Jan Otto Myrseth

Alder: 63
  RSS

Om Jan Otto

Biskop i Tunsberg bispedømme

Følgere

Den afghanske familien som sit i kyrkjeasyl i Hønefoss opplevde ein ny nedtur då Borgarting lagmannsrett avviste ankesaka mot Utlendingsnemnda (UNE). Dei har venta i to og eit halvt år på å bli trudd på si forklaring om flukt frå tvangsekteskap og at dei har funne fram til kristen tru medan dei har venta. Eg skal ikkje gå nærare inn på det første, men vil gjerne kommentere rettens handsaming av konverteringsspørsmålet.

Som i fleire andre liknande saker legg retten avgjerande vekt på manglande refleksjon «rundt den tanke- og følelsesmessige omstillingen frafall fra Islam og konvertering til kristendommen innebærer». Kva for kriterier ligg til grunn for utlendingsstyresmaktene og retten si vurdering av refleksjon? Omvendingsopplevingar fylgjer ikkje naudsynleg eit logisk eller intellektuelt refleksjonsmønster med eit tilsvarande språk, men kan ha mange andre moment som handlar om at tilveret blir snudd opp-ned og forandrar sjølve innhaldet og verdiane i livet. Det kan rett og slett handle om ei overgjeving der også framtida blir lagt i Guds hender.  

For kyrkja er det svært utfordrande at rettens fleirtal vel å sette vitnemåla frå prost Kristin Moen Saxegaard og sokneprest Tor Magnus Amble til sides og i realiteten implisitt underkjenner deira profesjonelle og faglege integritet og kompetanse. Det blir sagt at det fylgjer «av langvarig praksis at støtteerklæringer og vitneprov fra prester må undergis en kritisk prøving», for dei har «en annen tilnærming og et annet vurderingsgrunnlag enn utlendingsmyndighetene, som bygger sine vurderinger på et omfattende erfarings- og kunnskapsgrunnlag».

Det synast å vere god grunn til å be om ei utgreiing av kva dette vurderingsgrunnlaget faktisk byggjer på av kvalifisert fagkunnskap, viss ein så lettvint kan parkere teologisk og religionsfagleg ekspertise på sidelinja. Nettopp desse to prestane har mangeårig erfaring frå teologisk forsking og undervising på universitetsnivå og er vel vant med å nytte sin kritiske sans og vurderingsevne.

Retten seier at prestane «uttalte seg nøkternt og hadde undergitt konverteringen et kritisk blikk», men legg til at dei også «synes å ha et personlig engasjement som kan bidra til å svekke motforestillinger». På tilsvarande måte blir også det sakkyndige vitnet, biskop emeritus Tor Berger Jørgensen sitt vitneprov tilsidesett. Hans omtale av faktiske forhold vedrørande omvendingsprosessar og truverd meir generelt, blir sett til sides fordi han «ikke har trukket troverdigheten av familiens asylhistorie inn i bildet». Her må det ligge føre ei metodisk feilslutning, slik eg ser det. Rettens mindretal understrekar at «det kan føre til uriktige resultater dersom manglende troverdighet i en del av saken uten videre fører til at asylsøkerne anses generelt å mangle troverdighet, med den følge at konverteringen da ikke kan være reell.»

Interessant nok kjem mindretalet til den motsette konklusjonen av fleirtalet. Lagdommaren som utgjer mindretalet seier at parets konvertering må leggast til grunn som reell, og at det er ingen som kjenner asylsøkjarane si tru og alvoret i deira overtyding betre enn nettopp dei to prestane. Derfor legg mindretalet betydeleg vekt på forklaringane til sokneprest og prost, og seier dessutan at «UNE har ikke særlig kompetanse i trosspørsmål». Derfor vil det vere «svært nyttig å trekke inn sakkyndighet når det gjelder kirkehistorie og religionsutøvelse.»

For kyrkja er det viktig å halde fram at nærleik til og kontakt over tid i utgangspunktet må sjåast som ein viktig og positiv faktor i vurderinga av om ei konvertering er ekte og konsistent. Det er sterkt å vone at Høgsterett kan få høve til å vurdere den nokså oppsiktsvekkjande eigne bevisregelen som UNE ser ut til å operere utifrå i forhold til ei yrkesgruppe, som i dette tilfellet.

Gå til innlegget

Sei berre eit ord, så blir sjela mi lækt

Publisert rundt 2 år siden

Preika til nyslått biskop Jan Otto ­Myrseth under vigslinga i Tønsberg Domkirke søndag 23. september.

Det er fortvilande tungt å stå ved sjukesenga til ein du er glad i. Å kjenne avmakta, dele smerten – utan å vere i stand til å hjelpe og lindre. Det er ein slik situasjon som er utgangspunktet for dagens evangelietekst.

Den romerske offiseren går rett på sak: «Herre, teneste­guten min ligg lam heime og har svære plager.»

Ingen fordringar. 

Det er altså ein offiser i den forhatte okkupasjonsmakta som tilsynelatande utan blygsel kjem til Jesus og ber om hjelp. Og forunderleg nok, ja, ukritisk nok – tenkte vel mange av dei som stod på sidelinja – er Jesus straks klar til å gjere det han blir bedt om.

Men offiseren seier: Hold an, vent litt – eg er jo ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak …

Han har nok avgrensa kjennskap til jødane si tru, men han veit nok til å innsjå at her har han ingen krav å kome med, ­eigentleg inga rimeleg forventning å uttrykkje. Han kunne neppe gjere greie for innhaldet i profet­bøkene i Det gamle ­testamentet, og ein kyndig lovlærd ville ikkje trenge lange tida på å sette han fast i spørsmål om rett og gale, om bod og forbod.

Og like fullt blir han i denne teksten den store helten! «Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru», seier Jesus, etter at offiseren har fortalt om korleis meinige soldatar etterkjem hans ordrar.

Bøna hans til Jesus er nokså enkel: Sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt. Og ­Jesus lar seg forundre – og over­tyde: Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru. Det er vel ­eigentleg ikkje helbredelsen som er ­hovudsaka i forteljinga, men det Jesus har på hjartet i ­sakas anledning.

Den grenselause tilliten. 

For det første lærer vi at tru ikkje handlar så mykje om ei samling sanningar eller synspunkt eller dogme du må kjøpe eller gå god for. Det avgjerande er den grense­lause tilliten som den ­romerske offiseren har til Jesus.

Det er den trua som kjem til Jesus med den tunge lamminga­ som ein kjenner heilt ned i hjarte­røtene. Offiseren kjem med lidinga og lengten, den som er så ubeskriveleg at han berre må drage med seg alt han ber på og legge det framfor Jesu føter med eit fortvila håp om at han vil og kan gjere noko.

Han veit så inderleg vel at han ikkje kan krevje noko: Herre, eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak …

Likevel kjem han, fortvila som han er vel han å trasse den klare, ja, uoverskridelege grensa­ som gjaldt mellom jødar og heidningar. Ja, han rekk jo ikkje eingong å formulere ei bøn. Berre ei skildring av nauda, av behovet.

Det er det andre poenget eg ser i ­teksten. Eg tenkjer lett at skal bøna utrette noko, så må den vere velformulert og presis, ja, oppfylle visse strikse formkrav.

Men kva lærer vi her? Jau, at Gud ser forbi alle vakre formuleringar, bryr seg ikkje og lar seg ikkje imponere av fine ord. Han ser nauda og den nakne trua, den som rommar vårt enkle ja til den han er, vårt samtykke til hans nærver midt i det som er vanskeleg.

Innhaldet i kyrkja si tru er ­eigentleg ikkje fine formuleringar eller tankar, men ein person. Det er den Gud som blir synleg for oss gjennom Jesus.

Denne trua er både individuell­ og personleg, men også kollektiv og eit fellesskapsuttrykk. Heldigvis er det ikkje slik at eg må sjølv og åleine bere trua på mine skuldrer, nei, eg får gå inn i eit felles­skap som kryssar tid og rom, sprengjer alle grenser og sam­einar menneske til alle tider – og som eg kan kvile i, også når eg kjenner tvilen nage og kroppen­ skjelve.

Ikkje rekna med. 

Så kjenner eg på at vi må seie noko meir om utanforskap når vi har ein slik tekst for oss. Grensene var innlysande og klare for dei som ­rekna seg som Abrahams barn. Det var dei som hadde fått lov­nadene og landet.

Dei andre, enten­ dei var grekarar eller ­romarar eller tilhøyrde fjernare­ folkeslag, dei var rett og slett ikkje rekna med. Dei var utafor.

Men Jesus kjenner igjen trua, sjølv om denne offiseren både språkleg og kulturelt og religiøst sett var utafor. Ja, dette er ­faktisk eit mønster i evangelia – at Jesus­ har eit særleg auge for dei som er utafor. Han ser verdi som ikkje andre ser. Han lar seg ikkje blende av det ytre hos dei som meiner seg å ha sitt på det tørre, dei som er innafor.

Plutseleg vender stemninga seg, og Jesus går rett frå den rause­ godkjenninga av offiserens tru til ein nokså krass dom over «rikets born» som skal kastast ut i mørket utafor, der dei gret og skjer tenner.

Korleis kan han så brått skifte fokus og vende seg mot sitt eige folk med så tøffe ord? Det er ikkje lett å forhalde seg til denne ­delen av dagens tekst. Tenk at Jesus kan bruke den sterke trua til den ­romerske offiseren til å sette det avgjerande skiljet mellom Israels folk og alle dei som ein gong skal sitje til bords med Abraham i himmelriket!

Jødehat og antisemittisme. 

Dessverre har desse og liknande­ avsnitt i Det nye testamentet blitt brukt til å underbygge ­jødehat og antisemittisme. Her til lands fanst det ein jødeparagraf i Grunnlova heilt frå 1814 og til 1851, og vi veit så smerteleg vel korleis jødar måtte lide og vart utrydda midt i hjartet av det kristne Europa under Hitler og nazismen.

Korleis ser det ut i dag? Vi må med handa på hjartet innrømme at vi ikkje har klart å kvitte oss med framandhatet. Altfor ofte høyrer vi negative ytringar om etniske grupper, så vel innvandrarar som flyktningar. Ei under­søking viste at saman med «homo» og «hore» er «jøde» det vanlegaste skjellsordet i norske skulegardar.

Men ifølge Holocaustsenterets rapport er det muslimar, somaliarar og romfolk som møter den sterkaste avvisinga hos nordmenn. Er det slik at vi føler oss betre enn alle andre? Møter vi dei framande med mistenksomheit, frykt og sinne?

Kan vi som kristne slå oss til ro når framandhatet rammar den eine eller andre gruppa av framande? Har vi ikkje eit særleg ansvar for å sikre at eitkvart menneske blir møtt med tryggleik og respekt?

Markere grensa. 

Og korleis er det i vårt kyrkjelege ordskifte? Klarer vi å møte kvarandre med respekt og opne øyre, eller er vi smitta av tendensen til den skråsikre «etiketteringa», der vi set merkelappar på kvarandre utifrå eit behov for å distansere oss og markere grensa mellom oss som er innafor og dei som er utafor?

Jesu møte med den romerske offiseren er eit varsel om at bildet blir snudd på hovudet. Heidningar­ var så langt vist til i beste fall å nyte smulane under bordet, og vere vitne til Guds velsigning av sitt utvalde folk.

No blir heile bildet snudd på hovudet. Eksklusiviteten blir sprengt, og den romerske offiseren representerer starten på ein straum av heidningar som skal kome frå aust og vest for å sitte til bords i himmelriket.

Alvoret i denne teksten er at det går an å forspele moglegheit­ene, viss vi tek på eigarminen og lukkar døra for den framande. I ei sunn gudstru er det alltid eit element av uro, ei bøn om nåde og miskunn, eit kyrie eleison, Herre, miskunne deg over meg.

Sei berre eit ord. 

Det sterkaste elementet i denne tekstens verknadshistorie er den som gir seg uttrykk i gudstenester over heile kloden kvar einaste søndag, når millionar av menneske – rett før ein går fram til nattverdbordet – ber den romerske offiserens bøn: «Herre, eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir sjela mi lækt.»

Også i dag blir alle vi som er utafor, alle vi som er tiggarar om nåde, tatt imot med ei open famn, med ein kjærleik utan grenser – og som sprengjer alle grenser. Vi blir tilbydt den mat som vi treng for at våre sjeler kan bli helbreda.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var og er og blir éin sann Gud frå æve til æve.

Trykket i Vårt Land 25. september 2018.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere