Aksel Johan Lund

Alder: 24
  RSS

Om Aksel Johan

Prestestudent ved VID Misjonshøgskolen.

Følgere

Publisert nesten 2 år siden
Daniel Krussand – gå til den siterte teksten.

Eg skjønar at du meiner dette godt, og slik sett set eg pris på at du tek deg tid. Takk!

Men eg er allikevel ikkje samd. Heilt klart, lære er ikkje uviktig, og ein skal ikkje tillate kva som helst i ei kyrkje. Men å påstå at Den norske kyrkja fornektar Guds ord - den kjøper eg ikkje.

Det er nemleg stor forskjell på at ein les Skrifta ulikt, og det at ein fornektar ho - og det var poenget med den forrige kommentaren.

Det finst nemleg ikkje noko slikt som å lese Skrifta nøytralt. Båe eg, du, og alle andre les ho gjennom vårt eige perspektiv, med dei forutsetnadar, erfaringar, perspektiv og fordommar me har.

Så difor - kven eller kva skal vere rettesnora for kva som er den "reine og rette" måten å lese Skrifta på?

Slik eg ser det, er Den norske kyrkja eit mangfald, slik ei folkekyrkje skal og bør vere. Eit mangfald av mykje, deriblant meiningar. Men mi erfaring er at på trass av at me kan vere usamde om mangt og mykje, så er det Kristus som er i fokus, og Ordet som vert forkynt - sjølv om det går føre seg på ulikt vis.

Me kan gjerne gå djupare inn i denne tematikken - men dette innlegget handlar om kall og rekruttering, meir enn om skriftsyn, så i så fall tenkjer eg det er på sin plass å starte ein ny tråd.

Gå til kommentaren

Publisert nesten 2 år siden
Daniel Krussand – gå til den siterte teksten.

Kor er så denne staden "der Ordet forkynnes rent og rett"?

Viss det er éin ting eg har fått erfare i løpet av teologistudiet så langt, så må det vere audmjuke.

Audmjuke i møte med andre menneske med andre erfaringar enn mine. Audmjuke i møte med menneske frå andre deler av verda. Audmjuke i møte med dei mange trussyskena som har gått før oss.

Audmjuke i det eg innser at mitt verdsbilete som vestleg, kvit mann i middelklassen kanskje ikkje er heilt nøytralt, det heller. Kanskje dei brillene eg les Skrifta gjennom, er like gjennomsyra av mitt eige perspektiv som dei til mine meiningsmotstandarar.

Og så skal nokon av oss påberope oss å sitje på den reine og rette måten å lese Skrifta?

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Ja vi elsker alle i dette landet
av
Jarle Mong
3 dager siden / 2325 visninger
Mel gir stabilitet
av
Ingrid Vik
26 dager siden / 1868 visninger
Den norske kirke og pornografi
av
Marthe Kristine Østerud Primstad
rundt 1 måned siden / 1108 visninger
Hvem skal bli født?
av
Paul Leer-Salvesen
6 dager siden / 900 visninger
Mor eller menneske?
av
Liv Osnes Dalbakken
28 dager siden / 671 visninger
Visjon Norge og kritikk
av
Pål Georg Nyhagen
11 dager siden / 595 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere