Aina Alfredsen Førde

Alder: 0
  RSS

Om Aina

Forbundsleder i Norges Kvinne- og familieforbund

Følgere

FNs Internasjonale Familiedag

Publisert 9 dager siden

Vi har alle eit ansvar for klimaet vårt, og bør alle verte meir beviste på vala vi tek. Det er store endringar i klimaet vårt som vi må prøve å snu medan det enda er tid.

Vi ser tydelegare korleis menneska påverkar og endrar naturen på godt og vondt. Kvar enkelt av oss kan bidra til ei positiv utvikling gjennom vår haldning til forbruk, gjenbruk og forureining, gjennom  vala vi tek, ved kjøp av varer og ved å støtte økologisk landbruk. Vi har alle eit ansvar til å ta klimaet på alvor.

Norske familiar kastar stadig meir mat. Veldig mange er  «låst» av best -før-dato, utan å vurdere maten. Energiforbruket i hushalda har gått ned i seinare år. Det er likevel viktig at familiar bevisstgjerast med omsyn til straum- og vassbruk, både av miljø- og økonomiske årsaker.

Noko kvar enkelt kan gjere er å:

  • Slutte å bruke eingongsplast
  • Redusere matsvinn
  • Redusere bilbruken
  • Reise kollektivt
  • Redusere bruken av fly
  • Støtte lokalt næringsliv
  • Bruke kortreist mat

Vi oppmodar lokale lag og foreiningar til å arrangere møter med  klimaendringar som tema. Dette er eit tema som spesielt dei yngre er opptatt av, så her kan heile familien delta i gode diskusjonar, og komme fram til løysingar ilag.

Menneskas forbruk og livsstil må verte berekraftig. Vi kan alle bidra til å kutte i klimagassutslepp.  

Gå til innlegget

Klage på NRKSuper

Publisert 2 måneder siden

Klage på NRK Super, FlippKlipp, «Victor kan ikke si nei en hel dag, Yes Man med Woldelige Ole» publisert på nettsida 09.03.2019, og oppmoding om at Kringkastingsrådet drøfter NRKs profil som allmennkringkasting om å tøye grenser innafor enkelte program.


Norges Kvinne og familieforbund (K&F) sendte den 20 mars klage til Kringkastingsrådet på eit program som ligg ute på tv.nrksuper.no. Dette er FlippKlipp, «Victor kan ikke si nei en hel dag, Yes Man med Woldelige Ole»

Dette er eit program med ei nedre aldersgrense på 6 år. I programmet vert det vist at ein voksar kjønnshår, der «Victor» skrik i smerte ler «Woldelige Ole», dette meiner vi i K&F ikkje er noko humorprogram for barn og unge, vi meiner det gjev feil signal ut til barna. Vi undrast på kva form for humor det er at ein storler av ein som skrik ut i smerte? Og kva humor er det i å vokse kjønnshår i eit program for barn?

Ein viser at det er greitt å påføre andre smerter og le av det. Det er flytting av grenser feil veg, ein er med på å skape haldningar i forhold til kropp og utsjåande. Ein gjev barn idear om at kroppen kan eksperimenterast med og ein viser at ein kan le av andre sine smerter.

Vi meiner dette er svært kritikkverdig i og med at vi ser ei utvikling i samfunnet der stadig yngre barn får eit negativt syn på eigen kropp. Det er mykje mobbing og press blant barn og unge, og mange tøyer grenser og eksperimenterer med mykje som ikkje er bra.

Vi lever i ei tid der kroppsfiksering, trakkasering og grensetesting er meir utbreidd enn nokon gang. Då meiner vi at NRK, finansiert av lisenspengar, skal gå forran som eit godt eksempel.


Gå til innlegget

Tredelt Foreldrepermisjon

Publisert 3 måneder siden

Tredelt foreldrepermisjon.

Korleis kan nokon seie at det å ha tredelt permisjon er det beste for barnet og mor, når så mange går ut og fortel om problema det vert for dei? Kva har det med likestilling å gjere? Kva som er best for den enkelte familie må vere det viktigaste.

 No er det no sånn at det er mor som går gravid, føder og ammer. Mange mødrer treng meir enn 7 månadar på å  restituere seg etter ein fødsel, og mange våke netter. Det er mor som må amme, så der kan ikkje far avlaste.

Meiner ein at barnet ikkje får to gode omsorgspersonar dersom mor har lenger permisjon? Det er no litt fleire timer i eit døgn enn dei åtte timane ein jobbar. Og det er no eit dagsverk å vere heime med barnet og.

Avlastning heime på mor? Vi reknar med at vi er komen så langt i likestillinga her i landet at husarbeidet vert fordelt fordi om mor har permisjon. Det er vel ikkje berre mor som gjer alt husarbeidet etter jobb når barnet har byrja i barnehagen heller.

Det at far må vere ein god forhandlar for å få meir enn fedrekvoten? Her meiner vi det er noko kvar familie må diskutere seg fram til sjølve, kva som er rett for dei.

Og dersom far har ein jobb der han ikkje kan ta permisjon i 15 veker, når då mor har brukt opp dei vekene ho kan ta permisjon er barnet ca. sju månadar. Skal barnet då byrja i barnehage? Får ein plass i barnehagar når ein berre er sju månadar?

Før de innførte tvungen tredeling i likestillinga sitt namn burde de ha sikra fedrar eigen opptenings rett til permisjon.

Valfridom for den enkelte familie er det som er det viktigaste!


Gå til innlegget

Kontantstøtta

Publisert 4 måneder siden

                                                               

Oppretthald kontantstøtta!

Norges Kvinne og familieforbund var veldig fornøgd med at regjeringsplattforma sa at vi skulle oppretthalde kontantstøtta, men det varte ikkje mange dagane før vi les at Frp vil endre på dette.

Jobbkrav for kontantstøtte!

Nok ein gang går Frp ut mot innvandrarkvinnene som vel å vere heime med barna sine EIT år ekstra, frå ungane er eitt til to år. Valfridom er viktig for oss alle, også for innvandrarkvinner. Det er ikkje alle som ønskjer at barna skal i barnehage som eittåring, for mange familiar er det rett å vere heime eit år lenger, sjølv for innvandrarfamiliar.

Det er ikkje kontantstøtta som er årsak til at innvandrarkvinner ikkje kjem seg ut i arbeid. Kva med alle innvandrarmenn og unge gutar som ikkje jobbar? Er det kontantstøtta som er grunnen til det og?  Det må andre tiltak til, og her svikter regjeringa.

Det som kjem til å skje er at fleire barn vert fattigare.

Det er mange etnisk norske kvinner som vel å vere heime eit år ekstra medan barna er små, og som mottar kontantstøtte, kva meiner Frp om det?

Det er faktisk ikkje sånn at det er barnehage og pedagogar som er best heile tida. For dei aller fleste små barn er det foreldra som er best.

NOK er NOK med tanke på negative forandringar i kontantstøtta.

                                                                   

Med vennlig helsing

Norges Kvinne- og familieforbund

Aina Alfredsen Førde

forbundsleiar

Gå til innlegget

Styrking av fødselspengar no!

Publisert 5 måneder siden

Innspel til arbeidsgruppa som skal sjå på fødselstala i Norge.

Så flott at regjeringa endeleg ser at det er ei utfordring med lave fødselstal i Norge. Norges Kvinne og familieforbund har hatt det oppe mange ganger, men vorte avspist av helseminister Bent Høie med at vi krisemaksimerer det.

Nedlagte lokalsjukehus. 

Det kan vere mange grunner til at fødselstala går nedover, blant anna at mange lokalsjukehus har vorte nedlagt og erstatta med lokalmedisinske senter, då vert fødeavdelingane òg lagt ned, med dei utfordringer det medfører. Det er lang veg for mange fødande kvinner rundt omkring i landet. Infrastrukturen er ofte dårleg. Mange må bu aleine på sjukehotell i dager og veker før fødsel. Ein får jo ikkje støtte til at far kan vere med.

Liggetida på fødeavdelingane skal ned, og mange kommunar har ikkje nok ressursar til å fylgje opp den nybakte mora etter fødsel når ho vert raskt utskriven. Hjelp til amming og andre ting er ikkje ein sjølvfølgje lenger. Mange slit med fødselsdepresjon, og då er det viktig at hjelpa er raskt på plass.

Fødselsforberedande kurs. 

Ein har heller ikkje fødselsforberedande kurs i alle kommunar lenger, på 80- og 90-talet var dette vanleg.

Det er for lite midlar til fødsels- og barselstilbod rundt omkring. Dette er noko som må prioriterast.

Alle desse punkta som er nevnt over her gjev stor usikkerheit blant fødande- og barselkvinner. Så her er mange ting ein kan ta tak i.

I tillegg til dei punkta over her har vi barnetrygda som har vore uendra i 22 år. For mange er barnetrygda viktig. Den bør indeksregulerast.

Kontantstøtta er det mange foreldre som ynskjer å benytte seg av, den må vere så høg at ein kan velgje å vere heime eit ekstra år. For mange foreldre vert det feil å sende eittåringen i barnehagen, og dette eine året er det viktig at foreldra kan velgje sjølve.

Fødselspengar. 

Styrking av fødselspengar til dei som ikkje er i lønna arbeid. Det er ikkje alle som har fått seg ein jobb før ein får unger, og då er det viktig at dei får ei støtte så ein kan klare seg framover til ein får seg jobb.

Mange unge kjem seg ikkje inn på boligmarknaden i dag, dersom dei ikkje har foreldre som kan stille garanti for dei. Utan ein plass å bu, vert det vanskeleg å kunne fø på barn.

Altfor mykje midlertidige stillingar gjev usikkerheit blant ungdommen, og ein tør gjerne ikkje å få barn. Gjev ungdommen faste stillinger så dei får tryggheit, både økonomisk og får ein mogeleheit til å komme inn på boligmarknaden.

Det er ingen garanti for at alle får friske barn. Usikkerheita blant foreldre som har barn med nedsatt funksjonsevne eller er alvorleg sjuke er stor. Gje dei omsorgslønn så dei klare seg framover, ikkje kutt i velferdsgodene som er opparbeida gjennom mange år. At foreldre får beskjed om at dei må forlate sitt dødssjuke barn for å kome seg ut i arbeid skulle ikkje førekomme i heile tatt. Ei stor skam i eit av verdas rikaste land.

Dette er foreldre som sparer samfunnet for store kostnader, men dei må òg ha penger for å overleve.

Ikkje meir energi. 

Sett inn nok ressursar til unger/ungdommer med nedsatt funksjonsevne så foreldra ikkje sliter seg ut. Dei har gjerne fleire unger òg, desse kjem alltid i siste rekke for foreldra har ikkje meir energi igjen ofte etter å måtte kjempe mot byråkratiet for å få nok hjelp.

Alle punkta som eg har nevnt her kan vere ein årsak til at fødselstala går nedover. Sett inn nok ressurser der det trengs!

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Bli i kirken, Märtha Louise!
av
Vårt Land
9 dager siden / 5067 visninger
Fra utskudd til kraft?
av
Vårt Land
20 dager siden / 4759 visninger
Slutt å gjøre kirken kul!
av
Merete Thomassen
9 dager siden / 2703 visninger
Bekreftet allerede
av
Joanna Bjerga
25 dager siden / 2322 visninger
Befri oss fra 1. mai
av
Ole Jakob Warlo
23 dager siden / 1806 visninger
Barns frihet til å velge
av
Berit Hustad Nilsen
10 dager siden / 1779 visninger
Bryllup med bismak
av
Trond Langen
4 dager siden / 1630 visninger
Hauge og Marx
av
Vårt Land
22 dager siden / 1528 visninger
Biskoper som blir realpolitikere
av
Espen Ottosen
15 dager siden / 1399 visninger
Taper-gutta
av
Vårt Land
14 dager siden / 1313 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere