Audun Aase

Alder: 1970
  RSS

Om Audun

Pensjonert prest, men framleis engasjert i åndeleg vegleiing. Gift. Barn og barneborn.

Følgere

Kyrkjeval og vallokale

Publisert 2 dager siden - 200 visninger

På kyrkjemøtet i vår kom det opp framlegg om å gå bort frå den nære lokaliseringa mellom kyrkjeval og politiske val, sidan kyrkje og stat no skal vere skilde. Dessverre nådde det ikkje fram, og i ettertid har det vore ganske stilt om det, men det må verkeleg haldast varmt med tanke på kyrkjevalet om eit års tid.

For denne knapt ti år gamle ordninga med nærmast samlokalisering tek ikkje på alvor kva ei kyrkje eller ein kyrkjelyd er og dermed korleis eit kyrkjeval må gjennomførast. Det eintydige vitnemålet frå Skrift og vedkjenning er at kyrkjelyden er dei som er samla til gudsteneste og fellesskapet av desse på kvar ein stad.

Når no stat og kyrkje skal vere skilde, så er det derfor tid for også å gjere seg ferdig med det statskyrkjelege påfunnet å gjere ein kyrkjelyd til ei geografisk eining, eit sokn. Det skjedde vel i si tid fordi alle var pålagde å høyre statskyrkja til og kongen lokalt styrde mykje gjennom presteskapet og dermed kyrkja. Men no er då den tida for lengst forbi.

I artikkel 7 i den augsburgske vedkjenninga heiter det: «Kyrkja er samfunnet av dei heilage der evangeliet vert lært reint … (lat. «in qua», altså «i hvilken»). Og Paulus helsar dei kristne i Korint som «Guds forsamling i Korint», ikkje som Korint forsamling, slik Dnk gjer i sine kyrkjelyds- ­eller forsamlingsnamn. I den siste bibelomsetjinga kjem dette også tydelegare fram ved at det greske ordet ekklesia er omsett med forsamling.

Dermed seier det seg sjølv at kyrkje­valet må tilbake til gudstenestefellesskapet, altså skje i samanheng med ei gudsteneste slik det var før endringa. For det er der dei røysteføre er samla. Så får det våge seg om valprosenten igjen går ned, for det er ikkje der den primære utfordringa for kyrkja ligg. Den ligg i det å vere eit levande fellesskap, skapt og verksamt ved evangeliet, slik at truande får trong til å samlast og nye får lyst å bli med. Så kan frukta av det også bli auka valprosent med tid og stund.

Trykket i Vårt Land 17. september 2018.

Gå til innlegget

Gudsbildet og frelsa

Publisert 8 måneder siden - 961 visninger

Bakom den subjektive forsoningslæra lurer den billege nåden.

I Vårt Land har det vore fleire innlegg og debattar om dei ulike lærene om forsoninga som er komne til under kyrkjesoga. Men i staden for å spele dei ut mot kvarandre bør vi vel heller sjå korleis dei kastar ulike lys over denne livsviktige, bibelske sanninga, og så prøve å halde det mest mogeleg i hop. Særleg treng den såkalla subjektive forsoningslæra denne hjelpa, for bakom den lurer nok den billege nåden.

Å sjå ting i hop er Joh 3,16 eit godt døme på: «For så/ slik elska Gud verda at han gav Son sin …» Og gav han i døden, som teksten rett framfor gjer tydeleg. Vil vi sjå Guds kjærleik til oss menneske, så lat oss framfor alt vende blikket mot Jesus på krossen. Men samstundes blir vi her minna om alvoret med synda. Krossen viser tydeleg både kjærleiken og dommen: Guds kjærleik til oss og hans vreide over syndene våre.

Når det i Vårt Land vert påstått at det skulle vere uttrykk for vondskap om Gud  ofrar Son sin for vår skuld, så må ein lure på kva ein har fått med seg av krossmysteriet. Etter eit år med reformasjonsjubileum skulle vi vonleg også ha fått repetert «die Köste», kva det kosta Gud å frelse oss frå fortaping. Jesu offer er Guds ufattelege kjærleikserklæring til oss menneske. At Gud valde å ordne frelsa slik, lyt vi berre audmjukt bøye oss for.

For ei kristen kyrkje er det iallfall livsviktig å arbeide for å leve i og formidle ein rikast mogeleg fylde av den bibelske forkynninga om frelsa og dermed også eit rikast mogeleg bilde av Gud. Det må også vere målet for den som skal opp på ein preikestol.

Den bortforklaringa av Skrift og vedkjenning som det er litt for mykje av i Dnk i dag, er alarmerande. Derfor treng vi leve i oppropet frå reformasjonen: «Tut Busse!» (Vend om).

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Nådens evangelium
av
Petter Olsen
rundt 4 timer siden / 152 visninger
3 kommentarer
Vis kirkelig solidaritet!
av
Tron Hummelvoll
rundt 4 timer siden / 184 visninger
1 kommentarer
No treng vi anti-populistane
av
Emil André Erstad
rundt 4 timer siden / 518 visninger
0 kommentarer
De unge enslige
av
Vårt Land
rundt 4 timer siden / 503 visninger
0 kommentarer
Skinne klart
av
Åste Dokka
rundt 13 timer siden / 528 visninger
1 kommentarer
Digitale disipler
av
Ingeborg Dybvig
rundt 13 timer siden / 125 visninger
1 kommentarer
Pisken svinges i feil retning
av
Gunn Pound
rundt 17 timer siden / 229 visninger
0 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Bjørn Erik Fjerdingen kommenterte på
Nådens evangelium
10 minutter siden / 152 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Opprop til dugnad
12 minutter siden / 2116 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Nådens evangelium
16 minutter siden / 152 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Nådens evangelium
rundt 1 time siden / 152 visninger
Audun Aase kommenterte på
Kyrkjeval og vallokale
rundt 1 time siden / 200 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Vis kirkelig solidaritet!
rundt 2 timer siden / 184 visninger
Helge Erik Solberg kommenterte på
Skinne klart
rundt 4 timer siden / 528 visninger
Lars Slåttå kommenterte på
Opprop til dugnad
rundt 10 timer siden / 2116 visninger
Dan Lyngmyr kommenterte på
Digitale disipler
rundt 11 timer siden / 125 visninger
Dan Lyngmyr kommenterte på
Opprop til dugnad
rundt 12 timer siden / 2116 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Stolt av barnevernet
rundt 12 timer siden / 301 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Stolt av barnevernet
rundt 12 timer siden / 301 visninger
Les flere