Andrew Wergeland

Alder: 47
  RSS

Om Andrew

Følgere

Svar til Espen Ottosen om bibelsyn

Publisert rundt 2 måneder siden

Autoritetar, menneskeord, bibeltruskap og fellesskap.

Eg har stor respekt for Espen Ottosens intellektuelle kapasitet, formuleringsevne og mot til å halde ut i sitt forsvar av standpunkt eg som regel er einig med han i. Det er difor med blanda kjensler eg stadfestar og utdjupar forskjellane mellom korleis han og eg ser på og bruker Bibelen. Refleksjon over forhold eg har blitt kjent med gjennom arbeidet mitt som lærar i hebraisk og GT gjer likevel at eg meiner det er gode grunnar til å ha eit anna syn på Bibelen som Guds ord enn han har.

Men dette handlar ikkje først og fremst om kven av oss to som har rett. For min del handlar det mest om å hjelpa folk å ha eit syn på Bibelen som ikkje blir truga av historieforsking eller vitskap, og som bidrar til einskap i kyrkja - både lokalt og globalt.


Ikkje streva etter. Det er riktig at eg ikkje ser det som eit mål å ha same teologi som alle som sto bak utforminga av Bibelens tekstar. For det første, fordi dei av og til ser ut til å ha meint ulike ting om Gud, er dette ikkje alltid mogleg. Skal ein tru at Gud sørgjer for at alle heilt konsekvent får som fortent, slik som m.a. dei som sto bak Krønikebøkene og Esekiel? Eller er det betre å tenkja at ulukke også kan ramma "tilfeldig", slik som ein får inntrykk av når ein les Job eller Forkynnaren?

For det andre, å alltid ha same teologi som Bibelens forfattarar ville vera i strid med felleskyrkjeleg lære. Kanskje eg har misforstått, men eg trudde det var ei gjengs oppfatning blant bibeltolkarar at, sjølv om kyrkja kan og har forankra læra om den treeinige Gud i Bibelens tekstar - og dette er eg heilt einig i -, er det likevel ahistorisk å påstå at dei som sto bak utforminga av NT, tenkte slik om Gud.

Kyrkja lærer også at å halda eit menneske bunde i slaveri er mot Guds vilje. Men fleire tekstar i Bibelen gir inntrykk av at forfattarane meinte dette var ein moralsk akseptabel måte å ordna forhold mellom menneske på. Å tenkja eller tru slik er ikkje noko vi skal streva etter.


Ordet, ikkje personane. På grunn av det spesielle bidraget deira til vitnesbyrdet om Guds frelse, skulle eg gjerne vita kva Bibelens forfattarar tenkte og trudde om mange ting. Men Bibelens autoritet kviler ikkje på dei som var med på å utforma tekstane i den, sjølv om dei ofte var "Jesu apostler og disipler". Med andre ord, Bibelen er ikkje Guds ord eller autoritative tekstar på grunn av kven som skreiv dei.

Viss fleire tekstar i NT er Guds ord berre fordi apostelen Paulus skreiv dei, skulle alt han skreiv bli rekna som Guds ord og ein del av Bibelen. Men det er ikkje tilfelle. Fleire av breva hans vart ikkje tatt vare på av kyrkja. Lukas var ikkje apostel eller disippel av Jesus. Når skriftene hans likevel er ein del av Bibelen, vitnar det om at grunnlaget for autoriteten i det han skreiv, ligg ein annan stad.

I tillegg, fagleg arbeid med skriftene i NT har ført til oppdaginga av fleire grunnar til at det heller ikkje er sikkert at dei vart skrivne av dei som er rekna som dei tradisjonelle forfattarane. Dersom Bibelens autoritet som Guds ord er avhengig av at den vart forfatta av "Jesu aposter og disipler" og berre dei, blir dette eit problem.

Eg ser også på Jesu apostlar og disiplar som kyrkjelege autoritetar. Dei vart valt ut av Jesus og sto han nær i varierande grad. Men eg ser ikkje på dei som guddommelege. Og når det står i Bibelen at dei talte Guds ord eller Herrens ord, viser dette som regel til bodskapen om Guds frelse for alle menneske som både Jesus og dei forkynte, t.d. Apg 4,31. Det er difor vi framleis i dag snakkar om å dela eller forkynna "Guds ord" når evangeliet blir kommunisert der kristne samlar seg eller nye får høyra denne bodskapen.


Den heilage ande. Ottosen skriv at eg "står i fare for å tenke at Bibelen primært er menneskeord". Eg tenkjer at Bibelen er menneskeord på same måte som kyrkja er menneske.  Bibelen er i utgangspunktet, men ikkje primært, menneskeord, lik kyrkja i utgangspunktet, men ikkje primært, er menneske.

Det er Gud som gjer desse menneskeorda i Bibelen til sitt ord, på same måte som det er Gud som gjer desse menneska i kyrkja til sin kropp. Eg trur at Guds Heilage Ande har verka i og med begge delar, både orda og menneska, for å gjera dei til noko anna, noko meir enn dei ville eller kunne vera av og i seg sjølve.

Bibelen er like lite primært menneskeord som dåpen primært er vatn og nattverd primært er brød og vin. Men nattverd er også brød og vin, dåpen er også vatn og Bibelen er også menneskeord. Men den er ikkje primært menneskeord. For kyrkja er Bibelen primært Guds ord.

Det er dette Bibelens autoritet kviler på, at Guds Ande har gjort at den er Guds ord, eit middel Gud bruker til å senda sin bodskap til sitt folk med. Dette er uavhengig av korleis tekstane i Bibelen har blitt til eller kven som skreiv dei.


Arbeid med tekstane. Ottosen skriv at det er "uforsvarlig for kristne å fastholde et teologisk dogme hvis dette viser seg å være i strid med den teologien vi møter i NT". Dette kan vera eit uttrykk for eit slags bibeltruskap. Det er i alle fall eit uttrykk for truskap mot eit bestemt "vi" som har laga ein teologi basert på arbeid med tekstane i NT.

Teologi er noko menneske lagar basert på ulike kjelder. Ulike menneske lagar ofte ulike teologiar basert på dei same kjeldene fordi dei kjem til kjeldene med ulike erfaringar og anlegg. Dei som Ottosen er ueinig med i spørsmålet om likekjønna samliv - eit anna "vi" - møter ein annan teologi i NT enn "vi"-et Ottosen er einig med.

For dei er "dogmet" om heterofil normativitet i strid med denne teologien. Det er difor dei meiner det er uforsvarleg å halda fast på det. Dei kunne altså bruka nettopp den same formuleringa som han.

Sjølv er eg ikkje overbevist om at teologien dei har laga i møte med tekstane i NT er riktig. Men grunnen til at begge desse teologiane kan vera eit uttrykk for bibeltruskap, er at dei er baserte på arbeid med NT-tekstar. Trass i Vårt Lands illustrasjonstekst til min førre artikkel, meiner eg ikkje at begge teologiane samtidig kan vera rette. Men dei kan begge to vera uttrykk for bibeltruskap - avhengig av korleis ein forstår ordet.


Kven er "vi"? Inntrykket av at eg meiner det er vanskeleg å tolka Bibelen, er truleg skapt av ingressen som Vårt Land la til teksten min ("Å tolka Bibelen er ei samansett øving. Difor ..."). Det er ikkje nødvendigvis vanskeleg å tolka Bibelen. Kanskje det er så mange ulike tolkingar av Bibelen fordi det er så lett?

Å vita kva som kan vera ei rett tolking derimot kan vera vanskeleg. Det er i alle fall ikkje så lett som å berre slå opp i Bibelen og finna "fasiten". Dette er ikkje på grunn av mangfaldet i Bibelens tekstar. I likskap med Ottosen har også eg "som forutsetning at det finnes en læremessig enighet i Bibelen" når eg skal tolka den. Eg ser ikkje korleis det kunne ha vore annleis når den er Guds ord.

Men dette er ein føresetnad som vi som trur den er Guds ord, har med oss i møte med tekstane, ikkje noko som finst i tekstane sjølv.  Menneske som ikkje har denne føresetnaden kan ofte finna læremessig usemje i Bibelen.

Nei, vanskane med å fastslå den rette tolkinga av Guds ord handlar for meg om "vi"-et - at vi må samtala,  drøfta og argumentera med kvarandre, men også be, fasta, feira og tena med kvarandre. Forskjellen mellom oss handlar kanskje til slutt mest om kven dette "vi"-et er?

Gå til innlegget

Formidlar, ikkje formyndar

Publisert over 1 år siden

Det er legitimt av Bibelselskapet å omsetja Bibelen i samsvar med kyrkjas teologi.

Anders Martinsen og Morten Beckmann ser ut til å meina at Bibelselskapet (DNB) har misrepresentert korleis det har arbeidd med bibelomsetjing og -revisjon, og at 2011-revisjonen er problematisk fordi ordlyden enkelte stader er mindre fleirtydig enn grunnteksten av omsyn til kyrkjas dogmatikk (Vårt Land 7. februar).

Les også: I ti år har hun omarbeidet Guds ord for at flere kan forstå. Det har resultert i Hverdagsbibelen.

Omsetjingsprinsippa. 

Eg meiner derimot at det er legitimt av DNB å ­omsetja Bibelen i tråd med kyrkjas ­teologi, og uansett korleis DNB gir ­uttrykk for omsetjingsprinsippa sine, har ein lite grunn til å forventa at det ville­ ha omsett Bibelen på nokon ­annan måte.

DNB er etter eiga utsegn ein kyrkje­leg organisasjon som vil gi menneske­ Guds ord. På nettsidene står det at «Det er Bibelselskapets oppgave å sørge for at Den Hellige Skrift fortsatt skal være med å prege vårt folk og vise den ­enkelte vei til personlig frelse og liv i Gud.» DNB er også del av United Bible Societies, som meiner å eksistera «for å utrusta kyrkjer verda over til å dela Guds ord.»

For DNB er Bibelen difor ikkje til­feldige tekstar frå antikken av rein ­vitskapleg interesse. Den er Guds ord, eit kommunikasjonsmiddel som kyrkja bruker til å læra om Gud og til å formidla si lære om Gud. DNB kan altså ikkje stilla seg nøytralt til korleis ­bibeltekstane blir lesne og forstått.

Men i staden for å klaga på DNB for elitisme og sensur, for å vilja bestemma korleis lesaren skal oppfatta innhaldet, kan ein heller sjå det slik at DNB vil visa korleis kyrkja oppfattar innhaldet. I staden for å vera ein formyndar for alminnelege lesarar, syner DNB seg som ein formidlar for kyrkja.

Ikkje fleirtydig. 

Trass ulike syn på detaljane, har ikkje kyrkja eit grunnleggjande fleirtydig syn på kven Jesus er eller hans forhold til Gud. Og det ville ikkje tena kyrkjas folk å gi dei ein ­bibel som er fleirtydig på dette. Det kan i tillegg henda at NO11 er meir fleirtydig generelt utan å vera meir fleirtydig i kvar enkel tekst.

Dei fleste som les Bibelen høyrer nok med i kyrkja og les den fordi den er «kyrkjas bok». Eg vil tru dei er mest ­interesserte i korleis kyrkja forstår tekstane og ikkje i alle dei språklege og teologiske tolkingane det er mog­leg­
 å laga av dei. Det har visst blitt gjort forsøk på å laga reint vitskapelege ­omsetjingar som ikkje «overstyrer ­teksten», men noka stor interesse blant vanlege bibellesarar ser dei ikkje ut til å ha fått.

Dei er i tillegg neppe særleg eigna til å «vise den enkelte vei til personlig frelse og liv i Gud» eller vera til hjelp for kyrkja med å dela Guds ord.

Dei som er interesserte i å utforska det språklege og teologiske meiningspotensialet i tekstane, er velkomne som studentar ved MF. Her ser me på fleire­ moglege tolkingar og kanskje finn fram til nye. Men fordi me utdannar til t­eneste i kyrkja, blir studentar også presentert for korleis kyrkja les og tolkar tekstane.

Les også: På samefolkets dag er den nye nordsamiske Biibbal 2019 lansert.

Mindre fleirtydig. 

Ved å levera frå seg ein tekst som tydeleggjer trus­fellesskapets tolkingar eller fjernar høvet til å tolka tekstane i strid med desse, stiller DNB seg i rekkja av bibel­tekstarbeidarar som strekkjer seg ­tilbake til hundreåra før Jesu tid. Når ein studerer gamle bibelhandskrifter, ser ein nemleg teikn på at fortidas­ ­avskrivarar og omsetjarar av og til gjorde teksten mindre fleirtydig.

Eit døme på dette ser ein i 5. Mos 32,8 der NO11 har: «Han sette grenser­ ­mellom folka etter talet på Israels­ ­søner.» Her er «Israels søner» ein nokså­ ordrett omsetjing av éin h­ebraisk teksttradisjon. Ved Qumran har ein funne ein bit av 5. Mos der det, i staden for «Israels søner», står «Guds søner». Ein slik tekst låg nok bak den gamle, greske­ omsetjinga av GT (LXX) her: «Guds englar». For å tydeleggjera ei tolking av teksten som går ut på at «Guds søner» er israelittane eller for å fjerna høvet til å tolka teksten slik at det finst fleire gudar, endra sannsynlegvis ein avskrivar den hebraiske teksten til «Israels søner» idet han kopierte den.

Slik ser me også teikn på i dei første omsetjingane. I same kapitlet, står det i starten av vers 4, «Berget, fullkome [er] dets verk» i hebraiske handskrifter. I LXX er dette omsett til, «Gud, sanne [er] gjerningane hans», kanskje for å tydeleggjera korleis teksten vart forstått av dei som overleverte den. Mange andre slike tilfelle kunne nemnast.

Les også: Unge synes det er tungt og vanskelig å lese i Bibelen. Men god forkynnelse og bibelgrupper motiverer til lesing.

Klarare bodskap. 

Slike endringar og omsetjingar vart neppe gjort for å gjera vald på teksten eller hindra ­lesaren i å trekkja sine eigne slutningar, men for å gjera bodskapen ein oppfatta vart formidla gjennom teksten, ­klarare. Og sjølv om eksempla her kjem frå GT, r­eknar eg med at slike ting også skjedde med NT-tekstane i det dei vart overlevert og omsett.

Det som gjorde dette mogleg, var nok eit syn på tekstane der dei ikkje berre er produkt av forfattarar frå fortida som «eig» teksten, men fellesskapets skrifter som fellesskapet formar og brukar til å formidla sin teologi. Slik sett har ikkje DNB gjort noko nytt ­eller gale.

Eg står ikkje inne for korleis DNB har marknadsført 2011-revisjonen. Men å gjera teksten mindre fleirtydig på visse stader er fullt ut forsvarleg både med tanke på DNBs sjølvforståing og med tanke på tekstanes historie.

Gå til innlegget

GT er ikkje ei «framand røyst» i kyrkja

Publisert over 1 år siden

Kyrkja lærer at både NT og GT er Guds ord eller «heilag skrift.» Slik blir GT omtalt av Jesus og i resten av NT. Ein viktig del av gudstenesta er å høyra Guds ord. Det bør difor også lesast frå GT. Å lesa GT-tekstar i gudstenesta er ein gammal kristen praksis som ein ser spor av i NT og belegg for i gamle tekstbøker. Ei strengt historisk lesing av GT avslører jo at forfattarane bak av og til hadde andre forestillingar om Gud enn dei kyrkja lærer i dag.

Slik kunne ein seia at tekstane er ei «framand røyst» i kyrkja. Men ei strengt historisk lesing av NT avslører at også forfattarane bak dét av og til hadde andre forestillingar om Gud enn kyrkja lærer i dag, jf. treeiningslæra.

NT er likevel det mest direkte vitnesbyrdet om Jesus. Men både Jesus og apostlane las GT slik at det også var eit vitnesbyrd om han. Dette er ikkje ei historisk tolking av GT. Historiske tolkingar er viktige i kyrkja, men ikkje dei einaste gyldige.

Heilt frå byrjinga har tekstane i GT hjelpt kyrkja gi uttrykk for korleis ho forstår Gud og menneske. Også i dag kan kyrkja bruka GT-tekstar til å formulera og forkynna trua si. Dei har vore ein integrert del av kyrkja sidan Jesus la ut for Emmaus-vandrarane «det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane.»

Dei er difor ikkje ei «framand røyst» i kyrkja. Dersom GT er ei jødisk skriftsamling, er kristendom ein jødisk religion. Den er ein av dei to notidige religionane som sprang ut frå antikk jødedom. Kristendom og jødedom har altså felles røter. Noko som kjenneteiknar desse røtene er bøkene som både kyrkja og synagoga reknar som heilag skrift. Når desse tekstane blir lese i synagoga, er dei ikkje «GT». Dei er «Tanak,» jødanes heilage skrift.

Müller skriv: «I dag kan me sjølvsagt ikkje arbeida ut frå den føresetnaden at jødar ikkje forstår sine eigne heilage skrifter.» Me kan heller ikkje arbeida ut frå den føresetnaden at kyrkja ikkje forstår sine eigne heilage skrifter, korkje dei me finn i NT eller dei me finn i GT.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Ja vi elsker alle i dette landet
av
Jarle Mong
4 dager siden / 2628 visninger
Mel gir stabilitet
av
Ingrid Vik
27 dager siden / 1880 visninger
Den norske kirke og pornografi
av
Marthe Kristine Østerud Primstad
rundt 1 måned siden / 1026 visninger
Hvem skal bli født?
av
Paul Leer-Salvesen
7 dager siden / 973 visninger
Mor eller menneske?
av
Liv Osnes Dalbakken
29 dager siden / 686 visninger
Visjon Norge og kritikk
av
Pål Georg Nyhagen
12 dager siden / 606 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere