Ingunn Torsrud

Alder: 46
  RSS

Om Ingunn

Følgere

Sjølvutvikling kan vere av det gode

Publisert 4 måneder siden

Eg trur Gjøsund har rett i at sjølvrealisering i ein del tilfelle kan leie til ein innkrøkthet i seg sjølv. Likevel betyr ikkje det at me skal slutte med å søkje å finne oss sjølv.

Kommentar til Alf Gjøsund sin kommentar laurdag 18. mai.

I første omgang var det befriande å lese at me kan gi opp jaget etter sjølvrealisering, kvile i Guds nåde og tru at me er gode nok som me er. Likevel fekk eg inntrykk av at det skapas ein motsetnad mellom dette og å søke sjølvutvikling. Dette ville eg ikkje la stå uimotsagt.

Er det å søkje innover og sjølvrealisering eller utvikle talentet sitt, om du vil, eit motstykke til Guds kall og vilje med oss? Eg trur ikkje det. Mi drivkraft for å skrive denne kommentaren er for å bygge bru over til det som det rettas kritikk mot. Altså er min tanke at det å søkje sjølvrealisering nettopp kan vere av det gode, og vere uttrykk for Guds leiing av oss. Eg trur Gjøsund har rett i at det i ein del tilfelle kan leie til altfor stor sjølvopptatthet og innkrøkthet i seg sjølv. Likevel betyr ikkje det at me skal slutte med å søkje å finne oss sjølv – kven er eg, kva er mine gåver, mitt talent og mitt kall i denne verda? Igjen kan det vere på sin plass å minne om det berømmelege utsagnet om ikkje å kaste ut barnet med badevatnet.

Stoppar ikkje her

Som kristne tenkjer me at Gud er ein far for oss. Vil ikkje ein forelder det beste for barnet sitt? Det mest grunnleggande er den vilkårslause kjærleiken, at barnet er elska som det er, uavhengig av kva det presterer. Men det stoppar ikkje her. Vil ikkje ein far eller ei mor som elskar barnet sitt søkje å legge til rette for at barnet utviklar seg til å bli eit mogent menneske? At barnet får utforska ulike aktivitetar, tileignar seg ulike erfaringar, og jaktar på å finne sitt talent og det ein trivs med, får utfordringar og noko å bryne seg på, samstundes som det blir gjeve støtte og vegleiing undervegs. Kan ikkje dette vere eit bilete på Guds veg for den vaksne også? Som enno ikkje er på plass i seg sjølv, og søkjer sjølvrealisering.

Hans Børlis dikt om å ta bolig i seg sjølv vert stadig løfta fram, også i kristne­ samanhengar:

«Ett er nødvendig i denne vår vanskelige verden av husville og heimløse: Å ta bolig i seg selv. Gå inn i mørket og pusse sotet av lampen. Slik at mennesker på veiene kan skimte lys i dine bebodde øyne».

Diktet talar for seg sjølv, og oppmuntrar oss til å ta tak i den me er og fjerne grumset. Til og utviklas og foredlas vidare, slik at me i større grad kan lyse for vår neste. Korleis kan mine auge vere «bebodd» dersom eg ikkje ikkje har arbeidd med meg sjølv?

Det største bodet

Gjøsund stiller spørsmål ved dette evinnelege «eg-fokuset». Og det kan det nok vere god grunn til. Samstundes er «eg» viktig, og me har støtte for det i det største bodet: Du skal elske din neste som deg sjølv. Det betyr, tenkjer eg, at me skal ta oss sjølv og våre ynskje på alvor. Jau, me er kalt til å leve for vår neste, men me må også fylle på våre eigne lager, for å ha noko å gi. Her er det ikkje «anten skal eg berre dyrke meg sjølv på den eine sida, eller utslette meg sjølv i teneste for mine medmenneske på den andre sida». Livet kallar oss til å ta hand om begge. Eg vart rørt av eit utsagn ei ­veninne la ut på Facebook for litt sidan, som refererte til kva ei nonne på roadtrip i USA uttrykte om kallet: «When my deep gladness meets the world’s deep need, that’s my occupation». Det seier på ein vakker måte noko om at både «eg» og den andre er viktig.

Gjøsund skriver i kommentaren at nåden og Guds gave til oss gjer at me kan legge ned strevet. Tyder det at me ikkje lenger treng sjølvutvikling når me kan kvile i nåden? Eg syns det Gjøsund skisserer som løysinga, og som er grunnleggjande i den kristne trua, manglar kjøt på beinet. Som om vissa­ om Guds nåde som ber meg skulle legge­ ned all mitt behov for vidare livshjelp. Det kan neppe vere meininga?

I ulike fellesskap

Kor møter eg Guds gåve og nåde? Definitivt i kyrkja, men eg har også møtt den mange andre stadar. I ulike fellesskap, blant gode medmenneske og hjelparar som i mine auge har formidla noko av Guds nåde og kjærleik, sjølv om dei ikkje nødvendigvis bekjenner seg som kristne. Gud er verksam overalt. Me menneske treng å oppleve «Gud med hud» – eit omgrep eg vart introdusert for tid­legare i år. Eg kan ikkje leve på store og djupe sanningar berre som teori – eg treng å oppleve, kjenne på kroppen nåden og kjærleiken.

Eg synes det blir litt urettvist når ­fenomenet sjølvutvikling og sjølv­realisering vert framstilt i så dårleg lys, nærast som noko som Gud ikkje ville vedkjenne seg. Eg trur at Guds vegar ofte kan gå gjennom dette landskapet, og at me kan finne gode reiskapar her, i vår søken etter å bli sannare og heilare menneske. Guds nåde er likevel fundamentet, og at me er elska som me er. Dette set oss fri, som Gjøsund seier. Til å løfte vengene og søke nye vegar. Ikkje for å verte bra nok for Gud, men for å utvikle vårt talent – til glede for Gud, oss sjølv og vår neste.

Ingunn Torsrud

Oslo

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere