Kjetil Aano

Alder: 70
  RSS

Om Kjetil

Følgere

Det har skjedd noe sidan reformasjonen: Kyrkja er blitt verdsvid på ein annan måte enn då, og økumenisk arbeid har gitt resultat. Dette må komma til uttrykk også i dokumenta som gir vår kyrkje identitet. Vi kan ikkje bare gjenta formuleringane frå 1500-talet som om ingenting er skjedd.

Årets kyrkjemøte (KM 2019) skal drøfta den nye kyrkjeordninga. Det foreligg eit omfattande sakspapir. Min kommentar dreier seg om starten, der vår kyrkjes identitet blir presentert.

Paragrafen som er føreslått om kyrkjas grunnlag er kort. Ved å knyta til dei sentrale vedkjenningsskriftene stadfester den at kyrkja er luthersk, og trur på den kristne, treeine gud! Så seier ein ikkje meir.

Men her stussar eg: har ingenting skjedd med vår kyrkjeforståing sidan 1500-talet? Eg saknar viktige perspektiv: Kan kyrkja i dag framstå utelukkande som ei nasjonal kyrkje? Vi høyrer faktisk til eit verdsvidt luthersk kyrkjeleg fellesskap. Denne dimensjonen blei etterlyst i kravspesifikasjonane frå KM i 2015, men eg ser det ikkje spegla her.

Er fordømmingane like gyldige?

Endå viktigare er at den foreslåtte paragrafen overser både i prinsipp og i praksis alle økumeniske vinningar. Her gjentar vi i røynda alle fordømmingane av annleis truande som om ingenting har skjedd (sjå til dømes Confessio Augustana §§ 1, 2, 5, 9, for ikkje å snakka om 17!).

Dette forslaget til grunnlagsparagraf kunne vore skrive for 500 år sidan. Det økumeniske perspektivet som blei eksplisitt etterlyst i bestillinga frå 2015, er heilt oversett. Slik kan ikkje Den norske kyrkja framstå i dag.

Forsoning for festlege høve?

(I 2010 skjedde ei viktig markering under Det lutherske verdsforbundet (LVF) si generalforsamling i Stuttgart. Då hadde ein nyleg invitert andre kyrkjesamfunn med på  500-årsmarkeringa av reformasjonen. Også mennonittarsamfunnet mottok den. Og dei stussa. Dette er eit kyrkjesamfunn som ser seg sjølv som etterkommarar etter anabaptistane, gjendøyparane, som Martin Luther ikkje var særleg mildt stemt overfor. Då dei mottok invitasjonen, spurte dei seg sjølve: Markera reformasjonen? Feira Martin Luther? Korfor skulle vi det? Han har aldri gjort oss anna enn vondt. Men i staden for å avvisa invitten, tok dei kontakt med lutheranare, og ba om ein samtale. Det førte til ein prosess som blei sluttført under generalforsamlinga, ved ein enkel men gripande forsoningsseremoni.

Leiaren for den verdsvide mennonittarkyrkja fortalte i korte trekk om korleis dei gjennom historia hadde levd med verknadene av lutherske fordømmingar. Gjennom dialogen hadde dei bearbeida dette. Generalsekretæren i LVF ba på vegne av lutherske kyrkjer om tilgiving for harde og ukloke ord og fordømmingane som var blitt uttalt, og erklærte dei for døde og makteslause.

Deretter la mennonitt-leiaren til: Vi òg må gå i oss sjølve. Vi har bygd heile vår historie på fiendebiletet av Martin Luther og den lutherske kyrkja. Det kan vi ikkje lenger!

Dette er eit eksempel.)

Dei siste 70 åra har vår lutherske kyrkje deltatt i ei rekke samtalar som alle har ført til tilnærming mellom kyrkjesamfunn som gjennom historia har sloss og fordømt kvarandre. Vi har fått fleire dokument frå katolsk-lutherske prosessar, både i 1999 og i 2016. Vi har nærma oss dei reformerte, mellom anna ved avtalar om nattverd-og preikefellesskap med metodistar (Nådens fellesskap) og anglikanarar (Porvoo). Vi har hatt samtalar med pinsevenner (sjå f eks den pågåande debatten om dåp, VL 25.03.19).

Noe er skjedd 

Ingenting av dette er reflektert i forslaget til ordning for Den norske kyrkja. Vi uttrykker oss tvert imot som om vi fortsatt lever på reformasjonstida.

For meg er dette for det første teologisk og ekklesiologisk alvorleg, og for det andre det avslører eit verdihierarki eg ikkje kjenner meg komfortabel med. Desdsutan er det ei nedvurdering av kva økumenisk arbeid betyr. Kva er vitsen med å investera i økumenisk arbeid og i teologiske samtalar for at vi som kyrkjer kan nærma oss kvarandre og avvikla gjensidig fordømming, om det ikkje skal komma til uttrykk når vi seier noe om kven vi er? Vi mister truverd som kyrkje om økumeniske slagord et skal nyttast bare ved festlege høve.

Mitt poeng er enkelt: Det har skjedd noe sidan reformasjonen: Kyrkja er blitt verdsvid på ein annan måte enn då, og økumenisk arbeid har gitt resultat.

Dette må komma til uttrykk også i dokumenta som gir vår kyrkje identitet. Eg har tiltru til at både komiteen som skal bearbeida saka, og kyrkjemøtet vil finna ein brukbar veg vidare. Om ein ikkje kjem heilt i mål i årets møte, må det stakast ein veg, slik at saka kan få ei saksvarande oppfølging. Vi kan ikkje bare gjenta formuleringane frå 1500-talet som om ingenting er skjedd.

Kjetil Aano 

Gå til innlegget

Ingen energi å miste

Publisert 4 måneder siden

Dagens ordning for val og utnemning av biskop fører med seg for stor energilekkasje. Den energien treng vi, så vi kan kanalisera den i byggande menighetsarbeid og konstruktivt folkekyrkjeleg engasjement.

Den verste støvskya har lagt seg etter siste bispeutnemning i Stavanger. Kjenner eg bispedømmet rett – og det gjer eg – vil den nye biskopen bli tatt imot med omsorg og samarbeid. Bispedømet har interesse av at forholdet mellom biskop, presteskap og tilsette, og kyrkjelydar faktisk fungerer.

Men det gjer ikkje behovet for å drøfta kor fornuftig den nåverande ordninga for val eller utnemning av biskop er, mindre aktuelt.

Men først: Ingen har trekt i tvil at kyrkjerådet har formell rett til å gjera som dei gjorde. Men det tar ikkje bort den lokale opplevinga av å ikkje bli tatt på alvor. Og den blir særleg sterk når det opplevast som om dette er eit fenomen som gjentar seg. Det kan godt henda at bakgrunnen for valet denne gongen heng saman med andre saker enn ulike nyansar i syn på samlivs- og ekteskapsordning, slik Alf Gjøsund hevdar i sin sympatiske refleksjon på side 2-3 i Vårt Land den 2. februar.

Fangar ikkje nyansane. 

Men heller ikkje det bidrar til å dempa frustrasjonen. Det heng blant anna saman med at det truleg er mange her i bispedømet som ikkje heilt kjenner seg igjen i Gjøsund si framstilling: Det er to frontar der den eine på eit formalistisk folkekyrkjeleg grunnlag tenker i hovudsak ordning, og den andre nærast lever i eit bedehus-fangenskap. Dette fangar ikkje heilt nyansane eller kyrkjebiletet der for eksempel impulsane frå den anglosaksiske verda kan vera like sterke som frå bedehusrørsla.

Eg er elles rimeleg trygg på at den nye biskopen har altfor god bakkekontakt til at ho vil starta si teneste ved å krevja omfattande innstraming av gjeldande liturgisk praksis.

Men spørsmålet om det kyrkjerådet gjorde var fornuftig i eit lengre perspektiv, blir like fullt ståande. Og i forlenginga av det – om den ordninga som altså opnar for at ei profilert teologisk gruppe kan komma i ein posisjon der dei har nasjonal utnemningsrett, er ei ordning med bærekraft.

Eg vil argumentera for at prosessen i Stavanger demonstrerer at dette er ei ordning som over tid vil vera krevjande.

Rygg til å bera. 

Direktøren i kyrkjerådet, Ingrid Vad Nilsen, forsvarte kyrkjerådets vedtak på førebiletleg vis i debatt med Jostein Ådna, nestleiar i Stavanger bispedømeråd, i Dagsnytt atten nyleg. Samtidig viste ho til at dette var ei ordning som hadde overlevd frå den tida då biskopar blei utnemnde i statsråd. Og så la ho til: Staten hadde rygg til å bera slike vedtak. Det naturlege oppfølgingsspørsmålet lot ho henga: om ei folkekyrkje fråkopla frå staten har det same.

Eg trur Vad Nilsen har viktige poeng: Vi treng ei ordning som sikrar at vi får gode leiarar i kyrkja, og som sikrar at vi får leiarar og biskopar, med variert teologisk profil og ulik erfaringsbakgrunn. Skal dei styra og leia ei mangfaldig kyrkje, er det nødvendig.

Men vår nye kyrkjeordning bygger på frivillig innsats. Både styringsansvar og økonomisk ansvar heng i aukande grad på at menneske lokalt stiller tid og ressursar til disposisjon for den kyrkja dei er medlemmer av. I dette perspektivet trur eg ikkje at den ordninga vi nå har, og som vi nettopp opplevde praktisert, har bærekraft over tid.

Tatt på alvor. 

Vi treng ei ordning som fører til at både det sentrale ansvaret for kyrkjas totale behov og det lokale (bispedømebaserte) votumet blir opplevd tatt på alvor, slik at det bygger, og ikkje undergrev viljen til og ønsket om å støtta og yta for denne kyrkja. Det er i tillegg ein opplevd diskrepans mellom ei omfattande valordning – bispedømevis og nasjonalt - og ein utnemninsgmåte som kan overprøva resultatet av denne omfattande og krevjande prosessen.

Dagens ordning fører med seg for stor energilekkasje. Den energien treng vi, så vi kan kanalisera den i byggande menighetsarbeid og konstruktivt folkekyrkjeleg engasjement.

Eg vil oppmoda dei sentralkyrkjelege organa til å arbeida vidare med dette, for å laga ei val- og/eller utnemningsordning som i høgare grad enn i dag møter desse behova.

Gå til innlegget

Den norske kyrkja: Å møte framtida

Publisert over 1 år siden

I løpet av ein generasjon har kristen tru blitt marginalisert i mange miljø. Min generasjon kristne leiarar har ikkje makta å bygga ein folkeleg, robust, livskraftig kristen spiritualitet som er i stand til å føra meiningsfulle samtalar med eit stadig meir sekulært storsamfunn. Vi har ikkje vore i stand til å erstatta ein pietistisk trus- og livsstilstradisjon med ei utadvend, frimodig, tydeleg og verbal kristen trusutøving.

For noen veker sidan skreiv eg ein artikkel i Dagen om rekruttering til prestestudiet. Der peikte eg på korleis studiet strevar med tilgang på engasjert ungdom, og at det  -  med rette eller urette – heng saman med dets image (det biletet folk har av det) og dets innhald (kva ein faktisk lærer) .

Denne utfordringa kan ein sjølvsagt ikkje sjå isolert. Mange opplever at i  løpet av ein generasjon har kristen tru blitt marginalisert i mange miljø. Min generasjon kristne leiarar har ikkje makta å bygga ein folkeleg, robust, livskraftig kristen spiritualitet som er i stand til å føra meiningsfulle samtalar med eit stadig meir sekulært  storsamfunn. Vi har ikkje vore i stand til å erstatta ein pietistisk trus- og livsstilstradisjon med ei utadvend, frimodig, tydeleg og verbal kristen trusutøving.

I tillegg slit vi med ei stadig aukande oppsplitting i fleire og fleire mindre grupper, der målet for mange er å ta avstand frå profil, standpunkt eller teologi hos andre.

-Det får då vera måte på negativitet, tenker du kanskje, og peiker på at vi trass alt opplever blomstrande menigheter, dynamisk karismatikk, kreative liturgiske løysingar både innanfor og utanfor Den norske kyrkja, for ikkje å snakka om levande diakonal tru og praksis som i Korsvei og Changemaker, eller ein veksande retreat- og pilegrimpraksis.

Like fullt meiner eg at ei ærleg og openhjartig analyse vil visa at truleg var den anglikanske biskopen Stephen Croft si åtvaring til kyrkjemøtet i 2009, meir realistisk enn dei fleste tenkte: ‘Det tar tre generasjonar å missa eit folk. Ta dykk i vare. For du oppdagar det ikkje før det er for seint!’ sa han.

Eg trur ikkje det er for seint. Den norske kyrkja har gjort mykje godt og systematisk arbeid for ikkje å missa folket. Men dagens statistikk, og alderssamansetjinga av dei som regelmessig går til gudsteneste, peikar på tydlege trendar.

Elefanten i rommet
Vidar Bakke ga ein interessant respons på artikkelen min. Han skriv at ein kan ikkje tala om sviktande rekruttering til teologisk utdanning i Den norske kyrkja utan å tala om elefanten i rommet: Homofilispørsmålet – eller meir presist, kyrkjas vedtak om to likestilte syn på samkjønna samliv og vigsel.

Det er utan tvil ei viktig enkeltsak. Men dette spørsmålet har fått ein for stor plass. Det aleine kan ikkje forklara sviktande rekruttering . (Når den katolske kyrkja i store delar av Europa opplever prestekrise, har neppe med dette å gjera). Mi oppfatning er heller at striden om denne saka langt på veg  hindrar det viktige arbeidet med å finna gode strategiske val for vegen fram som kyrkje i det 21. hundreåret, og lammar det nødvendige arbeidet med å skjøna den tida vil lever i – og med å arbeida systematisk med å finna nye, post-pietistiske, men likevel pedagogisk tydelege, måtar i leva ut eit kristent disippelskap. (Her har Vidar Bakke sjølv levert eit flott bidrag gjennom boka han har skrive, der han viser korleis ein kristent livsmønster kan prega eit menneskes liv og kvardag i dagens verden! Vidar bakke: Disippelrytmer. Håndfast hjelp til et slitesterkt trosliv, Luther 2017).

Felles strategiske mål
Poenget mitt her er følgande: Som kristne og som kyrkje i Norge treng vi foreta eit ærleg analytisk arbeid, og ta noen viktige strategiske val for kyrkja sin veg framover – for å unngå at Stephen Croft si åtvaring for snart  ti år sidan skal visa seg å slå til.

I byrjinga av oktober i 2017 hadde Stavanger bispedøme og NMS besøk frå vennskaps- og samarbeidsbispedømet Carlisle  i England. Der har dei over lang tid opplevd kyrkjeleg tilbakegang – så lenge at det vaks fram ei tru om at det var uavvendeleg. Det er bakgrunnen for at ein der har utvikla noen enkle men krevjande, strategiske mål for arbeidet. Det er å arbeida for:

·         Invitasjonskultur: For det første har bispedømet som målsetting at alle som bur i bispedømet innan 2020 skal bli møtt av ein invitasjon om å komma til kyrkja.

·         Mangfald: Ein oppmuntrar til mangfaldige gudstenester – også til fellesskapsbygging rundt heilt andre ting enn den klassiske gudstenesten kl. 11 søndag føremiddag; (f eks pub-feiring; sykkel-frokost kl. 0800 søndag før tur; fjellvandringsgruppe med innlagt gudsteneste osv).

·         Opplæring  ikkje bare av  barn og unge, men av alle medlemmer, slik at dei kan setta truverdige og kvardagslege ord på trua, og invitera andre til tru.

·         Diakonalt nærvær: Opplæring til å visa i dagleglivet at å vera disippel er å bry seg om naboen, gata du bur i og lokalsamfunnet du er ein del av.

·         Ungdomsarbeid og rekruttering: Å styrka ungdomsarbeidet, som var bortimot nede, og å ha det som grunnlag for rekruttering. Det skjer m.a. i samarbeid med NMSU.

Alt dette skjer i ei grunnleggande økumenisk ånd. Det er inngått avtalar mellom alle dei historiske kyrkjene om felles mål, fellesgudstenester, gjensidig anerkjenning trass i historiske og teologiske skilnader, (f eks i syn på samliv), utan at ein dermed tar bort truas brodd eller overtydingas tyngde.

---

Den norske kyrkja verken skal eller kan kopiera andre sin måte å arbeida på. Heller ikkje kan ein utan vidare overta andre sine strategiar. Men i arbeidet med å finna vår veg i møte med ei krevjande samtid og ei usikker framtid, har vi stadig mykje å læra av andre kyrkjer sine erfaringar. Dette blir ikkje mindre viktig av at kyrkja også står midt oppi store økonomiske, administrative og organisatoriske endringar.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Bryllup med bismak
av
Trond Langen
rundt 1 måned siden / 2238 visninger
Kjønnsideologi på avveie
av
Marit Johanne Bruset
16 dager siden / 1966 visninger
Den verkeleg raude fare
av
Emil André Erstad
23 dager siden / 1926 visninger
Spooky sjamanisme?
av
Vårt Land
28 dager siden / 1781 visninger
Kunnskapsløst om «koranskoler»
av
Usman Rana
16 dager siden / 1555 visninger
Slutt å gjøre kirken kul!
av
Merete Thomassen
rundt 1 måned siden / 1520 visninger
En fallende stjerne?
av
Vårt Land
16 dager siden / 1244 visninger
Kallmyrs tabbe
av
Vårt Land
19 dager siden / 1171 visninger
Forledet av Frp
av
Vårt Land
23 dager siden / 1103 visninger
Gal vurdering av Arendalsuka
av
Guri Hjeltnes
21 dager siden / 1060 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere