Gunnar Kartveit

Alder: 68
  RSS

Om Gunnar

Følgere

Trykk på knappen "oppdatér"

Publisert 26 dager siden - 549 visninger

I debatten om KrFs vegval vidare, har det kome fram frykt og uro for at venstresida vil motarbeida kristne verdiar. Det kan vera nyttig å trykkja på den knappen som heiter «oppdatér» for å sjå både kyrkja og arbeidarrørsla si rolle i dag.

I debatten om KrFs vegval vidare, har det kome fram frykt og uro for at venstresida vil motarbeida kristne verdiar.  

Kyrkja og arbeidarrørsla har vore på kollisjonskurs.  Det har falle sterke ord frå båe sider som har markert stor avstand.  Ein av grunnane til dette har vore at kyrkja og tenarane hennar har stått i ein maktposisjon, medan arbeidarrørsla kjempa fram rettane til dei som stod langt bak i samfunnskøen.

Dette har endra seg vesentleg.  Kyrkja har ein annan posisjon i samfunnet vårt, markert m.a. ved skiljet mellom stat og kyrkje.  Og impulsar frå kyrkjer på andre kontinent har hjelpt oss å løfta fram Bibelens tale om dei låge og dei svoltne på ein ny måte, sjølv om det diakonale arbeidet alltid har vore kyrkja sitt særpreg.  Nye og ulike tenester i kyrkja har gjeve høve til meir nærkontakt med dei som har det vanskeleg.

For ein del tiår sidan gav folk i Arbeiderpartiet uttrykk for at kristendomen si rolle måtte reduserast og helst fjernast frå ulike institusjonar i samfunnet.  I dag seier leiarane i Arbeiderpartiet at religion har og vil få ein større plass i samfunnet vårt.  Nye medborgarar med andre religionar enn kristendomen har bidrege til at både kyrkja og arbeidarrørsla løftar fram kristen tru og tradisjon både som kulturberarar og til kvardagsbruk for folk flest.

Så er det mange einskildsaker der KrF har unike standpunkt samanlikna med andre parti.  Difor må vi gå i forhandlingar for å sjå kvar vi får eit godt resultat.  KrF har fått gjennomslag for viktige saker på høgresida.  Kva vi får til på venstresida, veit vi ikkje, for vi har aldri prøvd.  Men grunntonen på venstresida minner meg om Meisteren som gjorde det uventa -  stoppa opp hjå folk som ikkje hadde andre talerøyr, men som berre ropa med si eiga stemme.

Det kan vera nyttig å trykkja på den knappen som heiter «oppdatér» for å sjå både kyrkja og arbeidarrørsla si rolle i dag.

                  Gunnar Kartveit

-       Styremedlem i Alver KrF -

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Eddie Whyte kommenterte på
Ambassadør Roth, femti år er nok!
1 minutt siden / 397 visninger
Morten Christiansen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
2 minutter siden / 5793 visninger
Morten Christiansen kommenterte på
Ambassadør Roth, femti år er nok!
22 minutter siden / 397 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
32 minutter siden / 1517 visninger
Dan Lyngmyr kommenterte på
Ambassadør Roth, femti år er nok!
43 minutter siden / 397 visninger
Roger Johnsen kommenterte på
KrFs skjebnesvangre veivalg - et svik mot de svake i samfunnet
rundt 1 time siden / 840 visninger
Håvard Nyhus kommenterte på
La rett gå for nåde
rundt 1 time siden / 157 visninger
Roger Johnsen kommenterte på
KrF ble styrt inn i høyrefellen
rundt 1 time siden / 810 visninger
Tore Olsen kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
rundt 1 time siden / 994 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
rundt 1 time siden / 5793 visninger
Les flere