Jan Nordeide

Alder: 72
  RSS

Om Jan

Følgere

Endring av bioteknologi lov og lærdom frå virus pandemi

 

Under nedstenginga av landet i corona -pandemi krisa var det forbod mot å reise til eiga hytte  i ein annan kommune . Trass i at det kunne vere rimeleg og rasjonelt for  individ, ,familier, for smitta og ikkje smitta. Det vart ikkje akseptert ,fordi summen av alle rimelege enkelt løyve, kunne vere negativt for samfunnet og eit  godt/tryggare liv i felleskapet.

I vår hyper individualistiske tid hadde vi gjenoppdaga at summen av individuelle rettar og friheter,kunne bli negativt for felleskapet Det har vore eit synspunkt det ikkje har vore lett å få gehør for i samfunnsdebatt og etikk, Her såg vi at,rettighet ,eit gode den enkelte krev ,det kravet må staten  på vegne av oss alle, avveie  mot  solidaritet med andre, Statens politikk la vekt på felleskaps nytten herunder framtidige generasjonar.

 

Ein kunne håpt at vi som folk  hadde fått augo oppfor dette i vår politiske og etiske tenkning. ”Det heiter ikkje berre eg no lenger, det må også heite vi.”

Men lærdommen var fort gløymd av våre folkevalde i dette tilfellet frå AP,SV ,FRP,MDG 

når dei no vil endre bioteknologi lova på prinsipielt viktige og djuptgripande område, med fleire nye individuelle rettigheter  Det er sikkert ikkje vanskeleg  å finne individ som har nytte   av tidleg ultralyd og  NIPT ikkje invasiv prenatal test av fosterets gener Men kva signal er det staten sender når dette gjeld alle?Får  vi det gode framtidssamfunn når staten vedtar at barnets rett til å vite kven som er genetisk mor og hennar familie er mindre viktig  enn frihet for vaksne. Det er  mange som ikkje veit det  det grunna  livetes mange tilfeldigheter Det er noko  anna  når staten på vegne av felleskapet fråtek deg retten

 Ein rett kan vere -rimeleg  for enkelt individ,men summen av rettar i  ei allmenn lov ,kan vere negativ for det samfunnet vi ønsker

 

 

Jan Nordeide

 


Førde


Gå til innlegget

Individ og rettsstat

Publisert over 1 år siden

Er det Siv Jensen seier i samsvar med Høgres syn på forholdet mellom individ og rettsstat?

16. mars  i Dagbladet snakkar Siv Jensen direkte til IS -kvinne. “Jeg har ingen sympati med deg og lover at Norge ikke vil løfte en finger for å hjelpe.”

Det er aldri noko vakkert syn når mennesker med makt, her den politiske elite , går til åtak på enkelt borgar, eit individ som vassar rundt i søle som enke med to sjuke barn. 

Det er menneskets vonde ord og handlingar ein skal avsky ,ikkje mennesket .Som mennesket er vi meir enn summen av våre ugjerningar  Vi er heller ikkje summen av våre gode gjerningar. Som borgar av ein rettsstat er vårt rettsvern ikkje avhengig om vi har sympati eller ikkje hos politisk myndighet.

Ja, det er når personar frå feil side, som få sympatiserer med ,tryglar om hjelp,at rettstaten og våre demokratiske verdiar vert sett på prøve.

Gir vi dei same rettsgarantier og humatitær hjelp til den svake og utstøtte som til dei sterke og dei som kjempa vår kamp?

Når vi møter mennesker som har vore med i arbeid som har trampa under fot det rettsstat,demokrati og respekt for mennesket bygger på, nett då ,er det viktig at vi ikkje går på akkord med bærande prinsipp i rettsstaten Viss ikkje har tankegodset deira oppnådd ein delseier, å svekke vårt demokrati.

Uavhengig om ein har politisk sympati eller ikkje ,bør regjeringa hjelpe sine borgarar ,så dei i praksis får den konsulære bistand og humanitere hjelp dei treng. 

“Du har sett to uskuldige barn til verden i IS-kalifatet og er ansvarleg for den situasjonen dei er. Dei er ikke statens ansvar “. Dette er ikkje etisk tenking men moralisme . Moral brukt av ein som har makt ,til å trakke på den som har trødd alvorleg feil , men no er i naud og ber om hjelp.

At foreldre,her mor,far er død ,har ansvar for sine barn er sant ,derfor ber ho om hjelp,Det er ikkje noko gyldig argument mot at staten Norge også har ansvar for å hjelpe. Staten Norge har gjennom Barnekonvensjonen  forplikta seg til å gje barn rettsleg vern og gje dei rettar dei har krav etter lov ,sjølv om mor manglar partileiar og visestatsministers sympati. Det som smertar meg ide-politisk ,er at  Høgre  med sin historiske bakgrunn frå embetsmannstaten , dermed har sett på vern av rettstaten som viktig ,ikkje har kommentert Frp leiaren sitt syn .

Gjev visestatsministeren her verkeleg uttrykk for regjeringkollegiets  rettsstats syn?

Eg vonar og trur at synet smertar og bryt med dei andre parti i regjeringa sine  grunnsyn, Men då bør de som politiske vener kunne sei i frå. Er det Siv Jensen seier  i samsvar med Høgres syn på forholdet mellom individ og rettsstat?


Gå til innlegget

Forsvar av liberal rettsstat

Publisert over 2 år siden

Dette lesarinnlegget sende eg til Vårt Land ultimo februar ,men fekk avslag pga pga manglande plass.Sørsmålet til statsministeren er ikkje blitt mindre aktuelt etter siste dagar debatt. Å forsvare domstolens makt,er ikkje å gå terrorens ærend men forsvar for den liberale rettsstat

AUF kontra Justisminister Sylvi Listhaug
Spørsmål til Statsminister Erna Solberg
Massemordar Anders Breivik angreip sosialdemokratiet og vårt demokratis statsapparat Han drap ned for fote AUF- ungdom på Utøya. AUF ropte ikkje på hevn eller var opptekne av kva ein skulle kalle ugjerningsmannen . Dei bad om at han vart stilt til ansvar og dømt i samsvar prinsippene i vår liberale rettsstat. For meg er det eit mirakel ,at dei i den krise og fortviling dei var i ,kunne makte å møte terroristen og terroren med eit forsvar rettsstaten, At domstolen skal dømme massemordaren etter same lov som andre borgarar, at mennesket som blir massedrapsmann har rett til forsvarar
AUF bestod testen ,forsvarte demokratiet sine rettsstatlege prinsipp.Det demokratiet massemordaren hadde gått til åtak på
Justisminister Sylvi Listhaug, politisk ansvarleg for å ivareta og styrke rettsstaten,kalla pedofile personar som begår avsky-vekkande overgrep mot barn for monster.dvs dehumanierer dei,Dei er ikkje menneske Menneske har rett til forsvar ,men monster,skal dei hemnast ?
At ordbruken bidreg til redusere overgreps omfanget er ein ting Det er ”vanlege ”menneske som er/kan bli overgriparar
Ein anna ting er det devaluerte menneskesyn som kjem til syne. Mennesket er meir enn summen av sine ugjerningar og meir enn summen av sine gode handlingar
På kritikk svarte statstråden at ho brukar dei ord ho vil og ikkje har behov for å spørre andre til råds om det .Det må bety heller ikkje statsministeren
Ein statsråd er valgt på sitt partiprogram, Men i det ho blir statsråd er ho ikkje berre talsmann for sin eigne i eige partiet,men statsråd for heile folket,og heile regjeringskollegiet .
Difor blir spørsmålet til Erna Solberg
Eg er klar over at du ville valt andre ord enn Listhaug, så det treng eg ikkje spørre om. men spørsmålet er om justisministeren med sine utsegn gjev uttrykk for regjeringens rettsstats tenkning?
Som liberalkonservativ kan eg ha sans for å bygge breidt samarbeid ,men viss det betyr i politisk retorikk å redusere forsvaret for ein liberal rettsstat for å tekkast ein høgrepopulistisk partnar og høgrepopulistisks straumdrag i tida , er prisen for høg.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Slik jeg ser det
av
Magne Nylenna
20 dager siden / 1479 visninger
Med vandreskoene på
av
Anita Reitan
rundt 1 måned siden / 1288 visninger
Sekulariseringen av Rumi
av
Usman Rana
11 dager siden / 1062 visninger
Slappe konspirasjonsteoretikere
av
Øivind Bergh
7 dager siden / 958 visninger
Stopp banningen, Vårt Land!
av
Terje Tønnessen
29 dager siden / 611 visninger
Alle eller ingen?
av
Knut Alfsvåg
16 dager siden / 426 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere