerne vorte forstede som at vi på ein eller annan måte liknar på Gud. Men det er ei misforståing. Å vere skapt i Guds bilete er nettopp eit slikt forvaltaransvar. Vi, heile menneskeætta, er sette til å representere Gud og bringe Guds gode vilje ut til skaparverket. Og i den oppgåva må vi kunne seiast å ha feila ganske mykje. Det er også dette som er meint når det fleire stadar står at vi er prestar og kongar for Gud.

Når Jesus også omtalar Gud som vår Far i himmelen, og snakkar om at vi skal elske Gud over alt, så ligg det blant anna i det at vi skal ha Gud som førebilete, og setje pris på det Gud set pris på. Og Gud set pris på sitt skaparverk. Vi får høyre gjentekne gongar i 1 Mosebok 1 at «Gud såg at det var godt». Og i Salme 145,9 får vi høyre at «Herren er god mot alle, mild mot alt han har skapt».

Som sagt: det er noko med kva ein vel å lese, og leggje merke til.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere