Øyvind Watne

Alder: 68
  RSS

Om Øyvind

Følgere

Kvardagsmorgon på T-banen

Publisert 8 måneder siden

Ein mørk novembermorgon sat eg på T-banen i Oslo. Inn kom to unge mødre med kvar sitt barn i førskulealder. Dei kunne ha røter i Somalia etter påkledning å døme, kledde som dei var med skaut og side, tunge frakkar. Så snakka dei norsk med barna, og med kvarandre!

Det var to ledige plassar i sittegruppa på den andre sida av midtgangen for meg. "Så flott", sa den eine mora, "då kan dere barna sitje ved sida av kvarandre!" Dei sette seg der, til rosande kommentarar frå mødrene om kor søte dei var, og kor fint dei sat.

Så gjekk passasjeren som sat innafor barna av, eitt av barna tok vindusplassen, og ei av mødrene sette seg mellom dei. Barnet ved vinduet tok til å sjå ut, og å lage strekar i doggen på innsida av glaset. "Eg vil også sitje ved vinduet!" kom det frå barnet ved midtgangen.

På den andre vindusplassen i denne sittegruppa sat ei kvinne som kunne ha latinamerikansk opphav. Ho reiste seg, og sa (på litt gebrokkent norsk) til barnet ved midtgangen at "eg skal snart gå av, du kan få plassen min".

Denne lille episoden fyllte meg med glede og varme. Og ga ny næring til overtydinga mi om at mennesker ser kvarandre og vil kvarandre vel, uavhengig av bakgrunn og hudfarge.


Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere